Livsforsikringsutbetalinger i USA øker voldsomt

0

Det store vaksineåret 2021 ga noen dødsrater man aldri har sett før.

Femte største livsforsikringsselskap i USA betalte ut 163% meir i gruppelivsforsikring i 2021. Totale krav auka med $6 milliardar. Selskapet kallar det «ikkje-pandemisk-relatert morbiditet» og «justeringar for uvanlege krav» når dei skal forklare tap frå forretningsbiten gruppelivforsikring: aksjane fell, skiftar ut sjefen.

Av Margaret Menge, Crossroads Repor.

Fem månadar etter at eg sleppte historia om sjefen for forsikringsselskapet One America som sa at talet på dødsfall blant yrkesaktive i alderen 18-64 auka med 40%tredje kvartal av 2021, kan eg no rapportere om at eit mykje større livsforsikringsselskap, Lincoln National, har meldt om ein auke på 163% i sine utbetalingar av gruppelivforsikring i 2021.

Dette stadfestar årsrapportar som selskapet har levert til delstatlege forsikringsdepartement, og som vart levert ut eksklusivt til Crossroads Report etter førespurnad om offentleg innsyn.

Rapportane viser ein endå meir ekstrem situasjon enn den førtiprosentsauken i dødsfall i tredje kvartal av 2021 som One Americas CEO Scott Davison fortalde om i slutten av desember – ein auke han sa galdt for heile bransjen, og som han då skildra i ordelag som «aldri før høyrt om» og «svære, svære tal» og dei høgste dødstala som nokon gong hadde vore sett i historia til livsforsikringsbransjen.

Årsrapportar for Lincoln National Life Insurance Company viser at selskapet betalte ut litt over 500 millionar dollar til etterlatne av forsikringstakarar som hadde gruppe-livsforsikringspolise i 2019, omlag $548 millionar i 2020 og sjokkerande $1,4 milliardar i 2021.

Frå 2019, det siste normale året før pandemien, til 2020, året med Covid-19-viruset, var det ein auke i gruppelivsutbetalingar på berre 9 prosent. Men gruppelivsutbetalingane i 2021, det året vaksinen vart introdusert, auka med nesten 164 prosent i forhold til 2020. 

Her er dei nøyaktige tala for gruppeforsikringa ved død, henta frå Lincoln National sine årsrapportar for tre år:

  • 2019: $500,888,808
  • 2020: $547,940,260
  • 2021: $1,445,350,949

Her er hovudtala for 2021, under, vist i selskapets årsrapport som vart levert til Michigans Departement for forsikring og finansielle tenester. Dette er nasjonale tal, ikkje delstatsspesifikke:

Lincoln National er det femte største livsforsikringsselskapet i USA, ifølge BankRate, etter New York Life, Northwestern Mutual, MetLife og Prudential.

Selskapet vart grunnlagt i Fort Wayne, Indiana i 1905, då deit fekk godkjenning av sonen til Abraham Lincoln, Robert Todd Lincoln, til å bruke farens namn og bilde i sin reklame.

Dei har no hovudkvarteret sitt i Radnor, Pennsylvania.

Årsrapportane viser ikkje talet på krav – berre den totale summen dollar betalt ut i krav.

Gruppelivsforsikringspolisar dekker i dei fleste tilfelle yrkesaktive vaksne i alderen 18–64 år, som har arbeidsgivarar som inkluderer livsforsikring som ein del av løna.

Kor mange dødsfall ligg det i denne auken på 163%? Det er det ikkje mogleg å vite utifrå dollar-tala i rapportane.

Men gjennomsnittleg utbetaling ved død under gruppelivsforsikring via arbeidsgivar, er ifølge Society for Human Resource Management, eitt års løn.

Dersom gjennomsnittleg årsløn for folk dekka av gruppelivsforsikring i USA er $70,000, kan tala representere 20,647 dødsfall blant arbeidande vaksne, dekka av berre dette eine forsikringsselskapet. Det skulle representere minst 10 000 fleire dødsfall enn i eit normalår, berre for dette eine forsikringsselskapet.

