19. april, 2024
Kort etter 10 i går kveld, austleg tid (torsdag), braut helvetet laus på nyheitskanalane. Oppkava nyheitsopplesarar dansa til «BREAKING NEWS»-mamboen. Israel angrip Iran med missil, var refrenget som gjalla med få minutts mellomrom og gav inntrykk av at endetida var nær.
Eg var i den unike posisjonen at eg nett hadde vore på Irans engelskspråklege nyheitskanal, Press TV, og diskutert dei nye påstandane til Israel om at Iran hadde vore ute etter å råke Dimona-kjernekraftsfasiliteten i Israel, og at denne hadde fått «mindre» skade. Eg sjekka tilbake med min Press TV-kontakt og vart informert om at dei var forvirra over påstandane frå USA, og arbeidde med å få verifisert kva, om noko, som hadde skjedd. Kort etter kunne kontakten fortelle meg at det hadde vore eit lite droneangrep, og at alle dronane hadde blitt skotne ned lenge før dei nådde målet.
Eg vende tilbake til dei US-amerikanske nyheitssendingane, og reportasjane var no oppdaterte med orda «avgrensa angrep». Det var då eg innsåg at vi kunne vere midt oppe i ein massiv propaganda-offensiv retta mot det amerikanske folket. Eg sjekka nyheitsdekninga på RT og på Al Jazeera. Ingenting. Ingen oppkava nyheitsopplesarar som desperat prøvde å skremme livskiten ut av sjåarane.
Innan tre timar etter dei første reportasjane dukka det opp direktesend video på Telegram, som viste situasjonen på Iran sin militærbase utanfor Isfahan – alt var roleg, og der fanst ikkje teikn på rykande ruinar. For ein kontrast til Israel sine første rapportar etter Iran sitt drone- og missil-angrep den 14. april – Israel nekta å vise live-bilde frå dei liksom «uskadde» flybasane som hadde blitt råka av iranske ballistiske missil.
Det oppsiktsvekkande ved nyheitsformidlinga i USA om det påstått israelske angrepet, var at reporterane i FOX, CNN og MSNBC siterte israelske militærkjelder som garanterte at det hadde vore eit «vellykka» angrep. Tilbake i Israel sat den dømde terroristen og ekstremistmedlemmen av Netanyahu-regjeringa Itamar Ben Givr og dømde det israelske angrepet nord og ned som skrale greier. Han skal ha fått hissig kritikk for å ikkje følge linja og lese frå det godkjende manuset, som sa at Israel hadde gjennomført eit viktig, men klokeleg tilbakehalde, gjengjeldsangrep på Iran.
Dette «angrepet» på Iran har alle kjenneteikna til eit regissert stykke politisk og militært teater – Israel angrip, og Iran, «av frykt», avslår å slå tilbake. Sanninga er at Iran, truleg etter råd frå Russland og Kina, gjekk med på å ikkje gjennomføre sine tidlegare truslar om eit massivt gjengjeldsangrep dersom Israel igjen angreip.
Somme i Israel er temmeleg fornærma på Biden-administrasjonens avsløringar. Ifølge Jerusalem Post:
… Israel vil ikkje, av strategiske grunnar, offisielt ta på seg ansvaret for dette angrepet. Kjelder forklarer at iranarane hevdar det var ein «eksplosjon på ein fabrikk» fordi dei vil unngå eskalering. Israelske kjelder fortalde Post at det er uklart korfor Pentagon sa til media i USA at Israel var involvert; dei kunne ha halde fram med å halde munn, seier dei. Dei kunne ha late Iran behalde verdigheita og unngått å sjølve eskalere situasjonen.
På Kirya-basen i Tel Aviv har statsminister Benjamin Netanyahu og alle leiarane innan sikkerheit og diplomati vore til stades i 24 timar og koordinert med regionale partnarar i Jordan, Egypt og Saudi Arabia.
Før opp dette som atter ein utanrikspolitisk fiasko frå Biden-teamet. Israel ville roe ned dei politiske farvatna heime ved å utføre eit «angrep» som det lett kunne nektast for, men som samtidig kunne lette på presset frå den eigne befolkninga om å slå tilbake mot Iran. Iran, for sin del, var nøgde med å skyte ned dei små quadcopter-dronane og å ikkje bli tvinga til å råke Israel med eit motangrep som kunne ha risikert ein svær, regional krig. Irans tilbakehald etter dette «angrepet» har gitt dei ein viss diplomatisk kredibilitet blant dei arabiske og tyrkiske naboane.
Ray McGovern og eg diskuterte denne hendinga i dag under vår faste Roundtable med Judge. Kos dykk.
Fritt omsett av Monica Sortland for Derimot.no.