Draumen om det firkanta egget – 1

6
Egil Lejon
Egil Lejon

Søkjer du informasjon om Polen – til dømes i Wikipedia, vil du mellom anna kunna lesa at „mellom 60 000 og 100 000 sivile polakkar“ vart massakrert av den paramilitære ukrainske nazi-hæren UPA frå mars 1943 til utgangen av 1944. Dei fleste ofra seiest å vera kvinner og barn frå fylket Volyn – i det nordvestre hjørnet av Ukraina, og frå det austlege „Galizia“.

Terroren og drapa vart utførde av skvadronar og bataljonar frå UPA under øvste kommando av general Roman Shukhevych – òg kjend som Taras Chuprynka, som var mellomnamnet hans. Shukhevych var øvste militære leiar av UPA frå 1942 til 1950 – og ein aktiv medspelar og kollaboratør til „14. Waffen Grenadier Division der SS“ (galizische Nr.1); før 1944 kalt 14. SS-Freiwilligen Division «Galizien». Namneskiftet til „Fyrste divisjon av Ukrainas nasjonale armé“, kom etterat dei hadde tapt i krigen mot jugoslaviske og slovakiske partisanar og regulære slovakiske styrkar som kjempa saman med rusinske partisanar og Raude Arméen, og før dei overgav seg til vestlege allierte 10 mai 1945.

polonia restituta
Utdelinga av Riddarkrossen av Polonia restituta i 2014

UPA var den paramilitære delen av den mest ytterleggåande delen av «Orhanizatsiya Ukrayins’kykh Natsionalistiv»; ОУН – hjå oss betre kjend som OUN; eller som fraksjonen OUN-B under leiing av Stepan Bandera. Frå 1929 til 1950 var Shukhevych òg med i den øvste politiske leiinga i OUN. Og det er særleg Bandera og Shukhevych som det nazistisk og fascistisk leidde Kiev-regimet i dag feirar som Ukraina sine offisielle heltar av fyrste rang.

Førebels vil eg la soga om massakren av „mellom 60 000 og 100 000 polakkar“ liggja utan kompliserande kommentarar. Det fordi det mest sentrale nett her – og som må strekast under – er at denne massakren er offisielt anerkjend polsk historie, og dessutan eit krigsbrotsverk av store og alvorlege dimensjonar. Og då slett ikkje mindre alvorleg enn massakren av 5000 polske offiserar i Katyn.

Men tenk deg! Berre for ein augneblink: Ein polsk president gir „Riddarkrossen av Polonia Restituta“ og „Sylvkrossen for stor forteneste“ til ein kviterussisk minoritetsorganisasjon i Polen.

riddarkrossen
„Riddarkrossen av Polonia Restituta“ og „Sylvkrossen for stor forteneste“

Og då nærare bestemd til ein organisasjon som arbeider imot storpolsk kulturell, religiøs og politisk undertrykking av den kviterussiske minoriteten i det nordaustlege Polen. Ein organi-sasjon som gjennom si russisk ortodokse tru nærar stor sympati for Kviterussland og Russland.

Spør så deg sjølv om kor sannsynleg det ville vera at ein polsk president ville kunna æra denne organisasjonen med desse to utmerkingane?

Eller. Tenk deg ein slovakisk minoritetsorganisasjon i det sørlege Polen. Medlemmane i organisasjonen bur enno i dag i 13 slovakiske landsbyar i det nordre Spiš. Og likeeins i 12 slovakiske landsbyar i den nordaustre delen av regionen Orava. Desse 25 landsbyane, og eit samla areal på 583 km2, blei i 1920 okkupert av Polen, og okkupasjon fekk tilslutnad frå kva eg kaller „den fyrste Munchen-avtalen“ i Europa, og det endå om avtalen ikkje blei underteikna i Munchen, men i den vesle belgiske byen Spa i 1920 – og kor Polen, Frankrike og England den gongen sat ved bordet som sytte for oppstykking av Tsjekko-Slovakia.

slovakia
Spiš er ein slovakisk region i det nordaustre Slovakia. Orava er ein slovakisk region i det nordlege midt-Slovakia.

Det store fleirtalet i desse landsbyane var slovakar og slovakiske goralar, og etter annekteringa nekta den polske staten til og med å anerkjenna denne befolkninga som minoritetsbefolkning. Dei var per definisjon „polakkar“ ganske enkelt fordi dei budde i Polen.

