De ble ikke hedret men ofret alt for vår frihet

0
INGEN OVERLEVDE: Ingen av disse partisanene overlevde krigen. Bak fra v: Kåre Øyen, Tsyp-Navalok (skutt ved Seglodden 1943), Ragnvald Mikkelsen, Kramvik (skutt under fluktforsøk fra GULAG-leir 1946). Foran fra v. Ingolf Eriksen, Kiberg (død på sykehus i Kirsanov 1945), Håkon Halvari, Kiberg (skutt ved Seglodden 1943) og Ingvald Mikkelsen, Komagvær (skutt på Arnøya 1943). Foto: Vardø Museum

Gravpynting

Av Hans Olav Brendberg.

Redaktøren i Nordlys tek til orde for at partisanane i Finnmark skal få Krigskorset post mortem. Eg forstår at det er eit poeng at alle rekneskap til slutt blir gjort opp i balanse. Eg forstår ogso godt familiane til partisanane som ønskjer denne heidringa av innsatsen til avlidne slektningar. Likevel har eg veldig blanda kjensler i denne saka, ikkje minst av di eg vaks opp med ein far som hadde opplevd krigen i Aust-Finnmark og tida etter. Krigskors eller ikkje: Eg trur uansett det er ein del ting bør seiast veldig tydeleg.

Det enklaste må seiast først. Det er for seint å gje heider til desse krigsheltane. Dei er alle for lengst daude – siste partisanen frå krigen i Finnmark døydde i 2008. Dei var viljuge til å ofra liv og helse for å få dei nazistiske okkupantane ut av landet sitt. Den løna dei fekk var tiår med mistenkeleggjering og småleg forfølgjing. Og det var det heile – det er den historiske fasiten.

Det finst eitt lyspunkt i denne grå, triste historia. Dette lyspunktet heiter kong Olav, som gav ei tiltrengt, og godt motteke oppreising til partisanane i ein tale tidleg på åttitalet. Eg, og mange med meg, har alltid oppfatta dette som kongens personlege initiativ. Han hadde ikkje solid ryggdekning i dei tunge strukturane som eig krigshistorie, utdeling av heider og denslag. Kanskje låg det eit initiativ frå leiande Arbeidarparti folk bak – det veit eg ingenting om. Kong Olavs initiativ vart aldri følgt opp med fortenestemedaljer, krigskors eller liknande. Det minka skamma, men gav heller inga ære til den norske stat. Finnmarkspartisanane var framleis på utsida av det offisielle Noreg.

Eller med andre ord: Dei var som oss – som deg og meg. Vi som hugsar våre kampar og våre daude – uavhengig av kva som putrar i Oslo-gryta. Patriotar som tok kampen mot herrefolket som ei sjølvsagt plikt, og gjorde det dei kunne. Av di dette var riktig – heilt uavhengig av kva ordenar med eikelauv eller alpelue som byråkrathovuda i Oslo dryssar over det heile i ettertid. Dei sloss – og døydde – for vår fridom. Den dagen vi let ordendryssarane ha definisjonsmakt over kva «vår fridom» er, har vi likevel tapt – so dagens tilstand er på mange måtar grei nok, og heilt realistisk.

NKVD var Sovjetunionens sikkerhetstjeneste og hemmelige politi fra 1934 til 1946. (Fra Wikipedia)

Men det er ogso meir som bør seiast. Det underliggjande, som ikkje blir sagt høgt, bør ogso fram i dagen. Desse partisanane gjorde krigsteneste for NKVD – den sovjetiske hysj-tenesta. Dei gav løfte om togn til NKVD – eit løfte dei heldt. Her bør vi vera heilt realistiske: Gjev du slike løfte til NKVD, so held du dei etterpå. Likeeins om du gjev slike løfte til IRA, MI6 eller andre. Slike organisasjonar har middel til å råka deg, om du bryt dei løfta du har gjeve. Slike organisasjonar arbeider under ekstreme tilhøve, og truskap mot saka er første og siste bod. Det er forventa at du gjer kva som helst framfor å bryta slike løfte. I Trondheim er det ein minneplakett på eit hjørne der ein som var tatt av konstraspionasjen hoppa ut frå tredje etasje for å møta dauden på fortauet. Alle som var i slik teneste under krigen vil anerkjenna eit slikt sjølvmord som eksemplarisk teneste. Desse folka forsvarte sine løyndomar, og tok dei vanlegvis med seg i grava.

