Sal av bjørneskinn, og andre påfunn

0
Bjørnar Moxnes på kjøretur i tanks. Foto fra Facebook-profilen til Moxnes.

Eg ser at Raudt har byrja selja bjørneskinn, og vil setja ned eit spesialtribunal for aggresjonsbrotsverk mot Ukraina.

Av Hans Olav Brendberg.

Då gjenstår det berre ein ting: Å arrestera dei som skal stillast for domsstolen.

Klassekampen: Vurderer straff for krig

Dette er uprøvd mark: Ingen har før prøvd å arrestera leiaren for ei atommakt med vetorett i Tryggleiksrådet. Men om Moxnes er interessert, kan eg selja han eit utmerka bjørneskinn – så kan han etterpå berre henta skinnet oppe i Lierne.

Det går sikkert bra.

Eller… Kva ønskjer Raudt å oppnå med dette tullet? Det er lett gjennomskodeleg: Dei ønskjer å polera det moralske glansbildet sitt. Framlegget har ingenting med røynleg, dennesidig politikk å gjera – dette er rein, moralsk posisjonering.

Og difor skadeleg.

Dei siste hundre åra har den internasjonale tryggleiksordninga smelta ned fleire gongar, med katastrofalt resultat. Heldigvis har hovudlinene i denne ordninga lege fast etter 1945 – ikkje minst avdi leiarane i stormaktene har hatt eit nokolunde realistisk bilete av det dei heldt på med, og gav avgrensa handlingsfridom til dei som ville bruka utanrikspolitikken som utstillingsvindauga for kor moralsk fortreffelege dei var.

Då den internasjonale tryggleiksordninga byrja rakna sommaren 1914, freista finansfolk med base i London og Berlin å få det heile på skjener igjen gjennom hestehandel som mellom anna gjekk ut på omfordeling av koloniar i Afrika på kostnad av mindre makter.

Vakkert? Nei. Men om dei hadde kome i mål: Hadde ikkje dette vore betre enn det ein fekk? Fire år med massenedslakting?

Då det nye regimet hadde festa grepet i Berlin i 1933, freista den permanente undersekretæren i britisk UD, Robert Vansittart, å demma opp for tysk makt. Middelet hans var allianse med Frankrike, og med Mussolini. Vansittart trong Mussolini på sitt lag for å sikra eit nøytralt Austerrike – og han trong eit nøytralt Austerrike for å sikra tryggleiken til dei franske allierte i Aust-Europa: Tsjekkoslovakia, Romania og Jugoslavia.

Vansittart var viljug til å ofra Etiopia for å sikra dette opplegget. Han møtte ein vegg av moralsk forarging, og måtte gje opp. Forsøket på oppdemming kom aldri i mål, og Vansittart måtte sjå på at det han hadde frykta skjedde – steg for steg.

Eg kunne sjølvsagt leita fram fleire døme – men folk forstår poenget. Internasjonal stabilitet heng til en viss grad på at alle partar er viljuge til å følgja spelereglar botna i realisme og maktbalanse. Når den internasjonale ordenen er veik – og det er han akkurat no – kan handlingsrommet til dei realpolitikarane som held den internasjonale ordenen i hevd bli farleg lite.

VI har allereide skadd tryggleiksordenen i vår eigen verdsdel, og det finst ingen måtar vi kan gjera dette ugjort på. Det kjem til å kosta oss dyrt. Vi har ingen alternativ til å auka forsvarsbudsjettet. Og auka forsvarsbudsjett vil likevel ikkje gje oss tilbake den tryggleiken vi hadde for ti år sidan, eller for tjue år sidan.

Ein kjenning fortalde om korleis diskusjonen gjekk i AUF på nittitalet: Spørsmålet var om ein skulle bli med i EU for å redda Europa, eller om ein skulle stå utanfor og redda verda. Eit par generasjonar er opplært til å tenkja slik.

Den tida er forbi: Vi bør ikkje bli med USA i austerveg for å «redda» Taiwan, ei «redning» som kjem til å bli katastrofal for øya. Vi bør redda oss sjølve, og vi bør byrja no.

Og dei som vil arrestera statsleiaren i nabolandet i aust bør sjølve reisa til grenseovergangen i Boris Gleb, og presentera ærendet sitt. Om dei ikkje heller ønskjer henta skinn i Lierne.

Forrige artikkelJournalister gjør mer av det de ikke skal gjøre og mindre av det de er satt til å gjøre
Neste artikkelArabiske ministre oppfordrer Syria til å gjenvinne kontrollen over sitt territorium