Ut av Roosevelts skugge

0
Burton K. Wheeler

Bokmelding av Marc C. Johnson: Political hell-raiser. The Life and Time of Senator Burton K. Wheeler of Montana.

Av Hans Olav Brendberg.

I 1882 vart to av dei viktigaste politikarane i amerikansk mellomkrigstid fødd. Franklin D. Roosevelt, president frå 1933 til 1945, sette større merke etter seg enn dei fleste. Han grunnla på mange måtar den føderale tryggleiks- og imperiestaten som i dag er kløyvd i indre konflikt. Same året vart Burton K. Wheeler fødd i Massachusetts. Wheelers og Roosevelts politiske karrierer utvikla seg parallellt, før dei to vart leiarar på kvar side av ei kløft som opna seg mot slutten av «New Deal»-perioden.

Roosevelts karriere slutta då han døydde i 1945, rett før slutten av andre verdskrig. Wheelers karriere slutta då han tapte senatsvalet i Montana året etter. Medan Roosevelt døydde avkrefta som 63-åring, levde Wheeler vidare heilt til 1975. Då var alle med- og motspelarane frå ein lang og stormfull politisk karriere borte, og Wheelers fortenester i stor grad forsvunne ut av syne i skuggen til Roosevelt. Det er difor ei stor glede å kunne slå fast at Marc C. Johnson med sin Wheeler-biografi har lukkast med å lyfta Wheeler ut or Roosevelts skugge, og på denne måten reisa viktige spørsmål om ein avgjerande periode i amerikansk historie.

Få politikarar har vorte meir baktalt og fordømt enn Wheeler, og dette byrja tidleg. Den politiske karrieren hans byrja i Butte, Montana – gruvebyen nord i Rocky Mountains som den gongen åleine stod for ¼ av koparproduksjonen i verda. Wheeler byrja karrieren sin som støttespelar for Thomas J. Walsh. Dette førde til konflikt med den mektigaste politiske aktøren i Montana – gruveselskapet Anaconda, som eigde gruveverksemda i Butte og dominerte presse og politikk i delstaten. Då Walsh nokre år seinare vart senator vart Wheeler utnemnt til føderal statsadvokat i Montana, eit embete han hadde då uroen kring gruveverksemda i Butte toppa seg.

28. juni 1917 byrja det brenna nede i ei av gruvene i byen, og ei sjakt fungerte som skorstein etterkvart som brannen spreidde seg oppover. 163 gruvearbeidarar vart kvalt nede i gruva. Lovgjevinga i Montana kravde jarnportar som kunne stengast for slike tilfelle – dødstala fortalde tydeleg at lova ikkje hadde vorte følgt. Før juni var ferdig var 15 000 gruverarbeidarar i streik. Dette skjedde rett etter at USA hadde gått inn i første verdskrig, og koppar var ein kritisk råvare for krigføringa. Wilsonregjeringa, amerikanske finansinteresser og Anaconda-selskapet var desperat ute etter å få avslutta streiken. Midt inn i dette kom så Frank Little, agitator frå Internationa Workers of the World, som førdømte regjeringa i Washington og dei internasjonale kapitalistane som stod bak første verdskrig. Little snakka på store massemøte i den streikeramma gruvebyen. 1. august vart Little henta av uidentifiserte menn og dytta inn i ein bil. Etter ei stund stoppa bilen, og Little vart hengt på slep i tau etter bilen. Det mishandla liket vart funne utanfor byen morgonen etterpå.

