Arbeidsløysa etter lockdown vil krevja fleire liv enn Covid 19

9
Ein ny studie har funne at den kollektive responsen på viruset kan kome til å kreve fleire liv enn viruset sjølv. Foto: Shutterstock

Studie: Lockdowns vil føre til 890 000 ekstra dødsfall i USA dei neste 15 åra på grunn av auka arbeidsløyse aleine, seier forskarar frå Harvard, Johns Hopkins og Duke.

Av Jon Miltimore, Anti-Empire.

Koronaviruset har kravd sine offer. Men ein ny studie har funne at den kollektive responsen på viruset kan kome til å kreve fleire liv enn viruset sjølv.

I ein ny rapport frå National Bureau for Economic Research konkluderer forskarar frå universiteta Harvard, Johns Hopkins og Duke med at heile 890 000 fleire kan døy i løpet av dei komande 15 åra – av tiltaka for å redusere spreiinga av viruset.

«Resultata våre indikerer at talet på liv tapt med viruset SARS-CoV-2 langt overgår dei som er direkte relaterte til den akutte, kritiske sjukdommen COVID-19, og at den økonomiske nedgangen forårsaka av pandemien kan sette folkehelsa på spel over dei neste to tiåra,» seier forskarane.

Spesielt viser forskarane til arbeidsløyse-toppar som kjem av nedstengingar og andre restriksjonar frå styresmaktene – toppar som er to til fem gongar høgare enn ved normale arbeidsløyse-sjokk.

«Vi … føreseier at sjokket i uforholdsmessig stor grad vil ramme afroamerikanarar og kvinner, på kort sikt,» seier forskarane, «medan kvite menn vil kunne oppleve store negative konsekvensar på lengre sikt.»

Trist, men ikkje overraskande

Funna er, mildt sagt, hjarteskjerande. Det har allereie døydde over 400 000 US-amerikanarar av viruset, og regjeringa sine forsøk på å seinke spreiinga av viruset har også hatt alvorlege kostnadar.

Men likevel bør ikkje funna kome som noka overrasking. Aukande arbeidsløyse har lenge vore korrelert med høgare dødstal. Ein studie frå 1979 konkluderte med at for kvar 10 prosents auke i arbeidsløysa, aukar mortaliteten med 1,2 prosent. Av denne grunn har dei innan sosialvitskapane lenge argumentert for at sysselsetting og økonomisk vekst er essensielt viktige komponentar i eit sunt samfunn.

«Økonomisk vekst er den faktoren som har aller størst betydning for livslengda,» sa M. Harvey Brenner, professor ved Yales School of Medicine, i 2002, etter å ha fullført ein pivot-studie som utforska forholdet mellom arbeidsløyse og dødelegheit. «Sysselsetting er det essensielle elementet ved sosial status, og den etablerer ein person som eit bidragande medlem av samfunnet, og spelar også ei svært viktig rolle for sjølvkjensla.»

Yale-studien sine funn er ikkje unike. Ein artikkel frå 2014 i magasinet Harvard Public Health peikar på ei overflod av forskning som kjem til liknande konklusjonar: med sysselsettingsavbrot følger alvorlege kostnadar for psykisk og fysisk helse. Mengda av forskning inkluderer ein meta-analyse frå 2011, publisert i Social Science & Medicine, som konkluderte med at risikoen for å døy var 63 prosent høgare for arbeidslause enn for sysselsette.

Det finst mange grunnar til at mortalitetsrisikoen aukar under periodar med arbeidsløyse, men den viktigaste verkar vere at arbeidsløyse gjer folk sjuke, bokstaveleg talt. Ein studie frå 2009 av sosiologen Kate W. Strully, publisert i tidsskriftet Demography, konkluderte med at det å miste arbeidet ved bedriftsnedstenging auka med over 80 prosent risikoen for å pådra seg nye helseproblem som typisk stammar frå tap av arbeid.

