Hjem Internasjonalt

Netanyahu: Den siste revisjonist

0
Benjamin Netanyahu. KI-generert karikatur.

Uansett korleis det går med Netanyahu i denne runden, er mannen i ferd med å nå slutten på sin politiske karriere. Og framtidas historikarar vil sjå tydeleg det vi allereide no kan få auga på om vi ser etter: Netanyahu har dominert israelsk politikk i eit tydeleg tidsskifte. Det Israel vi ser no er noko heilt anna enn det landet Netanyahu vart statsminister i den gongen, i 1996.

Hans Olav Brendberg.

Benyamin Netanyahu vart fødd inn i ein politisk familie. Faren, Benzion Netanyahu, var stabssjef og sekretær for grunnleggjaren av den revisjonistiske sionismen – Vladimir Jabotinsky. Benzion vart sendt til USA som kommisær for den revisjonistiske rørsla, og Benyamin hadde i oppveksten fleire lange opphald i USA.

Dei første tiåra etter opprettinga av staten Israel vart landet dominert av det israelske Arbeidarpartiet og arbeidarsionismen. David Ben-Gurion, og seinare Golda Meir var dei sentrale politikarane i dette regimet. Den viktigaste opposisjonen var revisjonistane, der Menachem Begin overtok leiarskapen etter Jabotinsky. Både arbeidarsionismen og revisjonismen var heilt sekulære politiske rørsler. Men dei skilde lag på viktige punkt. Medan Sovjetunionen til ein viss grad gav inspirasjon til arbeidarsionistane, såg revisjonistane til Italia og Mussolini. Medan arbeidarsionistane var nøye med å pakka sitt etnokratiske prosjekt inn i universalistisk glanspapir, var revisjonistane meir klarspråklege og rett fram. Medan arbeidarsionistane i det minste gav inntrykk av at dei ønskte ei deling av palestina og fred med palestinarane, insisterte revisjonistane på at heile landet var ervegodset til det jødiske folket.

Din støtte holder oss gående!

steigan.no er en av de svært få norske nettavisene med daglig publisering som drives 100 % av frivillige leserbidrag, uten pressestøtte, uten annonser og uten betalingsmur. Takk for at du gjør det mulig.

Støtt oss her

Det israelske arbeidarpartiet dominerte israelsk politikk fram til oktoberkrigen i 1973. Revisjonistane var i denne perioden i evig ørkenvandring, men bygde seg opp ein veljarbase hjå misnøgde veljarar i Israel, særleg mellom innvandrarar med bakgrunn frå arabiske land. Oktoberkrigen kom som eit sjokk, og stakk hol i Arbeidarpartiets skinn av å ha full kontroll og løysingar for alle problema landet måtte løysa. Eit par år etter kunne revisjonistane hausta fruktene: I 1977 vann Menachem Begins Likud-allianse valet, og Begin kunne danna den første regjeringa i Israelsk historie der arbeidarpartiet ikkje var med.

I dei tjue åra frå 1977 til 1996 sette Likud dagsorden for israelsk politikk, sjølv om Arbeidarpartiet freista gjenvinna sin posisjon som det leiande og statsberande partiet i Israel. Skal ein forstå religionens gjenkomst i israelsk politikk, må ein forstå kva som rørte seg under overflata i denne perioden. I 1996 vart Netanyahu statsminister for eit Likud-parti som framleis var heilt sekulært. Men bak skiftet stod også krefter som var alt anna enn sekulære.

Historisk var jødisk religion ein religion i eit parallellsamfunn. Fram til opplysningstida levde jødar etter si eiga, heilage lov. Ikkje som borgarar i samfunnet, men som samfunn på sida av samfunnet. Rundt ghettoen var doble murar: Ein mur bygt frå innsida, av rabbinarane, som skulle hindra kontakt med majoritetssamfunnet. Og ein mur bygt frå utsida, for å ekskludera jødane frå respekt og tillit i majoritetssamfunnet.

Religionen var eksklusiv og bygt på ei tru der avstamming var fundamentalt. Gud hadde skapt menneska i to variantar: Eit utvald folk, som hadde ei gudommeleg sjel. Og dei andre – goyim – som var sjellause og vonde, og underlagt djevelen. I den religiøse oppsedinga vart det lagt stor vekt på denne skilnaden – sjåvinismen var sjølvsagt og innebygt i religionen, og den fromme skulle kvar dag takka for at han ikkje var skapt som dyr, som kvinne eller som goyim.

