Vi står overfor verdens største sultkatastrofe på svært lang tid

0

Biden brukar Ukraina kynisk til å dekke over matsabotasje

Av F. William Engdahl.

Det byrjar sjå ut som om visse dårlege aktørar med hensikt gjer ting som skal garantere ei komande global matkrise. Kvart einaste av tiltaka som strategane i Biden-administrasjonen har gjort for å «kontrollere energi-inflasjonen», skadar forsyninga eller inflaterer prisane på gass, olje og kol på den globale marknaden. Dette har kolossal innverknad på gjødselprisane og matproduksjonen. Det starta lenge før Ukraina. No sirkulerer det rapportar om at Biden sine folk har intervenert for å blokkere godstoglaster med gjødsel på det mest kritiske tidspunktet for vårplantinga. Til hausten vil effektane vere eksplosive.

Med denne kritiske fasen for vårplantinga i USA, kom det ei pressemelding frå USAs største leverandør av både nitrogen-gjødsel og eit særs viktig dieselmotor-tilsetningsstoff, CF Industries of Deerfield, Illinois: «På fredag den 8. april, 2022, informerte Union Pacific CF Industries, utan førehandsvarsel, om at dei påla visse shippingselskap å redusere mengda private jernbanevogner på jernbanenettet sitt med umiddelbar verknad.» Union Pacific er eitt av berre fire store jernbaneselskap, som saman fraktar rundt 80% av alle jordbruksprodukt som blir frakta med godstog i USA. Sjefen for CF-selskapet, Tony Will, seier: «Tidspunktet for dette pålegget til Union Pacific kunne ikkje ha vore verre for bøndene. Ikkje berre vil gjødslinga bli forseinka av desse frakt-restriksjonane, men tilleggsgjødsel som trengst til å fullføre våronna rekk kanskje ikkje fram til bøndene i det heile. Når dei plasserer slike tilfeldige restriksjonar på berre ei handfull fraktselskap, så set Union Pacific innhaustinga til bøndene på spel og aukar matkostnaden for konsumentane.» CF har appellert til Biden-administrasjonen om strakshjelp, så langt utan positive tiltak.

Direkte sabotasje

CF Industries seier dei er eitt av berre tretti selskap som blir råka av det gjennomgripande påbodet. Dei fraktar varene sine via toglinjene til Union Pacific, primært frå sitt Donaldsonville-kompleks i Louisiana og sitt Port Neal-kompleks i Iowa, for å forsyne viktige jordbruksstatar som Iowa, Illinois, Kansas, Nebraska, Texas og California. Forbodet vil påverke nitrogen-gjødsel som urea og urea ammoniumnitrat (UAN), så vel som diesel-eksosvæske, DEF (kalla AdBlue i Europa). DEF er eit utsleppskontroll-produkt som diesel-lastebilar i dag må bruke. Utan det kan ikkje motoren gå. Det blir laga av urea.CF Industries er nord-Amerikas største produsent av urea, UAN og DEF, og fabrikkomplekset deira i Donaldsonville er nord-Amerikas største produksjonsfasilitet for desse produkta.

Samtidig har Biden-gjengen annonsert ein falsk medisin for dei rekordhøge bensinprisane. Washington annonserte at EPA vil tillate ein auke på 50% i maisbasert biodiesel og etanolmiks-drivstoff i sommar. Den 12. april annonserte landbruksministeren eit «modig» initiativ for å auke bruken av biodrivstoff laga av etanol frå sjølvdyrka mais. Minister Tom Vilsack hevda at tiltaket ville «redusere energi-prisane og takle stigande forbrukarprisar forårsaka av Putins prisauke(sic), ved å tappe seg inn i ei sterk og lys framtid for biodrivstoff-industrien, i bilar og lastebilar og tog, marine og luftfart-sektorar og støtte bruk av 15-euro-drivstoff denne sommaren.»

Vladimir Putin – Wikipedia
Det er alltid greit å ha noen å skylde på for egne politiske feil.

