«De massive miljøproblemene og virkningene av menneskelig virksomhet på klima, er ikke minst resultat av manglende innsikt i det nødvendige.»[1]
Utryddinga av mesteparten av det ville livet på jorda, trugsmålet om store klimaendringar og overbelastninga på naturressursar har ført til at vi må ta skjeia i ei anna hand og gjennomføre ei drastisk nedskjæring i arealinngrep, ressursbruk og forbruk. Det finst ingen rein eller fornybar energi, det finst ikkje noko forbruk utan økologisk fotavtrykk. Spørsmålet er ganske enkelt korleis kan vi redusere mest mogleg utan at det går for mye ut over menneskas liv, helse og velferd, samtidig som det må vere plass for at dei aller fattigaste må ha ein sjanse til å rykke eit hakk opp i levestandard.
Av Svein Lund.
Korleis styre produksjonen?
Kva som blir produsert blir i dag vesentlig avgjort av etterspurnaden på marknaden. Vel å merke den kjøpekraftige etterspurnaden. Ingen vil sette i gang ein produksjon utan å ha rimelige sjansar til å få seld produkta, minimum til ein pris noko over utgiftene som går med til råvarar, produksjonsmiddel og arbeidskraft. Dei svingande prisane gjør at kapital flyttar seg mellom bransjer og produkt. Lønner det seg å utvinne gull for spekulasjon eller diamantar for dei superrike, så trekkast kapitalen dit i staden for der han kunne gjort langt meir nytte for seg.
Målet må vere eit system som sikrar at det vi treng blir produsert, men at det ikkje blir produsert ein masse unødige ting som bare reduserer natur, belastar ressursar, gir utslepp og forureining. Da kan ikkje økonomien overlatast til marknaden, det krev ein form for overordna statlig planlegging og styring.
Vi kan starte med å sjå på kva som kan gjørast med dei verkemidla som vi langt på veg har om vi ønsker å bruke dei. Statlige og internasjonale organ kan på eine sida gi retningslinjer for avgrensing av produksjonen, dels ved forbod der det er nødvendig, dels ved avgifter og skattar som forskyv lønsemda ved forskjellige produkt. Fordi staten har meint at noko er for skadelig for menneske, dyr eller natur, har han sett forbod mot pelsdyravl og mot visse giftstoff som DDT og KFK[2]. For medisinar og alkohol er det sett restriksjonar på salet, for motorferdsel i utmark restriksjonar på bruken (som med fordel kunne vore skjerpa). Avgifter kan påleggast stoff som er helseskadelige, som tobakk, alkohol og sukker[3]. På andre sida kan letting av moms gjøre visse varer og tenester billigare, eller dei kan bli direkte subsidierte. Nokre slike tiltak har hatt positiv verknad, mens andre må seiast å ha vore meir til skade enn til gagn, som norsk subsidiering av vindkraftutbygging og EU si tilrettelegging for auka gruvedrift.
Omfattande omlegging av næringar
Nødvendig omlegginga til mindre natur- og klimaskadelig produksjon og forbruk vil måtte omfatte alle sider av samfunnet, eg vil nemne nokre eksempel:
– Jordbruk: Auke graden av norsk sjølvforsyning av mat for folk og husdyr, med hovudvekt på økologisk og kortreist mat. Forbod mot kjemiske «plantevernmiddel», avgift på kunstgjødsel, dyrare frakt.
– Fiskeri og oppdrett: Fisken må reserverast for kystflåten, med prioritering av fiske i nærområde og med lite drivstofforbruk. Trålfisket må avskaffast. Veksten i oppdrettsnæringa må stansast og all oppdrett må inn i lukka anlegg.
– Skogbruk: Planen om freding av 10% av skogen må gjennomførast snarast. Flatehogst, pløying etter hogst og sprøyting av skog må bli forbode. Gjenreising av mindre fabrikkar for skogprodukt.
– Reindrift: Sikring av areal, forbod mot ytterligare inngrep. Tilbakevending til tradisjonell samisk flokkstruktur. Tiltak for å redusere bruk av motorkjøretøy.
– Gjenreising av norsk industri: Tidligare industribransjer som produserte vesentlig for heimemarknaden, og som i seinare tiår har blitt utflagga til lågkostland, må få støtte til å gjenetablere seg i Noreg. Det gjeld bl.a. konfeksjons- og skoindustrien og delar av næringsmiddelindustrien.
