Analyse av barns ansiktsmasker: Mange inneholdt farlige bakterier

0
Shutterstock

Av Scott Morefield 

Ei gruppe foreldre sende ansiktsmaskene til barna sine til eit laboratorium for analyse. Her er det dei fann: «Halvparten av maskene var ureina med ein eller fleire stammar av bakteriar som forårsakar lungebetennelse.»

I godt over eit år har vi blitt fortalde at omfattande, tvungen bruk av maskering bør implementerast, fordi – sjølv om det berre har moderat eller minimal effekt på hindring av spreiinga av Covid-19 – det har NULL ulemper.

«Kva skade gjer det?» spør dei.

«Det er berre pittelitt ubekvemt,» brekar dei.

«Viss det reddar EITT LIV, er det verdt det!» tryglar dei.

I mellomtida har vi på Team Reality ikkje berre halde fram med å peike på faktiske data som viser at maskering er totalt ineffektivt, vi har også vore faste på at tvungen maskering av folket, særleg på lang sikt, har negative samfunnsmessige og sjølv helsemessige forgreiningar som dei ved makta berre så altfor villig ignorerer, underdanige som dei er mot sin nyfunne fjesmaskegud.

Det følger logisk at ei av desse helseforgreiningane vil vere det faktum at millionar av menneske, særleg barn, har blitt tvinga til å ha på seg og bere rundt på tøystykke som dei kontinuerleg har pusta gjennom i fleire timar i strekk. Kva slags patogenar (sjukdomsframkallande organismar eller virus) kan det ligge på lur i desse avskyelege innretningane som uopphøyrleg blir fingra med, putta i lommer, tankelaust slengde på bøker, bord og pultar? Vel, ei gruppe Forida-foreldre sende eit sett masker som barna deira hadde brukt av garde til laboratoriet for å finne det ut. Og jau då, du bør kanskje forsikre deg om at du ikkje skal ete middag i nær framtid før du fordøyer DESSE resultata.

Via ei pressemelding:Gainesville, FL (16. juni, 2021) – Ei gruppe foreldre i Gainesville, Florida, som var uroa over potensielle skadar frå maskebruk, sende inn seks ansiktsmasker til eit laboratorium for analyse. Den resulterande rapporten fann at fem masker var ureina med bakteriar, parasittar og sopp, inkludert tre med farlege, patogene og lungebetennelsesforårsakande bakteriar. Ingen virus vart funne på maskene, sjølv om testen var i stand til å oppdage virus.Analysen påviste følgande 11 alarmerande farlege patogen på maskene:• Streptococcus pneumoniae (lungebetennelse)• Mycobacterium tuberculosis (tuberkulose)• Neisseria meningitidis (meningitt, sepsis)• Acanthamoeba polyphaga (amøbe som kan føre til hornhinnebetennelse og granulomatøs amebisk encefalitt)• Acinetobacter baumanni (lungebetennelse, blodinfeksjonar, meningitt, urinvegsinfeksjonar – antibiotikaresistente)• Escherichia coli (matforgiftning)• Borrelia burgdorferi (forårsakar Lyme disease)• Corynebacterium diphtheriae (difteri)• Legionella pneumophila (Legionærsjuka)• Staphylococcus pyogenes serotype M3 (alvorlege infeksjonar – høge dødstal)• Staphylococcus aureus (meningitt, sepsis)

Halvparten av maskene var besmitta med ein eller fleire stammar av lungebetennelsesframkallande bakteriar. Ein tredel var besmitta med ein eller fleire stammar av meningittframkallande bakteriar. Ein tredel var besmitta med farlege, antibiotikaresistente bakterielle patogenar. I tillegg vart det identifisert fleire mindre farlege patogenar, inkludert patogenar som kan forårsake feber, magesår, akne, soppinfeksjonar, streptokokk- halsbetennelse, tannkjøtssjukdommar med meir.

Ansiktsmaskene som vart analyserte var nye eller nyvaska før bruk og hadde vore på i 5 til 8 timar, dei fleste på skulen og av barn i alderen 6 til 11 år. Ei av dei var brukt av ein vaksen. Ei T-skjorte som eitt av barna hadde hatt på seg på skulen og ubrukte masker vart testa som kontroll. Ingen patogenar vart funne i kontroll-«gruppa». Proteinar funne på T-skjorta, til dømes, er ikkje patogene for menneske, og er vanlege å finne i hår, hud og jord.

Ein forelder som deltok i studien, frk Amanda Donoho, kommenterte at denne vesle stikkprøva peikar på eit behov for meir forskning: «Vi treng å vite kva vi puttar på ansikta til ungane våre kvar dag. Masker gir eit varmt, fuktig miljø for bakteriane å vekse i.»

Desse lokale foreldra engasjerte laboratoriet fordi dei var bekymra over potensielle smittestoff på maskene som barna deira var tvinga til å gå med heile dagen på skulen, der dei tok dei av og på, la dei på ulike overflater, hadde dei på på do osv. Dette fekk dei til å sende maskene til Universitetet i Florida sitt forsknings- og utdanningssenter for massespektometri for analyse.

Omsett av Monica Sortland for Derimot.no. Originalen: A Group Of Parents Sent Their Kids’ Face Masks to a Lab for Analysis. Here’s What They Found

Les også: Forskning: Ansiktsmasker er fysisk og psykologisk helseskadelige

Covidpolitikken skader barna

Helsedirektoratet advarte mot munnbind i 2009. Nå vil man tvinge det på barn.

Korona-tsar Guldvog vil ha nye overgrep mot skolebarn

Forrige artikkelHur var tillväxten i Kina, jämfört med Japan, Sydkorea och Taiwan?
Neste artikkelGlenn Diesen: – Etter møtet mellom Biden og Putin, hva skjer nå?
skribent
Skribent er en betegnelse vi bruker i databasen på alle som ikke er registrert der som forfattere. I de aller fleste tilfelle vil du finne forfatterens navn i artikkelen.