Dreier Ukraina-krigen seg om noe helt annet enn vi blir fortalt?

0

Ukraina og den djupare agendaen Globalt sjølvmord

Av F. William Engdahl, 9. mars, 2022

Den russiske presidentens avgjerd om militær aksjon i nabolandet Ukraina den 24. februar 2022, har sjokkert mange, meg sjølv inkludert. Spørsmålet no, nesten to veker inn i militæraksjonen til Russland og andre krefter inne i Ukraina, er kva som pressa Russland inn i det vestlege medium framstiller som ein unilateral, illegitim aggresjonskrig. Ein open trussel frå den ukrainske presidenten og komikaren Volodymyr Zelensky den 19. februar, under møte med topptenestemenn i NATO og andre på den årlege Tryggingskonferansen i München, gir oss ein stort sett ignorert nøkkel til å forstå korfor Moskva handlar som dei gjer. I tillegg har nye rapportar om fleire Pentagon-laboratorium for biovåpen rundt om i Ukraina føya seg til teppet av bakgrunnstruslar. Trudde Moskva at dei stor overfor ein bokstaveleg talt kjemp-eller-døy-situasjon?

F William Engdahl

Litt viktig historisk bakgrunnen

Konflikten vi no ser i Ukraina, har sine røter i 1990-talet og den USA-støtta kollapsen til Sovjetunionen. Under To-pluss-fire-forhandlingane om ein avtale for Tysklands gjenforeining, samtalar mellom USAs utanriksminister James Baker III og dåverande Sovjet-leiar Mikhail Gorbatsjov, saman med Frankrike, Storbritannia og den vest-tyske regjeringa, gav Baker eit muntleg løfte om at NATO ikkje ville lee seg «ein tomme» austover og true tidlegare Sovjet-territorium, mot at SSSR skulle la Tyskland sameinast att innanfor NATO.

I fleire år har Washington loge om denne avtalen, samstundes som dei har inkludert det eine etter det andre av tidlegare Warszawapakt-land – Polen, Den tsjekkiske republikken, Romania, Ungarn, dei baltiske statane – i NATO og nærare skothald til Russland. Nyleg siterte Putin frå Baker-avtalen frå 1990 for å forsvare det russiske kravet om at NATO og Washington skal gi rettsleg bindande garantiar om at Ukraina aldri skal latast inn i NATO-alliansen. Så langt har Washington kategorisk nekta å gå med på det.

Putin sin tale i München 2007

På den årlege Tryggingskonferansen i München i 2007, etter at Bush/Cheney-administrasjonen hadde kunngjort planar om å installere US-amerikanske missilvernssystem i Polen, Romania og Den tsjekkiske republikken for å «vakte mot pøbelstatar som Nord-Korea eller Iran», leverte Russlands Putin bitande kritikk mot USA sine løgner og brot på forsikringane frå 1990 om NATO. På det tidspunktet hadde 10 tidlegare kommunistiske aust-statar blitt slopne inn i NATO, trass i USA sine løfte om det motsette frå 1990. Vidare var både Ukraina og Georgia kandidatar til å slutte seg til NATO etter dei USA-leidde Fargerevolusjonane i dei to landa i 2003–2004. Putin argumenterte korrekt for at USAs missilar var retta mot Russland, ikkje Nord-Korea eller Iran.

NATO enlargement stages | Download Scientific Diagram

Putin fortalde sitt vestlege publikum: «Det har vist seg at NATO har utplassert sine frontkjemparar på våre grenser, og vi oppfyller framleis strengt vår del av avtalen og reagerer ikkje på desse hendingane i det heile. Eg meiner det er openlyst at NATO-ekspansjonen ikkje har noko å gjere med moderniseringa av Alliansen, eller å sikre tryggleiken i Europa. Tvert imot, den representerer ein alvorleg provokasjon som svekkar graden av gjensidig tillit. Og vi har rett til å spørje: mot kven er denne ekspansjonen retta? Og kva skjedde med forsikringane som våre vestlege partnarar gav etter oppløysinga av Warszawapakta? Kor er alle dei erklæringane i dag? Ingen hugsar dei ein gong,» sa Putin. «Men eg vil ta meg til rette og minne tilhøyrarane her om det som vart sagt; eg vil sitere frå talen til NATOs generalsekretær Wörner i Brussel den 17. mai 1990. Han sa då: ’det faktum at vi er klare for å ikkje plassere ein NATO-armé utanfor tysk territorium, gir Sovjetunionen ein fast tryggleiksgaranti’. Kor er desse garantiane?» Det var for 15 år sidan.

Maidan-statskuppet i 2014

I november 2013 kunngjorde eit økonomisk korrupt og rotete Ukraina, under den valde og også veldig korrupte presidenten Viktor Janukovitsj, at heller enn å akseptere eit «spesielt» forhold til EU, så ville Ukraina ta imot eit mykje meir generøst tilbod frå Moskva om å slutte seg til Den eurasiatiske økonomiske unionen, leidd av Moskva. Russland hadde gått med på å kutte prisen på russisk gass til Ukraina med 30% og å kjøpe ukrainske statsobligasjonar for 15 milliardar dollar for å mildne Kievs finanskrise. 

