Hjem Debatt

Snakka om, ikkje med

0
Innfelt fra venstre mot høyre: Anine Kierulf, Anne Kalvig og Tonje Gjevjon.

Tonje Gjevjon med ein utmerka kritikk av Anine Kierulfs artikkel i Dagens Næringsliv: «Sensur, eller for tidlig sur».

Hans Olav Brendberg.

Eg skal ikkje kommentera sjølve saka, men eg plukkar siste avsnitt:

«Kierulf kunne tatt kontakt med Kalvig. Hun og NIM kunne invitert til en offentlig samtale. Kierulf kunne skrevet et innlegg som navnga Kalvig og inviterte til åpen debatt.

Hun valgte i stedet å skrive om henne.

Ytringsfrihets-eksperten Kierulf demonstrerer hvordan makt i offentligheten fungerer. Den som har makt og posisjoner, bestemmer hvem som blir snakket med, og hvem som bare blir snakket om. Det svekker den offentlige samtalen og kjønn, demokratiet og jenter og kvinners kjønnsbaserte rettigheter».

Det Gjevjon her kommenterer, er grunnmuren for det som blir kalla «offentleg debat» i Noreg. Og som aldri handlar om det dei påstår: Meiningsmangfald, opplysing, sakleg debatt og liknande. Offentleg debatt i Noreg handlar primært om å dra vilkårlege grenser for kven som kan delta i debatten på normalt vis.

Din støtte holder oss gående!

steigan.no er en av de svært få norske nettavisene med daglig publisering som drives 100 % av frivillige leserbidrag, uten pressestøtte, uten annonser og uten betalingsmur. Takk for at du gjør det mulig.

Støtt oss her

Difor er offentleg debatt i Noreg ofte kunnskapslaus og forbausande lite informativ.

Vi som tilhøyrer gruppa ein skal «snakka om», ikkje «diskutera med», blir så på ulike måtar «statuert som eksempel». Metodane varierer. Ein kjenning fekk øydelagt ein bil. Då eg freista halda eit offentleg møte i Oslo, vart det sett inn væpna politi med hundar – og ein hotelldirektør vart skremt ut midt å sundagen for avlysa inngått kontrakt. Glenn Diesen blir på subtile og mindre subtile måtar utsett for stalking. Anne Kalvig blir pressa ut frå ei professorstilling.

Og til slutt – når grensa mellom subjekt og objekt er etablert – kan ein «norsk» debatt byrja. Vanlegvis mellom ulike nyansar av «standpunkt A», medan «standpunkt B» – er forvist frå debatten slik at viktige prinsipp og fakta ikkje blir opplyst.

Kva gjer ein so?

Mitt råd: Gjer som Glenn Diesen: Kom dykk bort frå ein fordummande «debatt». Bygg opp alternative arenaer, og ha fokus på oppdatert, kunnskapsbasert meiningsbryting og opplysning.

Og hald den «offisielle» norske debatten unna, Dei ønskjer ikkje å bidra, og dei har ofte lite å bidra med. Om nokre veker skal eg td. innleia på eit seminar i Oslo.

Dei som har noko der å gjera, vil bli invitert.


Les også:

Forrige artikkelNorge som Zelenskyjs løpegutt mens Trump truer Ukraina til å kapitulere
Neste artikkelSpøkelset om total krig med Russland