Opplysingstida slo hol i ghettoens murar, og ein ny jødedom – opplyst jødedom – oppstod. Den jødiske opplysningsrørsla forkasta det middelalderske teokratiet, og freista formulera ein humanistisk religion der ein skulle ha andeleg oppløftande gudstenester – etter modell av tysk protestantisme. Samstundes fekk jødane borgarrettar – og det tydde samstundes at rabbinarane mista makta til å straffa sine trusbrør. Medan sekulær litteratur fram til opplysningstida hadde vore forbode, vart den europeiske kulturen og litteraturen no tilgjengeleg for europeiske jødar. Kort tid etter byrja opplyste jødar å prega europeisk kultur og vitskap. Heilag lov, spisereglar og ghetto vart eit mindretalsfenomen, medan den store mengda av jødar vandra ut av det avstengde og totalitære ghettosamfunnet. Imens vart den jødiske opplysninga meir og meir radikal etter kvart som ho vandra austover i Europa, og i siste fase vart jødisk opplysning til jiddisksosialisme, som prega eit par generasjonar av jødar aust for Tyskland.

Det var framleis denne opplysningstradisjonen som prega generasjonane som grunnla staten Israel. Grunnleggjarane gjekk ikkje i synagoge, viste i liten grad respekt for rabbinarar og var militante ateistar. Men når staten var grunnlagt, trong det nye landet arbeidskraft som kunne erstatta dei fordrivne palestinarane. Hundretusenvis av jødar kom frå Irak, Marokko, Egypt og Jemen, og inn på ein arbeidsmarknad der den nye eliten frå Aust-Europa hadde forsynt seg først.

Dei arabiske jødane hadde ikkje vore gjennom fasen med sosialisme og militant ateisme. Dei var ikkje alltid like sterkt religiøse – men religiøse tradisjonar og respekt for religionen var ein del av den religiøse kulturen dei kom frå. Politiske og kulturelle leiarar frå askenasieliten kunne ope kritisera rabbinarane – noko som var utenkeleg for jødane som hadde innvandra frå den islamske verda. Israel byrja dela seg i to samfunn. Ikkje etter religiøsitet – mange av dei som kom frå den islamske verda var ikkje spesielt religiøse. Men etter respekt for religion: Anten det var tru, tradisjon eller anna, synte den nye høgresida ein respekt for jødisk religion som gjekk mykje lenger enn det askenasiestablishmentet var viljug til.

Samstundes byrja dei ideologiske kjepphestane til den israelske «venstresida» å sprekka. Ei av følgjene av krigen i 1973 var at israelsk presse byrja stilla spørsmål ved dei sanningane den politiske leiinga proklamerte og handheva. Trass i at pressesensuren heldt fram, vart israelsk presse meir kritisk og langt friare, og fann måtar å omgå sensuren på. Nederlaget førte til ein langt meir open diskusjon innetter – og dette, saman med dei orientalske jødane sin respekt for religion var mellom tinga som til saman utløyste Begins valsiger i 1977.

Samstundes som desse skifta skjedde i den nasjonale politikken, byrja ein ny plante for alvor å veksa fram i det israelske jordsmonnet. Då britane byrja byggja det nye regimet i Palestina tidleg på tjuetalet, vart rabbi Avraham Kook utnemnt til sjefsrabbinar for Palestina. På dette tidspunktet var stort sett heile den ortodokse, jødiske verda intense motstandarar av sionismen, som dei såg på som eit farleg og ugudeleg kjetteri. Det galdt også hovudtyngda av det ortodokse samfunnet i Palestina. Talmud sette ned eit forbod mot å venda tilbake til «landet» i flokk før Messias, og det var rekna som ei stor synd å freista påskynda endetida. Jødisk historie hadde sett fleire falske Messias, og ortodokse rabbinarar rekna det som ei plikt å hindra slike i å gjera skade.

Rabbi Avraham Kook rekna massenedslaktinga under første verdskrig som eit teikn på at ikkje-jødane sitt herredøme stod for fall, og at neste kapittel i denne historia ville bli at Messias kom. Jødane ville, med Guds hjelp, triumfera over ikkje-jødane, og styra over dei for alltid. Likhaugane på vestfronten var naudsynt for å «bryta Satans makt».

Frelsa stod med andre ord for døra, og jødane kunne anten hjelpa eller bremsa den komande frelsa. Ved å venda seg bort frå Gud – slik jødisk opplysning gjorde – utsette ein frelsa, og nedkalte straff over jødane.

