Ungkommunister i Ukraina risikerer dødsstraff

0
Mikhail Kononovich, og broren hans, Aleksander Kononovich, er aktivister i Ukrainas kommunistiske ungdomsforbund. De skal ha blitt arrestert av den ukrainske regjeringen på grunn av anklager om at de er russiske spioner. | Bilde via WFDY

Det hevdes at Ukraina er et demokrati

C. J. Atkins

Av C. J. Atkins, People’s World.

Mikhail Kononovitsj, leiar for ungdomsfløyen til det forbodne Ukrainas Kommunistiske Parti (UKP), og broren Aleksander Kononovitsj, er arresterte av ukrainske styresmakter, og risikerer dødsstraff.

Pressetalsmenn for Ukrainas Tryggingstenester skuldar dei to for å vere «propagandistar» som prøver å «destabilisere» den indre situasjonen i Ukraina. Staten seier dei er aktive agentar for Russland og Kviterussland, i følge informasjon frå World Federation of Democratic Youth (WFDY), ein global organisasjon for progressive ungdomsgrupper.

På måndag sa WFDY at Kononovitsj-brørne, leiarar i «vår ukrainske medlemsorganisasjon, Ukrainas Leninist-kommunistiske ungdomsunion», også kjend som Komsomol, har blitt pågripne «av det ukrainske regimet under dei siste timane.»

Mikhail Kononovitsj er ungkommunistgruppas førstesekretær. Aleksander Konovitsj er ein leiande aktivist. WFDY åtvarar om at «dei vil kanskje bli myrda om få timar».

Organisasjonen ber alle sine medlemsorganisasjonar rundt om i verda om å fordømme arrestasjonane og krev at brørne blir slopne fri og at eventuelle dødsstraff-ordrar må omstøytast.

Kononovitsj-brørne har i det siste deltatt i ein demonstrasjon framfor USA sin ambassade i Kiev, med krav om at USA skal stoppe sin militære ekspansjonisme i Europa via NATO.

Regjeringa som tok makta i Ukraina etter det USA-støtta «Euro-Maidan»-kuppet i 2014, forbaud Kommunistpartiet og nekta dei å stille med sine kandidatar til politiske val. Partiet si ungdomsgruppe vart også gjort illegal, og medlemmane der vart utsette for politisk forfølging av politiet og domstolane.

Over heile landet har regjeringa sett igjennom ei såkalla de-kommuniseringslov, som ikkje berre har kriminalisert UKP, men i tillegg forbaud bruken av alle kommunistiske namn og symbol i det offentlege rom, legaliserte destruksjon av sovjetiske krigsminnesmerke, og hindra undervisning om dei positive aspekta ved Sovjet-historia i skulane.

Den ukrainske regjeringa trappa endå meir opp forfølginga av kommunistane etter at borgarkrigen braut ut i dei aust-ukrainske regionane Donetsk og Lugansk i 2014-15. Partiet hadde blitt åtvara om at statens nasjonalistiske politikk kunne føre til konfliktar i aust, og sa dei frykta etableringa av eit fascistisk diktatur, noko den aukande makta til væpna nynazistiske grupper tydde på.

I staden for å lytte til UKPs bøn om forhandlingar, starta regjeringa ein krig i aust som tok rundt 15 000 liv mellom 2014 og 2022. Leiaren for UKP, Petro Symonenko, vart av den ukrainske regjeringa stempla som forrædar for sine gjentatte krav om våpenkvile og direkte forhandlingar om å stoppe kampane.

Medlemmer av den fascistiske Svoboda-gruppen i Ukrainas Odessa-region ødela denne statuen av V.I. Lenin i landsbyen Krasnye Okny i januar 2015. Under den ukrainske regjeringens lov om «avkommunisering» ble ikke bare statuer av Lenin, men også monumenter til soldatene fra den røde hær som kjempet mot Hitlers nazistiske inntrengere under andre verdenskrig beordret ødelagt. | Foto via KPRF

UKP bad dei første dagane av borgarkrigen om ei føderal løysing dei ulike folkegruppene i Ukraina, forut for Minsk-avtalen. Sistnemnde var meint å stagge kampane i Doetsk og Lugansk ved å løyve autonomi for områda, men regjeringa i Kiev retta seg aldri etter overeinskomsten. UKP-kadrane og -medlemmane, på si side, heldt fryktlaust stand mot regjeringa sine lovforbod, og fortsette sitt politiske arbeid.

