Om bakgrunnen for USAs diplomatiske tilhøve til Russland

0
Churchill, Roosevelt og Stalin på Jalta-konferansen

Av Hans Olav Brendberg.

Fram til første verdskrig var USAs diplomati ganske tilfeldig organisert, og det å vera amerikansk ambassadør i europeiske stormakter var i stor grad ein jobb for industrieigarar og forretningsfolk som ønskte å gjera noko nytt, og som kjøpte seg kremjobb gjennom å gje til valgkamp til dei store partia. Undersekretærane var folk med universitetsutdanning, og utmerka seg kanskje først og fremst med å vera av god slekt og dyktige til å spela polo.

Etter første verdskrigen var utanrikstenesta profesjonalisert. Overklassefolk som Joseph Grew, gjerne med bakgrunn frå kostskular som Groton og St. Paul og studie frå Harvard, freista få ned talet på reine partiutnemningar, og gjera amerikansk utanriksteneste meir kvalifisert og profesjonell. 

I dette reformklimaet sette Robert Kelley sitt preg på amerikansk utanrikspolitikk andsynes Sovjetunionen for eit par generasjonar. Kelley laga eit studieprogram for tenestemenn i Aust-Europa-avdelinga i det amerikanske Utanriksdepartementet med vekt på russisk språk og kultur. Målet for studia var at amerikanske diplomatar skulle ha omlag same trening og bakgrunn som velutdanna russarar før revolusjonen. Kelley var russofil, men sterkt antikommunistisk. Han var mot amerikansk anerkjenning av Sovjetunionen, men sytte for at ein generasjon av diplomatar fekk ei solid utdanning i russisk historie og kultur. 

Kelley brukte ambassadane i Baltikum, særleg ambassaden i Riga, som lyttepost mot fienden i aust. Samstundes vart unge rekruttar som «Chip» Bohlen, George Kennan og Loy Henderson forma av Kelleys studieprogram og akademiske krav. USA var i ferd med å byggja opp ein eigen Russland-ekspertise tilknytt Utanriksdepartementet. Kelley bygde samstundes opp ei samling av dokument frå revolusjonstida som var vel so komplett som noko som fanst i Moskva, og som etter kvart vart samla i Hoover institution i California. 

Under tingingane i Versailles hadde president Wilson sendt William Bullit og journalisten Lincoln Steffens på eit uoffisielt oppdrag til bolsjevikleiinga i Moskva. Initiativa for diplomatisk hopehav med den nye, revolusjonære regjeringa vart raskt skote ned, og i medgangstidene på tjuetalet heldt Washington fast på ein politikk som gjekk mot anerkjenning av Sovjetunionen. 

Med den globale krisa etter 1929, etter at Franklin D. Roosevelt vart valt til president i 1932, og ikkje minst etter at Adolf Hitler vart tysk kansler i 1933, forsvann grunnlaget for isolasjonspolitikken. I 1934 forhandla Roosevelt og Litvinov fram gjensidig anerkjenning mellom USA og Sovjetunionen, og William Bullitt vart utnemnt til USAs første ambassadør til Sovjetunionen. Med seg til Moskva hadde Bullitt den røynde karrierediplomaten John Wiley. Nummer tre i rang var Loy Henderson, og også i dei underordna stillingane fann ein folk prega av Kelleys «Riga-skule»: Charles Bohlen, George Kennan og Bertel Kuniholm.

Denne første, amerikanske diplomatiske delegasjonen til Moskva rakk å koma seg på plass i Moskva til den mest klaustrofobiske perioden av Stalins styre. Dei var observatørar under Moskvaprosessane, dei møtte store byråkratiske hinder i forsøka på å få bygd ein ny, amerikansk ambassade i byen. Og dei freista med varierande hell å halda kontakt med russarar i den paranoide atmosfæren desse åra – samstundes som NKVD heldt tett auga med dei. 

Bullitt, som hadde vore entusiastisk tilhengar av diplomatisk anerkjenning, vart meir og meir frustrert – og forsvann etterkvart frå Moskva, og vart i staden amerikansk ambassadør i Paris. Riga-skulens folk, under leiing av Henderson, freista gjera det beste ut av situasjonen.

So kom krigen, som skapte heilt nye premiss for samarbeidet. Storbritannia og USA var heilt avhengige av krigsulukka til Sovjetunionen, som batt 100 tyske divisjonar ved fronten. Riga-skulen vart dytta til sides. Henderson vart sendt som ambassadør til Baghdad. I staden overtok spesialutsendingane – Averell Harriman, Harry Hopkins og andre – som var politiske operatørar utan Riga-skulens omfattande kunnskap om russisk historie og kultur. Under krigen såg desse spesialutsendingane – og Roosevelt sjølv – svært optimistisk på framtidig samarbeid med Sovjetunionen. Motforestillingane frå Riga-skulen vart dytta til side.

