Ukraina i det store spelet

0

Av Terje Valen.

Den store elefanten i rommet under Ukraina-konflikten blir ikkje mykje nemnd i dei store massemedia. Men utan å forstå denne faktoren er det ikkje mogleg å forstå kva som skjer i Ukraina no. Eg snakkar om USA sin strategi for å dominere det eurasiske kontinent, som blei utforma etter at Sovjet-Unionen blei oppløyst og USA hjelpte Jeltsin til å kuppe leiinga i Russland. Strategien vart samanfatta av Zbigniew Brzezinski i boka Det store sjakkbrettet frå 1997 og følgt opp under Obama sin valkamp i 2009 med Second Chance som vart grunnlaget for Obama sin utanrikspolitikk. Brzezinski blei då også Obama sin viktigaste uformelle rådgjevar.

Hovudtanken bak denne strategien var at USA skulle styre heile verda. For å klare det måtte dei ha kontroll på statane på det eurasiske kontinent, slik at ingen stat der blei så sterk at han kunne utfordre USA sitt hegemoni. Helst skulle dette skje i eit samarbeid på USA sine premiss. Om det ikkje lukkast måtte USA sørgje for å halde på makta si med andre middel, der krigar, kupp, regimeendringar, undergravingsverksemd og sanksjonar var nokre. Alt dette ligg i offentlege amerikanske dokument. I Ukraina var det kupp med regimeendring som blei brukt. Inne i landet var det intenst arbeid av Soros sine NGOar og samarbeide med dei valdelege nazi-forbunda som sikra kuppet. Etterpå har frendane til nazistane frå heile verda komme dit for å slås mot russarane i Donbass og så har fleire av dei reist heim att for å spreie kunnskapen sin i Europa elles og andre stader.

USA og bruken av reaksjonære politiske retningar

I det heile har USA vore ein meister i å lære opp og bruke folk frå slike reaksjonære politiske retningar. I Afghanistan var det hjelp frå innsmugla såkalla radikaliserte islamistar som blei slusa inn av USA gjennom koranskular i Pakistan som først gjorde jobben, og etterpå var det direkte krig frå USA saman med ei rad av vasallar, medrekna Norge. Ein reknar med at det etter at Sovjet-Unionen trekte seg ut or Afghanistan var rundt 100 000 jihadistar der. Mange av dei reiste ut av Afghanistan og USA brukte dei på fleire avsnitt, i Nord-Afrika, i Bosnia, i Tsjetsjenia og fleire stader.

I Irak var det direkte krigar med amerikanske soldatar som klarte regimeendring. I Libya var det direkte krig og terrorbombing pluss samarbeid med jihadistar på bakken som klarte det. I Syria var det valdelege jihadistar som blei brukt, men då hadde mellom anna Russland lært, slik at USA ikkje lukkast der, sjølv om dei med hjelp av kurdiske soldatar held den rikaste delen av landet okkupert, og jihadistane framleis okkuperer Idlib. Dette var ein del av USA sin strategi for å sikre eit verdsherrevelde. Denne strategien strevar dei framleis med å følgje. Makta til USA over Ukraina var viktig for vidare aggresjon austover.

Den sentrale strategen

Zbigniew Brzezinski var sentral i denne strategien. Men han meinte også at for å ha hegemoni på det eurasiske kontinent var det nokre avgjerande vilkår. Kina og Russland måtte ikkje finne saman, og Iran måtte for all del ikkje få til samarbeid med Russland. Då Russland hadde opplevd kva samarbeidet med USA tydde på 1990-talet og dei første åra etter 2000, med det enorme samanfallet av heile samfunnet der, fann dei ut at dette ville dei ikkje vere med på det lenger. Med Putin i leiinga reiv Russland seg ut or den sfæren der USA hadde hegemoni. Men dette var etter at Brzezinski skreiv sjakkboka.

I boka omhandlar han også Ukraina. Det ein av dei fire statane som USA må ha kontroll med for å dominere heile kontinentet i tillegg til Frankrike, Tyskland og Polen. Han skriv om dei viktigaste spelarane i denne sjakkturneringa på de eurasiske kontinent. Det er fem geostrategiske spelarar og fem geopolitiske nav (pivots). Frankrike, Tyskland, Russland, Kina og India er dei viktigaste geopolitiske spelarane, sjølsagt i tillegg til USA. Storbritannia, Japan og Indonesia er viktige land, men er ikkje kvalifisert til å komme opp i øvste liga. Dei kritisk viktige nav-landa er Ukraina, Aserbajdsjan, Sør-Korea, Tyrkia og Iran.

