
Av Jon Langdal.
To gonger har Klassekampen mint oss om militærkuppet i Honduras i 2009 og dei følgjene det har hatt for folks liv i dette ekstremt valdelege landet, og den utvandringa som på denne bakgrunnen har skjedd.
Men kvifor har reportasjane gløymt USAs aktive rolle v/ Hillary Clinton i kuppet og i valprosessen etterpå? Det har neppe folket i Honduras gjort. Den ulovleg avsette presidenten fekk ikkje lov av Clinton og dei militære til å delta i det påfølgjande valet.
Politiske og journalistiske jomfruer i USA- og NATO-media, NRK ikkje minst, har brukt ei uhorveleg mengd sendetimar om Russlands mulege forsøk på å hindre Hillary Clintons å vinne presidentvalet i 2016. Men Clinton har altså sjølv intervenert på velkjent nykolonialt vis. Og to gonger. Også i Haiti i 2010. Og i Aftenposten har Harald Stanghelle erklært at retten til å arrangere val utan framand innblanding er heilag, utan å nemne Clinton/Obamas eigen blasfemi. Den er forresten berre del av ei lang amerikansk liste.
