Korleis Bush og Blair planla krigen for å styrta Saddam Hussein

0
Credit: Chris Beckett/cc/flickr

USAs president fortalde den britiske statsministeren at han «ikkje brydde seg om» kven som ville erstatte Saddam Hussein då paret i løynd planla PR-kampanje for å selje krigen eit år før invasjonen.

Av David Hearst.

Publisert på middleeasteye.net den 13. januar, 2022

George W. Bush fortalde Tony Blair at han ikkje visste kven som ville erstatte Saddam Hussein i Irak når dei hadde styrta han, og at han «ikkje brydde seg særleg», ifølge eit eksplosivt, topphemmeleg møtereferat som Middle East Eye har fått tak i.

Den tidlegare US-amerikanske presidenten hadde ingen bekymringar vedrørande konsekvensane av å starte ein invasjon, på møtet med den britiske statsministeren på Texas-ranchen sin i 2002, nesten eit år før krigen vart starta.

«Han visste ikkje kven som ville ta Saddams plass viss eller når vi styrta han. Men han brydde seg ikkje særleg. Han hadde den innstillinga at kven som helst ville vere ei betring,» står det i det britiske memoet, som etter møtet vart skrive av Blair sin topprådgivar i utanrikspolitiske saker.

Bush trudde – men memoet seier han ikkje ville seie det offentleg – at eit «moderat, sekulært regime» i post-Saddam- Irak ville ha ein gunstig innverknad både på Saudi-Arabia – ein nær alliert av USA – og Iran.

Han hadde sagt at det var avgjerande viktig å sikre at åtgjerder mot Saddam ville auke, heller enn redusere, den regionale stabiliteten. Bush «hadde difor forsikra tyrkarane om at det ikkje var nokon sjanse for at Irak skulle stykkast opp ein kurdisk stat oppstå».

Memoet avslører også korleis Blair så tidleg som i april 2002, meir enn åtte månadar før FNs våpeninspektørar gjekk inn i Irak, var klar over at dei kunne kome til å måtte «justere tilnærminga» om Saddam skulle gi dei fritt spelerom.

Storbritannias spioner visste at kilden som opplyste om falsk Irak-krig var torturert.

Dette er antakeleg det første som viser til den strategien som enda med danninga av det berykta «dodgy dossier», debrifingsdokumentet med oppdikta etterretning om irakiske masseøydeleggingsvåpen som la grunnlaget for krig, som hadde viktige detaljar som det seinare vart innrømt var falske.

Memoet styrkar dei sentrale funna til den offisielle granskinga av krigen, leidd av John Chilcot, som i 2016 konkluderte med at Storbritannia valde å slutte seg til invasjonen før dei hadde utforska fredelege alternativ, at Blair med vilje overdreiv trusselen frå Saddam, og at Bush ignorerte råd om etterkrigsplanlegging.

Det var skrive av David Manning, Blair sin topprådgivar for utanrikspolitikk, dagen etter møtet på presidentens ranch i Crawford, Texas, laurdag den 6. april 2002.

Bortsett frå Bush og Blair, var det berre ei handfull tenestemenn til stades frå begge sider, og mykje av diskusjonane mellom dei to leiarane vart ført på tomannshand.

Presidenten og statsministeren hadde utvikla ein spesielt nær relasjon etter al-Qaida-angrepa i USA den 11. september, 2001, då Blair svor å «stå skulder ved skulder med våre amerikanske vener». Dei to stolte på og betrudde seg til kvarandre, meir enn dei gjorde med nokre av sine eigne kollegaer.

Storbritannia hadde vore ein nøkkelsupportar og deltakar i den USA-leidde invasjonen av Afghanistan i oktober 2001. Irak, som lenge hadde vore utsett for FN-sanksjonar på grunn av Saddam Husseins våpenprogram, hadde også vore i siktet til USA sidan lanseringa av den såkalla «krigen mot terror».

I eit anna memo, som Blair fekk tilsendt nokre veker før Crawford-møtet, rapporterte Manning at Condoleezza Rice, Bush sin rådgivar for den nasjonale tryggleiken, under ein middag hadde fortald han at Bush verkeleg trengde både støtte og råd frå Blair, sint som han var på reaksjonane han fekk frå Europa.