I Norge har psykologen Kjell Underlid (nå død) gitt et svært viktig bidrag til forståelsen av de negative effektene av arbeidsledighet gjennom doktoravhandlingen sin om temaet, også utgitt som bok «Arbeidslaus». (Bildet hentet fra Tidsskrift for Norsk Psykologforening.)

«Eg finn at tap av jobben skadar helsa, utover det faktum at sjukare folk har høgare sannsyn for å miste jobben,» skreiv Sully. «Respondentar som hadde mista jobben, men fått ny jobb, hadde ein auka sjanse for å utvikle nye helseplager.»

Desse plagene inkluderte stress-relaterte lidingar som diabetes, høgt blodtrykk, slag, hjartesjukdom og gikt, i tillegg til ulike emosjonelle psykiatriske lidingar.

Erkjenning av at nedstengingane har alvorlege konsekvensar

Det verkar vere lite debatt om at sysselsetting ikkje berre er å tene pengar, men også handlar om helse og velvære. Det var derfor eg i april i fjor åtvara om at den historisk raske stigninga i arbeidsløysa kunne ha ein inngåande innverknad på menneskeleg helse og liv.

På det tidspunktet hadde frykta for viruset gripe så mange at langtidskonsekvensane av nedstenging sjeldan vart diskuterte, langt mindre erkjente. Dette er eit mistak, seier forfattarane av NBER-rapporten:

«Vi tolkar desse resultata som sterke indikasjonar på at dei som utformar dei politiske retningslinjene bør ta omsyn til dei alvorlege langtidsverknadane som ein så stor økonomisk resesjon har på liva til folk.»

Denne debatten er særleg viktig når det no kjem nye funn som viser at dei svære kostnadane med nedstengingane kanskje ikkje hadde tydelege fordelar.

Los Angeles september 2020. Shutterstock

Ein studie, som nyleg vart publisert i European Journal of Clinical Investigation, som evaluerer globale COVID-19-responsar, fann at obligatorisk nedstenging ikkje gav signifikant større fordelar enn frivillige tiltak.

«Vi stiller ikkje spørsmål ved rolla til alle folkehelseintervensjonar, eller ved koordinert kommunikasjon om epidemien, men vi har ikkje funne nokon ekstra fordel med ordrar om å halde seg heime eller stenging av forretningar,» konkluderer forskarane.

Les også: Forskning: – Lockdown fungerer ikke mot covid-19 og kan til og med skade de mest utsatte

Mange andre studiar har kome til liknande konklusjonar. Men NBER-forskarane akstepterte [men kan ikkje stadfeste] premisset om at nedstengingar virkar, om enn med livet som innsats.

«Utan tvil reddar nedstengingar liv, men dei kan også bidra til nedgang i real-aktivitet som kan få alvorlege konsekvensar for helsa,» seier forskarane.

Om nedstengingane har redda fleire liv enn dei har tatt, blir sannsynlegvis eit debattemne i årevis. NBER-forskninga gir ikkje svar på dét spørsmålet, men den demonstrerer grundig dei alvorlege kostnadane med nedstengingar.

Likevel er det viktig å hugse at desse forskarane berre analyserte éin kostnad ved nedstengingane: arbeidsløyse og menneskeleg helse. Dette er sjølvsagt hensiktsmessig for ein akademisk studie.. Men, som økonomen Frédéric Bastiat minner oss på, ei gjerning føder ikkje berre éin effekt, men eit heilt hav av dei – nokre synlege, mange ikkje.

Så når dei menneskelege kostnadane ved nedstengingane blir klarare, gjer vi best i å hugse at dårlegare helse neppe er den einaste biverknaden av arbeidsløyse.

