Eit sørgelig farvel til Raudt

0

Leserinnlegg.

Av Svein Lund.

I år er det 50 år sidan eg hadde røysterett for første gong til eit val og eg var ein av dei 9360 som røysta på det nydanna Raud Valallianse. I 2021 var eg ein av dei 140.931 som røysta på Raudt. RV/Raudt har også fått røysta mi i dei aller fleste val i mellomtida, i den grad partiet har hatt liste i kommunen min eller fylket mitt. Unnataket var ei taktisk røysting under EU-kampen da eg følgde parola frå Nei til EU om å røyste Nei-parti med reelle mandatsjansar. I år er det ein grunnleggande annan situasjon, da Raudt faktisk har gode mandatsjansar i fylket mitt, men likevel ikkje får røysta mi. Det er første gong eg lar vere å røyste Raudt på grunn av partiet sin politikk. Og det er ikkje eg som har gått til høgre. 

Tidligare statsminister Lars Korvald (KrF) blei viden kjent for orda «Norge er et land i verden». Desse orda er seinare blitt brukt og misbrukt i mange retningar, likevel inneheld dei ei kjerne av sanning som må ligge til grunn for all politikk. Kva er Noreg sin posisjon i verda? Vi har 0,67 promille av verdas befolkning, mellom 2 og 3 promille av verdas landareal og sjøareal, og formelt 1,2 promille av verdas utslepp av klimagassar (når internasjonal sjøfart og luftfart, samt importerte og eksporterte utslepp ikkje er medrekna). Likevel har Noreg ein rikdom som ikkje står i forhold til dette. Frå 1971 til 2015 gikk Noreg frå 12. til 1. plass i brutto nasjonalprodukt pr. innbyggar. I dag har Noreg eit oljefond på ufattelige 15.299 milliarder kr, eller 2,78 millioner kr pr. nordmann. Denne rikdomen er tent på svært økologisk risikable operasjonar og på eit forbruk som er hovudårsak til klimaendringane. Likevel brukast ikkje denne enorme formuen til å motvirke skadeverknadane av eigen politikk, men til å gjøre Noreg til eit middels stort imperialistland i verdsmålestokk, med finansiering av mange av verdas mest miljøøydeleggande prosjekt.

Noreg er ein del av ei ekstremt urettferdig og undertrykkande politisk og økonomisk verdsordning, bygd på europeiske makter si direkte og indirekte kolonisering av det meste av den øvrige verda gjennom vel 500 år. Denne makta, som i dag i stor grad er utøvd av europeiske settlarstatar med USA i spissen, er oppretta og blir opprettholdt med økonomiske, kulturelle, religiøse og i første og siste instans militære middel. Blant dei viktigaste midla hører NATO, EU/EØS, WTO, IMF og Verdsbanken. Frå 1945 har norske styresmakter konsekvent arbeida for å styrke dette systemet, og aldri tatt standpunkt for verdas folk mot den europeiske og amerikanske imperialismen. 

Kva har dette med Raudt å gjøre? Gå inn på roedt.no (Raudt-leiinga er så ekstremt bokmålske at dei for alt i verda ikkje kan bruke nynorskforma raudt.) Det blir du møtt av: 

«For Rødt er kampen mot Forskjells-Norge den aller viktigste. Les mer om vår hovedsak ->» 

Eg skal på ingen måte motseie at Noreg også internt er eit urettferdig samfunn, med store sosiale forskjellar mellom Jonas statsminister med 200 millionar på bok og Anna i kassa på Rema og Andrzej på botnen av bemanningsbyrået Adecco. Eg har ingen problem med å støtte Raudt sine krav om billigare tannbehandling og mot profitt på velferden. Men når sjølv dei fattige i Noreg har eit forbruk langt over det som er vanlig i dei fleste land i verda, og verda styrer mot katastrofe i forhold til både natur, klima og ressursar, er det utilgivelig sneversynt å gjøre dei interne sosiale forholda i Noreg til einaste hovudsak. For å sette det på spissen: Verda får no bare gå til helvete, men det skal skje med sosial profil.

