Franske generalar åtvarar Macron

4
General Antoine Martinez intervjuet av TVL. Skjermdump.
Egil Lejon
Egil Lejon

Av Egil Lejon.

Sanningas augneblink

“Når urett vert rett, vert motstand ei plikt og lydnad eit brotsverk” (Bertolt Brecht)

68 år gamle Luc Ferry; var utdanningsminister i Jacques Chirac si tidlegare regjering, og kaller seg no ‘filosof’. I det siste har han streva hardt for å koma ut til allmenta med ‘filosofien’ sin. I klartekst tyder det opne trugslar om væpna vald mot folket – og framlegg til Macron og regjeringa hans om korleis få slutt på desse gule vestane.  Den fascistiske filosofien hans er enkel og brutal : “Skyt for å drepa” …


Denne artikkelen av Egil Lejon ble først publisert på Derimot.no.


I eit nyleg intervju med Classic Radio, sa Luc Ferry: «Det eg ikkje forstår er at me ikkje gir middel  til politiet for å få slutt på denne valden.» Intervjuaren som stussa over framlegget hans om å bruka våpen med skarp ammunisjon mot demonstrantar, spurte om ikkje det kunne føra til alvorlege “sår eller verre”? Og ‘filosofen’ sitt svar var kynisk og nedlatande: “Så kva?”. I fylgje Daily Mail, som kommenterte dette, la Ferry til: “Me har den fjerde største hæren i verden, og den er i stand til å setja ein stoppar for denne c ***.» (Crap – skitten?)

    Men. Skal me så sjå på Luc Ferry sin ‘valdsfilosofi’ som ei isolert meining frå ein gal einstøing? Om me I fyrste omgang berre held oss til den aktuelle stoda i Frankrike, så har både Emmanuel Macron og statsminister Edouard Philippe, stått fram på fjernsyn og snakka varmt for “tøffare tiltak”, for å slå ned opprøret. “Dei som set spørsmålsteikn ved institusjonane våre, vil ikkje få det siste ordet” sa statsministeren mellom anna. Men han ville ikkje svara på om ein unntakstilstand låg i korta. Sjølvsagt. For å aktualisera eit slikt alvorleg tiltak treng ein fyrst provokatørar og nokre drepne demonstrantar – helst fredelege og uvæpna, som best kan provosera massen.

Skoten i bakhovudet

Kva som meinest med “tøffare tiltak” kan mellom anna lesast ut or  ei melding RT Deutsch sende ut onsdag 16 januar: “Macron lar opprørspolitiet CRS marsjera mot gule vestar med G36 rifler”. Daily Mail hadde noko tidlegare meld at opprørspoltiet er utstyrt både med gummikuler og skarp ammunisjon. Trebarnsfaren og brannmannen Olivier Beziade som nyleg vart skoten og truffen i bakhovudet av ei gummikule, ligg framleis på sjukehuset i kunstig koma – ei ekstrem form for totalbedøving som legar nyttar for å halda hjernen i ro. Dette skjer  ved å setja hjernen ut av funksjon slik at pasienten korkje kan koma til medvit eller reagera på påverknader.  Olivier Beziade har mest sannsynleg fått ein alvorleg hjerneskade. 

Luc Ferry

Og det kjem stendigt meldingar om at det franske opprørspolitiet Compagnies Républicaines De Sécurité (CRS) er observert med G36 rifler. Desse riflene er produsert av tyske Heckler & Koch. Den eksplosive sanninga, skreiv Daily Mail, er at magasina i G36 ikkje skal fyllast med gummikulepatroner, men med skarp ammunisjon.  Det er òg nyleg meld at CRS utstyrt med G36 rifler er observet i Toulouse kor målet var å slå ned ein demonstrasjon der 70 skuleelevar tok del.

 Kor naive har me lov til å vera under slike tilhøve?  Lat oss ta Madeleine Albright som døme. Dei fleste hugsar vonaleg det vidgjetne fjernsynsintervjuet med Albright kor ho sa at 500.000 døde irakiske barn var verd prisen. Hennar ‘humane’ kapasitet strekte seg til å seia at det var ikkje var ei lett avgjerd å ta, men likevel verd prisen… Var det forsvaret av USA sine grenser og befolkninga innanfor desse grensene, som gjorde administrasjonen hennar tvungen til å ta ei slik avgjerd? Til liks med alle andre krigsbrotsverk USA  er skuldig i gjennom alle sine permanente krigar. Om Madeleine Albright vil unngå og verta skulda for å vera  ein kynisk rasist og sionistisk antisemitt, må ho vedgå at ein slik pris må vera verd å betala i kampen mot all motmakt som trugar makta åt det anglosionistiske oligarkiet –  òg kva gjeld opprør innan til dømes USA og Israel sine eigne grenser. Og beint fram er det jo derfor ein elitært styrt stat har utstyrt seg med tungt væpna opprørspoliti og har ein hær til rådvelde som kan kommanderast ut under ein unntakstilstand. 