Roosevelt døydde før krigen slutta i 1945. Harry Hopkins var dødssjuk. Harry Truman sette senator Byrnes til å leia utanriksdepartementet, med Benjamin Cohen som statssekretær. Dei freista vidareføra krigstidas samarbeid i eit klima der konflikt allereide var under oppsegling – ikkje minst mellom Storbritannias nye Labour-regjering og Sovjetunionen.

Det var i dette intrikate spelet at Riga-skulen igjen sette dagsorden – og justerte kursen frå krigstidas samarbeid. Mister «X» – George Kennan – formulerte gjennom sitt «lange telegram», seinare omarbeidd til tidsskriftartikkel – ein analyse av sovjetisk utanrikspolitikk som gav fundamentet for amerikansk politikk andsynes Sovjetunionen i etterkrigstida: «Oppdemmingspolitikken». 

Denne politikken fekk sin prøveklut i samband med borgarkrigen i Hellas. I Hellas hadde ei kommunistdominert partisan-rørsle bite godt frå seg under tysk okkupasjon, og då britane gjekk i land med ei ny, gresk regjering i lomma førde dette til ein langvarig borgarkrig. Midt-Austen-avdelinga i amerikansk UD tolka denne borgarkrigen som «Sovjetisk ekspansjon», sjølv om Stalin aldri gav støtte til dei greske partisanane, og hadde avtalt med Churchill at Hellas var britisk interessesone. 

Harry S. Truman

Men i 1947 hadde ikkje den veike, britiske økonomien lenger rygg til å bera kostnadene med krigen. USA overtok rolla som garantist for Hellas og Tyrkia, og formulerte «Truman-doktrinen» om «hjelp til alle frie folk» for å definera si nye rolle. «Oppdemming» var på plass, både som teori og som praktisk politikk.

Med oppdemmingspolitikken kom også den kalde krigen med sine kriser og krigar – i Berlin, Korea og andre stader. 

Og frå slutten av 1940-talet kom ein mektig, antikommunistisk reaksjon i USA, i ettertid knytt til namnet Joseph McCarthy. McChartys kommisærar fekk frie hender i det amerikanske utanriksdepartementet – og resultatet var utrenskingar der servilitet gjekk framfor kvalifikasjonar. George Kennan var som nyutnevnt ambassadør til Moskva litt for lauskjefta – og vart erklært persona non grata. I staden var det broren til utanriksministeren – CIA-sjefen Allen Dulles – som hadde makt og integritet nok til å slenga døra i andletet til McCarthy. Utover femtitalet var det CIA som fekk ei større og større rolle i å definera tilhøvet til Sovjetunionen – i ein global konflikt med mange frontavsnitt. 

Mot slutten av femtitalet tødde tilhøvet mellom dei to supermaktene opp igjen. Ein byrja arrangera toppmøte. Khrustsjov vitja USA. Og etter Cuba-krisa byrja ein byggja eit rammeverk for å unngå global atomkrig. Under krigen hadde Averell Harriman reist saman med lord Beaverbrook til Moskva for «å gje og gje, utan tanke på å krevja motytingar». 

No sende Kennedy Harriman for å få i land ein prøvestansavtale. Det vart oppretta direkte line mellom Washington og Kreml, for å forhindra mistydingar og løysa kriser. Eit rammeverk for normalisering vart rigga opp, og ein ny generasjon diplomatar, som Jack Matlock, tok opp tråden frå pionerane på tretti- og førtital. Matlock vart seinare sjef for Sovjet-avdelinga i amerikansk UD, og ein av dei som losa syttitallets nedrustningspolitikk igjennom, mellom anna med støtte frå CIA.

Og dette arbeidet bar frukter. ABM-avtalen, Start-avtalen og andre nedrustningsavtalar førte til avspenning mellom supermaktene. Henry Kissinger gjennomførte ein større, diplomatisk snuoperasjon. Han normaliserte tilhøvet til Folkerepublikken Kina, braut Israels isolasjon i Midt-Austen gjennom fredsavtalen med Egypt, og han forhandla fram ei normalisering – «detente» – med Sovjetunionen.

Men Kissinger representerte det høgt utdanna teknokratiet i utanriksteneste og CIA. Han representerte ikkje den meir folkelege antikommunismen i det republikanske partiet. Den liberale fredspolitikken i det Demokratiske partiet førte til at ei gruppe liberale haukar, med senator Henry «Scoop» Jackson som frontfigur, braut med partiet og skifta side i amerikansk politikk. I denne nykonservative falangen fann du folk som Richard Perle, Paul Wolfowitz og Douglas Feith, i tillegg til journalistar som Norman Podhoretz. 

Eit første teikn på nye tider var då Kissingers forsøk på normalisering av handelen med Sovjetunionen stranda i Kongressen, der normaliseringa vart bunde til krav om fri utvandring for sovjetiske jødar (ikkje minst til Israel). På republikansk side kom også ein reaksjon mot Kissingerperioden hjå unge, antikommunistiske karrierepolitikarar som Dick Cheney og Donald Rumsfeld. 

