Pogromen i Lviv 1. juli 1941

0
Fra pogromen i Lviv 1. juli 1941.

Tyskarar, ukrainarar og karnevalsmobben

Av John-Paul Himka.

Samandrag ved Hans Olav Brendberg. Foto frå 30 Shocking Photos of the Lviv Pogroms in 1941.

Noko av det første som skjedde i dagane etter det tyske åtaket 22. juni 1941 var pogromar og masseavrettingar mot jødar i Baltikum, Polen og Ukraina. Dette mønsteret er tydeleg – men årsakene bak er vanskelegare å finna ut av. Difor bør desse hendingane – som pogromen i Lviv – undersøkjast nærmare for å finna ut av kva rolle dei ulike aktørane hadde, og korleis desse hendingane påverka tysk tenkjing.

Lviv var ein fleirnasjonal by på dette tidspunktet. Kring halvparten av dei 312 000 innbyggjarane var polakkar, 32% var jødar og 16% ukrainarar. Lviv var av dei første større byane som vart okkupert, og på første dag av okkupasjonen vart det proklamert ein ukrainsk stat i Lviv.

Samstundes vart det oppdaga at sovjetiske NKVD hadde tatt livet av fleire tusen politiske fangar etter at dei oppdaga at den tyske framrykkinga gjekk for fort til at dei kunne evakuera fangane. Det var mange ukrainske nasjonalistar mellom dei drepne, og fengsla stod i brann då den tyske hæren kom til byen måndag 30. juni.

Etter den tyske erobringa tvang den tyske hæren jødar frå dei jødiske nabolaga til å grava opp lika etter NKVD-massakren, og lika vart lagt ut slik at slektningar kunne finna att sine. Allereide på ettermiddagen 30 juni byrja tyske militære å rapportera at folk tok ut raseriet mot NKVD-drapa på «jødane i byen, som alltid hadde samarbeidd med bolsjevikane». Jødar vart også kommandert ut til ulike slags arbeid: Graving og bæring av lik i fengsla. Reparasjon av skader på gatene etter bombardement og liknande.

Frå pogromane i Lviv.



Dagen etter utvikla dette seg til ein pogrom. Jødar vart tvungne til å reingjera gatene – av og til med hjelpemiddel som tannbørster – eller med å bera hestemøkk i ein hatt. Jødar hadde vore framståande i frie yrke som lækjarar, tannlækjarar og professorar. No vart desse tidlegare respekterte menneska sett til å gjera rein gatene på mest mogleg audmykande vis – medan skodelystne ikkje-jødar såg på og kom med tilrop. Det heile skjedde i ei slags karnevalsstemning.


Dette var ein pogrom der særleg kvinner vart mishandla og audmykt. Kvinner vart dytta rundt, slått i andletet med slagtre og verktøy, dregne etter håret og dytta rundt mellom pogromistane. Mange fekk kleda rivne av seg, og vart så vist fram for folkehopen. Nokre vart jaga gjennom gatene. Rose Moskowitz hadde ei skuleveninne som hadde vore aktiv kommunist. Ein gjeng fekk tak i henne, skar av ho håret og drog henne gjennom gatene – naken og skrikande. Ho drap seg sjølv då ho kom heim. Det vart meldt fleire tilfelle av valdtekt. Ofra vart valt ut på slump – so lenge dei var jødiske.


Saman med valden mot jødar vart det gjennomført antikommunistiske ritual. Ein svær plakat med portrett av Stalin nær hovudpostkontoret vart plukka ned. Ei folkemengd jubla, og trampa på plakaten då den var tatt ned. Jødar vart tvinga til å marsjera gjennom gatene, fire i breidda, medan dei song russiske marsjsanger og ropa slagord til støtte for Stalin. Andre hugsar ei gruppe på tre hundre unge jødiske menn og kvinner som vart omringa av ein folkehop og tvungne til å synga den russiske kommunistsongen «Mitt Moskva». Andre vitne fortel om ei gruppe på kring hundre menn som marsjerte med hendene i været, og som vart tvungne til å ropa «Vi vil ha Stalin».

