Janus si tid

0
Janus with two Faces in The Summer Garden. The Summer Garden - park ensemble, founded by Peter the Great. Janus is the god in ancient Roman religion
Av Terje Valen.

Janus var den romerske guden for avslutning av det gamle og starten på det nye. Eit andlet ser tilbake i fortida og eit ser ut i framtida. Det er tida for å gå gjennom ei dør eller over ein vadestad. No ser Janus tilbake på heile tida sidan 1492 då Columbus starta epoken med dei kvite imperia på andre sida av dei store hava på vegne at delar av overklassane i Spania og det seinare Italia. Seinare følgde Nederlanda, Frankrike og England opp. Tyskland var også med, saman med nokre mindre fiskar som Danmark-Norge. Den einaste ikkje-kvite staten som har prøvd det same er Japan som i si tid vart utpeikt som æres-ariar av nazistane i Tyskland.

Det som har kjenneteikna denne perioden i verdshistoria er tjuveri av framand land, folkemord, undertrykking, utbytting til dauden og overføring av umåtelege ressursar til dei koloniserande land. I røynda har desse røveria vore eit naudsynt vilkår for framveksten av industrikapitalismen og for den fortsette funksjonen til dette systemet. Med avviklinga av kvitt overherredømme over jorda vil også eit vesentleg vilkår for fortsettinga av den vestlege imperialistiske kapitalismen falle. Difor har kolonisatorane lage skjøne historier om jævelskapen, som kristning, sivilisering (den kvite manns byrde), demokrati, fridom, kvinnefrigjering osb.

I den siste korte delen av denne perioden, frå 2. verdskrig, har overklassen blant dei kvite settlarane i eit at dei koloniserte landa, USA, overtatt som leiar av det kvite verdsherredømmet. Dei som står i spissen for denne utviklinga er dei amerikanske finansbaronane og oligarkane. Den store endringa i høve den første del av den columbiske perioden er altså at USA har tatt leiinga over alle dei tidlegare kolonistane og blitt den supercolumbiske staten.

Dette er ei svær endring i høve historia på Lenins tid. Difor gjeld ikkje Lenin sin då korrekte analyse om kamp mellom stormakter om koloniar og interessesfærar og strategiske posisjonar lenger. USA har nøytralisert dei andre kvite maktene og er aleinekonge på haugen. I dag har USA rundt 800 militærbasar på framand jord pluss rundt 100 000 CIA-agentar som driv undergravingsarbeid for å svekke og styrte alle regime som står opp mot USA-imperiet. Dei andre kvite stormaktene er stort sett underdanige vasallar leia av marionettar som hjelp vasallherren i større eller mindre grad.

Det er ikkje lenger nokon kamp for å dele opp att verda på ny mellom dei imperialistiske maktene. USA har den fulle og heile makta over dei alle og difor er studiet av dei amerikanske strategane og USA sine militære styringsdokument så viktige. Det er ikkje mogleg å forstå det som skjer i verda – som til dømes i Ukraina og Gaza utan å ha studert desse dokumenta som fastset USA sine aggressive mål i verda og metodane for å nå dei.

Så snur Janus seg og ser fram mot den nye tida som den alliansefrie rørsla representerer. Her står multipolariteten, folkeretten frå freden i Westfalen, FN-pakta og dei fem prinsippa for fredeleg sameksistens mellom land sterkt. I spissen for denne rørsla finn vi sjølvsagt dei mest utskjelte og svartmala landa frå USA-imperiet. Det er Kina, Russland og Iran. Kina med si ferd mot sosialisme og kommunisme står i heilt første rekke, og trer fram som eit stadig meir ettertrakta eksempel, medan Russland og palestinarane står først i den militære kampen mot imperiet. Putin sin siste tale til Den føderale forsamlinga viser også den enorme tiltrekkinga Russland har på alle land som vil inn i BRICS-systemet. Det er eit seks års program for enorm økonomisk, sosial og demokratisk utvikling med hovudvekt på folkets velferd.

Heilt naudsynt å kjenne er også Xi og Putin sin felles erklæring frå førre vinterolympiade i Kina. Det er foreløpig den viktigaste dokumentet i dette hundreåret. Berre dei som har studert dette opp mot USA sine aggressive, strategiske planar, kan ha nokon korrekt oppfatning av det som skjer i verda no. I dette dokumentet går det klart fram at korkje Kina eller Russland har som mål å bli noko nytt imperium. Russland har eit stort landområde som dei treng store ressursar for å utvikle sjølv. Både for Russland og Kina er fred eit viktig moment for at dei kan få utvikle vidare økonomien sin og velstanden for folka sin. Det same gjeld Iran. Alle desse landa er opne for fredeleg samarbeid med alle andre land på likestilte premiss. Dette gjeld også stort sett for andre land i verda med eitt heilt klart unnatak, USA-imperiet og marionettane. USA-imperiet på si side er heilt avhengig av at det militærindustrielle komplekset fungerer for fullt heile tida, dvs. heilt avhengig av krigar utanfor eige territorium. Marionettane i vasallstatane svik på underdanig vis sine eigne folk.

Når USA og vasallane hevdar at til dømes Russland truer landa i Europa, medrekna Norge, så er det, ut frå alle talar Putin held og alle Russlands strategiske planar, rett og slett blank løgn som berre tener til at USA skal få fortsette den aggressive framrykkinga si mot Russlands grense. Ein er heilt villeia og forblinda om ein ikkje ser dette.

Men ut frå over eit hundreår med nedrakking av Russland, har fordomar om landet sett seg så hardt i det kvite Vesten, at mange der fell for USA og vasallane sitt løgnaktige narrativ som det heiter. Det har mellom anna ført til at det på det norske Stortinget ikkje finnast eit parti  og ein person som kan ta til orde mot den fryktelege stråmannskrigen som USA-imperiet har pressa på Ukraina. Dermed får den amerikanske propagandaen fritt spelerom og villeier ein stor del av det norske folket som aldri ville ha tillate det om dei kjente sanninga. Nett som Janus må du kjenne både fortida og kva moglegheiter som ligg i framtida for å forstå og endre verda. I boka mi Verdas undertrykte folk og land reiser seg mot IMPERIET for frihet og fred finn du dei viktige dokumenta er har nemnd her og ei mengd andre opplysningar som du treng. Du finn ho på tvalen.no.

Terje Valen, onsdag 7. mars 2024.

Les også: Presidentens tale til den føderale forsamlingen

Forrige artikkel«Hvem eier verden?» En liten gruppe med store penger.
Neste artikkelNy studie bekrefter mutagen effekt av Pfizers mRNA-vaksine