Statskuppas svar på cargokult

0
Fra "opprøret" på Capitol Hill. Shutterstock

Av Hans Olav Brendberg.

Trumps statskupp var eit puslete statskupp, nett slik Trumps fascisme er ein puslete fascisme. Det er bra – for verkelege statskupp, og verkeleg fascisme er utrivelege ting. I beste fall kan det som skjer no tena som ein slags vaksine – slik Jenner  brukte kukoppar mot verkelege koppar. Dette freakshowet har mange av ingrediensane i eit verkeleg statskupp. Men det finst ingen amerikansk ambassade i Washington som kan koordinera det heile, og gjera det hjelpelause forsøket effektivt. Det er paradokset i Trumps «kupp»: Ingen stader – sjølv ikkje i Frankrike og Storbritannia – finn du so mykje ekspertise i å gjennomføra verkelege statskupp som i USA. Men når det først kjem noko som liknar litt, er det heile så talentlaust at ein ristar oppgitt på hovudet.

Mange har gått rundt og innbilt seg at vi har skarpe grenser mot fascisme, statskupp og totalitære ideologiar. Men slik er det ikkje. Det er inga skarp grense, og ingen set foten ned. Grensa mellom liberalt demokrati og autoritær fascisme har vorte «50 shades of grey», og liberal mainstream har vorte ute av stand til å markera grenser. Engasjementet mot Trumps «statskupp» er forutseieleg og i hovudsak tanketomt. Hovudinntrykket er at det liberale kommentariatet er i ferd med å sovna framfor TV-skjermen.

Men kvifor skjer desse tinga? Kvar er kjelda til denne kvasifascismen, som lurar under ei tynn isskorpe i dei vestlege demokratia?

Skal vi forstå dette, må vi først forstå kvifor Trumps fascisme er puslete. No har QAnon forkynt i eit par år at det finst ein plan, at det snart kjem massearrestasjonar, at sumpen er i ferd med å bli drenert, at dei pedofile nettverka skjelv i frykt for Trump. Men når den opne maktkampen kjem – so endar det ikkje opp med ein titanisk kamp mellom folk og tyranni. Det blir berre pinlege samanstøytar mellom valdelege demonstrantar og ordensmakta – om lag som om Portland har vorte flytta til Capitol Hill. Det heile er over på nokre timar, og makta i imperiet er like urokka.

Kort sagt: Illusjonar har vore ein viktig del av fundamentet for Trump si makt desse fire åra – og når illusjonane blir lokka ut i ein realitetstest, so dampar dei bort for dogg for sola. Trump var ikkje folkeleiaren som reinska opp i det korrupte og forræderiske Washington. Men propagandaapparatet hans greidde – ein periode – å halda liv i denne illusjonen.

På motsett side har no folk fått Trump heilt opp i halsen. Det absurde skodespelet blir brukt som påskot for å pussa blankt ferniss og verdiar vi nesten trur på. No samlar alle «gode krefter» seg kring parolen om at Trump er problemet. Berre ein får sett inn Konstantin Tsjernenko i det Kvite Huset 20. januar er problemet borte, og det liberale demokratiet gjenoppretta.

Men slik er det jo heller ikkje.

Vi har no ein situasjon der Trump er utestengt frå Facebook og Twitter. Det einaste han disponerer av maktmiddel, er verdas største arsenal av atomvåpen. Det er ein situasjon som burde invitera til litt ettertanke, i staden for ha-stemte «kva sa eg»-proklamasjonar. Denne mannen fekk 70 millionar røyster i det amerikanske presidentvalet – og han har ikkje forandra personlegdom sidan november. Trump er framleis Trump.

Ein FB-ven la ut ei av Trumps gamle twittermeldingar etter opptøyane i Portland, der Trump truga med ti års fengsel for dei som forstyrra offentleg orden. «Trump mot Trump», ein populær sjanger dei siste fire åra. Men ein annan FB-ven kommenterer:

«Dette er essensen av Trump – totalt hykleri. Ingen gjer hykleri betre enn Trump. Og når han fekk opprøret han drøymde om, vende han ryggen til sine støttespelarar. Ikkje avdi han er mot opprør, men avdi han ikkje hadde nok støtte på Capitol eller i det militære.»