Då Brzezinski skreiv boka si var Russland framleis under kontroll av USA og han trudde at det kunne fortsette, sjølv om landet fekk formelt sjølvstende og utvikla seg i demokratisk retning, det vil i praksis seie innanfor USA sitt system. Kina hadde opna opp og leiarane i USA tenkte at dei var på veg inn i USA-systemet.

Når det gjeld Ukraina skriv Brzezinski at det var eit nytt og viktig rom på det eurasiske sjakkbrettet. Med eit uavhengig Ukraina som ikkje samarbeider med Russland kan ikkje Russland bli ein mektig spelar på sjakkbrettet. Derfor måtte ikkje Russland få kontroll med landet. Det var også viktig å halde Aserbajdsjan med sine rike ressursar utanfor russisk kontroll.

USA sine vasallar i Europa

Angåande Europa skriv Brzezinski at det tener som eit springbrett for vidare utviding av demokratiet djupare inn i Eurasia og at Europas utviding austover ville konsolidere sigeren på 1990-talet. Men først av alt, skriv han, er Europa Amerikas vesentlege bruhovud på det eurasiske kontinentet. Det som står på spel geostrategisk for USA i Europa er enormt, for gjennom NATO festar Europa amerikansk politisk innflyting og militær makt direkte på det eurasiske fastlandet, slik til dømes ikkje Japan gjorde i aust.

Så slår han fast at det er ein veikskap at ikkje Europa er ei eining, men forskjellige statar med sine prioritetar. Difor er den brutale sanninga at Vest-Europa og i aukande grad Sentral-Europa i det store og heile er eit amerikansk protektorat der dei allierte statane minner om vasallar og tributtpliktige. Så seier han at Europa er meir splitta fordi trusselen frå Sovjet-Unionen var vekke og at nokre nasjonar ville ut av rolla si som USA sine elevar. På grunn av dette måtte USA jobbe for å skape forhold som gjorde at Europa samla seg meir under amerikansk leiarskap.

Han omhandlar så Frankrike og Tyskland nærare og seier at USA må hjelpe desse til å samle Europa meir. Den beste kandidaten til å klare dette var Tyskland. Dei var godt forankra i Europa og hadde blitt harmlaus, men sikker på grunn av det synlege amerikanske militære nærværet. Tyskland kunne bli ein som fremma og kanskje fekk til formell inkludering av Midt-Europa i EU og NATO.

«Amerika sitt sentral mål er å konstruere eit Europa som er basert på den fransk-tyske koplinga, eit Europa som kan fungere, som bli knytt til USA og vidar ut rekkevidda for det kooperative demokratiske internasjonale systemet som den effektive fungeringa av amerikansk global overlegenheit avheng av.» Utvidinga av det europeisk bruhovudet som springbrettet for demokrati er direkte relevant for amerikansk sikkerheit. Det ville og hjelpe om dei klarte å mobilisere Frankrike for NATOs utviding austetter. På grunn av alt dette må USA arbeide tett saman med vasallen Tyskland for å fremme Europas austlege utviding. Amerikansk-Tysk samarbeid om dette var vesentleg.

Erobring av Aust-Europa lenge sentral

Denne tanken om å utvide NATO og EU austover var ikkje ny hos Brzezinski. Allereie i 1989 hadde han tatt doktorgraden på ei avhandling der han sa at det måtte brukast all kraft for å hindre at Russland sto opp att som stormakt. Det var også motivet for å drive på for eit uavhengig Ukraina og uavhengige baltiske statar med mål om å få dei inn i NATO seinare. Det var ein sentral byggestein i det geo-politiske konseptet hans at Vesten måtte trenge seg inn i den energirike sentralasiatiske regionen. For å få til det var Ukraina et «geopolitisk omdreiingspunkt og krumtapp». Det var viktig å isolere Russland som rival og så bringe landet i en posisjon der det var økonomisk avhengig av Det internasjonale pengefondet og militært av NATO. Etter ei svekking og destabilisering av Russland galdt det og å hindre at Russland fekk eit samkvem med Vest-Europa og å hindre at Russland fekk bygge olje- og gassrøyr til Europa. Så måtte Kina og Iran haldast ute.