Desse nye trendane fann saman i «committee on the present danger», med den gamle kaldkrigaren Paul Nitze som frontfigur. Nykonservative, republikansk grunnplan – og ikkje minst dei militærindustrielle – mana fram bilete av eit lumsk og ekspansivt Sovjetunionen, som rusta opp medan USA søv. Det var denne melodien – saman med løfte om ny dynamikk i ein stagnerende, amerikansk økonomi – som førde Ronald Reagan til det kvite huset i 1980.

Reaganperioden

Reaganperioden innebar mykje nytt. Venstreorienterte rørsler i Latin-Amerika vart nedkjempa, ofte i svært blodige borgarkrigar. Reagan sette inn William Casey som sjef i CIA. Den skjerminga frå politisk påtrykk som analyseavdelingen av organisasjonen hadde hatt siden Dulles sin periode forsvann. Casey ville ha dei analyseresultata han forventa – ikkje dei som hippiane og egghovuda på Langley produserte etter veletablerte prosedyrer. 

Casey løna dei som gav han den etteretninga han ville ha – som den ambisiøse Robert Gates, seinare forsvarsminister under Bush den yngre og Obama. Resultatet av prosessen vart slik ein kunne venta: Di meir Sovjetunionen stivna i ineffektivitet og korrupsjon utover åttitalet, di større og meir trugande vart stormakta i CIA sine hemmelegstempla analyser. På slutten klaga Colin Powell over at ein fekk meir ut av å lesa vanlege aviser, enn av å lesa rapportane frå CIA. Politisert etteretning – eller etteretning tilpassa dagsordenen til ulike ideologar i forsvarsestablishmentet – vart eit større og større problem, som kulminerte med «etteretninga» som legitimerte Irak-krigen.

Men Reaganperioden handla om meir enn Caseys CIA. I Moskva sette Reagan inn Jack Matlock, ein av dei mest kompetente som har hatt denne posisjonen. Og Reaganperioden innebar også ein president som ikkje var redd for opposisjon frå høgre. Då signala frå Moskva skifta, greidde Reagan og etterfølgjaren George HW Bush å forhandla fram ei fredeleg avslutning av den kalde krigen. James Baker, som ein periode dominerte amerikansk utanrikspolitikk, fekk banka på plass avtalar som førte til samling av Tyskland. Han freista til og med få til forhandlingar som skulle pressa på plass politiske løysingar av Palestina-konflikten – og var viljug til å bruka økonomisk press for å dytta ei uviljug politisk leiing i Israel.

Men det var eit steg for langt – og igjen svinga pendelen. 

Den konservative koallisjonen i Reagan-Bushperioden som avslutta den kalde krigen var ein koallisjon mellom to ulike posisjonar. På den eine sida konservative antikommunistar som ønskte å kasta kommunismen på historias skraphaug, og etterpå samarbeida med eit nytt Russland. På den andre sida nykonservative haukar, som ønskte global dominans der USA – den «uunnværlege nasjonen» – skulle diskutera vilkåra under ein ny verdsorden.

Men Bush og Bakers press mot Israel skifta dei nykonservative igjen side i amerikansk politikk, og Bill Clinton kunne driva valkamp for israelske busetjingar, mot Bakers fredspolitikk. Samstundes utvikla nykonservative haukar som Wolfowitz vidare strategiane for global dominans. Då europeiske makter, først og fremst Tyskland, sette fart i oppløysinga av Jugoslavia var tida for global samhandling mellom stormaktene slutt. Mot sterke protestar frå veteranene i amerikansk Russlandspolitikk byrja prosessane for utviding av NATO mot aust, og USA spela ei hovudrolle i siste fasen av oppløysinga av Jugoslavia då Serbia vart bomba i 79 dagar i 1999.

I 2007 åtvara Vladimir Putin i temmeleg klåre ordelag mot den vestlege arrogansen på tryggleikskonferansen i München. Det førde ikkje til noko – anna enn Bukurestivedtaket i NATO i 2008, der ein vedtok at Ukraina og Georgi «ville bli» medlem i NATO. Vedtaktet førte ganske raskt til krig – då georgiske styrkar byrja artillerioffensiv mot russiske, fredsbevarande styrkar med OSCE-mandat i Sør-Ossetia, svara Russland på dette med tung intervensjon i Georgia. 

Og sidan har det gått ganske jamnt utfor bakke. Obamas ambassadør til Moskva, Michael McFaul, greidde å bli erklært persona non grata i Russland etter å ha freista kombinera rollene som ambassadør og politisk aktivist. Ein av dei fremste russlandskjennarane i USA dei siste generasjonene, Stephen F. Cohen, melde seg ut av Council of Foreign Relations etter det han karakteriserte som «ny-mccarthyisme».

I staden for folk som Kennan, Cohen og Matlock, har nykonservative, ideologiske kommisærar som Victoria Nuland og Max Booth overteke hegemoniet i amerikansk politikk andsynes Russland. Vi er snart tilbake der det heile starta, før William Bullitt vart sendt som første amerikanske ambassadør til Sovjetunionen i 1934.

Forrige artikkelStor overdødelighet i Tyskland siste halvår 2021
Neste artikkelDen sjette klimarapporten fra FN – del II («stadig verre»)