Sidan Trump rykka frå i nominasjonsprosessen i 2016 har dette vore heilt synleg: Det er ikkje poenget at Trump «lyg». Men Trump kan – der og då – tru på den mest opplagte bullshit – og få med seg folk på dette. Slik skil han seg frå andre amerikanske politikarar: Dei kan også lyga, servera bullshit og alt det andre. Men dei trur ikkje på alt saman – dei skil mellom det dei serverer for massane, og det som er realitetane bakom.

Slik er Trump ein slags politikkens Frank Sinatra. Om Sinatra vart det sagt at han song alle songane han framførte som om han meinte kvart ord. Sjølv dei mest banale slagertekstane.

Det er dette Trump har gjort: Han har framført dei mest banale forestillingane som har vorte banka inn i amerikanarar i generasjon etter generasjon, som om dei var sanne. Og det har fungert.  Trump har synt at USA er eit grenselaust demokrati. «If you can make it there, you make it anywhere». Og slik har han fått fram noko av essensen i dagens uopplyste pengevelde. Han har utkonkurrert andre amerikanske politikarar i hykleri og bullshit, og tydeleg vist kvar dette fører. Som det heiter i ein gamal, amerikansk slager: «Anything goes!».

For:
«Good authors too who once knew better words
Now only use four-letter words
Writing prose. – Anything goes.»


Trump vil bli fjerna, men Tsjernenko har ingen andre løysingar enn å trø vatnet. Og katta er jo, på sett og vis, ute av sekken. So kan dei som vil hykla om «USA som fyrtårn for demokratiet». Vi har heldigvis fått sett fyrtårnet på nært hald – alle lyseffektane – denne veka.

Har denne historia nokon moral? Den har fleire.

For det første: Dei som let verhanar visa veg, endar opp i kaos. Forsamlinga av representantar på Capitol Hill er ei samling spyttslikkarar, medløparar og verhanar. Det er inntakskravet. Dette er den beste nasjonalforsamlinga du får kjøpt for pengar. Dei har til og med høgsterettsdom på det – at det å betala fantasiliardar til valkampen til denne menneskeættas tredjesortering i løynd er «ytringsfridom». Ingen svart politikar som meiner at palestinarar skal ha menneskerettar har sjans til å koma så langt som til kongressen. Martin Luther King jr. og Malcolm X har vore daude i over femti år, og det er ingenting att som minnar om ryggrad og prinsipp. Heile «regnbogen» har vorte eit nostalgisk minne, som blir brukt som kamuflasje for prinsipplause karrieristar. Luther King slåss prinsippielt for like rettar og like sjansar for alle borgarar. Etterkomarane hans kryp på mage for å bli tildelt føydale len av det demokratiske partiet. Demokratane har laga sin eigen bomullsplantasje, med det min gode ven Jeff Blankfort kallar «House N.. Caucus».

Heile gjengen er kjempesjokkerte når Trump arrangerer liknande opptøyar på Capitol Hill som det dei sjølve fyra opp i Portland. Men korkje demokratane eller republikanarane har prinsipp her, og det er liten grunn til å tru på dei når dei blir sjokkerte når pøbelveldet i Kiev og Hong Kong kjem heim til inspirasjonskjelda. Dei har eitt prinsipp: «Meg, mitt».

For det andre: Ønskjer ein å unngå slike opptøyar på Capitol Hill, må ein setja skapet på plass. Det tyder faktisk å nytta rettsapparatet – både mot dei som deltek i opptøyar, og dei som oppmodar til opptøyar. I dag finst det som ikkje fanst for eit år sidan – grunnlag for riksrettssak.

Vil Trump bli stilt for riksrett, for å ikkje forsvara grunnlova og kongressen?

Nei. I staden for å gjera det som trengst for å forsvara integriteten til det demokratiske statsapparatet, overlet ein i staden til Twitter og Facebook å blokkera sitjande president sitt høve til å snakka til eigne borgarar. Og korttenkte toskar jublar. Som om private monopolselskap og svært uklåre «community standards» er ei super erstatning for grunnlov, klåre prinsipp og demokratiske institusjonar.