Margaret Hilda Thatcher, baronesse Thatcher var en britisk konservativ politiker. Hun var den første kvinnelige lederen i Det konservative partiet fra 1975 til 1990 og den første kvinnelige statsministeren i Storbritannia fra 1979 til 1990. Wikipedia


Independent skreiv 22 september 2015 at “Tories have forgotten that Thatcher wasn’t just a terrorist sympathiser, but a close friend of one.” Korleis forklara det varme venskapet mellom henne og den chilenske diktatoren og massemordaren General Augusto Pinochet? Jo, båe hadde til felles at dei var ihuga protagonistar for elitestyre og oligarkiske interesser, og like ihuga motstandarar av folkeleg sjølvråderett og folkestyre. Men Thatcher hadde den fordelen at så mange av britane søv og enno kunne  lullast inn i trua på at dei levde i eit mest perfekt ‘demokrati’. Venen Pinochet hadde ikkje den fordelen. Det chilenske folket hadde vakna opp, og hadde ved frie val vald ein veg til kva fleirtalet trudde var veg til folkestyre. Og i staden møtte dei sanningas augneblink. Kven som trur at Thatcher i ei tilsvarande stode der det britiske finansoligarkiet si makt var alvorleg truga ikkje ville ha sett seg om etter ein britisk general vil eg dessverre måtta karakterisera som … Ja, eg treng ikkje seia det … For ordet ligg allereie i teksten …

Eg var sjølv i Durham, Sunderland og Newcastle under gruvearbeidarstreika i 1984 og 1985, og fekk med sjølvsyn oppleva den hårreisande politibrutaliteten mot streikande gruvearbeidarar, sympatistreikande arbeidarar og sympatiserande kvinner, menn, ungdom og barn. Eg hugsar at eg mange gonger måtte klypa meg i armen og minna meg sjølv om at eg i dette uverkelege helvetet, berre var ein og ein halv time unna Sola flyplass …

Og dette galdt oppheving av nasjonalisert gruveindustri, privatisering og import av billegare kol frå utlandet – samt strategisk fagforeiningsknusing; ikkje eit eigentleg trugsmål mot maktmonopolet til globalisert britisk finanskapital og den politiske eliten.

Er det nemnde uttrykk for særtifelle? Kva me sett har sidan det nazistiske kuppet i Ukraina, burde fortelja oss det meste. Det er jo ikkje grenser for kva den elitære politiske klassen og NATO- og EU-blinde media og menneske er viljuge til aktivt å akseptera eller passivt la passera utan kommentar, berre fordi fascistregimet i Ukraina er pro-NATO, pro-EU og pro-sal av landet til den globaliserande anglosionistiske finanskapitalen. Eller rett og slett berre fordi regimet er anti-russisk. Og kva vil den same politiske klassen og klakørane deira akseptera om eit samla folk reiser seg for å gravleggja det korporativt fascistiske prosjektet dei byggjer så vel innanfor som utanfor nasjonale grenser? 

Gløym heller ikkje Gro Harlem Brundtland i samanhengen. Ho som no om dagen skrik opp om at den politiske klassen ho er ein del av er i ferd med å mista kontrollen over kva folk skal tenkja og meina.

Brundtland: – Vi er i ferd med å miste kontroll over hva folk blir fortalt

Kva planar hadde ho under Altaaksjonen 1979-81? …  Jo, den gongen ville ho nytta militært utstyr til å slå ned Alta-demonstrasjonen. Parallellitet til Menstadslaget i 1931? Men som kjent greip professor Carl August Fleischer inn og stogga planar om militær makt mot befolkninga. Og korleis går det med Jens Stoltenberg sitt initiativ om å byggja opp ei militær spesial eining som skal nyttast i eit kvart trugande opprør i det norske folket? Og kva med Macron og Merkel sine høgrøysta utspel om ein Europahær? Trengst han for å forsvara Europa mot Putin og Lavrov? Eller er det behovet to imperialistmakter ser for å kontrollera si eiga – og EU si – befolkning utan innblanding frå rivaliserande USA gjennom NATO?