Drapet på Little førde Wheeler ut i sin første store, og truleg livsavgjerande konflikt. Wheeler fordømde lynsjinga av Little, som fekk støtte på leiarplass i den Anaconda-venlege pressa i delstaten. Ei veke før mordet hadde Wheeler etterforska Little etter press frå mektige interesser, men etterforskinga konkluderte med at Little ikkje hadde brote noko lov då han heldt talar på offentlege møte. Krigshysteriet og krav om straffeforfølgjing av all opposisjon førde til at Wheeler vart skvisa ut av embetet som statsadvokat året etter. I 1920 stilte han til val som guvernør i Montana, men tapte. I 1922 stilte han til val som senator – og vart vald. Han vann også dei tre neste senatsvala, og vart sitjande som senator heilt til 1946. Det var krisa som råka USA etter første verdskrig som var grunnlaget for Wheelers politiske karriere. På tjuetalet meinte mange at det var mektige økonomiske interesser som hadde dytta USA inn i krigen, og at Wilsons retorikk om å «gjera verda trygg for demokratiet» var villeiande. Dei som hadde åtvara mot krigen og krigshysteriet – slike som Wheeler – sette dagsorden for mellomkrigstidas politikk. Ikkje minst Wheelers eldre medsenator fr åheimstaten, Walsh, som avslørte omfattande økonomisk svindel i krigstidas USA i samband med den sokalla «Tea Pot Dome»-etterforskinga bidro til dette stemningsskiftet. Men også Wheeler leidde ei viktig gransking av den nye Harding/Coolidgeadministrasjonens justisminister – ei gransking som enda med at Harry Daugherty måtte gå av under ein sky av skuldingar og korrupsjonsmistankar. Prosessen førte også til tiltale mot Wheeler med påstandar om korrupsjon, regissert frå Daughertys departement. Saka kollapsa i retten, men understreka Wheelers rykte som ein mann som våga ta kampen opp mot mektige interesser.

Forfatteren Mark C. Johnson. Klikk på bildet for å gå til video.

Wheelers politiske karriere stod på dette fundamentet: Han var skeptisk til krig og massehysteriet som følgde i krigens kjølvatn. Han var uavhengig, også av mektige økonomiske interesser – sjølv om han i praksis fekk til ein slags våpenkvile med Anaconda som grunnlag for sin lange karriere i senatet. Og han stod knallhardt på ytringsfridom og retten til opposisjon og kritikk.

Roosevelts «New Deal» var koallisjonen som i praksis byrja reformera USAs politiske og økonomiske system, og koallisjonen Roosevelt bygde tidleg på trettitalet prega USA i mange tiår. Men New Deal oppstod ikkje av ingenting. Mange av programpunkta, og mange av aktivistane i Roosevelts prosjekt var henta frå valkampen i 1924. Men ikkje frå valkampen til det demokratiske partiet. I 1920 hadde Roosevelt vore kandidat til visepresident i eit av dei største valnederlaga i amerikansk historie, då Harding vann i eit valskred på lovnader om at USA skulle tilbake til «normalcy». Fire år etter førde regelen som kravde 2/3 fleirtal for nominasjon til at den fargelause, konservative og Wall Street-tilknytte John W. Davies var demokratane sin presidentkanditat. Det var ein kandidat Wheeler ikkje ønskte å støtta. I staden stilte han som visepresident for den progressive Wisconsin-senatoren Robert M («Fighting Bob») La Follette i ein av dei mest vellukka tredjeparti-valkampane i amerikansk historie. La Follette og Wheeler nådde ikkje opp i dei økonomiske oppgangstidene som rådde i 1924, men det progressive forsøket i 1924 var på mange måtar ein generalprøve på det som vart Roosevelts «New Deal».

Seks år etter, då depresjonen råka USA, var ikkje Wheeler i tvil om kva som trongst, og Wheeler var ein av dei første som gjekk ut offentleg og støtta Roosevelt, guvernør i NewYork, som presidentkandidat i 1932. Viktigare var det at Wheeler hadde kontaktane og apparatet som skulle til for å gjera dette til røyndom. 2/3-regelen galdt framleis, og det var ikkje gitt at Roosevelt var i stand til å kryssa denne grensa. Katastrofelandsmøtet i 1924 var framleis friskt i minne. Det som vart avgjerande var at Wheeler greidde sameina progressive demokratar bak Roosevelt, at Roosevelt greidde å hestehandla med den store Texas-delegasjonen gjennom å gjera Garner til visepresidentkandidat. Og ikkje minst: Wheeler greidde overtyda sin ven Huey P. Long frå Louisiana om at Roosevelt var rett mann. Long greidde med eit naudskrik å sikra at delegasjonen frå Louisiana støtta Roosevelt (fleire delegasjonar møtte opp og gjorde krav på å representera delstaten), og i tillegg greidde Long å overtala delegasjonen frå nabostaten Mississippi om å støtta Roosevelt med det Wheeler kalla «redneck eloquence». I praksis truga Long med å organisera apparatet sitt inn i nabostaten og ta knekken på det lokale, demokratiske partiapparatet, eit trugsmål som ikkje vart oppfatta som tomme ord. Med desse siste røystene på plass passerte Roosevelt 2/3-grensa, og kunne gå til val med eit samla parti bak seg mot sitjande president Hoover. Resten er historie.

