Nord-Irland: Reisas siste etappe

0

Av Hans Olav Brendberg.

Valet på laurdag 7. mai 2022 enda med at Sinn Fein vart største parti i lokalparlamentet, Stormont. Det er ein viktig, symbolsk siger. Partiet er no største parti i nord, og på meiningsmålingane er også partiet klart større enn alle konkurrentane sør for grensa i den irske republikken. Det gjev partiet høve til å setja dagsorden – noko som truleg vil bli det viktigaste resultatet av denne valsigeren.

Lokalregjeringa i nord er bunde til ordninga i Langfredagsavtalen – med maktdeling mellom nasjonalistar og unionistar. Skal Sinn Fein styra ei lokalregjering, må det største unionistpartiet DUP oppnemna ein viseførsteminister, og dei andre partia oppnemne sine folk til denne regjeringa i ein ganske komplisert kabal. Dette kan skje – eller prosessen kan stogga opp. Etter at Langfredagsavtalen vart inngått i 1998 har ein hatt lange periodar der det lokale sjølvstyret i Nord-Irland ikkje har fungert, og det same kan skje i den komande perioden. I periodar der sjølvstyret ikkje fungerer, overtek den britiske Nord-Irlandministeren ansvaret.

Begge dei to største partia – Sinn Fein og Democratic Unionist Party – gjorde eit betre val enn det meiningsmålingane tydde på. Begge partia har solide valkamporganisasjonar, som får veljarane fram til urnene. Det har dei vist før, og også dette valet stadfesta at desse partia kan kunsten å mobilisera til val. Og det er framleis Sinn Fein og DUP som må kjøpslå om Sinn Feins Michelle O’Neill skal bli førsteminister i Nord-Irland.

Men så er det også viktig å tenkja gjennom kva «fungerande regjering» tyder i Nord-Irsk samanheng. Om so partia i Stormont ikkje greier utnemna ei regjering, fører ikkje dette til store streikar, valdsbruk og demonstrasjonar. Politikken i landsdelen er normalisert etter Langfredagsavtalen – sjølv om lokalregjeringa i periodar er ute av funksjon.

I denne situasjonen er ikkje den symbolske sigeren uviktig. Når det største partiet i nord i prinsippet går inn for samling av Irland, vil ei framtidig samling av øya kunne bli ein snakkis på ein heilt annan måte enn den gongen unionismen representerte ein samla og disiplinert front. Nord-Irland er ikkje lenger «ein protestantisk stat for eit protestantisk folk», og unionismen har kløyvd seg i ulike parti. Også på unionistisk side byrjar ein sakte, men sikkert å venna seg til tanken om at det kan finnast ei framtid utan det Sameinte Kongedømet.

Dette er seige prosessar – som også handlar om tillit og tolmod. Ein førsteminister frå Sinn Fein vil neppe vera den som leider Nord-Irland til samling med republikken. Men det vil normalisera ei slik samling som framtidsscenario – og setja fart på dei prosessane som dreg denne vegen. Neste stasjon på denne vegen er valet i republikken i 2025. Om Sinn Fein greier å halda oppe oppslutninga dei neste tre åra, vil dei bli klårt største parti også i sør. Då er partiet på veg inn i regjeringskontora i Dublin – i eit system der rollefordelinga ikkje er like rigid som i Langfredagsavtalen.

Nord-Irske unionistar har sett dagsorden for britisk politikk sidan slutten av 1800-talet, og røtene til konflikten i Nord-Irland går enno lenger tilbake i tid. Dette er no historie – og vi er inne i siste etappe på vegen mot eit samla Irland. Ingen er tent med å forhasta seg – på mange måtar er det ein sorgprosess det unionistiske samfunnet skal gjennom, og prosessen treng tid. Det er heller ikkje nokon grunn til å halda folkerøysting i nord før det faktisk er fleirtal for å samla øya i ein stat.

Det vil neppe vera spesiell motstand mot ein slik prosess i London – det konservative partiet i dag er nok først og fremst unionistisk i namnet. Britane vil neppe rekna det som eit tap om Nord-Irland forlet unionen. Men prosessen kan skapa eit dragsug der også Skottland, og kanskje Wales freistar koma fri frå unionen. Det er nok langt viktigare for britane enn framtida til dei seks fylka nord i Irland.






KampanjeStøtt oss

Du kan diskutere artikler fra steigan.no på: https://motdagforum.no

Bruksanvisning for å bli medlem er her:
https://steigan.no/2021/03/bruksanvisning-for-a-registrere-bruker-pa-mot-dag-forumet

Du kan abonnere på steigan.no her. Det koster ingenting.

Men hvis du vil være med på å opprettholde og styrke vår kritiske og uavhengige journalistikk, kan du også gjøre det:

Vipps: 116916.

Eller du kan betale inn på Mot Dags støttekonto: 9001 30 89050 – eller gå inn på vår betalingsordning.