«Menneskerettar» er Kafkas port i bymuren

0
Hans Olav Brendberg.

I ein novelle skriv Franz Kafka om mannen som sit og ventar på å få sleppa inn i byen. Han sit framfor ein port i bymuren – og framfor porten står ein vaktmann. Kvar gong mannen spør vaktmannen om han kan sleppa inn no, får han same svar: «Ikkje enno».

Til slutt blir mannen gamal, og når han ligg for døden går vaktmannen bort og lukkar og boltar igjen porten. «Kvifor», spør mannen. «Porten var for deg», svarar vaktmannen.

FNs menneskerettserklæring, og den etniske reinsinga av Palestina er begge produkt av det same politiske stormaktsspelet etter andre verdskrig. Dei er ikkje to ulike ting – dei er myntens to sider. Den enklaste definisjonen på «menneskerettar» er «slike rettar som palestinarane ikkje har».

Hykleriet er den avgifta vondskapen må betala til dygda, og lenge kamuflerte ein dette faktumet med å gje palestinarane teoretiske rettar som aldri var tenkt å innløysast: Flyktningane sin rett til å venda heim, kravet om at Israel må trekka seg tilbake frå dei okkuperte områda og liknande. Alle desse «rettane» er heilt parallelle med porten i bymuren: Dei skulle gje eit inntrykk av at det var mogleg å koma inn i vestens menneskerettsregime.

Men når vi no har den historiske fasiten, ser vi at alle desse lovnadene utan substans var eit stygt narrespel. Eit par generasjonar palestinske leiarar kasta bort tida si på å venta framfor bymuren, avdi dei trudde «menneskerettar» var eit universelt konsept. Men det var dei ikkje.

Dei som ikkje har menneskerettar er sjølvsagt utanfor omgrepet – dei er ikkje-menneske. Når porten i bymuren no blir lukka, står ikkje-menneske framleis utanfor det vestlege «menneskerett»-konseptet. Som Golda Meir fastslo: Palestinarane finst ikkje. Det neste, logiske steget kjem no i land som Tyskland, Frankrike og USA: Støtte til ikkje-menneske blir kriminalisert. Demonstrasjonsforbodet er der allereide i fleire land – i neste omgang blir det kriminalisert å hevda at palestinarane skal ha borgarrettar i den staten som har kontrollert liva deira i 75 år. Lovframlegga ligg allereide på bordet.

Dette er eit viktig steg – kriminalisering av støtte til ikkje-menneske handlar om prinsipp, og når ein først har fått gjennomslag for prinsippet, gjenstår berre den systematiske gjennomføringa.


Franz Kafka: Before the Law

Forrige artikkelGuernica
Neste artikkelDe ultrarikes makt (4) – IT, medisin og merkevare