Franklin Delano Roosevelt Memorial. Shutterstock.

Når det gjeld Wheeler og Roosevelt, er det ei historie om eit stadig kaldare, og til slutt fiendtleg tilhøve. Wheeler støtta New Deal, men var kritisk til ein del av Roosevelts reformer. I senatet leia han granskinga av holdingselskapa som eigde kraftnettet i USA, og stod mot ein av dei mest intense, Wall Street-regisserte lobbykampanjane under Roosevelts presidentskap. Resultatet vart lovgjeving som oppløyste monopola og skapte meir gjennomsiktige tilhøve. Finansspekulasjon og monopolfortenste var spørsmål der Roosevelt og Wheeler kunne dra same veg.

I 1935 byrja den amerikanske høgsteretten å døma viktige New Deal-program innanfor jordbruk og industri som ukonstitusjonelle. Roosevelt svara på dette ved å gjera sin truleg største politiske feil- planen om å auka talet på domarar i amerikansk høgsterett og forandra samansetjinga av domsstolen på denne måten. Dette førde til den første alvorlege konfrontasjonen mellom Wheeler og Roosevelt. Wheeler var usamd i høgsterettsdomane, men meinte Roosevelts reform ville gje presidenten alt for mykje makt – og slik øydeleggja balansen mellom statsmaktene. Wheeler gjekk difor saman med progressive republikanarar, konservative demokratar og andre i å organisera motstanden mot Roosevelts reform i Senatet – ein seig politisk kraftprøve som Roosevelt tapte, og som også fekk negative konsekvensar for viktige strategar i Roosevelts regjering som td. Thomas Corcoran, hjernen bak mange viktige lovreformer under New Deal.

Då slaget om høgsterettsreformen enda opp i ingenting, var lufta på mange måtar gått ut av Roosevelts reformprogram. I staden byrja den lange, seige kampen om det som vart hovudsaka i Roosevelts siste år i det Kvite Huset: USAs tilhøve til andre verdskrig. Roosevelt freista fjerna dei hindringane nøytralitetslovene hadde sett opp på vegen mot full amerikansk intervensjon i krigen. Samstundes forsikra Roosevelt veljarane om at han ikkje hadde tenkt å senda amerikanske soldatar ut i krig.

På motsett side vart Wheeler ein av dei mest profilerte leiarane for «America First», og freista mobilisera veljarane til innsats mot at USA gjekk inn i ein krig dei fleste amerikanarane ikkje ønskte å delta i.

Denne «store debatten» og krigen som følgde er markant ulik New Deal-epoken. Under New Deal hadde Roosevelt våga å konfrontera mektige politiske og økonomiske interesser i det amerikanske samfunnet. Tidlegare establishmentfigurar og samfunnsstøttar hadde til og med enda opp i fengsel. No reparerte Roosevelt bruene over til desse interessene, mellom anna gjennom å ta establishmentfigurar som republikanarane Henry Stimpson og Frank Knox inn i si eiga regjering. Etter kvart som denne seige kraftprøven vart bitrare og meir skitten, vart Wheeler med sin politiske base utanom establishmentet meir og meir utsett. Men Wheeler gav motstand heilt til målstreken – hans siste scoop, lekkasjen av Rooseveltadministrasjonens «Victory»-plan skjedde få dagar før det japanske åtaket på Pearl Harbour. Og gjennom heile «America First»-perioden dyrka Wheeler dei eigenskapane som hadde gjort han til ein politikar som prega USA i mellokrigstida: Fokus på sak, samarbeid med andre uavhengige politikarar, på tvers av parti. Og open kritikk som skulle opplysa veljarane kva sakene handla om. I dette siste, store slaget femna Wheelers allianse frå sosialistleiaren Norman Thomas til Midtvestpopulisten og flypioneren Charles Lindbergh.

Men «America First» greidde ikkje anna enn bremsa ferda ned skråplanet mot krig, og Wheeler og dei andre gjekk sjølvsagt inn for siger etter åtaket på Pearl Harbour. Paradoksalt nok bidrog truleg Wheelers lekking av «Victory»-planen til å løysa ei av Roosevelts viktigaste problem då Hitler eit par dagar etter åtaket erklærte krig mot USA, og mellom anna viste til denne planen. Dermed kunne Roosevelt setja igjennom «Tyskland først»-politikken.

