Tsjekkarane ferdigstiller gassrøyrleidninga som knyt dei til Nord Stream 2

0
Fra legginga av EUGAL-rørledninga i Tsjekkia. Foto: EUGAL

Den tsjekkiske republikken har sett i drift ei ny gassrøyrleidning som er knytt saman med EUGAL-røyrleidninga (European Gas Pipeline Link), ei forlenging av Nord Stream 2. Dette rapporterte avisa Deutsche Welle med referanse til ei kunngjerd frå det Praha-baserte selskapet Net4Gas. 

Den 150 kilometer lange røyrleidninga startar ved den tsjekkiske grensa til tyske Sachsen og endar i eit gassdistribusjonssenter ved grensa til tyske Bayern.

Konstruksjonen starta tilbake i 2017, og den totale kostnaden kom på 540 millionar euro. EUGAL strekk seg frå kysten av Austersjøen, gjennom Tyskland til Tsjekkia. (https://www.eugal.de/en/eugal-pipeline/)

Som vi tidlegare har rapportert om, nekta det norske selskapet DNV GL [eit dotterselskap av Det Norske Veritas Holding, mrk.] å sertifisere gassrøyrleidninga Nord Stream 2 då den var ferdigbygd, etter at nye sanksjonar frå USA hadde råka prosjektet.

«DNV GL vil avslutte all inspeksjonsaktivitet på røyrleidningssystemet Nord Stream 2 i samsvar med sanksjonane og så lenge desse sanksjonane står ved lag. Vi implementerer ein plan om å fase ut støtta vår til prosjektet,» sa dei.

Haldninga til tsjekkarane i høve til Ukraina er interessant og vinglete. Tilbake i 2014-2016, då konflikten i Donbas var på sitt varmaste, hadde Tjekkia våpenleveransar til Ukraina, førte sanksjonar mot Russland saman med resten av EU, og gav behandling til skadde ukrainske soldatar. Men når det kjem til varme i tsjekkiske heimar, blir interessene til Ukraina lett ignorerte.

Ei gassrøyrleidning, “Capacity4Gas”, gjekk online i Den tsjekkiske republikken. Røyrleidninga er knytt til EUGAL, som er den terrestrielle forlenginga av Nord Stream 2. Arbeidet på den gjenverande sjøbaserte røyrleidninga, i danske territorielle farvatn er planlagt starta den 15. januar i år, og skal vere ferdig om to månadar.

USAs regjering, som i eit frenetisk forsøk på å redde gassførselsvegsinntektene til marionetten sin i Ukraina, sette i verk nye sanksjonar, men eg er viss på at det ikkje vil virke. Nord Stream 2 var allereie under maksimale straffe- og tvangstiltak.

Synst du ikkje det er latterleg at lovgivarar over dammen kan gi lover mot infrastruktur-prosjekt her i Europa? Av denne grunn er det heilt nødvendig at Tyskland og Russland står imot alt av press frå USA. Når det gjeld USA sine marionettar, dei veike, små og ynkelege baltiske statane og Ukraina, så må dei dei avskjerast frå potensielle inntekter frå Russland. Og det er politikken til Kreml. Desse hindera mellom sentral-Europa og stor-Russland vil bli omgåtte med ny infrastruktur.

Kjelde: Insomniac Ressurected/

Fritt omsett av Monica Sortland for Derimot.no

Forrige artikkelEtiopias tidligere utenriksminister blant de Tigray-lederne den etiopiske hæren har drept
Neste artikkelNi professorer: Portforbud er for land som ikke stoler på befolkningen