Utanriksminister Antony Blinken set ny rekord. Korleis kan ein late som ein er sint på angrep på den frie pressa, når ein samstundes held Assange i fengsel som straff for hans livsviktige avsløringar om US-amerikanske tenestemenn?
På sin verdsturné, der han deler ut rettvise straffepreiker til verda, proklamerte utanriksminister Antony Blinken på torsdag – i ei preike du må høyre før du trur det – at få ting er meir heilage i eit demokrati enn «uavhengig journalisme». Til Radio Free Europe hylla Blinken den internasjonale pressefridomsdagen; hevda at «USA står sterkt saman med uavhengig journalisme»; forklarte at «grunnlaget for eit demokratisk system» medfører «å halde leiarar avsvarlege» og «å informere innbyggarar»; og han åtvara om at «land som avslår fridom for pressa, er land som ikkje har mykje tiltru til seg sjølv eller systemet sitt».
Det retoriske kirsebæret på kaka kom då han stilte dette spørsmålet: «Kva er det å vere redd for med å informere folket og halde leiarar ansvarlege?» Utanriksministeren gav deretter dette løftet: «Overalt der journalisme og pressefridom er under press, vil vi stå saman med journalistane og med den fridommen.» Sidan eg veit eg hadde vore ekstremt skeptisk dersom nokon hadde fortalt meg at dei orda nett hadde kome ut or Blinkens munn, gir eg dykk her det uredigerte eitt minutt og femtito sekund-videoklippet der han seier nøyaktig dette:
At Biden-administrasjonen har slik kraftig tru på heilagdommen til uavhengig journalisme og sjølvoppofrande vil forsvare den kor den enn måtte vere trua, skull nok kome som ei stor overrasking på mange, mange folk. Blant desse Julian Assange, grunnleggaren av WikiLeaks og den som var ansvarleg for å utgi fleire topphistorier om gjerningane til US-amerikanske topptenestemenn enn praktisk talt samtlege av journalistar som er tilsette i USAs korporative presse kombinert.
I dag sit Assange i ei celle i det britiske toppsikra Belmarsh-fengselet, fordi Biden-administrasjonen ikkje berre prøver å få han utlevert for å bli stilt for retten for å ha publisert dokument som er pinlege for USAs regjering, men også har anka ein britisk dommar si rettsavgjerd om å avslå bøna om utlevering. Biden-administrasjonen gjer alt dette, skriv avisa New York Times, trass i at «menneskeretts- og borgarrettsgrupper har bede [administrasjonen] om å gi opp forsøket på å rettsforfølge hr. Assange, då saka … vil kunne skape presedens som utgjer ein alvorleg trussel for pressefridommen» – pressefridom, nøyaktig den verdien som Blinken nett så rettvist brukte ei veke på å feire og love å støtte.
Det var Trumps Justisdepartement som la fram dei anklagene mot Assange etter at dåverande CIA-direktør Mike Pompeo i ein tale i 2017 hevda at WikiLeaks lenge hadde «lata som at USAs First Amendment-fridommar skjerma dei mot rettferd», og deretter åtvara: «dei trudde kanskje det, men dei tar feil.» Pompeo la til – med mentaliteten til alle statar som forfølger og fengslar dei som verknadsfullt rapporterer om dei – at «å gi [WikiLeaks] handlingsrom til å knuse oss med urettmessig tileigna løyndommar, er ei pervertering av det vår flotte Grunnlov står for. Det endar no.» Men som med så mykje anna av Trump sin politikk kring pressefridom – alt frå å forsvare Trump-justisdepartementet sin bruk av fullmakt til å skaffe seg innsyn i journalistar sin telefonaktivitet, til å kreve at Edward Snowden framleis skulle haldast i eksil – topptenestemenn under Biden har lenge vore heilt på same linje når det gjeld forfølginga av Assange. Ja, dei har ført an i kampen for å øydelegge grunnleggande pressefridommar, ikkje berre for WikiLeaks, men for journalistar generelt.
