Ei raud sild

0
Red Herring. Shutterstock

Mykje mediamerksemd og oppstuss kring syriafararen som er tiltalt for å delta i terror. 

Av Hans Olav Brendberg.

For min del er eg mot å bruke store ressursar på å henta heim nordmenn som sjølve oppsøkjer krig og valdsbruk i utlandet – anten det er i Syria eller Kongo. Vi skal ikkje stengje grensa for dei om dei vender heim – men folk som sjølve set seg i ein umogleg situasjon, bør i utgangspunktet vera budde på å leva vidare med eigne val.

Vi ønskjer heller ikkje dei lojalitetsbanda som blir skapt av krig i framand teneste.

Noreg kan ikkje bruka makt på framand territorium, og det er uheldig av vi driv hestehandel med folk som Dan Gertler og liknande lysskye eksistensar. Så eg har aldri støtta kampanjen for å henta kvinna heim.

Men terrorhandlingane kvinna er tiltalt for – barnepass og matlaging – er ikkje av det slaget som skil seg ut i denne samanhengen. Og i rettssalen skal du dømast for det du har gjort. I sum verkar det aktoratet held på med puslete.

Ingen kan snyta seg i Bosnia utan at NATO og USA veit det. Likevel har store mengder våpen funne vegen frå Bosnia (og andre land der NATO har god kontroll) til jihandistane i Nusrafronten. Israel har i praksis operert feltsjukehus for Nusrafronten på Golanhøgdene. 

Ingen blir straffa for dette – som handlar om kriminalitet mange divisjonar over det denne kvinna har halde på med.

Og Noreg har ivrig delteke i propagandakrigen. I den grad at vi ein periode anerkjente det sokalla «nasjonalrådet». Og vi driv framleis økonomisk krigføring mot det krigsherja og forarma landet.

Vestlege media dreiv massiv propaganda for jihadistane i Aleppo i vekene før sluttoffensiven til den syriske hæren. 

IS (og Al-Qaida) i Aleppo. Det var disse folkene Norge og norske medier støttet da den syriske regjeringen frigjorde byen.

Og vestlege media produserte propaganda om «demokratiske opprørarar» lenge etter at det var openberrt for alle som følgde med at slagmarka var dominert av tilreisande, global jihad. 

Medan IS-kvinna har «glorifisert» gjennom å senda SMS-ar til venninner i det ytterleggåande islamistmiljøet. 

Alt i alt ser det heile ut til å vera det britane kallar «red herring»: Ein haussar opp denne saka for å avleida merksemda frå langt meir alvorlege brotsverk mot internasjonal fred og tryggleik.

Forrige artikkelMímir og pave Francis
Neste artikkelWHO ser ingen slutt på koronapandemien før i 2022