I eit intervju i People’s World i november 2019 diskuterte Mikhail Kononovich Kommunistisk Ungdomsunion si mobilisering mot regjeringa til president Volodymyr Zelensky si privatisering av offentleg eigd jordbruksland.

Etter Sovjetunionens fall i 1990-91 gav den ukrainske regjeringa opp kollektivbruksystemet som hadde definert sosialistisk jordbruk i SSSR. Men jorda som før hadde vore kollektivt eigd, vart distribuert ut blant medlemmar av bruka, og det vart innført forbod mot vidaresal, slik at småbrukarar kunne vernast mot å bli slukte av industrikonserngigantar.

Zelensky-regjeringa reverserte i 2019 den politikken. Det utløyste frykt for at ukrainsk jordbruksland – som tar opp like mykje plass som Frankrike og Tyskland til saman – skulle bli slukt av utlandske agrobusiness-gigantar.

Ukraina er storprodusent av kveite. Saman med Russland står dei for ca 30% av kveite-verdshandelen. Den russiske invasjonen av Ukraina og krigen som følgde, har forstyrra eksporten frå begge landa og sendt dei globale kveiteprisane i taket. Den internasjonale matprisinflasjonen, som allereie før krigen var jamt stigande, vil heilt sikkert akselerere. Det vil føre til høgare profitt for produsentar utanfor konfliktsona.

Medlemmer av den nynazistiske Azov-bataljonen marsjerte i Kiev, Ukraina.

Mikhail Kononovitsj plasserte regjeringa si forfølging av kommunistar innanfor konteksten av neoliberal økonomisk politikk med marknadsretting og privatisering, slik som landsalet, som har blitt følgd sidan kuppet i 2014.

Gjennom heile 1990-talet og mesteparten av 2000-talet var UKP det største partiet i det ukrainske parlamentet, og i det siste valet før partiet vart forbode, fekk det nær tre millionar stemmer. Det stod ofte som ei vegsperring mot fleire regjeringsforsøk på å selje ut meir av offentleg eigedom og ressursar arva frå Sovjet-sosialismen.

Kononovitsj sa at kriminaliseringa av UKP var meint å «rydde av vegen venstrepartia frå politikken, slik at dei ikkje ville blande seg inn når levestandarden skulle senkast eller land skulle seljast.» Kononovitsj samanliknar kampen med motstanden mot nazi-invaderarane under Andre verdskrig: «Salet av [offentleg] land er vårt Stalingrad – ikkje eitt steg bakover! Stopp salet av land!»

Kononovitsj-familien har gong på gong blitt angripe av både statlege styresmakter og fascistiske milits-styrkar. I følge eit spørsmål i Europa-parlamentet: medan dei i 2016 la ned blomar på eit monument over Raude armé-soldatar som kjempa mot Hitler, vart Mikhail Kononovitsj og andre medlemmar av Komsomol offer for eit overfall frå høgre-ekstrem milits. Kononovitsj fekk alvorlege slag mot hovudet og ein annan medlem mista nesten synet. Fascistiske gjengar prøvde å presse sjukehustilsette til å ikkje behandle dei skadde kommunistane, og seinare kom dei også med gjentatte truslar mot kona og dottera til Kononovitsj i heimen deira.

Når dette går i pressa er statusen til dei to brørne, Mikhail og Aleksander Kononovitsj, og kva for tilhøve det er i fengselet, ukjend.

Informasjon frå UKP er vanskeleg å skaffe på grunn av kampane i og rundt Kiev, og fordi partiet sine nettsider og ellektroniske kommunikasjonskanalar har blitt blokkerte av regjeringa sidan rett etter at krigen starta.

Artikkelforfattaren C.J. Atkins er sjefsredaktør for People’s World. Han har ein doktorgrad (Ph.D.) i politisk vitskap frå York University i Toronto, og han har forsknings- og undervisningsbakgrunn innan politisk økonomi og politikken og ideane til venstresida i USA.

Omsett av Monica Sortland for Derimot.no

Originalens tittel: Ukrainian Communist youth leaders arrested by government, reportedly targeted for death

Forrige artikkelVellykket Inngrep-konferanse
Neste artikkelUholdbart og inkompetent fra fagdirektør i FHI, Frode Forland