Ja, det står i EØS-avtalen

0
EØS-avtalen undertegnes på Korfu 24. juni 1994. Fra venstre Eivinn Berg, Bjørn Tore Godal, Gro Harlem Brundtland og Grete Knudsen

Av Anders M. Andersen
Om det stemmer at vår handelsavtale av 1973 automatisk blir gjeldande når vi seier opp EØS-avtalen? Ja, det står i EØS-avtalen.

Artikkel 127 seier at kvar avtalepart kan trekka seg med 12 månaders skriftleg varsel. Artikkel 120 seier at EØS-avtalen går føre avtalane som finst frå før og «som forplikter Det europeiske økonomiske fellesskap på den ene side og en eller fleire EFTA-stater på den annen side, i den utstrekning det samme saksområde er regulert av denne avtale». Vår handelsavtale er ein av desse avtalane. Artikkelen seier ikkje at EØS set ut av kraft, men går føre dei tidlegare avtalane. Avgrensinga til dei område EØS regulerer seier at på alle andre område gjeld avtalane unionen har gjort før. Her seier EØS-avtalen tydeleg at avtalane, mellom dei vår handelsavtale, framleis gjeld og er forpliktande.

At EØS-avtalen blir oppsagd, fører som ein ser, ikkje til at dei andre avtalane blir oppsagde. I all avtalerett gjeld ein avtale til dess han blir sagd opp (så sant ikkje avtalen sjølv seier han skal gjelda berre for ei viss tid). Det er elementær juss. Dermed er det klart at handelavtalen tek til å gjelda når EØS-avtalen ikkje lenger gjeld. Anna vil vera avtalebrot. Dette understrekar EØS-avtalen ved å visa til dei tidlegare avtalane og at dei er forpliktande for partane.

Artikkel 127 slår fast at vi einsidig kan seia opp EØS. Artikkel 120 seier at handelsavtalen gjeld og er forpliktande. Forhandlingar om det trengst ikkje. Endringar kan partane sjølvsagt forhandla om. At EU vil seia opp ein gjeldande frihandelsavtale, er derimot svært lite truleg, for ikkje å seia utenkeleg. EØS er gjensidig folkerettsleg avtale mellom likeverdige partar, og ikkje noko medlemskap. Seia opp EØS er heilt enkelt, og handelsavtalen har vi.

ANDERS M. ANDERSEN

EØS-avtalen undertegnes på Korfu 24. juni 1994. Fra venstre Eivinn Berg, Bjørn Tore Godal, Gro Harlem Brundtland og Grete Knudsen

 


 

Selskapet Mot Dag AS er nå formelt stiftet og vil være eier av nettstedet   steigan.no. Vi holder på med å tegne aksjer, og vil du være medeier, kan du tegne deg nå. Her finner du tegningsdokumentet. Konto for innbetaling av aksjekapital er 9001.29.79990.

KampanjeStøtt oss

Du kan diskutere artikler fra steigan.no på: https://motdagforum.no

Bruksanvisning for å bli medlem er her:
https://steigan.no/2021/03/bruksanvisning-for-a-registrere-bruker-pa-mot-dag-forumet

Du kan abonnere på steigan.no her. Det koster ingenting.

Men hvis du vil være med på å opprettholde og styrke vår kritiske og uavhengige journalistikk, kan du også gjøre det:

Vipps: 116916.

Eller du kan betale inn på Mot Dags støttekonto: 9001 30 89050 – eller gå inn på vår betalingsordning.