Den internasjonale reaksjonen på Trumps Bantustan syner at tostatsløysinga alltid var ei løgn

0
Det finnes ingen tostasløsning. Illustrasjon: Edward Crawford, Shutterstock

Av Craig Murray.

Eg har lese gjennom alle dei 181 sidene i Trumps «fredsavtale» for Israel, og dokumentet tek pusten frå deg. Det er ikkje berre at «løysinga» dokumentet foreslår er latterleg einsidig. Det er heile analysen av korleis problemet skal løysast som framstår som rein, uredigert sionistisk propaganda.

Til dømes blir ordet «vald» brukt mykje. Men det refererer berre til vald frå arabarar. Ikkje ein einaste gong nemnast vald frå Israel mot palestinarane, sjølv om forholdstalet for døde mellom palestinarane og israelarane dei siste ti åra er ikring 80:1. Den einaste gongen vald mot palestinarane blir nemnt handlar om Kuwaits fordriving av palestinske flyktningar etter første Golfkrig.


Originalens tittel: Non-Condemnatory International Reaction to Trump’s Bantustan Lite Shows the “Two State” Solution Was Always a Lie. Omsett for steigan.no av Hans Olav Brendberg.


Analysen av flyktningeproblemet er på same vis. Ingen stader i dokumentet blir det sentrale, historiske faktumet nemnt: At dei palestinske flyktningane vart fordrive frå Israel. Planen handsamar dei palestinske flyktningane som om dei berre har dukka opp som eit uhøveleg fenomen, som pest eller grashoppesvermar. Dette gjennomsyrer heile dokumentet:

«Det må understrekast at mange palestinske flyktningar i Midt-Austen kjem frå land som er plaga av krig, som Syria, Libanon, og som er svært fiendtlege til staten Israel.»

Nei. Palestinske flyktningar vart fordrive med vald frå det landet som i dag er Israel. Familiar som levde der for to generasjonar sidan vart jaga bort til fordel for familiar som hevdar at landet er deira av di forfedrane deira levde der for åtti generasjonar sidan. Det er eit faktum som ikkje kan diskuterast.

Du kan hevda at fordrivinga av palestinarane frå Israel var rettferdig på grunn av at det jødiske folket trong ein stat etter Holocaust. Du kan hevda at fordrivinga av palestinarane frå Israel er rettferdig av di Vårherre vil det slik. Du kan hevda at fordrivinga av palestinarane frå Israel er tragisk, men umogleg å reversera. Velg den argumentasjonen som passar deg, men å nekta å ta inn over seg det grunnleggjande faktumet at palestinske flyktningar vart jaga frå Israel er patetisk og feigt, og syner kor ingellektuelt ubrukeleg planen er.

«Avtalen» lagar ei direkte motrekning mellom palestinske flyktningar og «jødiske flyktningar som vart tvungne til å flykta frå arabiske og muslimske land». Språket som blir brukt er svært opplysande. Dei jødiske flyktningane vart «tvungne til å flykta». Ingen nøling med å krevja offerstatus. Medan ein ikkje på noko tidspunkt vedgår at ogso dei palestinske flyktningane «vart tvungne til å flykta» av israelarane.

Det er utan tvil eit gyldig argument at mange jødar vart fordrivne frå arabiske nasjonar på ein uverdig og ufriviljug måte. Lidinga deira blir ofte oversett. Men å hevda at tala kan motreknast er å oversjå det faktum at ein stor del av jødane frå arabiske statar flytta friviljug til det nye heimlandet, medan ingen av palestinarane som vart fordrive frå Israel forlot heimane friviljug. Men det enno meir opplagte faktumet som «planen» overser er at fleirtalet av jødar frå arabiske land fekk eigedomen som palestinske flyktningar frå Israel flykta frå. Påstanden om at begge sider har same krav på kompensasjon er difor nonsens.