Partisanane gjorde altso teneste i sovjetiske hysjtenester, og var lojale mot sine oppdragsgjevarar. Fram til 1945 i aktiv teneste, etter dette vanlegvis ute av teneste – men bunde av løfte om togn. Det var ein situasjon dei var fanga i. I denne skuggeverda held du kjeft, og du får vita ting vi vanlege dødelege ikkje veit noko om. Det er ikkje umogleg at einskildmenn i denne gruppa heldt fram i sovjetisk teneste etter krigen – i eitt kjent tilfelle, familien i Bakfjord, «overtok» ein av sønene i familien spionoppdraget, og var i sovjetisk teneste i fleire tiår etter krigen. Men alt tyder på at dette var eit unnak, ikkje nokon regel.

Denne mistanken, som alltid vil følgja med spionteneste, er sjølvsagt den same når det gjeld nordmenn som gjorde teneste for særleg SIS (medan SOE vart oppløyst etter krigen). Ogso SIS-agentar gav løfte om togn, og sjølv om fleirtalet av SIS-agentar avslutta aktiv teneste då freden kom, er det ikkje umogleg at einskildfolk heldt fram i britisk teneste etter 1945. Dette er ogso teneste for «framand makt», fram til Noreg gjekk inn i ein fast allianse med Storbritannia i 1949.

Korkje NKVD eller MI6 gav norske styresmakter oversikt over sitt kontaktnett i Noreg etter krigen. Mange av desse agentane var mistenksame mot norske styresmakter, og ville ikkje utan vidare dela informasjon med styresmaktene.

Dette må vi vera heilt tydeleg på: Mange av dei norske krigsheltane gjorde teneste for «framand makt». Men slik måtte det vera. Dei norske militære kapitulerte i 1940. Vi la ned våpna, offiserar gav æresord. Skulle motstanden halda fram, var det apparatet til framande makter som gav ei opning for folk som ville sloss vidare. I Finnmark reiste folk til Sovjetunionen for å halda motstanden levande i sovjetisk teneste. Lenger sør tok folk seg over havet til Storbritannia, og gjekk i teneste for SOE eller SIS – britiske hysjtenester. Den norske regjeringa i eksil var alliert med både Storbritannia og Sovjetunionen. 

Før krigen hadde Noreg vore nøytralt – det var ingen skilnad på dei som reiste i austerveg eller vesterveg for å gå i teneste mot okkupanten. Dei verva seg for ei framand makt, alliert med den norske regjeringa.

Skilnaden oppstod etter krigen, då dei som var i britisk teneste fekk norske æresutmerkingar og vart anerkjent som ein del av den norske motstanden – medan dei som av ulike grunnar, ofte geografiske, hadde reist austover for å delta i motstandskampen ikkje vart anerkjent som ein del av den norske motstanden. Og slik vart det.

Dei som har kvilt i sin gravfred i fleire tiår treng ingen utmerkingar. Denne diskusjonen handlar om oss, ikkje om dei. Og vi treng ikkje eikelauv og medaljar for ein krig der vi berre har fått fruktene, utan å ofra noko. For oss handlar dette om å pussa bort støv og eir for å finna den klåre og blenkande sanninga. Difor er eg veldig delt når det gjeld å dryssa krigskors på desse gravene – kva er det vi skal oppnå med dette? Er det verkeleg heider det handlar om? Eller er det våre sentrale styresmakter som skal kamuflera ei skam?

Då må vi sjå dette i det store perspektivet. Det er ingen tvil om kven som vann andre verdskrig. Det var Sovjetunionen som knuste det tredje riket. I tre år – frå 1941 til 1945 – var det Sovjetunionen åleine som forsvarte ein front mot nazi-Tyskland. Siste krigsåret, frå juni 1944 til mai 1945, var det rett nok to frontar. Men framleis gjekk 2/3 av den tyske krigsinnsatsen austover.

Det var Sovjetunionen som vann andre verdskrig. Den andre verdskrig var «Den store fedrelandskrigen», med nokre mindre oppsetjingar på biscenene. Denne sanninga var eit problem for den vestlege alliansen etter krigen – og vår forståing av andre verdskrig er sterkt prega av trongen for å feia dette under teppet. Då eg tidleg i tenåra las «Krigens største bragder», ei samling historier utgjeve av «Det beste», var det britar, amerikanarar, tyskarar, polakkar og italienarar som stod for «krigens største bragder». I ein krig som først og fremst vart utkjempa av Sovjetunionen, og der godt over tjue millionar sovjetborgarar sette livet til, fann ikkje «Det Beste» sine redaktørar ein einaste sovjetborgarar verdig til å bli tatt med i dette utvalet av «krigens største bragder». Slik var det i 1960 – og slik var det når «æra» for motstanden under krigen skulle fordelast. Difor fekk ikkje partisanane noko ære. Heldigvis vaks eg opp med ein far som kunne forklara den totale mørkleggjinga som «Krigens største bragder» og andre bøker stod for.