Bibelens Messias er ein person, som skal bryta Satans makt og innleida endetida. I jødisk mystikk, kabbala, utvikla dette seg til ei lære om to ulike Messias, med ulik personlegdom. Den første Messias, «sonen til Josef», vil leggja til rette dei materielle vilkåra for frelse. Den andre Messias, «sonen til David», vil så innleida frelsestida gjennom oppsiktsvekkjande mirakel.

Rabbi Kook endra dette konseptet, og såg for seg at den «første Messias» ville vera ein kollektiv personlegdom. Følgjarane av den nasjonalreligiøse ideologien ser for seg at deira rørsle utgjer denne «kollektive Messias», endetidas fortroppar.

I følgje Bibelen kjem Messias ridande på eit esel. Rabbi Kook meinte at dei sekulære, ateistiske sionistane var dette «eselet» som dei utvalde reid på. Den kollektive «Messias» ville utnytta dei sekulære til å leggja ting materielt til rette, og etterpå frelsa dei av dei sekulære som kunne frelsast.

Rabbi Kook grunnla yeshivaen «Merkaz haRav» i Jerusalem, og fleire generasjonar av rabbinarar vart utdanna ved denne institusjonen. Sonen til Avraham Kook, Tsvi Yehuda Kook, vart ein sentral, karismatisk leiar i denne framveksande rørsla som blanda klassisk jødedom med sionistisk politikk.

Så kom seksdagarskrigen, og den nasjonalreligiøse rørsla var plutseleg i posisjon til å spela si rolle i frelsesdramaet. Nasjonalreligiøse jødar byrja grunnleggja nye busetjingar på Vestbreidda, og inngjekk etter kvart i ulike alliansar med politiske leiarar og militære leiarar i Israel. Rett etter sjokket i oktoberkrigen 1973, då den sekulære sionismen var råka av ei krise, lanserte rabbi Kook den yngre «Gush Emunim», blokka av truande, som fellesorganisasjon for dei religiøse busetjarane. No stod dei nasjonalreligiøse klar til å byggja «reine», utopiske samfunn på det nyokkuperte territoriet. No hadde dei ridd lenge nok på «eselet», og stod klare til å gå laus på si oppgåve i endetida.

Dei nasjonalreligiøse har overteke viktige delar av verdsbiletet sitt frå klassisk jødedom, og frå kabbala, spesielt det som heiter Luriansk kabbala (etter rabbi Luria). I dette verdsbiletet er jødane dei einaste som har ei guddommeleg sjel, medan ikkje-jødane er sjellause og vonde, og underlagt Satan. Og Satan rår i denne vonde verda.

Alt i denne verda – inkludert ikkje-jødane – er skapt for jødane: Himmel, jord, dyr og plantar og ikkje-jødar si eigentlege oppgåve er å tena jødane. Sidan jødane har ei gneiste av gudommeleg sjel, har jødar sin eksistens verdi i seg sjølv. Livet deira er viktig, og har eigenverdi. Og med ei formulering frå Misjna: «Den som øydelegg ei sjel av Israel – det er som om han øydela ei heil verd.» Alt anna har indirekte verdi: Ein ikkje-jøde har ingen verdi i seg sjølv, men har verdi så lenge han tener jødane.

Dette er eit syn på verda som har mange konsekvensar. Om til dømes ein jøde treng nyretransplantasjon for å leva, og det dukkar opp ein ikkje-jøde som har nyrer som vil fungera for denne jøden, så er truleg det rette å gjera å ta nyrene frå han som ikkje har verdi i seg sjølv, avdi dette er nyttig for den som har slik verdi. For jødiske liv er i – i motsetnad til ikkje-jødiske liv – unike og heilage.

I denne ideologien spelar «landet» ei sentral rolle – som i all sionisme. Med sigeren i krigen i 1967 vart ein stor slump av landet «frigjort». Medan det tidlegare låg under Satans makt, var det no underlagt Gud. Ved å byggja busetjingar og fordriva palestinarane, sikrar ein at landet blir reinsa og sikra for Guds rike. Dei som følgjer rabbi Kook kallar landet Israel for «grunnmuren for Guds trone» på denne jorda, og difor er staten Israel «heilt ulik alle andre statar i verda».