Eg vil ikkje her gå nærare inn på kva konsekvensar denne landgrabbinga fekk, og fortsatt har, i det slovakisk-polske tilhøvet. Her vil eg berre streka under at organisasjonen „Spolok Slovákov v Pol’sku“ (Samskipnaden for Slovakar i Polen) framleis kjempar for å halda oppe slovakisk språk og kultur i dei okkuperte områda, og samskipnaden har alltid hevda at den polske okkupasjonen er i strid med Folkeretten. Organisasjonen driv dessutan aktivt informasjonsarbeid om soga si i Polen, og er ein pådrivar i kampen mot polsk nasjonal sjåvinisme.

Spør så deg sjølv om kor sannsynleg det ville vera at ein polsk president vil æra denne slovakiske organisasjonen med „Riddarkrossen av Polonia Restituta“ og „Sylvkrossen for stor forteneste“?

Lat oss så venda oss til den ukrainske organisasjonen Związek Ukraińców w Polsce – Unionen av Ukrainarar i Polen; UUP. Organisasjonen som gir ut vekeavisa «Nasze Słowo» – Vårt ord. Dette er ein ekstrem ukrainsk organisasjon. Ein organisasjon som mellom anna stendig hevdar at massakren på „mellom 60 000 og 100 000 sivile polakkar“ aldri har skjedd. UUP er til liks med haugevis av ukrainske organisasjonar i det vestlege Ukraina, ivrige propagandistar for den paramilitære ukrainske nazihæren UPA som frå mars 1943 til utgangen av 1944 stod bak denne massakren. Organisasjonen propaganderer ope sin støtte til OUN-UPA, og har general Roman Shukhevych som var øvste ansvarleg for massakren, som ukrainsk nasjonalhelt. Stepan Bandera er sjølvsagt òg på denne organisasjonen si helteliste. Det er kjend at leiande aktivistar i UUP pleier gode relasjonar til partileiar Oleh Tiahnybok i det nazistiske Svoboda-partiet. Og denne velkjende UUP-venen er som me veit ein partileiar som Simon-Wiesentalsenteret i 2012 plasserte som nummer 5 blant verdens leiande antisemittar.

Spør så deg sjølv om kor sannsynleg det ville vera at ein polsk president vil æra denne ukrainske organisasjonen med „Riddarkrossen av Polonia Restituta“ og „Sylvkrossen for stor forteneste“?

 

Eg veit ikkje. Men eg trur at dei aller fleste ville svara at ingen av desse nemde organisasjonane – så ulike som dei elles er, ville ha nokon sjanse til å bli æra med offisielle, polske utmerkingar som „Riddarkrossen“ og „Sylvkrossen.

Men å tru det er altså feil!!!

Den polske presidenten Bronisław Maria Komorowski, som vann presidentvalet i 2010 som kandidat for Platforma Obywatelska (Borgarplattformen – altså partiet til Donald Tusk som var polsk statsminister frå 2007 til han 1. desember 2014 overtok som president for Det europeiske rådet. Komorowski tapte som kjend valet til ein ny presidentperiode i mai i år, og den 6.august måtte han overlata presidentsetet til rivalen Andrzej Duda som har sine politiske røter i partiet Prawo i Sprawiedliwość; PiS (Lov og rettferd) som blei grunnlagd av tvillingane Lech og Jarosław Kaczyński i 2001.

Men som president kan Bronisław Komorowski sjå tilbake på dei han velviljug dekorerte med „Riddarkrossen av Polonia Restituta“ og „Sylvkrossen for stor forteneste“. Og mellom dei var, ja, det kan ikkje løynast: Den ukrainske organisasjonen UPP som har OUN-UPA generalen Roman Shukhevych; ansvarleg for å massakrere mellom 60.000 til 100.000 „polakkar“, som sin store helt – saman med Stepan Bandera.