På same tid, den 21. november, lanserte Arseny Jatsenjuk – mannen som vart utvald av Washingtons Victoria Nuland og Kiev-ambassadør Geoffrey Pyatt – saman med den gong visepresident Joe Biden, det som vart kalla Maidan-plass-protestane mot Janukovitsj-regimet, støtta av US-amerikanske frivillige organisasjonar. Den 20. februar, 2014, etter at CIA-organiserte snikskyttarar, som skal ha vore rekrutterte frå nabolandet Georgia, drap fleire dusin protesterande studentar pluss politifolk, og fekk Janukovitsj til å flykte, vart Jatsenjuk innsett som statsminister i eit handplukka USA-drive regime, handplukka av Nuland og Biden og fleire.

Den nazistiske Høyre sektor på Maidan

Seinare, i eit intervju med ei russisk avis i desember 2014, sa George Friedman frå det privateigde firmaet Stratfor, som tilbyr konsulenttenester til mellom andre Pentagon og CIA, om det USA-leidde regimeskiftet i Kiev i februar 2014 at «Russland kallar hendinga som tok stad i starten av dette året for eit statskupp organisert av USA. Og det var i sanning det grøvste kuppet i historia.» Han var skrytande i dette intervjuet.

Kiev-kupp-regimet gav seg etter 22. februar 2014 i kast med å føre ein utryddingskrig og ei etnisk utreinsking av russisk-talande i austre Ukraina, i stor grad under leiing av ein privat armé av bokstaveleg talt nynazistar frå Høgre Sektor (forbodne i Russland), dei same som stod for sikkerheita på Maidan-plassen og starta eit terrorvelde mot russisk-talande ukrainarar. Det vart danna bataljonar av nynazistiske leigesoldatar. Dei vart gitt offisiell status som soldatar av Ukrainas Nasjonalgarde, t.d. Azov-bataljonen, finansiert av den ukrainske mafiabossen og milliardæren Ihor Kolomojsky, som også støtta presidentkandidaturet til Zelensky økonomisk. Azov-soldatane har til og med SS-runer som logo. I 2016 anklaga FNs høgkommisær for menneskerettar (OHCHR) Azov-bataljonen, offisielt opphøga til regiment i januar 2015, for krigsbrotsverk som masseplyndring, fengsling utan lov og dom og tortur.

I dag er Nuland Bidens viseminister for politiske saker, med ansvar for ukrainske og russiske saker. Ho veit godt kven Azov-bataljonen er.

Zelensky og München 2022

Den 19. februar i München trua Ukrainas president Zelensky med å utplassere atomvåpen på ukrainsk jord. Han sa det var hans unilaterale annullering av Budapest-memorandumet av 1994, sjølv om Ukraina ikkje var blant dei som signerte på den avtalen. To dagar seinare, om kvelden den 21. februar, heldt Putin sin tale, der han anerkjende den suverene uavhengigheita til folkerepublikkane Donetsk og Lugansk. Han refererte eksplisitt til Zelensky sin atomvåpenlovnad i München, og understreka: «Dette er ikkje tomt skryt».

Den 6. mars siterte det statlege nyheitsbyrået RAI Novosti i Moskva ei høgare russisk SVR-utlandsetterretningskjelde med detaljkunnskap om eit hemmeleg ukrainsk prosjekt, angiveleg med livsviktig hemmeleg vestleg støtte, som gjekk ut på å bygge opp ukrainsk atom-missil-kapasitet og ei ukrainsk atombombe, i eit uforskamma brot på ikkjespreiingsavtalen. Byrået melde at ukrainske kjernefysikk-vitskapsfolk skjulte våpenutviklinga ved å lokalisere den nær atomreaktoren i Tsjernobyl, der det er høge strålingsnivå – ei forklaring på det raske russiske trekket å sikre Tsjernobyl. «Det var der, etter tilgjengeleg informasjon å dømme, dei arbeidde både med å lage ei ’skiten’ bombe og separere plutonium,» siterer RIA Novosti kjelda på. Bombeforskningsfasiliteten var lokalisert på Det nasjonale vitskapssenteret, Kharkov-instituttet for fysikk og teknologi. No kjem det rapportar om krafige kampar mellom russiske styrkar og nynazistiske ukrainske Azov-krigarar som etter rapportar å dømme legg planar om å bombe forskingsreaktorområdet og skulde det på Russland. Kampane for kontroll med det store Zaporizhzhia-atomkraftverket er også tydelegvis ein del av forsøket på å skjule det illegale ukrainske bombeprosjektet.

Det blir no meir og meir tydeleg at Putin hadde alvorlege grunnar til å reagere på den ukrainske atomtrusselen. Eit ukrainsk kjernefysisk missil under seks minutt unna Moskva ville vere ein eksistensiell fare enten Ukraina var ein del av NATO eller ikkje.