Det var ukrainske militsmenn som hanka inn jødar til dei ulike aktivitetane som foregjekk i fengsla og andre stader. For å få tak i folk til dei to fengsla som låg nærast dei jødiske bustadområda gjekk dei frå hus til hus. Til det tredje fengselet vart folk plukka opp på Copernicusgata. Dette vart dokumentert på samtidige bilete. Medan grupper av jødar vart ført gjennom gatene vart dei slengen av folk som stod langsmed. Folk ropte skjellsord etter dei. Menn vart sett til å grava opp lika etter NKVD-drapa, medan kvinner fekk arbeidet med å reingjera lika. Mange av dei som vart sett til å grava opp lik, vart mishandla og drepne medan arbeidet pågjekk. Dei som på slutten av dagen gjekk også spissrot gjennom folkemengder som ropte skjellsord og kasta stein.

Pogromen vara ein dag. Samtidig pågjekk det systematiske drap i regi av tyske militære og ukrainsk milits under den nyproklamerte Stetsko-regjeringa, som skilde seg frå pogromen med at det ikkje var folkemengder som deltok. Jødar vart tatt inn og samla ulike stader i byen, og deretter kjørt bort gruppevis. Dei som vart kjørt bort, vart avretta. Det jødiske rådet i Lviv estimerte at kring 2000 jødar vart drepne i pogromen og desse avrettingane. Ein intern, tysk rapport frå 16 juli melder om at 7000 jødar hadde vorte drepne. Det er vanskeleg å fastslå noko endeleg tal, men tusenvis av jødar vart drepne i Lviv desse julidagene.

Stetsko og Organisasjonen av ukrainske nasjonalistar (OUN)

Leiaren for den ukrainske «regjeringa» som vart proklamert etter den tyske erobringa, Jaroslaw Stetsko, nekta i memoarane han gav ut 26 år etter desse hendingane for at militsen regjeringa hans organiserte deltok i pogromen. Ei mengd med vitnemål samla over mange tiår motseier dette. Vitna fortel om milits med blågule armband som henta inn jødar for grava opp avretta politiske fangar i fengsla, og som sentrale aktørar i andre hendingar i løpet av pogromen.

Denne ukrainske militsen vart organisert raskt av Stetsko og Bandera, som følgde etter den tyske hæren frå Krakov. To av dei sentrale som fekk ansvar for organiseringa i Lviv, Bohdan Kazanivsky og Omelian Matla, hadde med naud og neppe slept unna NKVDs massakre. Organiseringa byrja for alvor den 30 juni, og mange av dei som vart rekruttert var studentar. Dei hadde ikkje uniformar, og fekk tildelt armband i blått og gult. Allereide i mars 1940 hadde OUN gjeve ordre om å organisera ein «militær seksjon» i kvar avdeling av OUN rundt ikring i landet.

I den sjølvbiografien han skreiv få veker etter at regjeringa vart proklamert, retta til den tyske okkupasjonsmakta, skreiv Stetsko:

«Eg reknar marxismen som eit produkt av den jødiske tenkjinga, som har vorte sett ut i live av det moskovittiske folkefengselet. Det moskovittisk-asiatiske folket har gjennomført dette med hjelp frå jødane. Moskva og jødedomen er Ukrainas fremste fiendar, og betalar av dei nedbrytande, internasjonalistiske bolsjevikideane.

Sjølv om eg reknar Moskva, som har halde Ukraina i lenker, og ikkje jødedomen, som hovudfiende vil eg ikkje løyna den store, skadelege og fiendtlege rolla til jødane. Dei har hjelpt Moskva med å leggja Ukraina i slavelenker. Eg stør difor øydeleggjinga av jødane og ser fram til at tyske metoder for å utrydda den kollektive jødedomen blir innført i Ukraina, slik av vi unngår at dei blir assimilert eller liknande.»

Kvifor nytta OUN dette høvet til å gå til åtak på jødar? Då den sovjetiske innmarsjen i 1939 skapte ein borgarkrigsliknande tilstand, drap OUN-avdelingar tusenvis av polakkar. Etter at OUN braut definitiv med nazi-Tyskland i 1943 fokuserte dei igjen på det «polske problemet», og drap titusenvis av polakkar. Mykje tyder på at OUN-leiinga nytta høvet til å demonstrera ideologisk slektskap med nazi-Tyskland, og framstå som verdige partnarar i den fascistiske nyordninga av Europa. Koplinga mellom jødar og NKVDs massakrar gav i tillegg ekstra motiv for pogromen.

