Haren som hadde vore leiarkandidat

0
Illustrasjon: Shutterstock

Det var ein gong ein hare som var ute og gjekk i det grøne. «Å, hurra, hei og hopp!», skreik han, hoppa og sprang. Og rett som det var, gjorde han eit rundkast bortetter og sto på to-bein i groa.

Så kom ein rev luskande.

«God dag, god dag», sa haren. «Eg er så glad i dag, for eg har vore leiarkandidat, skal du vita», sa haren.

«Det var godt og vel, det då», sa reven.

«Å, det var ikkje så vel heller. For fylkeslaget snudde på femøyringen, og valnemnda kasta innstillinga si ved første teikn på motbør.»

«Det var ille det då», sa reven.

«Å, det var ikkje så ille heller», sa haren. «Tenk om eg hadde enda opp med ansvar for eit fylkeslag der alle snur seg som verhanar for eit godt ord, og dolkar deg i ryggen etter å ha lovprist deg dagen før.»

«Nei tenk – så var det nok vel då?» sa reven.

«Å, det var ikkje så vel heller. For politikk er det eg ønskjer halda på med, og etter dette blir eg ståande her – korkje inne eller ute, korkje att eller fram, opp eller ned. Og slik blir det nok med heile partiet også.»

«Det var ille det då», sa reven.

«Å, det var ikkje så ille heller, for det hadde neppe vorte meir opp og ned på ting om eg kome meg heilt til årsmøtet som kandidat. No slepp i alle fall eg å ta tak i dette.»

«Men det var i det minste vel det då», sa reven.

«Å, det er ikkje så vel», sa haren. «For ingen andre kjem til å ta tak i det heller».

So hoppa haren vidare – men om han hoppa opp eller ned, att eller fram seier ikkje eventyret noko om. Og snipp snapp snute, so var eventyret ute.

Forrige artikkelAmerikanske styrker med flere operasjoner i nord
Neste artikkelStoresøster ser deg