Gigantisk militær opprusting – biokrigføring?

Det var meir. Ukrainsk presse rapporterte for eit år sidan om nye, vestleg-bygde NATO-marinebasar i Otsjakov og Berdyansk. «moderne infrastrukturfasilitetar med kapasitet til å ta imot skip av alle typar, utstyrt etter NATO-standard og bygd med pengar frå Allianse-landa… Om tre år vil vi klare å angripe russiske skip i Svartehavet med myggflåten vår. Og om vi slår oss i hop med Georgia og Tyrkia, vil Den russiske føderasjonen bli blokkert,» skrytte ukrainske militærekspertar.

I tillegg hadde USAs Pentagon ikkje mindre enn åtte, kanskje så mange som 30, topp-hemmelege biovåpen-forskningslaboratorium i Ukraina, der dei testa DNA’et til rundt 4000 frivillige frå militæret. Straks russiske soldatar skulle til å sikre bevisa, så sletta USAs ambassade alt dei før hadde skrive om labane frå nettsidene sine, og ukrainarar skal ha sørga for å øydelegge lab-bevisa. Ukrainske labar i Kharkiv og andre stadar opererte i samarbeid med USA. Mengder av slike våpen vart i løynd lagra, i direkte brot med internasjonale konvensjonar.

Ein heil månad før den russiske militære aksjonen den 24. februar i Ukraina, fekk den uavhengige biokrigsforskaren Dilyana Gaytandzhieva nokre dokument i hende som greia ut om «US Pentagons biologiske eksperiment med potensielt dødeleg utfall på 4400 soldatar i Ukraina og 1000 soldatar i Georgia. Ifølge dei lekka dokumenta, skulle alle dødsfalla blant dei frivillige rapporterast innan 24 timar (i Ukraina) og 48 timar (i Georgia).» Ho greier ut om eksperimenta på menneske, som inkluderte testing for antistoff mot 14 patogenar, inkludert Krim-Kongo hemoragisk feber, Borrelia-artar (Lyme disease) og andre. Ifølge dokumenta er labane i Ukraina og Georgia del av Pentagons «$2,5 milliardars program for biologisk engasjement under Defense Threat Reduction Agency (DTRA), som inkluderer forskning på bioagentar, dødelege virus og antibiotikaresistente bakteriar.»

Den 6. mars stadfesta generalmajor Igor Konasjenkov, talsmann for det russiske forsvarsdepartementet, i ei melding til pressebyrået RAI Novosti i Moskva at dei hadde mottatt dokument «frå tilsette ved ukrainske biologiske laboratorium som slo fast at komponentar til biologiske våpen var under utvikling i Ukraina, nært russisk territorium. … Under ein spesialoperasjon vart det avdekka at Kiev-regimet implementerte ei lynoppreinsking av spor etter eit militært biologisk program finansiert av USAs forsvarsdepartement.»

Fra utspørring i Kongressen i USA

I tillegg til desse bevisa for kjernefysiske og biologiske masseøydeleggingsvåpen i Ukraina dei siste åra, har Vestens NATO-medlemsland pøst militært utstyr for milliardar av dollar, inkludert anti-tank-våpen og eksplosivar, inn i Ukraina medan Zelensky – som rykte blant opposisjonen seier gøymer seg på USAs ambassade i Warszawa – stadig vekk gjentar sine bøner om ei NATO-«flyforbodssone» over Ukraina, noko som ville vere ei direkte casus belli [handling eller situasjon som provoserer til, eller rettferdiggjer, krig, mrk.] for krig mellom Russland og NATO, ein krig som raskt kunne utvikle seg til atomkrig eller vidare.

Spørsmålet er om denne årelange provokasjonen mot Russlands nasjonale tryggleik frå Washington og NATO via Ukraina har som mål å øydelegge livsdugleiken til Russland som suveren nasjon og militærmakt. Det er eit kalkulert trekk å bruke sanksjonar mot Russland for å forårsake global kollaps og energikrise, matmangel og verre, alt saman for å fremje Davos sin 2030 Great Reset-agenda? Kast skulda på «vonde Putin» og Russland, medan BlackRock og finansmaktene omorganiserer verda? Det er for tidleg å seie, men sikkert er det at same kva som sette i gang aksjonen til Russland den 24. februar, 2022, så må det ha vore langt meir alvorleg enn det CNN og andre vestleg-kontrollerte medium fortel oss.

F. William Engdahl er konsulent og førelesar på området strategisk risk. Han har ein grad innan politikk frå Princeton University og er bestseljande forfattar av bøker om olje og geopolitikk. Han skriv for nettmagasinet“New Eastern Outlook”

Omsett av Monica Sortland for Derimot.no.

Forrige artikkelWHO ønsker å være verdensregjering – kuppforsøket er nært forestående
Neste artikkelBiden flyr til Ukrainas grenseland
skribent
Skribent er en betegnelse vi bruker i databasen på alle som ikke er registrert der som forfattere. I de aller fleste tilfelle vil du finne forfatterens navn i artikkelen.