Macron sitt store dilemma er at han ikkje veit korleis det franske militærapparatet vil reagera om han set i verk grove politiprovokasjonar – inkludert drap, som påskot for å trappa opp endå meir valdelege aksjonar mot ubevæpna, fredelege demonstrantar. Han veit heller ikkje korleis ordinære politifolk vil svara på ei slik opptrapping av statleg vald. 

Men alvorlege signal har det ikkje vanta på. Det sterkaste signalet fekk Macron då han for litt tid sidan mottok eit brev som mellom anna sa:

“Det verkar for oss som at den einaste suvereniteten som vil verta att i Frankrike vil vera fritt å kunna leggja fram ein framgangsmåte for korleis ein skal implementera punkta i pakta (FNs migrasjonspakt – mi tilføying.) Du kan ikkje gje opp dette aspektet ved den nasjonale suvereniteten utan ein offentlig debatt, ettersom 80 prosent av det franske folket reknar det for å vera naudsynt å stoppa eller drastisk regulera migrasjonen. Ved åleine å avgjera at du skal signera denne avtalen vil du tilby nok ein grunn for opptøyer, i tillegg til det raseriet som finst fra før i det herja folket. Du vil såleis gjera deg skuldig i ei fornekting av demokratiet eller forræderi mot nasjonen …”.   

Brevet var underteikna av 11 generalar, ein admiral og ein oberst. I tillegg var det signert av den tidligare forsvarsministeren Charles Millon.

Eit slikt brev underteikna av 14 høgståande pesonar i det franske militærsystemet – under fullt namn og personleg signatur, vert ikkje utforma spontant.  Høgst truleg er det førebudd og godkjend av eit langt større antal høgare offiserar, og at dei 14 berre framstår som offisielle talspersonar for ei langt større gruppe. I tillegg sender brevet ut ei melding til lågare befal og soldatar. I samanhengen bør me hugsa korleis den portugisiske “kapteinrørsla” vart organisert i streng løyndom før rørsla jaga det korporativt fascistiske Estado Novo regimet etablert av Antonio Salazar i 1933, frå kvarandre i april 1974. Men eg må jo då straks streka under at eg her ikkje forsøker å etablera ein parallell mellom Portugal 1974 og Frankrike 2019. Til det er skilnaden altfor stor. Det finst ingen agenda om ein “sosialistisk” revolusjon i Frankrike si masserørsle, som det gjorde i “kapteinrørsla” i Portugal. Det folkeleg politiske medvitet i Frankrike er noko heilt anna enn det var i Portugal på syttitalet. Folket i Frankrike søkjer ei politisk omvelting for eit reelt og direkte folkestyre. Den samfunnsøkonomiske og sosiale skildnaden er altfor stor til å kunna etablera ei samanfallande line .

Men kva gjeld makt- og militærtaktiske åtgjerder kan det vera parallellitet. Om patriotiske militære i Frankrike; som siste utveg for å skåna det franske folket frå uakseptabel fascistisk val, er det slett ikkje utenkjeleg at noko liknande “kapteinrørsla” er førebudd, eller under førebuing, i Frankrike. Det veit me ikkje. Men det veit heller ikkje Macron og regjeringa hans. Men signalet og åtvaringa ligg der i form av eit brev. Og sjølv ein naiv, uerfaren politikar som Macron kan ikkje unngå å lesa skrifta på veggen. 

Intervju med general Antoine Martinez på TVL:

Vær med på å styrke den uavhengige og kritiske journalistikken, klikk her eller bruk konto 9001 30 89050  eller Vipps: 116916

KampanjeStøtt oss

4 KOMMENTARER

  1. Hva har man en EU-hær for? Overprøve populistiske generaler?
    Ikke undervurder Makronen, han er utplassert av de som eier Europa.

  2. Eit spørsmål:
    Brevet frå generalane er gjengjeve på nettsida til «minurne resistance», som flaggar anti-islamisme og anti-innvandring høgt, om eg har forstått det rett.
    Generalane tek spesielt opp spørsmålet om migrasjon, og ikkje den generelle situasjonen rundt maktbruken mot dei gule vestane.
    Det verkar som om dette er temmeleg langt frå tanken om at det militære skal ta tiltak for å fremme generelt demokrati?
    Kvar ligg eigentleg det militære engasjementet i det politiske landskapet?

    • En advarsel en advarsel, samme hvor den kommer fra. For det kan ikke være slik at vi kun kan vise til mennesker, hvis politiske standplass er den samme som vår egen?
      Hadde vi gått på den, ville vi aldri ha greid å holde oss unna EU.

LEGG IGJEN EN KOMMENTAR

Please enter your comment!
Please enter your name here

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.