Men krigen sikra ein ny maktkonstellasjon i USA – av liberale internasjonalistar, mektige industriinteresser og konservativt establishment. Roosevelt brukte J. Edgar Hoover til å samla skitt på politiske motstandarar som Wheeler, som etterpå vart distribuert via informasjonsnav i pressa. Dei populistiske, nøytrale og fredsorienterte som hadde sett dagsorden i mellomkrigstida vart marginalisert. Då Wheeler tapte senatsvalet i 1946 etter at fagrørsla mobiliserte mot han, var desse kreftene historie. Den «store debatten» var bitter og skitten. Men i det minste kom informasjonen ut til veljarane, og presidenten risikerte å bli avslørt når han freista lokka amerikanarane ut i krig med desinformasjon og halvsanningar.

Då Johnson for alvor kasta USA inn i Vietnamkrigen på sekstitalet, og då George W. Bush gjekk til åtak på Irak i 2003 fanst det ikkje lenger ein slik opposisjon. Grunnlovsfedrane hadde gjeve Kongressen, ikkje presidenten, makta til å starta eller avslutta krigar. Då Wheeler og America First dreiv sin kampanje mot at USA skulle intervenera i andre verdskrig var denne makta framleis intakt. Etter andre verdskrig, og særleg etter at ein byrja byggja ein nasjonal tryggleiksstat i ly av presidentmakta frå 1947, har Kongressens makt i slike spørsmål i stor grad vorte ein formalitet som presidenten trygt kan sjå bort frå.

Dette var ei utvikling Wheeler såg, og åtvara mot. Retorikken på begge sider av den store debatten var overdriven, og det vart sagt ting som ikkje står seg i ettertid. Men viktige delar av Wheelers argumentasjon mot den nye presidentmakta som tok form under den store debatten og «Lend lease» hadde substans.

Men den store debatten kasta lengre skuggar enn som so. Det handla om ein bitter konflikt, og det stod mykje på spel. For Roosevelt fanst det ingen veg inn i krigen der han kunne gå til veljarane med sitt program, og stå og falla på det. I staden måtte han nytta salamitaktikk – skjera den amerikanske krigsmotstanden i små skiver, medan han villeidde om kva han heldt på med. I denne posisjonen hadde ikkje Roosevelt råd til å vera raus – og han hadde heller ikkje personleg talent for det. Forfølgjinga og svertinga av Wheeler gjekk ned i detaljane. Då Wheelers familiehytte i Glacier National Park brann under krigen, engasjerte Roosevelt seg personleg i spørsmålet om det fanst juridisk grunnlag for å nekta han å byggja opp hytta på nytt. Ei av fruktene av Roosevelts svært krevjande balansegang inn i krigen var ein intolerant, mistenkeleggjerande og betrevitande liberal tradisjon som bar desse føflekkane gjennom heile etterkrigstida, ofte umedvitne om kvar dei hadde desse tinga frå. Men McCarthyperioden og seinare kampanjar følgde mønster som Roosevelt hadde etablert.

Eit utprega døme på dette er ei lita bok som var massedistribuert i Montana i forkant av senatsvalet i 1946, med tittelen «The Plot Against America». Her vart Wheeler framstilt som mannen som «Hitlerized Montana», forrædaren som dreiv eit «diktatur» i Montana. Boka førte til ei gransking i regi av senatet, som fordømte boka tom «vile and contemptible». «The Plot against America» var også tittelen på ein roman av Phillip Roth i 2004, som framstilte Wheeler som ein maktsjuk og omsynslaus fascist som krenka borgarrettar og freista oppretta eit diktatur med konsentrasjonsleirar i Montana. Eit grotesk sverting, der politikaren som i røynda freista hindra at sine japansætta medborgarar vart sett i konsentrasjonsleirar vart snudd opp/ned. Men tiår med baktaling hadde gjort sin verknad – få peikte på det absurde i Roths framstilling, og i motsetnad til i 1946 var ikkje lenger Wheeler i stand til å forsvara seg sjølv.

Den sjølvstendige, individualistiske senatoren som vågar gå på tvers av partigrensene når stoda krev det – senatorar som La Follette, Borah og Wheeler – dukka ikkje opp igjen i etterkrigstida, sjølv om folk som J. William Fulbright freitsa spela ei liknande rolle. Det var ikkje lenger plass til dei, og det fanst særinteresser som effektivt blokkerte for Fulbright både då Kennedy freista utnemna han til utanriksminister i 1961, og då han vart skvisa ut av senatet på grunn av forsøket på bidra til ein balansert politikk i Midt-Austen på syttitalet. Det var var ikkje plass for slike i det nye, intolerante, «liberale» USA.

