Storbritannia: 76% av de smitta var friske

0
Bakgrunnsbilde: Shutterstock

Kartlegging viser at 76,5% av «smitta» britar mellom april og juni var folk som faktisk ikkje var sjuke. 86,1% hadde ingen av hovudsymptoma assosiert med sjukdommen.

av Ian Sample 

Anti-Empire 8. oktober, 2020

Meir enn 80 % av folk som testa positivt i ei landsomfattande koronavirus-gransking, hadde ingen av hovudsymptoma til sjukdommen den dagen dei tok testen, seier vitskapsfolk.

Vitskapsfolk ved UCL [University College London] seier at 86,1 prosent av dei infiserte som har blitt registrerte av statistikkbyrået ONS, Office for National Statistics, i deira Covid-19-kartlegging mellom april og juni, ikkje hadde eit einaste av hovudsymptoma på sjukdommen, altså verken hoste, feber eller tap av smaks- eller luktesans, den dagen dei tok testen.

Tre av fire som testa positivt hadde ingen merkbare symptom i det heile, oppdaga vitskapsfolka då dei undersøkte om folk hadde informert om andre plager, som t.d. utmatting eller pusteproblem, på testdagen.

I motsetning til koronavirus-testing elles i samfunnet, som fokuserer på folk med symptom, testar ONS si infeksjonsgransking rutinemessig titals tusen husstandar rundt om i landet for om dei har symptom eller ikkje.

Studien, som er omtalt i Clinical Epidemiologyanalyserte symptoma beskrivne av fleire enn 36 000 personar som vart testa mellom april og juni. Berre 115 testar kom ut positive, og av desse hadde berre 27 personar, eller 23,5%, symptom av noko slag.

Når vitskapsfolka avgrensa symptoma til dei tre hovudsymptoma til koronavirusinfeksjonar, d.v.s. hoste eller feber eller tap av smaks- eller luktesans, raste talet på rapporterte plager ned til 16, eller 13,9%.

Kjelde: The Guardian

Omsett av Monica Sortland for Derimot.no.

Artikkelen er henta frå Anti-Empire.com

Forrige artikkelKrigen i Kaukasus: våpenhvile fra 10. oktober klokka 12
Neste artikkelHva har hendt i Irland under covid-19 perioden?