Münzenberg

0
Willi Münzenberg.
Hans Olav Brendberg.

I oktober 1940 gjekk to lokale jegarar på jakt med hund i ein skog i Sør-Frankrike. Hengande i eit tre fann dei eit lik som hadde byrja gå i oppløysing. Dei varsla politiet, som undersøkte liket. I jakka fann dei identitetspapira til Willi Münzenberg, den sentrale strategen i Kominterns propagandaarbeid i mellomkrigstida.

Det har vore spekulert i om Münzenberg hadde vorte drepe. Det var utan tvil mange som gjerne såg han daud på dette tidspunktet, men utanom dette finst det lite av prov. Politiet meinte han hadde gjort sjølvmord. Uansett korleis han hadde døydd: I denne skogen i Sør-Frankrike slutta karrieren til ein av dei personane som mest sette sitt preg på første halvdel av forrige hundreår.

Willi Münzenberg var fødd i Erfurt i 1889. Han vaks opp med ein alkoholisert far som jamnleg gav bank til kona og ungane. Mora døydde då han var fire år gamal, faren gifte seg på nytt. Utanom skuledagen var det forventa at han hjalp til med reinhaldet i skjenkestova som faren dreiv. Femten år gamal byrja han som ufaglært hjelpegutt på ein skofabrikk i Erfurt. Eit par år etter vart han rekruttert til den lokale diskusjonsklubben for sosialdemokratisk ungdom. Ei tid etterpå flytta leiaren for klubben frå byen, og Münzenberg overtok formannsansvaret. Slik byrja ein politisk karriere som strekte seg over godt og vel tre tiår.

I første fasen vart Münzenberg meir og meir sentral i å byggja opp den ungsosialistiske rørsla. Tjue år gamal forlot han Tyskland, og busette seg i Zurich. Her var lovene friare, politiet heldt større avstand. Og ungsosialistane stod sterkt i landet.

Medan Münzenberg var i Zurich, byrja verdskrigen – og ungsosialistane fekk ei sentral rolle i opposisjonen mot krigen som etter kvart vaks fram. Eldre leiarar som Karl Liebknecht og Rosa Luxemburg var dei samlande personane – medan unge aktivistar som Münzenberg bygde organisasjon og spreidde propaganda. I Zurich møtte Munzenberg også Lenin og andre av bolsjevikleiarane i eksil.

Slik utvikla Münzenberg ein organisasjon – eit nettverk av kontaktar, eit apparat for å setja i gang initiativ, organisasjonar og blest av ulike slag – som utvikla seg og ekspanderte. Den internasjonale solidaritetsorganisasjonen «International Arbeiter Hilfe» vart organisert for å gje hjelp til dei hungersramma under borgarkrigen i Russland. Ulike aviser og tidsskrift tok form i det kriseramma Tyskland på tjuetalet, som Arbeiter Illustrierte Zeitung. Münzenberg dreiv forlag, filmdistribusjon og mykje anna. Nye initiativ dukka opp etter kvart som nye situasjonar stilte nye krav.

Dette etter kvart ganske store apparatet, med Münzenberg i ei fri rolle, var kjerna av den kommunistiske rørsla sin propaganda i Vest-Europa. Etter ein kort periode som sekterisk «venstre» i den tidlege fasen til det tyske kommunistpartiet, utvikla Münzenberg ei anna tilnærming: Han freista byggja alliansar på tvers av politiske skilje, han freista å nå breitt ut, og han heldt avstand til intrigane og kampen om posisjonar i partiet. Han vart fleire gongar valt inn som medlem av riksdagen i Weimarrrepublikken.

Medan Münzenberg heldt valmøte i Langenselbold i Hessen i februar 1933 brann riksdagen i Berlin. Münzenberg stod svært høgt på lista over folk nazistane ville ha tak i, men han greidde å improvisera flukt til Saarland, og deretter til Frankrike. Året etter arrangerte han ei «motrettssak» mot nazistane si rettssak mot Dimitrov og andre rett i forkant av den tyske saka. Panelet av uavhengige juristar konkluderte ut frå det som vart lagt fram med at nazistane sjølve stod bak brannen. Dette var første gong eit slik juridisk panel vart brukt som propaganda – og la noko av grunnen for Dimitrovs suksess med å snu rettssaka i Tyskland til ein arena for anklage mot nazistane.

Münzenberg var heilt sentral i forsøka på å byggja «folkefront» for å demma opp for fascismen og den nye krigen. Det var Münzenberg – meir enn Kominternleiinga i Moskva – som gjorde borgarkrigen i Spania til mobiliseringssak. Og det var dette arbeidet for å åtvara mot, og stå imot nazismen som sette dagsorden for Münzenberg fram til han døydde i Frankrike. Men samstundes byrja dei gamle kameratane hans frå bolsjevikrørsla å bli stilt for retten i Moskva, og det var med naud og neppe han kom seg bort frå Moskva siste gong han vitja byen. Til slutt melde han seg offentleg ut av det tyske kommunistpartiet.

I tillegg til å byggja eit medie/propagandaimperium, sette Münzenberg også dagsorden. I 1925 organiserte han ein «Hendene bort frå Kina»-konferanse i Berlin saman med enka til Sun Yat-Sen. To år etter arrangerte han ein konferanse mot Imperialisme og kolonialisme, der 174 delegatar frå 37 land møttest. Mellom desse var seinare president Sukarno frå Indonesia og seinare statsminister Jawaharlal Nehru frå India.

Münzenberg såg tidleg kva kraft som låg i fotografi og film som medium. Arbeiter Illustrierte Zeitung var pionerar i fotojournalistikk, og Munzenberg organiserte ei rørsle av «arbeidarfotografar» for å formidla kvardagen til arbeidarklassen i Europa. Også film var han oppteken av – og det var Münzenberg som sytte for at filmar som «Panserkryssaren Potemkin» nådde publikum i vest, og fekk klassikarstatus.

Kort sagt: Trass i at Münzenberg berre so vidt rakk å bli femti, etterlot han seg eit stort livsverk. Dei ustoppelege ideane og initiativa vaks til ein heilskap, og sjølv om Münzenberg berre opplevde starten på andre verdskrig, prega arbeidet hans europeisk venstreside langt inn i etterkrigstida.

Arthur Koestler, som arbeidde for Münzenberg på trettitalet, karakteriserte Münzenberg som «ein politisk realist i tider der realitetane var forferdelege». Landflukt, flukt og fengsel var normale ingrediensar i livet gjennom det meste av Münzenbergs liv. Då han døydde, hadde korkje nazistane, engelskmennene eller kommunistane bruk for han, og han vart i stor grad gløymt.

No har John Green skrive ein grundig, veldokumentert og balansert biografi som kan bidra til å gje Münzenberg den plassen i historia han fortener.

John Green: Willi Münzenberg – Fighter against Fascism and Stalinism. Routledge 2020.

288 sider med register.

Forrige artikkelKennans advarsel om Ukraina
Neste artikkelErdogan vant andre runde av presidentvalget