For det tredje: Det er to drivkrefter i dette, som forsterkar kvarandre. Det eine er det som på engelsk heiter «wilful ignorance», det å vera uvitande med vilje. Det andre er ein nær slektning av slik «kunnskapsløyse med vilje»: Respekt for makt. Ikkje legitim og opplyst makt, men all makt. Opportunistisk dyrking av makt – og forakt for dei maktlause.

«Wilful ignorance» finst i to utgåver – ein velkledd variant, og nudistvarianten. Trump representerer utan tvil nudistvarianten av vilja kunnskapsløyse, noko som gjer at han skil seg ut. Men den velkledde varianten er ikkje so ulik som mange vil ha det til. Og begge variantane har dei same draumane om at frelsande overmakt skal rydda opp, slik at dei slepp å bli konfrontert med eigne blindsoner.

Men det er også her dei to variantane av vilja kunnskapsløyse skil lag.

Rett før Trumps ekstranummer byrja, posta eg ein liten status om korleis ein ung mann på Vestbreidda vart lam frå nakken og ned, etter å ha vorte skote i nakken. Grunnen til at han vart skoten, var at han freista hindra tjuveri av eit straumaggregat han og familien treng i sitt daglege strev. Grunnen til at vår allierte hær rykka ut for å stela aggregatet, var at busetjarar i ulovlege busetjingar i nærleiken driv eit privat spionprogram for å overvaka palestinske landsbyar, og kommanderer ut hæren når dei ser ting dei ikkje likar, som td. at innbyggjarar i ein landsby har tilgang til straum til klesvask eller kjøleskåp.

Denne fascismen er – til skilnad frå karnevalsvarianten i USA – ein verkeleg fascisme. Den representerer verkeleg makt, og blir difor respektert i det gode selskap. Den vilja kunnskapsløysa blir passa på som om ho var noko respektabelt. Då eg karakteriserte det å berre plaffa ned våpenlause folk avdi dei freistar forsvara eigedomen sin, vart eg stengt ute frå Facebook i tre dagar.

Denne totalitære ideologien har det Trump og tilhengarane hans ønskjer, men ikkje har: Verkeleg makt. Dei kan vedlikehalda den vilja kunnskapsløysa ved å bruka det apparatet dei kontrollerer: Vestleg medieindustri. Og difor blir den tilsikta kunnskapsløysa stoverein og akseptabel, og heile gjengen av ignorantar – frå høgre til venstre – er samde om at folk som veit noko om desse maktstrukturane skal stengast ute frå det gode selskap.

Trump har ikkje tilgang på noko slik – han har ikkje eingong twitterkonto, slik han trass alt hadde under forrige maktskifte. Ei vilja kunnskapsløyse utan makt, vil bli eksponert. Avslørt. Slik Trump har vorte. Problemet til Trump er ikkje at han lyg. Problemet er at han blir avslørt.

Cargokult

Under andre verdskrig etablerte amerikanarane seg på ei mengd tropiske øyar i Stillehavet, med flystriper og hamner. Enorme mengder med utstyr og mat vart floge inn til amerikanske utpostar i området. Og når det regnar på presten, dryp det på klokkaren. Mange av dei innfødde, i nokre tilfelle folk som levde i steinalderkulturar, fekk smaken på det moderne liv i form  av cargo.

Då amerikanarane forsvann i 1945, freista dei påkalla maktene på liknande vis som dei hadde sett amerikanarane gjera – og vifta med sjølvlaga skilt som skulle få ned cargoflya på dei forlatte rullebanane. Men uansett kor mykje dei vifta: Flya, og maten, kom ikkje.

Den dødelege farsen på Capitol Hill er statskuppas svar på cargokult. Alt er gjort for å minna om fargerevolusjonar i Kiev eller La Paz, inkludert påstandar om stolne val og resten av pakka.  Men det kjem ikkje cargo. Den eine tingen som kunne gjort skodespelet verkeleg – makt – manglar. Det er skilnaden på Trump og Netanyahu. Og dei som sit på den verkelege makta har gjort det Trump ikkje har gjort: Dei har lese på etiketten.

«Kun til utvortes bruk».











Forrige artikkelHvorfor ønsker høyreregjeringen mulighet til portforbud?
Neste artikkelRegjeringen med lovforslag som skal kunne gjøre det mulig å innføre portforbud