Eg veit ikkje. Men sett burt frå alle som er frårøva denne informasjonen i norske media, og som derfor, kanskje, lettare sjokka reagerer emosjonelt på informasjonen med utrop som “uforståeleg“, „hårreisande“, „vulgært“, „bestialsk“ … så vonar eg likevel at det finst andre som reagerer meir medvite. Då meiner eg slike som Rudolf Nilsen bad om å få: „Gi meg de kolde og kloke, som kjenner min virkelighet.“

For Polen er slett ikkje ei uforståeleg gåte. Men for så vidt: For svært mange har dette landet lenge framstått som noko dulgt, aparte, obskurt… Men liksom Polen – som i fleire hundre år har lulla seg inn i ekstatiske, statsborne og klerikalt katolske draumar om å finna det firkanta egget, og som ved eit slikt funn skulle sikra „det messianske tredje Europa“, så er svært mange av oss ikkje-polakkar lulla inn i ei mediaskapt og farleg fåkunne om Polen. Faktisk må me i norsk samanheng tilbake til Bjørnstjerne Bjørnson for å finna medviten kunnskap om den polske galskapen.

Ja, dei fleste kjenner vel forteljinga om Donald og trillingane Duck sin ekspedisjon for å finna dei firkanta egga. Men få av oss har forstått at det er nett ein slik politisk ekspedisjon som i dei seinaste åra har vore programmet til den polske Donald; no president for Det europeiske rådet, og for dei to tvillingduckane Kaczyński som etablerte partiet PiS i 2001 – om enn med ulik tilnærming. (President Lech Kaczyński døydde som kjend under flystyrten ved Smolensk i Russland, 10 april 2010.) Men ein slik firkanta draum treng finansiering og ein sterk medspelar – altså ei kraft større enn den Polen sjølv er i stand til å mobilisera. Som me veit fann Disney-forteljinga Onkel Skrue, og den polske forteljinga fann til slutt USA.

Men ikkje tru at dette er noka nytt program. Allereide på tusentalet fann adelen som kontrollerte Polonia sin „Onkel Skrue“ i Vatikanet og mellom teutoniske, danske og svenske krossriddarar som hadde tilsvarande draumar om å underleggja seg Russland. Noko seinare; på slutten av 1300-talet fann denne adelen – som jo var svært så medviten om at målet heilager midla, det ekspanderande, heidenske Litauen som med ei handvending vart gjort katolsk for å kunna bli med på den heilage eggsankinga. Med diverse mellomspel flørta den „polske“ adelen såleis med det svulmande Sverige, Romania, Bulgaria og Habsburgmonarkiet – og med det ungarske delmonarkiet – framleis leidd av draumen om å finna det firkanta egget. Og stendig med sitt messiansk-katolske bodskap velsigna av Vatikanet. Fram til 1918 spelte den polske adelen på lag med austerrikske habsburgarar, endå om dei var part i den såkalte delinga av Polen. Men Polen var jo – trass all si historiske investering i den polske draumen, framleis berre ein ponny, og dei måtte jo rida saman med ein skikkeleg hest for i det heile å ha sjanse til å finna det firkanta egget. Ved slutten av fyrste verdenskrigen søkte den polske adelen og diplomatiet å sadla det imperiale Storbritannia og Frankrike for sine ekspansive draumar austover. Og det med eit visst hell – ikkje minst til stor kostnad for Slovakia og Tsjekkia.

I heile mellomkrigstida stod den politiske kampen om styringa av Polen, mellom to fascistiske fraksjonar; diktatoren Józef Piłsudski og Roman Dmowski. Piłsudski var ein av dei fyrste politikarane i Europa som sende varme gratulasjonar til Adolf Hitler då han vann valet i 1933. Og då Piłsudski døydde i 12 mai 1935 sende Hitler utanriksminister Ribbentrop til Warszawa for å representera seg og Nazi-Tyskland i gravferda. Men det bør òg leggjast til at Hitler ved dette høvet gav ordre om å arrangera ei eiga minnestund for Piłsudski i Berlin med ei symbolsk kiste dekorert med det polske flagget og ørnen.

hitler pilsudski
Hitlers minnestund for Piłsudski i Berlin i mai 1935.

Rivalen Roman Dmowski derimot var sterkt anti-tysk. Hans førebilete var Benito Mussolini, endå om han mislikte Mussolini si undervurdering av rasismen som politisk mål og middel, og i dette spørsmålet hadde han større sympati med nazismen som ideologi.