Årsrapportane for dei tre åra viser også ein betydeleg auke i ordinære livsforsikringar – dei som ikkje blir utbetalde under gruppepolisar, men under individuelle livsforsikringspolisar.

I 2019, grunnåret vi brukar som utgangspunkt, var talet $3.7 milliardar. I 2020, året for Covid-19-pandemien, gjekk talet opp til $4 milliardar, men i 2021, det året då vaksinen vart delt ut til nesten 260 millionar av USAs innbyggarar, gjekk talet opp til $5.3 milliardar.


Årsrapportane viser at totalsummen som Lincoln National betalte ut for alle direkte krav og kompensasjonar i 2021 var på over $28 milliardar, $6 milliardar meir enn i 2020, då dei betalde ut totalt $22 milliardar, som var mindre enn dei $23 milliardane dei betalde ut i 2019, grunnåret.

Ein kostnadsauke på $6 milliardar er noko få selskap greier å takle, men Lincoln National har jobba for å gjere det – ved å auke salet av nye forsikringspolisar.

I ei pressemelding i samband med årsrapporten, og i ei pressemelding som annonserte resultata for første kvartal 2022 – der selskapet annonserte eit tap på $41 millionar på forretningsbiten gruppevern – skryt dei over ein auke i salet. For første kvartal 2022 var den auken på 42 prosent. Selskapet nemnde også at premiane har auka med 4 prosent.

Interessant nok attribuerer Lincoln National 41-millionar-dollartapet til “non-pandemic-related morbidity” og “unusual claims adjustments” («ikkje-pandemisk-relatert morbiditet» og «justeringar for uvanlege krav»).

«Denne endringa var driven av ikkje-pandemisk-relatert morbiditet, inkludert justeringar for uvanlege krav, og mindre gunstige avkastninar innanfor selskapets alternative investeringsportefølje» [mine uthevingar].

Morbiditet betyr sjølvsagt sjukdom. Mange folk er sjuke.

Dette passar saman med det eg vart fortald av OneAmerica i e-postar i januar etter publiseringa av historia mi i The Center Square — at det ikkje var berre dødsfall blant yrkesaktive som skaut opp i uhøyrde nivå i 2021, men også tifelle av kort- og langsiktig uførleik.

Årsrapportar frå andre forsikringsselskap er enno ikkje ferdig samanstilte og reviderte. Så langt viser Lincoln National den skarpaste auken i utbetalingar ved død i 2021, sjølv om Prudential og Northwestern Mutual også viser betydeleg auke – ein auke som er mykje større i 2021 enn i 2020, og dermed indikerer at kuren var verre enn sjukdommen – mukje verre.

Lincoln Nationals aksjepris fall frå ca. $70 per aksje den 3. januar til $50 per aksje denne veka, og i føre månad vart det sett inn ny administrerande direktør. Det ser ikkje ut til å bli noka brå endring, men det kan ha vore tima for å lindre [eventuelle bekymringar] hos storaksjonærane som ikkje har noka aning om kva som eigentleg skjer, og som kanskje trur at eit nytt ansikt og nye idéar kan vende utviklinga. Får eg i staden føreslå ei ærleg og grundig vurdering av kva som verkeleg driv desse slåande tala?

*

Omsett av Monica Sortland for Derimot.no.

Margaret Menge er journalist med 20 års erfaring som reportar og redaktør for aviser, tidsskrift, nettsider: US News & World Report, News of the Highlands, Miami Herald Company, UPI, InsideSources, Langley Intelligence Report, The Center Square.

Originalartikkelen er frå  Crossroads Report

Forrige artikkelNorsk professor: – mRNA er eksperimentell genterapi
Neste artikkelStemmeseddel
skribent
Skribent er en betegnelse vi bruker i databasen på alle som ikke er registrert der som forfattere. I de aller fleste tilfelle vil du finne forfatterens navn i artikkelen.