Med trylleordet «demokratisering av dei fossile ressursane» skulle USA klare dette. Brzezinski reiste så til Georgia der han jobba i den gamle aserbajdsjanske oljehovudstaden Baku for BP-Amoco og Freedom House, ein forskingsinstitusjon med hovudsete i Washington. Om Aserbajdsjan uttalte han at der var korken i flaska som inneheld tilgang til skattane i det kaspiske bekken og Sentral-Asia.

Grand Chessboard att

For å komme tilbake til The Grand Chessboard så framhevar han også at botnlinja når det gjeld utvidinga av Europa var at inga makt utanfor det eksisterande transatlantiske systemet hadde rett til å veto deltakinga til ein kvar europeisk stat som ville inn i EU eller NATO. Dette har jo blitt spesielt aktuelt under den noverande Ukraina-konflikten.

Til slutt i kapittel 3 i boka peiker han på dei statane som utgjer den kritiske kjernen i europeisk og dermed amerikansk sikkerheit. Det er Frankrike, Tyskland, Polen og Ukraina. Min kommentar er sjølvsagt at dette ikkje hadde noko med USA sin sikkerheit å gjere, men med sikringa av verdsherredømmet.

Med dei amerikanske silkeveglovene av 1999 og 2006 blei det som Brzezinski skreiv her til offisiell amerikansk politikk i området, og det har det vore sidan. Han oppdaterte tankane sine i boka Second Chance frå 2009 og blei ein uoffisiell tutor for president Obama, som følgde opp politikken hans.

Frå 4. desember 2014 blei Brzezinski sine tankar om USA si dominering av den eurasisk landmassen konfirmert som USA sin offisielle statsdoktrine i Kongressens resolusjon H. Res. 758 med overveldande fleirtal. (mot 10 stemmer) og kritikklaust motteke av dei europeiske vasallane i Europa. Same dag som dette skreiv kongresslegenden Ron Paul på heimesida si «Uansvarleg Kongress erklærer krig mot Russland». I november same år kom  U.S.-Army-Training-and-Doctrine-Paper med tittelen How to Win in a Complex World, 2020-2040 ut. Her dreier det seg om ikkje mindre enn «full spectrum dominace» på land, i luft og på sjø. Dei viktigaste fiendane blei peikt ut som Russland og Kina». Det er denne politikken som har ført til situasjonen i Ukraina.

Utifrå dette forstår vi dei fem milliardar dollar og dei andre aktivitetane til USA for å destabilisere Ukraina og den bitre kampen med Russland om Ukraina. Obama slo også fast at Russland ikkje lenger var ei makt å rekne med og at han ikkje ville halde seg til Putin personleg. Dessutan forstår vi bakgrunnen for kuppet i 2014 og alt som har skjedd etterpå. Det er USA si førebuing på å svekke Russland og få det inn under sitt herrevelde for å kunne fortsette aggresjonen sin vidare austetter.

Dette har no Putin sett ein stoppar for utan at USA og NATO kan gjere noko. Å demonstrere mot at han gjer dette, er ei direkte støtte til USA sin aggresjonspolitikk i området og til USA sine planar om å ta knekken på Russland og legge landa vidare austetter under seg. Men vi må også orsake dei som har gått inn for demonstrasjonar mot Putin. Folk har jo blitt halde heilt uvitande om USA sin geo-politikk og blitt marinert i USA-propaganda om at det er Putin som er aggressiv. Det er ikkje så lett å få hovudet over sausen.

Les Zbigniew Brzezinski The Grand Chessboard, 1997 og

Wofgang Effenberger Geo-Imperialismus – Die Zerstörung der Welt, 2016.

Terje Valen, fredag 25. februar 2022

Denne artikkelen ble først publisert på bloggen til Terje Valen.

KampanjeStøtt oss

Du kan diskutere artikler fra steigan.no på: https://motdagforum.no

Bruksanvisning for å bli medlem er her:
https://steigan.no/2021/03/bruksanvisning-for-a-registrere-bruker-pa-mot-dag-forumet

Du kan abonnere på steigan.no her. Det koster ingenting.

Men hvis du vil være med på å opprettholde og styrke vår kritiske og uavhengige journalistikk, kan du også gjøre det:

Vipps: 116916.

Eller du kan betale inn på Mot Dags støttekonto: 9001 30 89050 – eller gå inn på vår betalingsordning.