Hjem Internasjonalt

Vegen som ikkje vart følgt

0
Hans Olav Brendberg omtaler Jonathan Piles bok: Churchill's Secret Enemy. KI

Det er mykje rart av bøker som blir gjeve ut i vår tid – og Jonathan Piles «Churchills Secret Enemy» er på mange måtar eit merkeleg stykke litteratur. Det er på mange måtar ei uferdig bok: Det manglar korrektur, noteapparatet er ikkje tilstrekkeleg, og boka manglar enkle ting som sidetal. Det manglar mykje på redigeringa – hovudinntrykket er eit råmanus som ikkje er klart til utgjeving.

Hans Olav Brendberg.

Boka er heller ikkje lett tilgjengeleg – du må kjenna engelsk historie i mellomkrigstida ganske godt for å henga med i svingane. Dette er ei bok for folk som veit kven Robert Vansittart, Harold MacMillan og Brendan Bracken var.

Din støtte holder oss gående!

steigan.no er en av de svært få norske nettavisene med daglig publisering som drives 100 % av frivillige leserbidrag, uten pressestøtte, uten annonser og uten betalingsmur. Takk for at du gjør det mulig.

Støtt oss her

Men med desse atterhalda notert: Dette er ei svært spanande historie, som bidreg til å utfylla biletet vi har av Storbritannia på veg inn i andre verdskrig. Midt i det heile sir Joseph Ball – den gråaste av grå eminensar. Spinmaster og spion, i grenselandet mellom hysjpoliti, internasjonal politikk og britisk høgreekstremisme. Ein av dei sentrale bak Labours valnederlag i 1924, då det falske «Zinoviev-brevet» vart planta i pressa rett før valdagen. Og sidan Neville Chamberlains hovudstøtte på vegen fram til Downing Street og München.

Om boka til Pile har relativt uryddig utsjånad, har eg likevel stor tiltru til Pile si evne til å grava fram kjelder og vurdera desse. Store delar av boka er sitat frå brev, dagbøker og andre dokument, og opplyser godt dei hendingane som blir omtala. Ein god del av kjeldematerialet er materiale som ganske nyleg har vorte tilgjengeleg – ikkje minst dei arkivboksane frå Joseph Ball som vart tilgjengeleg kring tusenårskiftet.

Det kjeldene og Pile viser oss er ein maktbalanse i Storbritannia der det er svært små marginar som avgjer. Våren 1939 var Churchill ei hårsbreidd unna å bli kasta ut frå parlamentet – slik hertuginna av Atholl vart kort tid før. Krigserklæringa i september 1939 vart følgt av «the phony war», og berre modig leiarskap frå dei konservative opprørarane i mai 1945 opna vegen til Downing Street nr. 10 for Churchill. Og sjølv om Churchill vart statsminister, var han lenge gissel for appeasement-fløya. Det var med naud og neppe Churchill klamra seg til makta gjennom dei dårlege nyhenda som kom i jamn straum fram til sommaren 1942.

Midt i desse intrigane finn ein so sir Joseph Ball – og dei konservative miljøa som stod for ein annan kurs. Sympati for Tyskland, jarnneve mot sosialismen – og front mot Sovjetunionen. Desse miljøa la premissa for britisk politikk etter 1935, då antinazistar som Anthony Eden og Robert Vansittart sakte, men sikkert vart trengt til side.

Ikkje minst får boka fram logikken i den forhandlingsstrategien som Chamberlain og Ball følgde på vegen inn i andre verdskrig. Mange har i ettertid lurt på kvifor Storbritannia ikkje bygde ein breid allianse som inkluderte Sovjetunionen etter at garantien til Polen var gjeve. Pile syner godt at dette var logisk ut frå Chamberlains politikk. Chamberlain ønskte ein avtale med Tyskland – og Tyskland gav tydelege signal om at dei godtok mykje, men at ein avtale mellom London og Moskva ville innebera stengt dør for vidare forhandlingar. Chamberlain gav rett og slett ikkje sine forhandlarar mandat til å inngå ein forpliktande avtale med Sovjetunionen – og resultatet vart at Sovjetunionen i staden gjorde ein handel med Berlin.

Sjølv ikkje etter krigsutbrotet gav Chamberlain opp vona om ein fredsavtale, og trafikken med fredsfølarar heldt fram. Etter at Churchill overtok i mai 1940 byrja stemninga å snu, men so seint som hausten 1940 var Ball klar til å byrja ein propagandaoffensiv for å få sett Churchill til sides, og gjera Chamberlain til statsminister att. Men det var for seint – på dette tidspunktet var Chamberlain døyande, og den «appeasement»-fløya som hadde dominert partiet fram til krigen byrja sakte, men sikkert å mista grepet. Historia om Joseph Ball er til sjuande og sist ei historie om ein veg som ikkje vart følgt – og som ein i ettertid har freista løyna. Men det stod ikkje skrive i stjernene – det var hårfine balansar som førde til at Storbritannia valde den store alliansen, i staden for alliansen med Tyskland. Pile har gjort eit viktig gravearbeid – og nokre av tinga han har funne fortener langt fleire lesarar. Men det krev ei ny bok, i ei anna form.

Jonathan Pile: Churchills Secret Enemy. CreateSpace Independent Publishing Platform 414 sider.

Forrige artikkel– Vil tvinge konkursbo til å drive fjernvarmeanlegg videre