Havfruesong frå ein systemleiar

0
Gigantstatue av Djengis khan i Nalaik i Mongolia. Foto: Shutterstock

Dei sameinte statane kan stå andsynes ein stuttare historisk eksistens enn Dsjengis Khans mongolske imperium.

Av Pepe Escobar.

Ein stor prosent av opinionen i det liberale vest ser den amerikanske tolkinga av kva ein sivilisasjon skal vera som noko nær ei uforanderleg naturlov. Men kva om denne tolkinga er på veg mot eit uboteleg samanbrot?

Michael Vlahos har ført argument i marka for at USA ikkje berre er ein nasjonalstat, men ein «systemleiar» – «ei sivilisatorisk makt på line med Roma, Bysants og det Ottomanske riket». Og, burde vi vel ha lagt til, Kina – som han ikkje nemnde. Systemleiaren er «eit universalistisk rammeverk av identitet, knytt til ein stat. Dette standpunktet er gagnleg av di USA tydeleg har sitt eige identitære rammeverk i dag.»

Den trauste etterretningsmannen Alastair Crooke har skrive ein kvass artikkel der han grev seg djupare ned i korleis denne «sivilisatoriske visjonen» vart «falda ut over heile verda med makt» som den uunngåelege «manifest Destiny».: ikkje berre politisk, medrekna alle kostymeringar som vestleg individualisme og nyliberalisme, men kopla saman med «jødisk kristen metafysikk» attpåtil.

I tillegg noterer Crooke seg den djupt inngrodde haldninga at sigeren i den Kalde Krigen «stadfesta på spektakulært vis» kor overlegen den amerikanske sivilisasjonstanken var i den amerikanske eliten.

Vel, den postmoderne tragedien – sett frå den amerikanske eliten – er at dette snart ikkje er tilfelle lenger. Den ugreie borgarkrigen som har omslutta Washington dei siste tre åra – med heile verda som stumslegne tilskodarar – har nett sett fart i sjukdomen.

Hugs Pax Mongolica

Det friskar opp å rekne med at Pax Americana kan få eit stuttare historisk liv enn Pax Mongolica – nedfelt etter at Djengis Khan, leiaren for eit nomadefolk, reiste ut for å leggja verda under seg.

Først satsa Djengis på ein handelsoffensiv for å ta over silkevegane, og knekte kara-kitaiane i vest- Turkestan, inntok Khwarezm og la Bukhara under seg, og deretter Samarkand, Baktria, og Khorasan. Mongolane nådde utkanten av Wien i 1241 og den adriatiske kysten året etter.

Det mongolske imperiet. Shutterstock.

Supermakta den gongen strekte seg frå Stillehavet til Adriatarhavet. Støkken dette gav den europeiske kristenverda kan ein berre tenkje seg. Pave Gregor den tiande klødde etter å få vita kven desse erobrarane var, og om det let seg gjera å få kristna dei.

Til samanlikning var det berre på hangande håret at ikkje heile den muslimske verda vart underlagt Pax Mongolica, då dei egyptiske mamelukkane sigra over mongolheren i Galilea i 1260.

Pax Mongolica, ei einskild, organisert, effektiv og tolerant stormakt, fall historisk saman med gullalderen til silkevegane. Khublai Khan, som rådde over Marco Polo, ønskte å syne seg som meir kinesisk enn kinesarane sjølve. Han ønskte å prove at nomadiske erobrarar som vart bufaste kunne lære seg administrasjon, handel, litteratur og jamvel sjøfart.

Men då Khublai Khan døydde, vart imperiet splitta opp i ulike khanat med ulike interesser. Islam tente på dette. Alt endra seg. Hundre år etter hadde mongolane frå Kina, Persia, Russland og sentrale Asia lite til felles med ryttarfolket dei ætta frå.

Mongolske ryttere i en historisk etterlikning av Ghengis khans tropper. Ulaanbaatar, Mongolia. Shutterstock

Eit sprang i tid til det unge totusen-talet syner oss at initiativet historisk nok ein gong er på Kinas side, tvers gjennom Kjerneområdet og heilt til Utkantane. Foretak som endrar både verda og spelereglane tek ikkje utgangspunkt vestpå lenger, slik det har vore tilfelle heilt frå 1500-talet og opp til seint på 1900-talet.