«Eksepsjonelt sensitivt»

På det tidspunktet var planen om å starte ein krig ein godt vakta løyndom, sjølv innanfor indre sirklar av USAs militære. Manning noterer at berre ei «svært lita celle» i US Central Command (Centcom) var involvert i oppteikninga av planar, med dei fleste av dei høgt rangerte militære tenestemennene haldne i mørket. 

Hvordan Bush og Blair planla Irak-krigen. Her er referatet.

Han skreiv: «Dette brevet er eksepsjonelt sensitivt, og statsministeren har instruert om å halde svært tett med det. Det bør ikkje visast til andre enn dei med eit reelt ‘need-to-know‘, og ingen fleire kopiar bør lagast.»

Memoet var adressert til Simon McDonald, utanriksminister Jack Straw sin næraste privatsekretær, og sirkulert til ei handfull andre britiske topptenestemenn.

Dei var Jonathan Powell, Blairs stabssjef; Michael Boyce, sjef for forsvarsstaben; Peter Watkins, forsvarsminister Geoff Hoons næraste privatsekretær; Christopher Meyer, britane sin ambassadør i Washington; og Michael Jay, den permanente sekretæren ved utanlandskontoret.

Rice fortalde Crawfordmøtet at «99 prosent» av Centcom ikkje var klar over Irak-krig-planane.

Manning fortel om korleis Bush og Blair krigsspelte om spørsmålet om å sende våpeninspektørar inn i Irak.

Begge leiarane bekymra seg over europeisk opposisjon mot militæraksjon, og memoet noterer at Bush aksepterte at «vi treng å svært omhyggeleg styre PR-aspektet ved alt dette.»

Manning skreiv: «Statsministeren sa vi trengde ein akkompagnerande PR-strategi som sette fokus på risikoen ved Saddams masseøydeleggingsvåpen-program og hans avskyelege praksis med brot på menneskerettane. Bush var sterkt einig.»

«Statsministeren ville overfor sine europeiske partnarar legge vekt på at Saddam vart gitt ein sjanse til samarbeid. Viss, som han venta, Saddam ikkje skulle gripe den, så ville det bli mykje vanskelegare for europearane å stå imot logikken i at vi er nøydde til å gjere noko med eit vondskefullt regime som truar oss med sittmasseøydeleggingsvåpen-program.»

Blair bekymra seg over det scenariet at Saddam skulle sleppe inn FN-inspektørane og la dei gjere jobben sin – noko som faktisk seinare skjedde.

Inspektørar returnerte til landet i november 2002 og blei der til 18. mars 2003, éin dag før starten på det USA-leidde angrepet på Irak.

I februar 2003 fortalde FN sin sjefsinspektør Hans Blix til Tryggingsrådet at Irak verka samarbeidsvillige med omsyn til inspeksjonar, og at ingen masseøydeleggingsvåpen hadde blitt funne.

Blair fortalde Manning etter ein privat samtale med US-presidenten: «Bush hadde forstått at det fanst ein sjanse for at Saddam ville sleppe dei inn og gjere jobben sin. Dersom det skulle skje, så ville vi måtte gjere tilsvarande justeringar i tilnærminga vår.»

Furore over riddartittel

Manning-memoet vart først lekka til avisa Daily Mail, midt i den allmenne furoren over at Blair vart slått til riddar. Middle East Eye har fått utlevert ein kopi av memo-teksten, som dei publiserer i sin heilskap.

Han er nettopp adlet i Storbritannia. Hva sier ikke det om adelen som vil ha han blant seg.

Ein petisjon for å få oppheva Blair sin riddartittel har til no samla inn meir enn ein million signaturar.

Memoet er det andre Manning har skrive om Irak som er kome fram i lyset. I 2004 publiserte avisa Daily Telegraph detaljar frå eit memo av den britiske diplomaten til Blair, som handla om førebuingar til Crawford-toppmøtet.

Datert 13. mars 2002, fortel Manning Blair om sin middag med Rice og konklusjonen deira: at nederlag «ikkje var eit alternativ».