Dette er ikkje noko vi har lagt bak oss. I dag ausar vi pengestøtte over regjeringar som riv sovjetiske krigsmonument, statuar av marskalk Sjukov og liknande. Det treng ikkje overraska nokon. I heimbyen min, Mo i Rana, finst ein gravlund med sovjetiske krigsgraver. Det er eitt av dei stoltaste minnesmerka på Mo. Reis kvar du vil i Nordland, og du finn ikkje desse gravlundene. Alle som ein vart fjerna i aksjonen med det dekkande namnet «Operasjon Asfalt» – gravd opp og flytta til Tjøtta i Alstahaug. Men ikkje på Mo: Der var folk vakne, og det vart sponant organisert ein aksjon for å hindra gravskjendinga. Hundrevis av ranværingar heldt vakt på skift, og heile aksjonen måtte avblåsast. Ranværingane forsvarte krigsminna sine med hell – mot den norske stat.

Og desse tinga er slik ikkje berre i Noreg – det gjeld ogso på europeisk nivå. Nyleg vedtok EU-parlamentet at Sovjetunionen saman med Nazi-Tyskland hadde skulda for utbrotet for andre verdskrig – stikk i strid med det seriøse historikarar kan fortelja om desse hendingane. Eit vedtak laga for å normalisera øydeleggjinga av sovjetiske krigsminne i dei landa der dei som sloss saman med nazistane og massakrerte jødane no har vorte nasjonalheltar. Og denne vendinga av historia fører til at byråkrathovuda i Oslo-gryta tilpassar seg nok ein gong – slik dei alltid gjer. Det er ikkje sanninga som er deira hjartesak. Det handlar om makt og fleksibel tilpasning – slik det ogso gjorde under okkupasjonen, og under den kalde krigen.

So nei – dette er våre graver, nett som den sovjetiske minnelunden på Mo er vår minnelund. Vi har ikkje tenkt å gløyma. Partisanane vart ikkje gløymt. Trass i den massive togna frå det offisielle Noreg, vart ikkje innsatsen deira gløymt. Dei vart hugsa, og dei vart dokumentert. Av folk som finnmarkingen Hans Kristian Eriksen, som frå si lærargjerning på Senja bygde opp «Nord-Norsk Magasin» og vekte interesse og medvit om nord-Norsk historie. Av venstremannen Kjell Fjørtoft, som i bok etter etter bok dokumenterte denne historia. Og av mange andre folk av same slag som far min, som kunne fortelja oss andre om den historia vi ikkje fann i aviser og bøker.

So min bodskap til regjeringa er vel dette: Gløym krigskorsa. De kom for seint, det er ingen levande her. Men vi har alltid heidra våre falne, og vi har heidra innsatsen til dei som risikerte alt for å gjera slutt på okkupasjonsmakta. Trass i feigskapen og smålegskapen til norske styresmakter. Eg trur på det personlege engasjementet til forsvarsministeren, men eg trur ikkje regjeringa er i stand til å dela ut heider utan fotnoter og atterhald og liknande som berre gjev skamma ei ny form. Eg trur ikkje sanninga er det som driv denne prosessen, og då kan det vera det same. Blir de møtt med litt avstand, kulde og reservasjon i Finnmark, er det nok ein grunn til det.

Men ein ting kan de gjera. Desse folka, som vart slegne i hel med spadar og torturert på ymse vis, fekk etter kvart gravsteinar på gravene sine. Av og til fleire tiår etter, og vanlegvis betalt av familie, kommunar eller liknande. Slik har monumenta etter ein viktig del av motstandsrørsla vorte private. Om regjeringa kan syta for at desse private monumenta får stå i fred, utan å bli sletta etter dei vanlege fristene, vil det vera ei god gjerning.

Det viktigaste minnesmerket etter innsatsen til partisanane er Partisanmuseet i Kiberg – lokalisert i det gamle skuleinternatet og bygt opp eit samarbeid mellom bygdefolket og Varanger Museum. Om staten hadde finansiert ei stilling knytt til dette museet, ein person som kunne fortalt og formidla når folk kjem innom, hadde det ogso vore ei god gjerning.

Hans Olav Brendberg

Denne artikkelen ble først publisert på Derimot.no.

Forrige artikkelKoffertbærere i Idlib på statslønn
Neste artikkelBerlinmurens fall blev vänsterns ras