Etter kvart som denne «Guds trone» blir bygt skal to ting skje: For det første skal jødedomen reinsast for all «hellenisme», alle spor av den opplysningsrørsla som endra jødiske samfunn frå slutten av 1700-talet. Det jødiske teokratiet skal gjenopprettast i rein form. Ein avdød kjenning, som var journalist i området i ti år, intervjua sjølv Meir Kahane, som forklarte korleis denne rørsla for å «reinsa» den jødiske verda allereide var godt i gang. Etter kvart som «landet» blir frigjort frå Satans makt, skal denne trona i neste omgang gjera slutt på Satans makt i verda. Ikkje-jødane skal mista all makt, og bli underlagt den gudommelege makta til jødane.

Busetjingane på Vestbreidda er av to typar. På den eine sida har du busetjingane i «Stor-Jerusalem», som er normale, israelsk-jødiske samfunn, ofte med innbyggjarar frå den gamle austblokka. Men utanom desse har du dei nasjonalreligiøse busetjingane, som er ideologisk einsretta samfunn som følgjer den nasjonalreligiøse ideologien. Dei siste tretti åra har dei nasjonalreligiøse spela ei større og større rolle i dei «harde» tryggleikstenestene i Israel – hæren, militærpolitiet, etteretninga og liknande. I tillegg har dei sine eigne etteretnings- og tryggleikstenester, som no blir formalisert av tryggleiksminister Itamar Ben Gvir. Ben Gvir har i tillegg fått prinsippgodkjent opprettinga av ein «nasjonalgarde», som vil bli ei formell statsteneste underlagt denne ideologien. Denne nasjonalgarden kan like mykje brukast mot sekulære israelarar og palestinarar med israelsk statsborgarskap som mot palestinarar på Vestbreidda.

Då Netanyahu vart statsminister i 1996, var det framleis som ein klassisk, sekulær høgrepolitikar i den revisjonistiske tradisjonen. Undervegs har Netanyahu alliert seg med ulike rørsler i det israelske samfunnet, som den russisk-israelske høgreleiaren Avigdor Lieberman. Men i den regjeringa som no sit, er denne sekulære tradisjonen tydeleg svekka, og messianske nasjonalreligiøse som Itamar Ben Gvir og Bezalel Smotrich har sentrale posisjonar i regjeringa. Medan Meir Kahane og hans «Kach»-parti vart forbode som ekstremistisk på åttitalet, der denne forma for nasjonalreligiøs ideologi i ferd med å bli mainstream i det israelske samfunnet. Og den gamle, sekulære revisjonistiske sionismen er i ferd med å mista definisjonsmakta – slik arbeidarsionismen gjorde det på syttitalet. At Netanyahu sjølv brukar retorikk om «Amalek» fortel ein god del om kva som er endra sidan 1996. Plikta til folkemord – til å utrydda Amalek med menn, kvinner og barn – er eit av dei 613 boda i ortodoks jødedom. Når Netanyahu i talen til nasjonen etter 7. oktober minnar om kva «Amalek har gjort mot dykk», viser det korleis nasjonalreligiøs retorikk og nasjonalreligiøse tenkjemåtar har byrja definera israelsk mainstream.

Eit nytt regime er i emning – meir autoritært, meir religiøs, meir medvite i opposisjon til vestleg kultur. Og sidan vestlege leiarar har bunde seg til masta her, vil den forakten for menneskerettar, opplysning og kritisk tenkjing som ligg i botn for den nasjonalreligiøse rørsla etter kvart prega også verda utanfor Israel. Kritisk tenkjing, teikna karikatur, analyse av makttilhøva mellom Israel og USA og av lobbyen si rolle i amerikansk politikk: Meir og meir vil bli «antisemittisme»; og vestlege politikarar vil stort sett delta i talekoret som slær fast at vi skal ha «nulltoleranse for antisemittisme». Medan definisjonsmakta over kva som er «antisemittisme» er underlagt den israelske regjeringa. Den viktigaste organisasjonen i den vestlege verda som har som formål å «motarbeida antisemittisme», Anti Defamation League, reknar no «Jewish Voice for Peace» sine demonstrasjonar for våpenkvile som ein del av den «aukande antisemittismen».

Sionismen oppstod som ei rørsle innanfor jødedomen, og er no på veg tilbake i jødedomen. Netanyahu er den israelske politikaren som meir enn nokon har lagt til rette for sionismens overgang frå sekulær revisjonisme til nasjonalreligiøs messianisme.

Forrige artikkelKronisk alarm over Gaza