I staden vart amerikansk debatt meir og meir prega av partiposisjonar, der ein skulle mistenkeleggjera, ikkje samarbeida på tvers av partigrensene. Patriotisme var ikkje lenger å slåss for dei amerikanske fridomane og den amerikanske grunnlova – men å marsjera i takt når USA skulle ut og kriga. Dette var ikkje eit landskap Wheeler kjende seg att i. Wheeler gjekk mot intervensjon i Korea, og sende gratulasjonar til Eisenhower då han pressa Storbritannia, Frankrike og Israel ut av Suez i 1956. På slutten av sekstitalet slo han i ein serie intervju fast at USA skjemte seg ut, og framstod som latterlege i samband med den meiningslause krigen i Vietnam. Men han vona likevel at desse feilgrepa skulle få USA til å finna tilbake til ein tryggare veg enn det verdsomspennande imperiet med basar over alt.

Tidleg på sekstitalet gav Wheeler denne politiske sjølvmeldinga: Han var samd med liberalarane når dei gjekk inn for rettar og rettferd for individet, og mot konsentrasjon av økonomisk makt. Han var samd med dei konservative når det galdt å gå mot oppbyggjinga av sentralisert makt i den føderale regjeringa. Den radikale liberale som slåss mot storkapitalens maktmisbruk på tjuetalet vart aldri forsona med den konsentrerte makta i den føderale staten som Roosevelt byrja byggja opp.

By TIME Magazine – Public Domain,
https://commons.wikimedia.org/w/index.php?curid=89778855

Det har snart gått 75 år sidan Burton K. Wheeler tapte sitt siste val, og det er på høg tid at han får sin biografi. Men dette arbeidet ville vore vanskeleg å gjera tidlegare. Roosevelt og FBI si forfølgjing var sjølvsagt noko Wheeler mistenkte – men ikkje noko han kunne dokumentera. Først dei siste tiåra har vi fått bøker som dokumenterer rolla som FBI, britisk etteretning og andre spela i den store debatten.

I tillegg til å byggja på denne nye litteraturen om perioden, syner Marc C. Johnson eit imponerande grep om spørsmåla det handla om, og ei framifrå evne til å forstå dei politiske vala som Wheeler og andre stod andsynes. Dette er ei vanskeleg bok å skriva, og Johnson kjem svært godt frå det.

Roosevelt vart i si samtid sett på som redningsmannen – som leiaren som sette ressursane på det amerikanske kontinentet på krigsfot, og berga verda frå Hitlers og Japans tyranni. Dette er var ikkje usant, og etterkrigstida har dyrka Roosevelt. Men på vegen fram til Pearl Harbour var Roosevelt nøydd til å marsjera under falsk flagg, og bruka metodar som påførte den amerikanske republikken varig skade og slagside. Dagens polariserte, uredelege og partiske politiske debatt i USA fortel om eit system som er langt ute av vater. For dei som vil forstå korleis vi hamna her, er Johnsons biografi om Wheeler ein god stad å byrja.

I dag krev USAs justisdepartement, eit departement Wheeler kjende godt, at Julian Assange blir utlevert til USA for å dømast etter den same «Espionage Act» som sterke interesser kravde at Wheeler skulle bruka mot Frank Little. Assanges brotsverk har vore å gje amerikanske veljarar informasjon om ein krig som USAs regjering drog landet inn i med løgn og desinformasjon. Ingenting av dette ville overraska Wheeler – tvert om ofra han sin politiske karriere på åtvara mot at den amerikanske republikken valde denne kursen. Det er på høg tid at Burton K. Wheeler, senatoren frå Butte, Montana, blir løfta fram frå Roosevelts skugge.

Marc C. Johnson: Political hell-raiser. The Life and Time of Senator Burton K. Wheeler of Montana.

University of Oklahoma Press 2019.

486 sider med noter og register.


Klikk på bildet og bli en støttespiller du også.
Forrige artikkelNedstenginga i Norge meningsløs
Neste artikkelRegjeringen vil forlenge koronafullmakter: Hastehøring med tre dagers varsel