Det er berre det at «Putins prisauke» ikkje er eit resultat av russiske gjerningar, men av Washingtons Grøn Energi-avgjerder om å fase ut olje og gass. Inflasjonen av energiprisane er også i ferd med å gå mykje høgare dei komande månadane, på grunn av USA og EU sine sanksjonar på eksport av russisk olje og sannsynlegvis gass. Men det sentrale poenget er at kvart mål av USA si dyrkbare mark som blir dedisert til dyrking av mais til biodrivstoff, fjernar den matproduksjonen frå matkjeden, for å bli brent som drivstoff. Sidan godkjenninga av lova US Renewable Fuel Standards Act i 2007, som påbaud årleg auke i målsetjingane for produksjon av mais til etanolmikstur-drivstoff, har biodrivstoff lagt beslag på ein svær del av det totale maisarealet, over 40% i 2015. Dette skiftet, påbode ved lov, til å brenne mais som drivstoff, auka prisinflasjonen for mat lenge før covid-inflasjonskrisa starta. USA er den desidert største produsenten og eksportøren av mais i verda. Å påby ein betydeleg auke av maisetanol til drivstoff i ei tid med astronomiske gjødselsprisar og godstransport av gjødsel angiveleg blokkert på ordrar frå Det kvite hus, vil sende maisprisane gjennom taket. Washington veit dette veldig godt. Det er med vilje.

Ikkje rart at prisen på US-amerikansk mais nådde den høgaste på 10 år midt i april, då eksporten frå Russland og Ukraina, to hovudkjelder, vart blokkert av sanksjonar og krig. Bortsett frå den energi-ineffektive bruken av amerikansk mais til biodrivstoff, så vil det siste etanol-initiativet til Biden forverre den veksande matkrisa, samtidig som det ikkje gjer noko for å seinke bensinprisane i USA. Eit stort bruksområde for fôr-mais i USA er fôr til kveg, svin og fjærkre, og også til menneskemat. Dette kyniske biodrivstoff-påbodet handlar ikkje om «energiuavhengigheit» for USA. Den gjorde Biden slutt på under sine første dagar i presidentsetet, med ei rekke forbod mot oljeboring og gassboring og røyrleidningar, som ein del av sin Null-karbon-agenda.

I det som tydeleg er i ferd med å bli dei US-amerikanske styresmaktene sin krig mot mat, blir situasjonen dramatisk skjerpa av USDA sitt krav om at kyllingbønder skal slakte ned millionar av kyllingar i no 27 statar, angiveleg på grunn av teikn på fugleinfluensainfeksjon. Fugleinfluensa-«viruset» H5N1 vart avslørt som svindel i 2015. Testane som dei offentlege inspektørane brukar til å stadfeste fugleinfluensa no, er dei same upålitelege PCR-testane som blir brukte for Covid i menneske. Testen er verdilaus til dette føremålet. Offentlege føderale tenestemenn estimerer at sidan dei første tilfella vart testa positivt i februar, har minst 23 millionar kyllingar og kalkunar blitt plukka ut for å kontrollere spreiinga av denne sjukdommen, som kan ha si årsak i dei utruleg usanitære forholda i bura som blir brukte i den industrielle masseproduksjonen av kylling (Concentrated animal feeding operation, CAFO). Resultatet er ei skarp stigning i egg-prisane med ca 300% sidan november og eit smerteleg tap av kylling-proteinkjelder for amerikanske konsumentar i ei tid når den generelle prisstigninga er på sitt høgaste på 40 år.

For å gjere vondt verre, erklærer California og Oregon vasskrise igjen, midt i ein fleirårig tørke; og dei reduserer kraftig vatningsvatnet til bønder i California, som produserer mesteparten av USAs ferske grønsaker og frukt. Denne tørken har seinare spreidd seg til å dekke det meste av jordbruksland vest for Mississippi-elva, dvs. mykje av USA sitt jordbruksareal.

Mattryggleiken i USA er under ein trussel landet ikkje har sett sidan 1930-talets Dust Bowl, og Biden-administrasjonens «Grøne agenda» gjer alt den kan for å forverre innverknaden på innbyggarane.

President Biden har i det siste kome med kommentarar, utan å utdjupe, om at matmangelen i USA «kjem til å bli reell». Administrasjonen hans er også dauv overfor bøner frå bondeorganisasjonar om å tillate dyrking på rundt 16 millionar dekar jordbruksland, som dei har fått ordre om å la ligge brakk «av miljøomsyn». Men dette er ikkje den einaste delen av verda som har har ei matkrise under utvikling.

Global katastrofe

Desse overlagte tiltaka frå Washington skjer på eit tidspunkt når ei global rekke med matkriser dannar den verste matforsyningssituasjonen på fleire tiår, kanskje sidan slutten av Andre verdskrig.

I EU, som er betydeleg avhengig forsyningar frå Russland, Kviterussland og Ukraina for varene såkorn, gjødsel og energi, gjer sanksjonane den covid-induserte matmangelen dramatisk verre. EU brukar sin stupide Grøne agenda som eit påskot til å forby den italienske regjeringa å ignorere EU-reglar som avgrensar statssubsidiar til bønder. I Tyskland har den nye landbruksministeren frå Dei grøne, Cem Özdemir, som ønskar å fase ut tradisjonelt jordbruk for sitt påståtte utslepp av «drivhusgassar», gitt bønder som ønsker å dyrke meir mat ei kald skulder. EU står framfor mange av dei same katastrofale truslane mot mattryggleiken som USA gjer, og dei er endå meir avhengige av russisk energi, som er i ferd med å bli suicidalt sanksjonert av EU.