Den manglande evna til å vedgå at palestinarane vart fordrive frå Israel lånar på skammeleg vis truverde til den mest ekstreme sionistpropagandaen, som hevdar at landet var tomt før israelarane busette seg kring 1948. Dette er ei klassisk, kolonialistisk opphavsmyte, av det slaget som vart brukt av det britiske imperiet, dei kvite busetjarane i USA – og sjølvsagt av Sørafrika under apartheid. Då Trump-avtalen vart publisert vart eg overvelda over kor mange på twitter som hevda at palestinarane er eit folk som ikkje finst. Dette er ei rasistisk forestilling som er påfallande utbreidd mellom sionistar, og det ser ikkje ut til at det ikkje finst hindringar for å spreide desse tinga på internett. Eg har lese hundrevis av artiklar om hatefull antisemittisme i hobudstraumsmedia. Eg trur ikkje eg nokon gong har sett denne ekstreme, sionistiske rasismen om at «det finst ingen palestinarar» omtalt som eit problem av dei same mediene. Men sionistisk rasisme er eit stort problem, og ligg til grunn for den analysen du finn i Trumps dokument.

Om du ikkje får deg sjølv til å vedgå ein einaste gong på 181 sider at innbyggjarane i Palestina vart fordrive ut av Israel, då finst det ingen sjanse til at framlegga bygt på dette uærlege grunnlaget vil vera haldbare.

Trumps «plan» har tre «løysingar» på det palestinske flyktningeproblemet.

  1. Berre dei som opphavleg vart fordrive som flyktningar skal reknast som flyktningar – ikkje familiane deira.
  2. Ikkje ein einaste flyktning skal få lov til å venda tilbake til Israel (ja, det blir faktisk sagt).
  3. Ingen kompensasjon til flyktningar skal bli betalt av Israel.

Eg har ofte peika på at den foreslåtte «tostatsløysinga» for Palestina alltid har vore meir og mindre lik den gamle apartheidpolitikken med «Bantustan» i Sør-Afrika. Der vart den innødde jaga saman i seks sjølvstyrte og fire tilsynelatande «uavhengige» statar.

Det er verdt å peika på at høgdepunktet til apartheidsystemet, «Bantu Self-Governing Act» frå 1959, fekk kongeleg samtykke frå dronning Elizabeth II, eit poeng som no blir glatta over av ei falsk forteljing om at apartheid var eit reint afrikaaner-prosjekt som oppstod etter at Sør-Afrika vart uavhengig.

Den viktigaste likskapen eg har peika på kjem tydeleg fram på kartet: Oppdelte land, som ikkje formar noko økonomisk levedykting eining. Trump foreslår israelsk anneksjon av heile Jordandalen, av Nord-Jerusalem og av store område på Vestbreidda. Det som er att av Vestbreidda bilr gjennomskore av 15 israelske busetjingar som blir knytt saman av vegar som berre israelarar får bruka. Trumps «Palestina» er rett og slett ikkje levedyktig.

Men Trumps framlegg om korleis «Palestina» skal styrast gjer samanlikninga med bantustan enno meir påfallande. Restriksjonane den sokalla «staten» skal ha etter Trumps plan når det gjeld eigne militære styrkar eller tryggleiksstyrkar er meir omfattande enn dei som galdt for bantustan i Sør-Afrika. Trump krev ogso at Israel skal ha rett til å hindra palestinske flyktningar frå diasporaen om dei freistar reisa til ned nye «staten» Palestina. Ein «stat» som ikkje har lov til å definera kven som er borgarar er ikkje ein stat.

Ikkje nok med dette: Denne «staten» skal ikkje ha noko rett til territorialfarvatn eller ein eksklusiv, økonomisk sone. Sjøterritoriet skal gjevast bort til Israel i strid med FNs Havrettskonvensjon. «Staten» skal ikkje ha rett til å forhandla fram traktatar utan israelsk samtykke. «Staten»  får ikkje eingong lov til å byggja ei eiga hamn, men skal tvingast til å senda all eksport og import over israelske hamner. Med andre ord: Den israelske, økonomiske blokkaden skal halda fram mot den nye «staten». I klårtekst: I tillegg til den ikkje levedyktige oppdelinga av det krympa territoriet er dei administrative ordningane som blir foreslått ikkje i nærleiken av å likna på ein verkeleg stat.

