Intenst lys i eit stort mørke

0
Diana Johnstone. Foto: Agence Info Libre.

Bokmelding av Diana Johnstones «Circle in the Darkness».

Av Hans Olav Brendberg.

Då er eg ferdig med å lesa Diana Johnstones Circle in the Darkness – ei fantastisk bok, som fører oss gjennom eit heilt liv og ein heil epoke. Frå den mørkredde jentungen i Minnesota som fekk eit råd frå bestemor si som ho alltid sidan hugsa på: «Om du er redd for mørkret – sei «BØØ» til mørket, då blir mørket redd for deg». Til den snart nitti år gamle journalisten som til si forbausing oppdagar at dei nye, ideologiske kommisærane byrjar kasta henne ut frå «venstresida», avdi ho «flørtar med fascismen». Utan at ho gjer anna enn det ho alltid har gjort: Leita etter sanninga på eiga hand, og publisera – til bry for alle som er avhengig av at viktige fakta blir halde unna det offentlege rommet.

Johnstone har henta tittelen frå ei sitat frå Einstein: «Når lysringen av kunnskapen vår utvidar seg, so utvidar også den omkringliggjande sirkumferensen av mørke seg». Jo meir vi veit, jo meir oppdagar vi at vi ikkje veit.

Dette biletet fangar hjarta i Johnstones livsprosjekt: Johnstone har nådelaust søkt kunnskap og opplysing – men ho har ingen illusjonar om kor langt lyset får lov å sleppa laus i vårt vestlege halvmørke.

Ho har alltid vore nær makta: Foreldra hennar flytta til Washington for å tena Roosevelts «New Deal», faren i landbruksdepartementet, mora i det nye sosialdepartementet. Sjølv søkte ho ut, og dro til Europa rett etter krigen, og var mellom anna innom Jugoslavia. Tilbake i USA fekk ho jobb i Associated Press, og enda etter kvart opp i Bonn, og gifta seg med journalisten Herb Altschul – APs korrespondent i byen. Ekteskapet med Altschull vara berre nokre år, og Johnstone hadde etterpå ein kort karriere som akademikar i heimstaten Minnesota. Etter å ha spela ei rådgjevarrolle i rørsla mot Vietnamkrigen i Minnesota hamna ho på eit sidespor med organisering av ein «alternativ» universitetscampus, og braut av den akademiske karrieren for å dra tilbake til Europa og Paris. Der vart ho midt på syttitalet europakorrespondent for den radikale, amerikanske avisa «In These Times», og dekte verdsdelen fram til ho nokre år var pressensvarleg for «dei Grøne» i Europaparlamentet. Etter å ha slutta i den rolla reiste ho tilbake til Jugoslavia – og gav ut «Fools Crusade» i 2002.

Dei seinare åra har ho skrive kommentarartiklar om europeisk og fransk politikk, i tillegg til boka «Queen of Chaos» om Hillary Clinton, meint som åtvaring mot dei krigerske ambisjonane til det ho trudde skulle bli den neste amerikanske presidenten.

I over seksti år har altso Johnstone følgt vestleg politikk, og vestlege krigar, frå ein outsiderposisjon. Outsider, men likevel sentralt plassert. Ho har møtt mange av dei folka som har prega dette halve hundreåret – frå politikarane og pressefolka ho møtte i Bonn, som den franske ambassadøren Maurice Couve de Maurville, seinare de Gaulles utanriksminister. Til Dieudonne, den franske elitens fiende nr. 1. Ho var ven med Bernt Carlsson, Olof Palmes høgre hand i internasjonalt diplomati, som var ein av dei mange hundre som vart drepne då ruteflyet vart bomba over Lockerbie i Skottland. Ho åt middag med Issam Sartawi, den palestinske utsendingen til sosialistinternasjonalen, rett før han vart skoten og drepen i Portugal.

Ho har vore nær nok til å kjenna personane og sakene, men heldt tilstrekkeleg avstand til å kunna vera sjølvstendig, og gjera sine eigne vurderingar. Johnstone har sylskarp vurderingsevne, kjennskap til pressemiljøet gjer at ho ikkje ikkje kastar bort tid på å bli fanga av dei vanlege mytene – ho kjenner spelet, veit korleis det fungerer. Ho kan laga sylskarpe portrett av personar – med språkleg eleganse som gjer ein pasjonert lesar som meg himmelfallen gjennomfører ho til dømes eit karaktermord med stilett på den bortskjemte tomtønna Daniel Cohn-Bendit. Det er så elegant – og kaldt og presist – gjennomført at det er heilt drepande.

