Ungarn krever etterforskning av Biden-regimet for angrepet på Nord Stream

0

Av Sean Adl-Tabatabai, Newspunch.

Ungarn har bede FN om ei hasteetterforsking av Biden-regimet sitt åtak på Nord Stream-røyrleidningane, som journalist Seymour Hersh hevdar vart øydelagt av den amerikanske regjeringa.

Tre av dei fire naturgassleidningane som knyter Russland til Tyskland vart sabotert av amerikanske aktørar i september i fjor.

Åtaket gjorde mesteparten av Europa avhengig av amerikansk energi, som i praksis tvinga dei til å støtte krigen i Ukraina.

Summit.news rapporterer: Den Pulitzer-prisvinnande etterforskande journalisten [Seymour] Hersh publiserte ein artikkel tidlegare denne månaden [januar] der han slo fast at røyrleidningane vart øydelagde av USA som del av ein hemmeleg operasjon.

Ifølgje kjeldene til Hersh vart eksplosiva planta i juni 2022 av amerikanske marinedykkarar under dekke av NATO si BALTOPS 22-øving, og vart detonert tre månader seinare med eit fjernsignal utløyst av ei sonarbøye.

Ei av kjeldene fortalde Hersh at plottmakarane visste at den hemmelege operasjonen var ei «krigshandling», der enkelte i CIA og Utanriksdepartementet åtvara: «Ikkje gjer dette. Det er dumt og vil bli eit politisk mareritt om det kjem ut.»

Etter at Kina kravde at USA «forklarte seg sjølv til verda» om påstandane, har Ungarn no lagt si stemme til kravet om ei fullstendig og skikkeleg etterforsking.

Ungarns utenriksminister, Peter Szijjarto.

«Dette er i grunnen fyrste gong at slik større europeisk kritisk infrastruktur vart angripen. Av kven det enn var – men det var eit åtak,» fortalde den ungarske utanriksministeren Peter Szijjarto til RIA Novosti.

Szijjarto la til at sabotasjen var ei «skandaløs» terrorhandling og det å finne sanninga om kven som er ansvarleg burde vere av største internasjonale viktigheit.

Budapest ønskjer å vete «kven som utførde det, og kvifor», og ber om ei «omfattande, djup, strukturert og detaljert» underrsøking utført under oppsyn av FN.

«Eg meiner FN burde gje eit rammeverk for ein slik type etterforsking,» sa Szijjarto, og la til at det internasjonale organet burde agere som ei «plattform for land å snakke med kvarandre, til og med dei som ser på kvarandre som fiendar.»

Som vi tidlegare sette søkjelys på, responderte den tidlegare NSA-varslaren Edward Snowden på Det kvite hus si fornekting av at amerikanske etterretningsbyrå var ansvarlege for å sprengje Nord Stream-røyrleidningane, ved å peike på at dei òg ein gong i tida nekta for å vere involvert i Grisebukt-invasjonen og andre falske flagg.

Omsett av og henta frå saksyndig.

Forrige artikkelUSA bebreider Georgia for ikke å være tilstrekkelig antirussisk
Neste artikkelKongresshøring i USA – «regjeringa største spreder av feilinformasjon»
skribent
Skribent er en betegnelse vi bruker i databasen på alle som ikke er registrert der som forfattere. I de aller fleste tilfelle vil du finne forfatterens navn i artikkelen.