Trass i all den kjipe ønskjetenkninga om at koronaviruset vil kaste «det kinesiske hundreåret» av sporet, eit hundreår som meir korrekt bør kallast det eurasiske, og midt i den trongsynte storflaumen av demoniseringstiltak mot den nye silkevegen, er det alltids lett å gløyme at den store mengda av prosjekt knapt har kome i gang.

Det er først i 2021 at alle desse korridorane og aksane med kontinental utvikling skal skyte fart i Søraust-Asia, Indiahavet, Sentral-Asia, Sørvest-Asia, Russland og Europa, som dannar ei verkeleg eurasisk perlesnor frå Dalian til Pireus, Trieste, Venezia, Genova, Hamburg og Rotterdam.

For første gong på to tusen år er Kina i stand til å binde kreftene i den politiske og økonomiske ekspansjonen saman med både det kontinentale og det maritime feltet, noko den staten ikkje har opplevd sidan det stutte tidsrommet då admiral Zheng He leidde ekspedisjonar i Indiahavet tidleg på 1400-talet. Eurasia har vore kolonisert av vestlege eller sovjetiske krefter i nyare tid. No går kontinentet i multipolar lei, under leiarskap av Russland, Kina, Iran, Tyrkia, India, Pakistan og Kasakhstan.

Ingen av desse har store illusjonar om kva «systemleiaren» er ute etter: Å hindre Eurasia i sameining under ei makt eller koalisjon slik som det russisk-kinesiske strategisamarbeidet; tryggje amerikansk hegemoni i Europa, hindre Sørvest-Asia eller «det utvida Levanten» i å lenke seg opp mot dei eurasiatiske maktene, og på alle vis hindre at Russland og Kina har tilgang til skipsleier eller handelsruter.

Bodskapen frå Iran

I mellomtida snik deg seg inn ein ullen mistanke – at Irans strategi, som atterklang av Donbass i 2014, kan handle om å suge dei amerikanske nykonservative inn i ei typisk «russisk gryte» om dei går for hardt inn for tanken om regimeskifte.

Det er ein alvorleg sjanse for at Iran kan droppe JCPOA ein gong for alle, om presset vert for stort, likesåvel som NPT, og dermed opne for eit direkte amerikansk åtak.

Slik saka står, har Iran sendt to svært tydelege meldingar. Det nøyaktige missilåtaket på den amerikanske basen i Irak, som svar på det målretta snikmordet på generalmajor Qassem Soleimani, tyder at det store nettverket av amerikanske basar er sårbart no.

Og røykteppet av ikkje-fornektande fornekting knytt til nedskytinga av CIAs Battlefield Airborne Communications Node (BACN) i Ghazni, Afghanistan, som i praksis var eit spionreir på venger, ber med seg ein bodskap det med.

CIAs frontfigur Mike d’Andrea, kjend som «Ayatollah Mike», gravferdsagenten, den mørke fyrsten, eller alt på ein gong, kan ha vore ombord, eller ikkje. Om ein ser bort frå den kjensgjerningen av ingen i den amerikanske styresmakta vil stadfeste om Ayatollah Mike er i live eller daud, eller om han i det heile eksisterer, er bodskapen den same: soldatane dykkar, og spionane dykkar, er sårbare.

Å stirre systemleiaren i kvitauget på denne måten, slik Iran har gjort i Irak, har ingen våga sidan Pearl Harbor. Vlahos nemnde noko eg sjølv var vitne til i 2003, korleis «unge amerikanske soldatar refererte til irakarar som «indianarar», som om Mesopotamia var det ville vesten». Mesopotamia var ei avgjerande vogge for heile sivilisasjonen slik vi kjenner han. Vel, det å kaste bort to trillionar dollar på å bombe Irak til fordel for demokratiet hjelper heller lite på «systemleiarens» demokratiske visjonar.

Havfruene og La Dolce Vita

La oss no føye estetikken til «sivilisasjonspolitikken» vår. Kvar gong eg vitjar Venezia – som er ein metafor i seg sjølv, for både vaklevorne keisardøme og vestleg forfall, følgjer eg opp utvalde emne frå The Cantos, Ezra Pounds episke meisterverk.