Og difor har vel tilhengarane av «tostatsløysinga» reagert kraftig mot dette sviket mot løysinga deira?

Vel – nei.

Det som på mange måtar er det mest utrulege med Trumps framlegg er kor imøtekomande vestlege makter er. Den dominerande reaksjonen frå alle europeiske regjeringar er et dette er seriøse framlegg som palestinarane må forhalda seg til. Medan den latterlege kommentaren frå Dominic Raab om at « dette er heilt klåt eit seriøst framlegg» er det du må forventa frå ein stat som ser til USA for å få sikra dei økonomiske interessene sine, kunne palestinarane i utgangspunktet forventa noko betre frå EU enn den offisielle responsen, som var positiv til «Trumps forplikting til tostatsløysinga».  Likeeins frå Frankrik, som «er glad for Donald Trumps innsats», og Tyskland som «set pris på at presidenten held fast på tostatsløysinga».

Palestinarane var truleg mindre vonbrotne av at dei svikefulle diktatura i Saudi-Arabia og dei andre Golfstatane støtta sin nære allierte Israel, som er som forventa. Men det faktum at det internasjonale samfunnet anerkjenner eit framlegg om «tostatsløysing» eit dokument som ikkje på noko måte etablerer ein palestinsk stat innanfor nokon normal definisjon av ordet fortel oss noko viktig.

Som eg har slått fast mange gongar, dei som har snakka om «tostatsløysing» har alltid vore svindlarar som ikkje trur på nokon levedyktig, palestinsk stat. Det faktum at Blair og Bush, begge to dedikerte ultrasionistar, sto i Rose Garden og lova ei «tostatsløysing» som del av sin propaganda for Irak-krigen og andre invasjonar i Midt-Austen burde fortalt oppegåande folk at dette var ein blindveg. Framlegga frå Trump er eit svik mot palestinarane, sjølvsagt. Men dei er ikkje unike for Trump, og dei er akkurat det same som Blair, Bush og dei andre sionistiske apologetane såg for seg heile tida.

«Tostatsløysinga» har alltid vore svindel.

Det finst ikkje noko levedyktig tostatsløysing. Å skapa ein levedyktig, palestinsk stat ved sida av eit levedyktig Israel vil no innebera tvungen fordriving av folk som er svært lite ønskeleg. Den einaste langsiktige løysinga for Palestina/Israel er, som i Sør-Afrika, ein einskapsstat der alle har røysterett og der alle blir handsama likt – uavhengig av etnisitet, tru eller kjønn.

Trump kan, merkeleg nok, ha gjort noko godt med desse latterleg urettferdige framlegga. Han har synleggjort kor hol «tostatsløysinga» er, og likeeins kor falske lovnadene om at ei slik løysing tilbyr noko form for rettferd til palestinarane og ein veg til fred er.


Les også denne artikkelen fra 2013: Tostatsløsninga er død – hva med enstatsløsning?

Vår uavhengige og kritiske journalistikk er 100 prosent avhengig av lesernes støtte. Vil du være med?

Vipps: 116916.

Eller du kan betale inn på Mot Dags støttekonto: 9001 30 89050 – eller gå inn på vår betalingsordning.


Forrige artikkelJa det er et et skrikende behov for større krigsmotstand
Neste artikkelKeiserens nye klimakabel
Craig Murray er forfatter, kringkaster og menneskerettighetsaktivist. Han var britisk ambassadør i Usbekistan fra august 2002 til oktober 2004 og rektor ved University of Dundee fra 2007 til 2010.