– Kraftkrevjande industri: Smelteverk må ikkje få subsidiert kraft ut over dagens kraftforbruk og motiverast til energisparingstiltak. Eventuelle nye smelteverk må bygge på foredling av norske råvarer og/eller produksjon for norsk marknad.
– Olje og gass: Stans i all leiting og nye konsesjonar.
Busetting og samferdsel
Sentraliseringa som har pågått i Noreg i varierande grad sidan 2. verdskrigen er eit gigantisk ressurssløseri. Jord ligg brakk, fornybare naturressursar blir ikkje utnytta, godt brukbare hus, skolar osv. blir fråflytta, mens store ressursar blir brukt på nybygging i og rundt byane, der natur blir lagt under betong og asfalt. Sentraliseringa må snuast og det må leggast til rette for tilbakeflytting til fråflyttingsområde. Offentlige arbeidsplassar må desentraliserast.
– Bustadpolitikken: Gjennom avgiftslette og tilskot må det bli lønsamt å redusere energibruken gjennom å etterisolere hus og gjennom lokal energiforsyning frå jordvarme.
– Samferdsel: Flytrafikken må reduserast kraftig. Ingen utviding av flyplassar. For øvrig må kollektiv transport i størst mogleg grad overta for personbilar. Talet på personbilar reduserast kraftig. Stopp i utbygging av motorvegar. Stopp subsidieringa av elbilar. Forbod mot motorsport.
Kva kan vi legge ned?
Ut frå det faktum at vi overbelastar ressursane og naturen og at all privat og samfunnsmessig aktivitet bidrar til dette, må vi spørje: Kva kan vi avskaffe? Det er mye, så her er bare tre eksempel.
1. Militæret. Både Noreg og dei fleste statar på jorda har eit enormt pengesluk og materialsluk som stort sett har vore freda av både politikarar og miljørørsla: militærapparatet og våpenindustrien. Frå eit miljøsynspunkt er det bare ein einaste fornuftig ting å gjøre: Legg det ned! Det vil kunne frigjøre enorme mengder med høgkvalitetsstål for omsmelting, uran til å drive kjernekrafta i mange år utan ny utvinning, store areal som kan tilbakeførast til naturen eller brukast på betre vis og store menneskelige ressursar til betre oppgåver.
2. Plast. Eit av dei mest alvorlige forureiningsproblema i verda er forureining av plast og andre kunststoff, som blir liggande i sjøen og naturen på land i all overskodelig framtid. Vi kan gjøre noko med å rydde på overflata, men det stoppar ikkje den stadige tilførselen og det stoppar ikkje den enorme mengden av mikroplast som slitast av alt frå bildekk og sminke til kunstgrasbanar og vindturbinar.
3. Reklame. I det meste av offentlig rom blir vi møtt av prangande reklameplakatar, mange av dei elektrisk opplyst frå innsida eller utsida. Reklame overfaller oss på nettet og i det meste av media. Reklamebransjen fungerer også som ein samla propagandist for bruk-og-kast-samfunnet. Bransjen brukar enorme ressursar i form av materiale, energi og arbeidskraft, og bidrar såleis til auka naturinngrep og forureining. Ingen treng dei for å finne fram til det dei treng å kjøpe, dei er bare uttrykk for kapitalismens overproduksjon i forhold til marknaden og ønsket om å erobre marknadsandelar frå konkurrentar.
Ta vare på det du har!
Denne parola, som bl.a. er brukt av Naturvernforbundet, står for det motsette av bruk-og-kast-kapitalismen. Ho seier at før du kjøper ein ny bil, mobiltelefon, bukse eller spisebord, skal du spørje deg sjølv: Kan eg ikkje klare meg med den gamle? Har støvlane, datamaskina eller vaskemaskina gått i stykker: Kan det reparerast? Når du ikkje lenger har bruk for brukbare ting: Kan du levere det til ein brukthandel? Når du MÅ kjøpe noko, kan du finne noko brukt i staden for nytt? Og når det er ugjenkallelig øydelagt: Kan du levere det til resirkulering?
Parola peikar på det personlige ansvaret, men har også ei klar samfunnsmessig side. Når det i dag ikkje løner seg å reparere datamaskina er det fordi ho er masseprodusert av asiatiske arbeidarar på minimal løn, mens reparasjonen må gjørast i Noreg til norsk løn og utgifter pluss moms. Eit godt bidrag ville vere å fjerne moms på reparasjonar. Samfunnet har eit ansvar for å legge til rette for at det løner seg å reparere framfor å kaste, for fungerande kjeldesortering av søppel og lettvint innlevering og panteordningar for saker som kan resirkulerast.