Etter Piłsudski‘s død fekk Polen det såkalte Sanacjaregimet. Det var ei maktdeling mellom ulike Piłsudski-fraksjonar leidd av ein troika som bestod av general; seinare marskalk Edward Rydz-Śmigły, president Ignacy Mościcki og Józef Beck som hadde tent som utanriksminister under Piłsudski frå 1932, og frå 1930 til 1932 som visestatsminister og viseutanriksminister. Det er ingen tvil om at Beck var den som hadde det politiske initiativet i denne troikaen, og han var dogmatisk trufast mot Piłsudski sitt konsept „Międzymorzesom var sjølve plomma i det firkanta egget.

Men Międzymorze var heller ikkje noko nytt program, eller noka påfunn av Piłsudski. Det var ein draum om å reetablera den polske stordomstida som byrja med underteikninga av Unionen av Krewo 14. august 1385: Her vart giftarmålet mellom 11 år gamle Jadwiga og 26 år gamle Jogaila; heidning og storhertug av Litauen avtalt – etterat føresetnaden om at Jogaila ville lata seg døypa i Kraków var innfridd i mars same året. Deretter fylgde kroninga av Jogaila til konge av Polen i 1386, endå om Jadwiga fekk behalda sine kongeleg rettar.

Her ligg det firkanta egget gravlagd. Ei heilt avgjerande polsk vending og hending som vart innleiinga til eit 400 år samrøre mellom Polen og Litauen, og grunnlaget for alle erobringane i Kviterussland, Russland og Ukraina. Målet for denne unionen var frå fyrste stund å skapa eit Storpolen som strekte seg frå Austersjøen til Svartehavet. Og det er då òg dette målet som ligg i nemninga „Międzymorze“ – Mellom hava; altså Austersjøen og Svartehavet.

Det polsk-litauiske samveldet slik det framsto etter freden i Dywilino i 1618
Det polsk-litauiske samveldet slik det framsto etter freden i Dywilino i 1618. Dagens grenser er markert.

For Józef Beck og Sanacjaregimet var Międzymorze grunn-laget for den polske utanrikspolitikken og det polske diplomatiet gjennom heile andre halvdel av 1930-talet. Parallelt med at Beck – rekna som ein protysk politikar, forsøkte å oppnå allianse med Tyskland i sams motstand mot Sovjetunionen, så søkte han òg å verkeleggjera den polske draumen om det nye Storpolen gjennom union med Romania, Bulgaria og Horthyregimet i Budapest. I juli 1932 – altså før Hitler kom til makta, underteikna han ein ikkje-aggresjonsavtale med Sovjetunionen, og januar 1934 ein ikkje-aggresjonsavtale med Hitler-Tyskland.

Under kraftige opptøyer og krav frå den slovakiske befolk-ninga i dei polsk okkuperte slovakiske områda, kom Beck stendig med trugsmål om å erobra heile Orava og Spiš, og då Hitler byrja opptakten til aggresjonen mot Tsjekko-Slovakia som enda med Munchen-avtalen i 1938, var det Beck og Sanacja-regimet si politiske hovudline å få sitja ved bordet som skulle dela opp Tsjekko-Slovakia. Som me veit enda jo dette tragisk ved den tyske invasjonen i Polen, og Beck, saman med resten av regimet sine leiarar, flykta til Romania, kor Beck døydde i 1944.

Men attende til heidringa av UUP. I „online journalen“ – publisert av „Strategic Culture Foundation“, hadde Vladislav Gulevich 18. august ein kommentar til den tidlegare polske presidenten si tildeling av „Riddarkrossen av Polonia Restituta“ og „Sylvkrossen for stor forteneste“ til den ukrainske organisajonen UUP. Denne artikkelen er på fleire punkt mykje uklår, og eg vil derfor kommentera den i del 2 av „Draumen om det firkanta egget.» Denne delen vil vonaleg gje noko av den historiske i del 2.