Manning skriv: «Det er klart at Bush er takknemleg for støtta di og har registrert at de får flak [Flieger-Abwehr-Kanone, luftvernskyts, mrk.]. Eg sa at du er urokkeleg i støtta di til regimeskifte, men at du måtte kontrollere ei presse, eit parlament og ein folkeopinion som var svært ulike alt i Statane. Og du var også urokkeleg insisterande på at viss vi skulle gå for regimeskifte, så må det gjerast med stor varsemd og produsere det rette resultatet. Nederlag er ikkje eit alternativ.»

Manning fortalde Blair at spørsmålet om våpeninspeksjon «må handsamast på ein måte som ville overbevise europeisk og breiare opinion om at USA var medvitne om .. at mange land insisterte på ein legal basis.»

På sjølve besøket vart Blair fortald at Bush ville ønske å sondere hjernen hans. «Han vil også gjerne ha di støtte. Han kjenner framleis svien av kommentarane frå andre europeiske leiarar om Irak-politikken han fører.»

Blair fekk fleire åtvaringar frå topprådgivarar rett før møtet. Peter Ricketts, den britiske regjeringa sin rådgivar på nasjonal sikkerheit, skreiv til Blair at å kjempe for å etablere ei kopling mellom Irak og al-Qaida så langt var «ærleg talt ikkje overbevisande».

Sjølv om dei skulle lykkast i å fremje saka at trusselen frå Irak burde takast alvorleg på grunn av landet sin bruk av kjemiske våpen i krigen sin mot Iran på 1980-talet, så «sit vi framleis att med problemet å få folkeopinionen til å akseptere at Irak utgjer ein overhengande fare. Dette er noko som statsministeren og presidenten lyt ta ein open og ærleg diskusjon om.»

Straw, den gong britanes utanriksminister, skreiv til Blair den 25. mars 2002 at vinstane av Crawford ville bli små, og risikoen høg.

Han åtvara om «to juridiske elefantfeller». Straw skreiv at eit regimeskifte i Irak i seg sjølv ikkje var noka rettferdiggjering for militær aksjon, og at «det kunne utgjere ein del av metoden uansett strategi, men ikkje eit mål».

Det andre var om ein militær aksjon ville kreve nytt mandat frå FNs Tryggingsråd.

«USA vil sannsynlegvis sette seg imot ideen om eit nytt mandat. På den andre sida er eit juridisk råd her at det godt kan hende det vil kreve eit nytt mandat,» skreiv Straw.

«Sjølv om det er svært usannsynleg, gitt USAs posisjon, så ville eit resolusjonsutkast mot militær aksjon med 13 for (eller blank) og to veto mot spele seg ut svært dårleg her.»

«Nærast kjelda»

Manning-memoet kom fram under Irak-granskinga, men vart aldri publisert og berre indirekte referert til av Roderic Lyne, ein medlem av granskingspanelet, då Manning vitna i 2010.

Lyne sa til Manning: «Du var openbert den personen som var nærast til kjelda her.»

Lyne heldt fram med å spørje Manning om Crawford var eit vendepunkt for Blair. Manning svarte at han i Crawford tenkte at USA si tenking hadde «gått eit gir opp». 

Bush hadde skapt eit team og bede dei gi han alternativ, og ein britisk tenestemann vart seinare invitert til Centcom sitt hovudkvarter i Tampa, Florida, for å sjå kva for alternativ det var, sa han.

Då han vart kontakta for kommentarar, fortalde ein talsmann for Manning til MEE: “Sir David gjentar at når det gjeld all korrespondansen relatert til denne perioden, så har han ingenting å legge til det vitnemålet han gav til Chilcot-granskinga.»

MEE har også bede Bush og Blair om kommentar.

**

Omsett av Monica Sortland for Derimot.no

Les også:

Tony Blair can never escape his role in the Iraq disaster

The rise and fall of Tony Blair

Tony Blair and Boris Johnson: A simple morality tale about western values

Forrige artikkelNursultan Nasarbajev: – Vi må støtte reformprogrammet som er lagt fram av president Tokajev
Neste artikkelLege om mRNA: – Oppfyller ikke kriteriene for vaksine, og gir økt smitte
Skribent er en betegnelse vi bruker i databasen på alle som ikke er registrert der som forfattere. I de aller fleste tilfelle vil du finne forfatterens navn i artikkelen.