Kutt toppane!
Den rikaste i verda har ein formue på godt over ein billion norske kroner, eller nært eit norsk statsbudsjett. Dei ti prosent rikaste eig 89 % av verdiane i verda, mens den fattigaste halvparten av har under 1 % [4]. Det er ei vanlig misforståing at rikdomen i Noreg er relativt jamnt fortelt, men den rikaste i landet har ei formue på godt over 100 milliardar. Forskjellen i inntekt og formue har auka og det er ein bevisst politikk frå regjeringa at slik skal det vere. Eit resultat av politikken med skattelette for dei rike er at dei 0,1 % rikaste betaler gjennomsnittlig 11 % skatt, altså langt mindre enn vanlige arbeidarar.
Det er to grunnar til at denne rikdomen må kuttast ned. For det første brukast mange av milliardane til totalt unødig luksus som belastar naturressursar og gir klimautslepp. For det andre nyttar det ikkje å be butikkarbeidarar på Rema å spise mindre kjøtt og bytte ut den gamle bensinbilen med ein elbil dei ikkje har råd til, når Rema-eigar Reitan-familien har tre private jetfly.
Så skulle vi da vente at sosialistar stiller krav om forbod mot slik sløsing. Partiet Raudt har rett nok gått inn for forbod mot private jetfly, men grunngivinga er bare utsleppa av klimagassar. Dette blei uttalt av nestleiar Marie Sneve Martinussen: «Hadde flyene sluppet ut luft og kjærlighet skulle jeg ikke brydd meg, men vi vet altså flytrafikken totalt sett må ned og da må de som forurenser mest kutte mest.»[5] Ikkje eingong dei raudaste reagerer altså mot luksusforbruket, bare mot klimautsleppa som det fører til! Er det slik at når privatflya bare blir elektriske, kan luksusen halde fram?
Skal vi kunne komme ned mot noko som kan kallast eit bærekraftig forbruk, må staten gå foran. Det første enkle tiltaket kan vere at ingen offentlig tilsette skal kunne tene over ein million kr.
Det vil bli stor motstand
Dei tiltaka som eg her har skildra som «ein dyd av nødvendigheit» vil møte motstand på mange hald. Dei superrike ønsker sjølvsagt ikkje å gi opp verken luksusforbruket sitt eller den makta dei har i samfunnet gjennom å styre økonomien og investeringane. Mange arbeidsgivarar vil klage veldig over å ikkje få nytte seg av billig arbeidskraft frå Aust-Europa. Dei som er vant til å ta ein flytur til Kanariøyane eller Thailand vil nødig gi avkall på dette. Fagorganisasjonar vil protestere mot ei kvar nedlegging av arbeidsplassar, anten det er i olja, våpenindustrien eller reklamebransjen. EU/EØS vil ikkje godta tiltak som strir med den frie etableringsretten. NATO vil ikkje godta nedlegging av norsk militærvesen.
Det kan bli ein hard kamp, men det er ingen veg utanom. Vi kan ikkje halde fram som før, og det er på tide at nokon seier ifrå om det.
[1]Eystein Kleven: https://sosialistiskframtid.wordpress.com/2018/03/03/om-motsigelsen-mellom-nodvendighet-og-frihet/
[2]https://www.aftenposten.no/verden/i/6nQE9W/verdenssamfunnet-reddet-ozonlaget-for-30-aar-siden-naa-stikker-kina-kje
[3]Sukkeravgifta er dessverre avskaffa frå i år, https://www.aftenposten.no/norge/i/Lno1Gp/neste-aar-forsvinner-sukkeravgiften-men-roedgroenne-politikere-oensker
[4]https://www.dn.no/marked/privatokonomi/global-wealth-report/credit-suisse/sa-mye-ma-du-eie-for-a-vare-blant-verdens-en-prosent-rikeste/2-1-12995
[5]https://www.nettavisen.no/okonomi/rodt-vil-forby-privatfly-rikinger-som-rema-reitan-far-bare-finne-seg-i-det/s/12-95-3424024059?fbclid=IwAR0b1rT1Zq5GNXSPGJ9XIyDZamEm_APqpzCGtJ24lf3ZnYBdBpABhOaNqbQ
Signerte artikler står for forfatterens synspunkter. Red.