Det var Joe Biden som kalla Assange for ein «high-tech-terrorist» i 2010. Det var Obama-administrasjonen som samla ein storjury til å forfølge Assange. Det var senator Dianne Feinstein (California-Demokrat) som ivra for forfølging av Assange etter Spionasjelova fleire år før Trump kom i presidentsetet. Og det var Blinken sin kollega på Obamas team for nasjonal tryggleik, Hillary Clinton, som roste justisdepartementet for forfølginga deira av Assange. Alt dette var meint som straff for Assange sine avsløringar av ubeherska galskapsverk gjort av USAs regjering og deira allierte og motstandarregjeringar rundt om i verda.
Korleis kan du springe rundt i verda og late som du er sint på andre land fordi dei forfølger uavhengige journalistar, når du sjølv er ein nøkkelperson i den administrasjonen som arbeider meir enn nokon annan for å øydelegge ein av dei viktigaste uavhengige journalistane vi har hatt på mange tiår? Ja, som mange journalistar åtvara om på den tida, så var det få, om nokon, administrasjon i USAs historie som hadde vore meir fiendtleg mot grunnleggande pressefridommar enn Obama-administrasjonen der Blinken tidlegare jobba, inkludert forfølging av dobbelt så mange journalistiske kjelder etter spionasjelover som alle tidlegare administrasjonar til saman.
I 2013, medan Blinken var ein høgt rangert tenestemann i utanriksdepartementet, gjorde Committee to Protect Journalists noko svært sjeldant – dei gav ut ein rapport som åtvara om ein epidemi av regjeringsangrep på pressefridommen – og sa: «I Obama-administrasjonene Washington blir statlege tenestemenn stadig reddare for å snakke med pressa.» Avisa The New Yorker sin reporter Jane Mayer sa om Obama-administrasjonen sine pressefridomsangrep: «Det er ei stor hindring for journalistikken, og nedkjølande er ikkje heilt sterkt nok, det er meir som å fryse heile prosessen til stillestand.» James Goodale, advokat for New York Times under avisa sin kamp på 1970-talet for å publisere Pentagon-papira, åtvara om at «president Obama kjem heilt sikkert til å overgå Richard Nixon som tidenes verste president med omsyn til nasjonal tryggleik og pressefridom.»
Sjølv det spesifikke «pressefridomsåtaket» som Blinken refererte til i det videointervjuet – nemleg Russland sitt nylege krav om at mediekanalar med samband til utanlandske regjeringar, som t.d. Radio Free Europe, registrerer seg som «utlandske agentar» hos den russiske regjeringa, og betalar bøter dersom dei ikkje gjer det – er noko som Blinken og kameratane hans har brukt mot andre i årevis.
Faktisk responderte Russland på det tidlegare kravet til U.S. Government om at RT og andre russiske nyheitsbyrå skal registrere seg som «utlandske agentar» i USA, og dessutan på Biden-administrasjonen sine eskalerte åtak no i april på nyheitsbyrå dei hevdar tener som propagandaagentar for Kreml.
Det er ikkje akkurat noko nytt for USA å dele ut belærande leksjonar som resten av verda kjenner att som komplette farsar. I 2015 spankulerte dåverande president Obama rundt om i India og delte ut leksjonar om viktigheita av menneskerettar, berre for så å avkorte reisa si for å fly til Saudi-Arabia, der han møtte fleire topptenestemenn frå U.S. Government, for å gi sin hyllest til saudiske kong Abdullah, deira gamle nære og høgst undertrykkande allierte som Obama gjorde så mykje for å styrke.
Men å reise rundt i verda maskert som forkjemparen for pressefridom og rettane til uavhengige journalistar, samtidig som han arbeider for å forlenge fengslinga av ein av dei som har ansvaret for mykje av det viktigaste av journalistiske avsløringar i denne generasjonen, utover det tiåret han allereie har halde ut, dét er eit heilt nytt nivå av bedrag. Ordet «hykleri» rekk ikkje til å fange opp den feige falskheita bak Blinkens posering.
Det er alltid enkelt – og billlig – å fordøme menneskerettsovergrepa til fiendane dine. Det er mykje vanskelegare – men mykje meir meiningsfullt – å halde på desse prinsippa også når det kjem til dine eigne dissidentar. Blinken, som så mange før han i det Foggy Bottom-kontoret, meistrar det første til fingerspissane, men feilar miserabelt i det siste.
Fritt omsett, og noko avkorta, av Monica Sortland for Derimot.no
Artikkelen er publisert på nettstedet til Glenn Greenwald.