Norsk tryggleik

0
En norsk SISU kjører i ørken ved i Al-Hilla i Irak Foto: Forsvaret

Av Hans Olav Brendberg.

Det heiter at generalar alltid er førebudd på forrige krig. Det er mykje riktig i dette – men det blir feil å retta denne skuldinga mot den norske regjeringa. Regjeringa er tvert imot klare for neste ørkenkrig. 

Når vi tenkjer på kor utsette dei norske ørkenområda er, er det grunn til å feira dette. Eg ser med gru på ein situasjon der ein mektig fiende greier å bita seg fast på Kvitsannan eller andre ørkenområde, og slik undergrava norsk tryggleik.

Kva trugsmål vi vil møta i framtida er elles eit meir ope spørsmål enn vi er vane med. Sidan slutten av den kalde krigen har Noreg vore lojal medspelar i den amerikanskleidde globaliseringa – som har halde den vestlege alliansen samla. Ingenting tyder på at dette vil halda fram. Tvert imot byrjar det opna seg ei kløft i den vestlege alliansen. Denne kløfta kan tvinga fram vanskelege vegval for norsk utanrikspolitikk. Det finst ingen veg tilbake til verda før 2014.

I tillegg til ørkenområda, har Noreg også ein del kyst- og havområde som ikkje er heilt uvesentlege. I nord fører mildare klima til at det etter kvart opnar seg ei sjørute mellom Nordkapp og Beringstredet som forkortar sjøvegen mellom aust-Asia og Europa vesentleg. Ulike stormakter posisjonerer seg – mest slåande då Trump kom med tilbod til Danmark om å kjøpa Grønland. 

I tillegg til denne nye sjøruta disponerer Noreg store ressursar i dette området – ikkje minst fisk. For tida disponerer den norske kystvakta, som skal kontrollera heile dette området, ikkje noko brukbart helikopter. Då vi for ni år sidan, sterkt forsinka, fekk levert dei første NH90-helikoptra, synte det seg at dei ikkje var brukbare i praksis. Då kystvaktsjef Ottar Haugen gjekk av i vår, var hans råd å skrota dei ubrukelege helikoptra, og byrja på nytt.

Men vi har jo anna å hjelpa oss med. Vi har brukt over fem milliardar på korvettar av Skjold-klassen. Desse skulle utfasast kring 2025, men etter at fregatten Helge Ingstad vart råka av ein hurtiggåande oljetankar med avslått AIS og sløkte lanterner utanfor Stureterminalen har dette vorte skove inn i framtida.

Og så har vi jo fregattane då. I alle fall dei som er igjen. Desse er utstyrt med dei same NH90-helikoptra som kystvakta, og har difor ikkje operative helikopter.

Kanskje litt å ta fatt i her? I alle fall godt at ingen Rommel kan utflanka oss på ørkensida.

Les: «Norske interesser i Midtøsten»


Forrige artikkelGaddafis fetter vil gå til sak mot Hillary Clinton for å ha ødelagt Libya
Neste artikkelNorge i NATO: Fra innbilt fredsnasjon til permanent krigsdeltaker