KampanjeStøtt oss

6 KOMMENTARER

  1. Dette var detaljert og tungt! Jeg liker å tro at jeg er ganske godt inne i Polens historie – det var forholdet til jødene som tente lysten til å gå inn i det. Og det må sies – Polen i middelalderen, og særlig storriket Litauen-Polen, var omtrent det eneste stedet jødene i Europa var velkommen – og de var en viktig del av den intellektuelle overklassen den tiden. De hadde det også relativt greit lenge etterpå, til nærmere 1900-tallet, da forfølgelsene der også ble omfattende. Og de siste vel 100 årene er jo helt tragiske – fra 6 mill(?) jøder til max 20 000 i dag. Og det er definitivt ikke bare nazi-tyskerne som drepte de av dem som ikke flyktet.
    Så er det altså også på andre områder mye grums i historien; det har du definitivt rett i! Men det blir litt for mange detaljer her til å kommentere enkelthendelser; bare en presisering: Donald Tusk er ikke leder av Europarådet, som man kan forstå ut av måten du skriver det på – han er leder av dette rådet i EU, og kalles jo derfor EU-president.
    Det siste året – etter at jeg var på besøk i den utrolig spennende byen Warszawa (ikke Krakow, den er bare «kulisser») måtte jeg bare sette med ned da jeg kom heim for å finne fram til «sannheten» om hvorfor ikke Den røde armè kom opprørerne i byen til hjelp mot naziokkupantene ved opprøret i august 1944. Jeg ble jo møtt med to ulike versjoner som var totalt sjølmotsigende! Og fant sjølsagt ut at begge var usanne. Jeg har skrevet en artikkel om dette og forholdet mellom Russland og Polen ellers, som er trykt i bladet Sosialistisk Framtid, det som kommer i nærmeste framtid.

  2. Elisabeth, kan du søke redaktøren av dette sted om tillatelse til å legge ut din(e) artikkler om Polens historie her?
    POlen har helt åpenbart spilt en mye viktigere rolle i europeisk politikk enn hva man har gitt landet kreditt for.

  3. POLEN – En kort oversikt, sett fra Norge

    «Polen trosser EU og søker tettere forbindelse med USA og NATO»

    Polen er et merkelig land, som på over 1000 år aldri helt har bestemt seg for hva slags eksistensform det har, eller hvor det i så fall ligger. Nå vil landet øyensynlig «ut i verden» igjen, og konspirerer om nærmere sammenslutning med vestlige Ukraina som engang, for ikke veldig lenge siden (2. VK) het Polen.

    Jf. https://en.wikipedia.org/wiki/Poland .

    Det mest ensartede ved dette «landet» er dets uensartethet og befolkningens støe uvilje mot omverdenen. Samt at landet er overgangen mellom øst og vest i Europa, med den Store Europeiske Sletten som grei adkomstvei for hærer som skal den ene eller den andre veien og må svi av noen lokalbefolkninger, ofte polske, underveis.

    Ut fra den omtrentlige beliggenheten har Polen historisk fått en sterk hang til å være på parti med de sterkeste. Da har de lett fått noen problemer når hvem de sterkeste i nærområdene er skifter. Som f.eks. fra Sovjet til USA post-1991.

    Ikke rart polakkene har blitt innesluttede, selvopptatte, overkatolske (religionen er uavhengig av statens tilstand og plassering og derfor fin å ta tiltro til) og – her må litt ærlighet til – stokk dumme.

    Dumheten har en rasjonell forklaring: Under 2. VK slaktet Stalin og Hitler den militære offisersklassen. Disse kom fra aristokratiet, slik systemet med kjøp av offisersposter fungerte den gang. (Dvs. e. 1.VK i 1918, da «Polen» gjenoppsto etter ikke å ha eksistert på ca. 120 år, og inntil 2. VK ca. 20 år senere – disse mellomkrigs-årene kan kalles Polens selvstendige»storhetstid» som nasjonalstat, siden opprettelsen av nasjonalstat-systemet i 1648).

    Med offisersmassakrene ble landets styringskompetente utryddet (uansett den heller lave kvaliteten på denne «kompetansen», jf. uttrykket «polsk riksdag»). Polen hadde før Hitler-Tysklands invasjon en del jøder, tradisjonelt intellektuelle, men ikke så mange etterpå (nær 3 mill. færre). Dernest anså Stalin akademikerne som en trussel, og utryddet så mange som mulig av dem også.

    Slik ble både styrerne og tenkerne i Polen utryddet på 1940-tallet. – Dvs. det som samlet gjerne kalles «intelligentsiaen». De gjenværende ble altså «uintelligentsiaen». Bare «slaverne» var igjen.