Karnevalsmobben

I tillegg til den organiserte militsen deltok mange sivile i Lviv i pogromen. Dei som har freista forsvara renommeet til OUN har freista leggja ansvaret for pogromen på byens botnfall og mobbens raseri etter NKVD sine avrettingar. Men det er store problem som heftar ved teorien om at dette var eit spontant oppløp. Dei koordinerte aksjonane ved dei tre fengsla og andre stader i byen vitnar om plan og organisering.

OUN sjølv var ikkje tilhengarar av spontane utbrot, og meinte oppgåva til organisasjonen var å «ta kontroll over den revolusjonære spontaniteten til massane». To filmar som vart tatt av arrestasjonar av jødar  i Lviv den 30. juni – den eine vist på den tyske filmavisen – gjev eit sterkt inntrykk av at det finst leiarar som handlar koordinert og som veit nøyaktig kva dei held på med.


Ikkje berre ukrainarar, men også polakkar deltok i valden denne dagen. Det var ei blanda folkemengd som mishandla jødar etter kvart som militsen marsjerte dei gjennom og til fengsla. Hevnlyst, blodlyst og liknande motiv låg under. Jødar, som hadde klatra på rangstigen under sovjetsystemet, skulle setjast på plass. Dette motivet låg sjølvsagt også bak når jødiske lækjarar og professorar vart sett til å reingjera gatene. Det var ikkje folkemengda som starta pogromen i 1941, men måten valden utvikla seg på skjedde i eit samspel mellom den organiserte militsen og folkemengda. Seksuell og anna audmjuking, som tvungne framføring av sovjetiske songar, skjedde parallellt med systematiske arrestasjonar og avretting.

Tyskarane si rolle

Den tyske politikken andsynes jødane er sjølvsagt nøkkelen til å forstå den rolla ikkje-jødar som folkemengda og OUN spela. Hadde tyskarane ønska å stoppa pogromen, kunne dei gjort det. Det gjorde dei også til slutt – og då stoppa valdsbruken. Då kvinner vart audmjuka spurde Roza Wagner og andre jødiske kvinner dei tyske soldatane som var der om å stogga pogromistane. «Det er ukrainarane sin hemn», var svaret dei fekk. Eit fotografi frå 1. juli syner ein jøde som er slått ned og ligg på bakken, og ein tysk soldat som berre går forbi. Biletet viser den generelle haldninga til tyske soldatar denne dagen. Eit anna augnevitne, Alexander Redner, som sjølv var tolv år den gongen, hugsar tyske soldatar som oppmuntra ukrainarar til å bli med på valdshendingane. Vitna fortel også om tyske soldatar som deltok i avrettinga av jødar ved dei tre fengsla, og på ein idrettsarena dagane etter. Avrettingane i dagane etter vart utan tvil utført av den tyske Einsatzgruppe C. Det er derimot uklårt kven som gjennomførte avrettingane den 1. juli.

Det er også usikkert om OUN følgde ein ordre frå Richard Heydrich, leiar for tyske tryggleikstenester, då dei organiserte pogromen. 17 juni samla Heydrich leiarar i SS til eit møte i Berlin der han gav instrukser for korleis ein kunne oppmuntra til «sjølvreinsing» i nyerobra område. Han oppsummerte i eit telegram han sende til leiarar i Einsatzgupper 29 juni:

«Ein skal ikkje på nokon måte hindra sjølv-reinsing som kjem frå anti-kommunistiske og anti-jødiske miljø i dei territoria vi har okkupert nyleg. Tvert imot bør vi provosera fram slike hendingar, utan å leggja etter oss spor. Vi bør intensivera desse der det er naudsynt, og leida dei i riktig retning, men utan at lokale grupper seinare kan visa til ordrar eller politiske løfte frå oss.»

Vi veit ikkje om OUN hadde vorte oppmuntra i tråd med desse retningslinene – det er mogleg, men vi manglar prov. OUN samarbeidde mest med militær etteretning, Abwehr, ikkje med SS. Uansett vil vi neppe finna dokumentasjon. Heydrich sjølv hadde gjeve ordre om å ikkje leggja igjen dokumentasjon. OUN var sjølv ein organisasjon sterkt prega av hemmeleghald – det var dette som hadde gjort det mogleg å gjennomføra ei rekkje med politiske drap i Polen i mellomkrigstida, og likeeins overleva i undergrunnen under det sovjetiske regimet.

