Vil Tyrkia gå til offensiv, og blir det den syriske hæren og Russland som må redde kurderne?

0
Russisk jagerfly av typen Su-35

Av Anti-Empire.

USA har militære styrkar i kurdisk-kontrollerte aust-Syria, men ikkje på grensa til Tyrkia. Dette stammar frå eit trekk som Trump gjorde i 2019, då USA trekte seg unna grensa for å la Tyrkia invadere. (Med andre ord: USA sine troppar forlot ikkje landet, men dei slutta faktisk å gjere den eine tingen dei gjorde godt).

Tilbaketrekkinga til USA sine troppar vart følgd av ein tyrkisk offensiv som vart dempa av russisk diplomati meir enn kurdisk motstand, med hjelp frå syriske regjeringsstyrkar. (Russland aksepterte avgensa vinstar for tyrkarane langs den delen av grensa der det ikkje bur så mange kurdarar).

Tyrkarane har trua med å starte ein ny slik offensiv og ta endå ein bit av nord-Syria, langs grensa. Tanken deira er å ta den tungt kurdiske regionen rundt byen Kobani (kjend for å stå imot eit IS-angrep i 2014-15) og knyte saman to tyrkisk-okkuperte regionar i Syria.

Ironisk nok set Tyrkias truslar og militære oppbygging USA, Assad og Russland på same side i konflikten, sjølv om graden av engasjement og investeringar dei imellom varierer.

USA har yppa seg litt med ord.

Men Assad har  sendt faktiske troppar til å støtte kurdarane med.

Men faktisk er det endå ein gong Russland som spelar den mest kritiske rolla. Russland skal også ha bede tyrkarane om ikkje å prøve seg, ifølge rapportar som er truverdige ettersom russarane for første gong har utplassert sine Su-35 kampfly i Quamishli, rett ved grensa til Tyrkia. Quamishli kampflybase er under den syriske regjeringa sin kontroll, men den er ein ørliten enklave djupt inne i dei kurdisk-kontrollerte nord-aust-områda av landet.

Utplasseringa er også ei melding til amerikanarane , som også er til stades i nærleiken, om at når Russland er hovudvernaren av Syria og landets kurdarar frå Tyrkia, så kan dei vente å få sjå mykje meir av Russland i denne regionen av Syria. (Trass i USAs forsøk på å blokkere patruljane deira og påfølgande vegkrigar mellom USA og Russland).


Omsett av Monica Sortland for Derimot.no.

Forrige artikkelTyskland: – Karbonavgiftene driver hundretusener inn i fattigdom
Neste artikkelDelegater stenges ute fra EU-parlamentet fordi de ikke godtar koronapass
Skribent er en betegnelse vi bruker i databasen på alle som ikke er registrert der som forfattere. I de aller fleste tilfelle vil du finne forfatterens navn i artikkelen.