    Etter 2. VK ble landet i praksis Sovjetstyrt. Om enn i navnet demokratisk. Det «demokratiske» som påstått tilstand tok folket en slags selvopprettholdende tilflukt til, som forestilling. På 1980-tallet gjorde slavene, unnskyld, arbeiderne opprør mot Sovjet-dominansen gjennom arbeiderbevegelse med noen «demokratiske» rettigheter de mente de hadde: Arbeiderhelten Lech Walesa fremsto med «Solidaritet». En skipselektriker var i praksis den smarteste Polen hadde. Han ble senere president.

    Siden Sovjets oppgivelse i 1989 har landet – først under Walesas styring – økonomisk snudd helt om, fra planøkonomi til ikke-planøkonomi, dvs. til nyliberalistisk økonomisk supervekst basert på de kommunistisk lydighetstrente arbeiderne, som nå trodde og mente de tjente seg selv. Slik har vestmaktene laget en økonomisk overklasse for landet igjen, mye bosatt utenfor (Tyskland).

    Den delen av arbeiderne som delvis tenker selv, har siden EU-medlemskap og fri bevegelse fra 2004, mest mulig flyktet til EU og Norge. Polen er dermed blitt Europas mest etnisk homogene land – siden det er landet alle flytter fra og ingen til. (De eneste tilflyttende måtte være syriske flyktninger, med Polen som sistevalg – men dem motsetter Polen seg nå). De gjenværende ca. 40 mill. arbeidere har fått et visst preg av xenofobi – ikke helt uten historisk grunn.

    Fra den Franske Revolusjonen / Napoelonstiden (1790-tallet ff.) og inntil etter 1. VK (1918) het Polen «Preussen» (samt i andre deler «Habsburg-monarkiet» og «Russland»), og området hadde heller dårlig rykte – som annet enn råmateriale til soldater og arbeidere. Samt poteter, beter og rug.

    Landområdene ble brukt som skillemynt til belønninger og utvekslinger etter kriger mellom de Europeiske stormaktene i vest, øst og sør. (Ja, og nord, om vi tar med Sveriges stormaktsperiode i flere varianter på 15-, 16- og 17-hundretallet).

    Arbeiderne, boende på de store slettene og i de vide skogene, holdt i mellomtiden på med sitt, da som nå, som stort sett gikk ut på å være fattige og utnyttede. Det er polakker blitt spesielt flinke til. Det er kanskje det nærmeste polakkene kommer til «nasjonalegenskaper». Ut over mutt vulgaritet og lav opplysthet, nauturligvis. (Den lave opplystheten er pussig for et land som i middelalderen hadde Europas beste utdanningsystem, men denne formen for opplysthet har siden skrudd seg over til religiøst artet indoktrinert «opplysthet».) Polakkene setter sin lit til Gud, Paven, Poteter, beter og mekanisk industri, og er ellers ikke så opptatt av emner tilknyttet etisk verdi. – Gud, Paven og USA-NATO tar seg av sånt.

    Vi vet alle hvem det vises til når politiet omtaler «Øst-Europeiske» tyveribander etc. Det er stort sett polakker og deres avkom i nabolandene de tidligere har omfattet eller vært underlagt. Det er dit syklene våre forsvinner og annet innbo samt sånt som ikke er ordentlig skrudd fast før det blir «borte» – med unntak av f.eks. kobberledning til t-bane og tog, såklart, som tildels er støpt fast først. Men polakker er gode til å være arbeidere, og får med seg det meste (unntatt personlig etikk, det lar de gjerne ligge). At alle blir rundstjålet av «myndighetene», dvs. enhver over en selv, er nærmest en genetisk arv for polakkene, som det ytes gjengjeldende motstand mot. De blir derfor gjerne lett forvirret når noen formaner dem om ikke å stjele – ut over at de innrømmer at det er galt å bli tatt.

    Det bor nå nær 100.000 polakker i Norge. De er den største gruppen innvandrere.

    *

    For enhver som måtte kommentere «urettferdig», «fordomsfullt» e.l. mot polakker til dette, vil jeg på forhånd forsikre om at det er Polen som fenomen og uensartet folkegruppe som her med klare gyldighets­begrensninger omtales, nødvendigvis som konstruert gruppe. Den enkelte polakk kan godt være et fint og endog fullverdig menneske. Fremstillingen er heller ikke ment å være uttømmende, kun en kort oversikt i tilknytning til Polens ivrige militære oppbygging nå, med USA-NATOs hjelp.

LEGG IGJEN EN KOMMENTAR

Please enter your comment!
Please enter your name here

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.