Og boka inneheld mykje slkt, alt saman bunta saman i memoarform. Visdom, sylskarp analyse, sunn fornuft, taktisk klokskap – alt du kan forventa av politiske memoarar frå ein amerikansk sanningssøkjar som vart vaksen i McCarthy-tida. Og mykje meir.

Og innimellom dette ei mengd små perler. Som då bestefar fekk Altzheimer, og mista grepet. Sjukdomen gjekk likevel i bølgjer, og ein sjeldan gong fungerte hovudet, og han såg røyndomen skarpt og klårt. Då sat han i stolen og gret.

«Det var verande ein av dei djupaste lærdomane mine når det galdt menneskelivet. Klårsyn kan bringa liding i ei verd av galskap».

Då Diana var ti år gamal, sklide foreldra lag. Då ho ikkje lenger greidde å handtera kjenslene, oppsøkte ho ein prest som ho ikkje kjende, og som ho aldri traff igjen. «Eg treng ikkje tru på den kristne religionen for å vera takksam for at eg greidde leggja fram vanskane mine for ein prest, i staden for ein psykolog. Ein psykolog ville truleg byrja søkja gjennom mitt umedvitne, for å sjå etter stereotypiar. Men presten var diskré, faktaorientert og praktisk. Han tok kjensler for det dei var, ikkje som eit uttrykk for noko løynt som skulle fram i dagen. Han handsama meg som ei sjel, kva no det er, i staden for som eit tilfelle.»

Og slik kan vi følgja Johnstone gjennom eit langt liv, gjennom innsikt, handling, oppsummering av tapte og vunne saker fram til innsikt og refleksjon. Eg kan forsikra om at du heile tida er i svært intelligent selskap. Heile boka er ei massiv dose frisk luft i ei trong og innestengt samtid.

Den raude tråden i alt dette er motstanden mot den vettlause øydeleggjinga som følgjer i krigens kjølvatn, og dei tjukke løgnene som sel denne øydeleggjinga til desinformerte borgarar. Far til Johnstone enda opp som byråkrat i Pentagon, der han på femtitalet var av dei første som innsåg kva ein krig mellom atommakter ville innebera. For eit par år sidan gav Johnstone ut memoarane hans («From MAD to Madness») – det viktigaste faren var oppteken av då ho reiste heim til Washington tidleg på åttitalet for å vera hjå han på dødsleiet.

Tidleg på syttitalet skreiv Johnstone ei bok om den eigentlege bakgrunnen for Vietnamkrigen – eit manuskript som gjekk tapt i ein kjellar i Paris. Ho var sterkt engasjert i rørsla mot atomvåpen tidleg på åttitalet, og personleg ven med Petra Kelly, ein av dei sentrale personane bak stiftinga av det tyske «Grønne»-partiet. Ho gjev ein svært interessant analyse av tilhøvet mellom denne rørsla, og den seinare samlinga av Tyskland. Og slik følgjer ho vestleg krigspolitikk fram til bombinga av Libya og intervensjonen i Syria. Med skarpt blikk for aktørar, dagsordenar – og bakgrunnen for dei ulike konfliktane.

Å skriva ei balansert og informativ melding av ei slik bok er vanskeleg. Eg forstår Paul Craig Roberts, som ikkje finn på anna å gjera enn å strø superlativ: «Dette er den beste boka eg nokon gong har lese, den mest avslørande, den mest presise, den sannaste, den mest moralske og menneskelege, den mest oppriktige og ektefølte – og den best skrivne. Hennar bok er langt meir enn memoarar. Det er ei historie som aldri før er skriven.»

Men superlativane kan fort bli klingklang. I den stoda vi står i no, kan vi som ønskjer finna handtak for målretta handling, oversikt og organisasjonsevne henta svært mykje frå denne boka. Uansett om vi er folk som er kasta ut frå ei stadig meir inkvisitorisk venstreside. Eller om vi er konservative som har vorte dumpa av dei krigsglade, nyliberale globalistane. Vi kan finna mykje av det vi treng for å gå vidare, for å halda fram med det arbeidet Johnstone har gjort, med å lysa opp ein ring av lys i det store mørkret.

Denne boka må lesast.

Diana Johnstone:

«Circle in the Darkness» – Memoir of a World Watcher.

Clarity Press 2020. 435 sider med register.


Du kan abonnere på steigan.no her. Det koster ingenting.

Men hvis du vil være med på å opprettholde og styrke vår kritiske og uavhengige journalistikk, kan du også gjøre det:

Vipps: 116916.

Eller du kan betale inn på Mot Dags støttekonto: 9001 30 89050 – eller gå inn på vår betalingsordning.

Forrige artikkelLønnsoppgjøret i industrien: Streik eller kapitulasjon?
Neste artikkelDemokratenes landsmøte: Venstresida temmet og brakt inn i folden