Politiske parti i Noreg og mange andre land er tradisjonelt delt i høgre og venstre i første rekke ut frå kor dei står i nasjonale sosiale spørsmål. Dei som vil ha størst interne forskjellar til høgre, dei som vil ha mindre forskjellar til venstre. Utanrikspolitikken og analysen av verda heng ikkje alltid saman med dette. Derfor ønska sosialdemokratane i kolonimaktene seg ein «sosialistisk kolonipolitikk», derfor har Ap i heile etterkrigstida operert innafor det eurosentriske verdsbildet, og støtta NATO og alle USA sine krigar og storkapitalen sitt organ EU. Partiet har samtidig vore ein konsekvent forkjempar for utbyggingar på kostnad av naturen. Dette hindrar ikkje Raudt å tigge Ap om samarbeid og omtale dei som venstresida, på grunnlag av at dei i nokre få spørsmål er eit lite hakk mindre usosiale enn tvillingbroren Høgre. Liksom SV vil Raudt gå inn i maktposisjonar og administrere kapitalismen under Ap si leiing, no først i kommunestyre og fylkesting, men i neste omgang lokkar også regjeringstaburettane. Da er opposisjonen død, ein sit ikkje litt i regjering, som SV-leiar Kristin Halvorsen sa da ho blei finansminister.

Mangelen på analyse av den politiske, økonomiske, miljømessige, ressursmessige og militære verdssituasjonen gjør at dagens Raudt finn seg til rette innafor det hegemoniske bildet av vestlige demokrati som vil verdas beste og som kjempar mot diktaturstatar som Russland og Kina. Dette endte våren 2023 med eit katastrofalt landsmøtevedtak om å støtte at Noreg er ein aktiv del av NATO sin krig mot Russland med Ukraina som offer. Landsmøtevedtaket har bunde Raudt til masta, i denne og framtidige direkte og indirekte krigar vil partiet vere i lomma på verdas største imperialistmakt. Raudt er ikkje lenger eit fredsparti, men eit parti for opprustning og krig, ikkje lenger eit anti-imperialistisk, men eit pro-imperialistisk parti. 

Eg var medlem av nokre av Raudt sine forgjengarar 1968-99. Etter det var eg lenge uorganisert, men rekna meg som sympatisør av RV/Raudt. Da Raudt etter invasjonen i Ukraina først gikk mot å sende våpen, meldte eg meg inn, for å støtte det einaste partiet som var for fred. Da partiet året etter skifta frå fredsparti til krigsparti, meldte eg meg ut på dagen. Forskjellen no frå da eg tidligare var uorganisert er at eg ikkje lenger ser meg som sympatisør med Raudt. Trass mange fornuftige synspunkt i konkrete sosiale spørsmål og miljøspørsmål (som Raudt i stor grad deler med SV og tildels visse andre parti), er partiet på grunnleggande feil side i dei store spørsmåla i verda, partiet manglar eit klassestandpunkt i den internasjonale klassekampen. Eg ser derfor i dag på Raudt som ein politisk motstandar, som det må byggast opp ein nytt alternativ til.

Ved årets val finst det ikkje noko landsomfattande parti som står for fred, miljøvern og rettferd i verda. I mangel av eit slikt alternativ går mi røyst no til lister som er særeigne for min kommune og mitt fylke, og som har klare standpunkt for å verne om naturen der. Raudt skal gjøre ein gigantisk snuoperasjon om dei nokon gong skal få mi røyst igjen. 

Svein Lund
partipolitisk uavhengig sosialist
Guovdageaidnu


Signerte leserinnlegg står for forfatterens regning og gjenspeiler ikke nødvendigvis redaksjonens oppfatning. Red.

Forrige artikkelProsessert mat – konsistensmidler, smaksforsterkere og sure kropper
Neste artikkelPolitiet i New York bruker overvåkingsdroner