Sjølv om det truleg aldri vil bli mogleg å avgjera spørsmålet på grunnlag av dokumentasjon, verkar hypotesen om at OUN opererte ut frå ønska til Heydrich logisk ut frå psykologien i den situasjonen vi analyserer. Ser ein på OUN sine interne dokument, er det ikkje tvil om at organisasjonen ønskte systematisk vald som dei sjølv hadde kontroll over framfor spontan, offentleg valdsbruk. Forsking eg sjølv har gjennomført når det gjeld hendingane i mindre byar i Galisia underbyggjer dette: Den normale framgangsmåten til militsen var å arrestera jødar, og ta dei utanfor byen for avretting. Folkehopen i Lviv var i stor grad polsk, men OUN ville ikkje hatt noko ønske om ei polsk pådriverrolle i dei valdelege hendingane. På fleire plan er det vanskeleg å forestille seg att OUN heilt på eiga hand ville organisert ein pogrom. Det måtte vore ein tungtvegande motivasjon, og den mest nærliggjande motivasjonen var Heydrichs politikk for å oppmuntra til «sjølvreinsing».

Kvifor gjennomførte så Tyskland denne politikken for «sjølvreinsing»? Det finst fleire teoriar om kva som motiverte den tyske politikken. Nokre har meint at pogromane handla om å førebu jødane psykologisk på den ghettoiseringspolitikken som følgde etterpå. Hillberg meinte dette handla om å gjera dei lokale delaktige i den utryddingspolitikken som følgde seinare. Det materialet vi har for å avgjera denne diskusjonen er tynt. Men mykje tyder på at tyskarane på dette tidlege tidpunktet improviserte, og prøvde ut ulike tilnærmingar.

Konklusjon

Vi har sett på ulike deltakarar når det gjeld opphavet til pogromen i Lviv 1. juli 1941. Tyskarane skapte vilkåra for pogromen gjennom erobringa av området. Pogromen ville ikkje skjedd om tyskarane hadde stoppa den. I det minste var dei passive tilskodarar, men mest sannsynleg oppmuntra dei til pogromen i tråd med Heydrichs politikk.

Organisasjonen av ukrainske nasjonalistar under leiing av Stefan Bandera var motoren i hendingane denne dagen. Dei skipa ei kortvarig «regjering» i Lviv den 30. juni, under leiing av ein rettruande jødehatar. Dei dette byen med plakater som oppmoda til vald. Og dei organiserte ein milits som spela ei leiande rolle under pogromen. Folk frå militsen gjekk frå hus til hus for å arrestera jødar, førte dei til fengsla der NKVD-ofra vart gravd opp, arresterte folk på gata og var aktive i mishandling og drap på jødar. Dagen etter pogromen byrja dei arbeida direkte for tyske Einsatzgruppen, og arresterte jødar som tyskarane avretta.

Hyllest av fascisten Stepan Bandera er nå beskyttet av loven i Ukraina.


OUN si rolle heng saman med den tyske politikken formulert av Heydrich, og handlar om ønske om å få anerkjent si «regjering» av dei nye makthavarane. OUNs ideologi var ein del av motivasjonen, men jødane stod ikkje øvst på OUN si fiendeliste. Men OUN hadde ein politikk for etnisk reinsing, og dei kunne finne ei felles sak med det tyske regimet i forfølgjing av jødane.

Folkemengda – som tilskodarar og medløparar – spela ei karnevalsrolle når maktposisjonene vart snudd opp-ned etter den sovjetiske tilbaketrekninga. Dei som hadde tent på den sovjetiske okkupasjonen vart no audmjuka og utskjemt i eit valdeleg, offentleg skodespel.



Artikkelen er eit samandrag av John-Paul Himka: The Lviv Pogrom of 1941: The Germans, Ukrainian Nationalists, and the Carnival Crowd, vol. LIII, Nos. 2-34, juni-september-desember 2011. For noter og kjeldetilvisingar: Sjå originalartikkel.

Les: Om nazimonumenter i Ukraina

Nazister har ikke fått så vennlig omtale i NRK siden 1945

Ukrainas nazisme-problem

Forrige artikkelMedstrømsmedia på gli?
Neste artikkelFra den gale siden: Iakov Kedmi
skribent
Skribent er en betegnelse vi bruker i databasen på alle som ikke er registrert der som forfattere. I de aller fleste tilfelle vil du finne forfatterens navn i artikkelen.