Dei store matproduserande landa i Sør-Amerika, spesielt Argentina og Paraguay, står midt oppe i ein alvorleg tørke etter ein anomali ved den periodiske La Niña, som har skamfert avlingane der. Sanksjonar mot gjødsel frå Kviterussland og Russland truar Brasil sine avlingar, forverra av flaskehalsar i sjøtransporten.

Kina kunngjorde nyleg at årets avling av vinterkveite kan bli den verste i historia, på grunn av kraftige regnfall i 2021. KKP har også sett i verk kraftige tiltak for å få bøndene til å dyrke opp ny mark, med lite rapportert effekt. I ein rapport frå Kina-vitar Erik Mertz, seier han at «i Kinas provinsar Jilin, Heilongjiang og Liaoning, har tenestemenn rapportert om at ein av tre bønder manglar nok såkorn og gjødsel til å starte planting for den optimale våronna … I følge kjelder i desse områda, kjem dei ingen veg medan dei ventar på frø og gjødsel som har blitt importert til Kina over havet – og som står fast i lasteskipa utanfor kysten av Shanghai.» Shanghai, verdas største container-hamn, har vore under ein bisarr «Null covid»-totalkarantene i over fire veker, utan nokon ende i sikte. I eit desperat forsøk av KKP om å «påby» auka matproduksjon, har lokale representantar for Kommunistpartiet rundt om i Kina byrja å transformere basketball-baner, og til og med vegar – til dyrkbar mark. Matsituasjonen i Kina tvingar landet til å importere langt meir i ei tid med global mangel, og det driv prisane på korn og mat i verda endå høgare.

Afrika er også kraftig påverka av dei USA-påtvungne sanksjonane og krigen som stoppar mat- og gjødsel-eksporten frå Russland og Ukraina. Trettifem afrikanske land får mat frå Russland og Ukraina. Tjueto afrikanske land importerer gjødsel derifrå. Det er sterk mangel på andre alternativ ettersom prisane fyk i veret og leveransen kollapsar. Ein spår svolt.

David Muldrow Beasley, er en amerikansk republikansk politiker. Han var Sør-Carolinas guvernør fra 1995 til 1999. Beasley studerte mikrobiologi ved Clemson University og avla juristeksamenen ved University of South Carolina. Deretter jobbet han som advokat og bankier. Wikipedia

David M. Beasley, sjef for FNs World Food Program, erklærte nyleg om utsiktene for den globale mat-situasjonen at «Noko liknande har ikkje skjedd sidan Andre verdskrig.»

Det var Bidens Treasury Department som teikna opp ei liste over dei mest omfattande økonomiske sanksjonane mot Russland og Kviterussland, og pressa eit ettergivande EU til å pliktoppfyllande følge på. Desse sanksjonane fekk ein innverknad på den globale korn- og gjødsel- og energi-forsyninga som var fullstendig føreseieleg. Det var i praksis ein sanksjon mot den US-amerikanske og den globale økonomien.

Dette var berre dei siste døma på USAs regjering sin medvitne sabotasje av matkjeden, som ein del av Bidens Grøne agenda, av Davos WEF, Bill Gates og Rockefeller Foundation, som del av deira dystopiske eugenikk-agenda, «the Great Reset», Den store nullstillinga. Tradisjonelt jordbruk skal erstattast av ein syntetisk laboratorieframstilt diett av falskt kjøt og protein frå grashopper og makk, over heile verda. Alt i hop for den antatte æra ved å kontrollere det globale klimaet. Det er i sanning galskap.

Omsett av Monica Sortland for Derimot.no.

Du kan lese originalen på engelsk her: http://www.williamengdahl.com/englishNEO26Apr2022.php

KampanjeStøtt oss

Du kan diskutere artikler fra steigan.no på: https://motdagforum.no

Bruksanvisning for å bli medlem er her:
https://steigan.no/2021/03/bruksanvisning-for-a-registrere-bruker-pa-mot-dag-forumet

Du kan abonnere på steigan.no her. Det koster ingenting.

Men hvis du vil være med på å opprettholde og styrke vår kritiske og uavhengige journalistikk, kan du også gjøre det:

Vipps: 116916.

Eller du kan betale inn på Mot Dags støttekonto: 9001 30 89050 – eller gå inn på vår betalingsordning.