Sist desember var eg attende i kyrkja Santa Maria dei Miracoli etter mange år. Ho er og kjend under namnet «smykkeskrinet», og spelar ei hovudrolle i «Cantos». Då eg kom, sa eg til ei vakthavande Signora at eg såg etter «havfruene». Med eit vitande smil lyste ho vegen for meg kring nova til den sentrale trappa. Og der var dei, hogne ut i søyler på sidene av ein balkong. «Krystallrekkjer, akantus, havfruer på søylehovudet», som vi kan lesa i Canto 20.

Desse havfruene vart hogne ut av Tullio og Antonio Lombardo., søner av Pietro Lombardo, venezianske meistre på 1400-talet og tidleg 1500-tal. «Og Tullio Romano hogg ut havfruene, som den gamle vakthavaren seier; og sidan har ingen vore i stand til å hogge dei for smykkeskrinet, Santa Maria dei Miracoli.», som vi kan lesa i Canto 76.

Vel, Pound skreiv ikkje rette namnet på bilethoggaren, men det er ikkje så viktig. Det viktige er korleis Pound såg havfruene som samanfatningar av ein sterk kultur – «oppfatninga til ein heil tidsalder, ei heil oppsamling og rekkjer av årsaker og verknader gjekk inn i ei samling detaljar, som det ville vera umogleg å snakke om i storfelte termar», som Pound skreiv i Guide to Kulchu

Pound fanga opp korleis desse sirenene, like mykje som yndlingsverka hans av Giovanni Bellini og Piero della Francesca, var det motsette av usura – eller «kunsta» å låne bort pengar til høge rentesatsar, som ikkje berre røvar ein kultur for det beste av kunstverk, som Pound uttrykker det, men som og er ei av beresøylene for finansialisering og marknadsretting av sjølve livet, ein prosess Pound forutsåg på meisterleg vis då han skreiv i Hugh Selwyn Mauberley at «alt er i flyt,som den vise Herakleitos seier; men ei billeg verdløyse skal rå så lenge vi lever.»

Kilde: IMDb

La Dolce Vita rundar seksti år i 2020. Mykje på same vis som Pounds havfruer, er Fellinis rundtur i Roma som ei svart-kvit filmatisk oversskrivning av ei forgangen tid, byrjinga av dei svingande sekstiåra. Marcello (Marcello Mastroianni) og Maddalena (Anouk Aimee), usannsynleg kule og «chic», er som den siste mannen og kvinna før den «billege verdløysa» fløymer inn. Mot slutten ser vi korleis Marcello fortvilar i møtet med det stygge og, ja, billege, som trengjer seg inn i det fagre mini-universet hans – kjenneteikna ved den «søppelkulturen» fabrikert og seld av «systemleiaren», som er ved å sluke oss alle.

Pound var ein menneskeleg, altfor menneskeleg amerikansk frifant av uforfalska klassisk genialitet. «Systemleiaren» feiltolka han; tok han for landssvikar; fakka han i Pisa; og sende han til ein mentalinstitusjon i USA. Eg undrar meg framleis på om han såg og sette pris på La Dolce Vita i sekstiåra før han døydde i Venezia i 1972. Det var trass i alt ein liten kinosal i gangavstand frå huset hans i Calle Querini der han budde i lag med Olga Rudge.

«Marcello!» Anita Ekbergs formskapande havfruelokk plagar oss framleis, der ho står halvt neddukka i Fontana di Trevi. Jamvel i dag, framleis som gislar av «systemleiarens» smuldrande sivilisatoriske tanke, kjempar vi på beste vis for, med TS Eliots minneverdige ord: «å sjå oss halvveges bakover, over aksla, mot ein primitiv skrekk.»

Omsett av Eilev Groven Myhren.

Først publisert i Asia Times.


Vår uavhengige og kritiske journalistikk er 100 prosent avhengig av lesernes støtte. Vil du være med?

Vipps: 116916.

Eller du kan betale inn på Mot Dags støttekonto: 9001 30 89050 – eller gå inn på vår betalingsordning.

Forrige artikkelSinn Fein størst i irsk valg
Neste artikkelEU, krig, migrasjoner og neoliberalismen
Pepe Escobar er spaltist i The Cradle, redaktør i Asia Times og en uavhengig geopolitisk analytiker med fokus på Eurasia. Siden midten av 1980-tallet har han bodd og jobbet som utenrikskorrespondent i London, Paris, Milano, Los Angeles, Singapore og Bangkok. Han er forfatter av utallige bøker; hans siste er Raging Twenties.