«Permanent massearbeidsløyse øydelegg det moralske grunnlaget til den sosiale ordenen,» observerer økonomen Ludwig von Mises. «Dei unge som etter yrkesutdanninga blir tvinga til å gå på tomgang, er det gjæret som dei mest radikale politiske rørslene blir forma med. Frå deira rekker blir soldatane til dei komande revolusjonane rekrutterte.»

Det moralske grunnlaget til vår sosiale orden er rettnok vanskelegare å talfeste enn menneskelege liv. Men tar vi omsyn til valden og omveltningane i 2020, kan vi snart få lære at det er nett like viktig.

Kjelde: Foundation for Economic Education

Omsett, og noko avkorta, av Monica Sortland for Derimot.no.

KampanjeStøtt oss

Du kan abonnere på steigan.no her. Det koster ingenting.

Men hvis du vil være med på å opprettholde og styrke vår kritiske og uavhengige journalistikk, kan du også gjøre det:

Vipps: 116916.

Eller du kan betale inn på Mot Dags støttekonto: 9001 30 89050 – eller gå inn på vår betalingsordning.


Kommentarer

  1. Avatar for ABC ABC says:

    Økonomisk så er det en katastrofe men jeg trodde at vacation skulle dempe Koronavirus-pandemien. Men det eskalerer ifølge MSM…

    Coronavirus: New variant up to 30% more deadly, Johnson warns as tighter border rules loom

    “I think we will have to live with coronavirus in one way or another for a long while to come. I think it is an open question as to when and in what way we can start to relax any of the measures.”

    Avslutningen i artikkelen er noe å fundere over…

    “Permanent massearbeidsløyse øydelegg det moralske grunnlaget til den sosiale ordenen,» observerer økonomen Ludwig von Mises. «Dei unge som etter yrkesutdanninga blir tvinga til å gå på tomgang, er det gjæret som dei mest radikale politiske rørslene blir forma med. Frå deira rekker blir soldatane til dei komande revolusjonane rekrutterte”

  2. Avatar for tjatta tjatta says:

    Eller den kommende krigen.

  3. Avatar for ABC ABC says:

    Artikkel for oss…

    Realist eller pessimist? Hvem er du?

    Kul qoute:
    Ekte realisme består i å avsløre de overraskende tingene som vaner holder skjult og hindrer oss i å se

    – Jean Cocteau –

    Men det finnes hjelp å få…

    "Hvis du oppdager at du er en pessimist etter å ha lest alt dette, ønsker vi å minne deg på at en psykolog kan hjelpe deg med å forandre disse aspektene ved din personlighet":pray:

  4. Avatar for runeulv runeulv says:

    Og de kommer ikke til å være progressive, da de ikke får annet enn hat fra venstrehegemoniet i media…

    Case in point.

    broke men

  5. Jeg tror ikke akkurat at super psykopatene bak koronakrisen som holde fine foredrag om hvordan de skal redusere verdens befolkning ned til under 1 milliard bryr seg så veldig om folk dør av arbeidsledighet eller hungersnød for å si det sånn, det er nok heller en ønsket bivirkning.

    Om en ikke ønsker å bidra i motstandskampen/Frihetskampen så bør man være sjeleglad om man dør, det blir ikke noe særlig å bo i en verden skapt av Klaus Skabb og WEF.

    dfdhgkjhlj

  6. Avatar for tjatta tjatta says:

    Jeg er optimist på pessimismens vegne. Den har en storartet framtid foran seg
    Det er realisme

  7. Avatar for ABC ABC says:

    Bra skrevet! Når man maser om “Tingenes tilstand” forresten så er “least I tried” scenen i One flew over the cuckoos nest återkommande og treffende er min tanke. :thinking:

    https://www.youtube.com/watch?v=pPwoKQs6G94
  8. Et lite glimt fra Gjøkeredet. :slight_smile:

    Passet perfekt nå som hele verden er blitt en miks av Gjøkeredet og Ondskapens Hotell. :wink:

Fortsett diskusjonen på forum.steigan.no

1 flere kommentar

Deltakere