Eit dokument som redda mange liv

0
Fra forhandlingene i Jalta i 1945. Churchill, Roosevelt og Stalin.

Av Hans Olav Brendberg.

Dette er eit av dei mest omtalte dokumenta frå forrige hundreår – skribla ned i all hast under Churchills vitjing i Moskva hausten 1944. Dokumentet skisserer interessene dei ulike stormaktene vil ha i Aust-Europa etter krigen. Sovjetunionen vil ha dominerande interesse i land som Romania og Bulgaria. Jugoslavia blir eit 50/50-spørsmål, medan Hellas blir eit britisk (og amerikansk) interesseområde. Polen blir ikkje nemnt.

Var dette ein bindande traktat? Sjølvsagt ikkje. Men begge leiarane som lagar dokumentet forstår kva som blir sagt. Tretten år etterpå vedgår Churchill at Stalin heldt alle viktige avtalar. Då har Stalin vore daud i fire år.

Denne papirlappen, som ikkje har nokon formell status, var heilt avgjerande for utviklinga av to internasjonale kriser. Den britiske gjenerobringa av Hellas mot slutten av krigen går rett over i ein borgarkrig, der den greske partisanrørsla blir banka ned med flat hand. Dei som i fire år har sloss mot dei tyske okkupantane blir igjen internert, torturert, fengsla.

Sovjetunionen gjer svært lite for å stø dei greske partisanane, sjølv om dei har mange vegar til å forsyna dei greske styrkane.

Avtale er avtale, og Sovjetunionen ønskjer ikkje nokon større konflikt med vestmaktene. Den kalde krigen byrjar i stor grad som ei mistyding, der den greske partisanrørsla i USA blir tolka som sovjetisk innblanding i Hellas.

Når Tito bryt med Moskva, gjev «50/50»-formularet for Jugoslavia eit manøvreringsrom som han kan utnytta. Sovjetunionen veit at dei ikkje utan vidare kan gripa inn militært, slik dei gjer i andre austblokkland.

FN-pakta blir til i same periode som denne papirlappen. FN-pakta gjev likskap til alle statar. Men fem statar – USA, Sovjetunionen, Frankrike, Storbritannia og Kina – er likare enn andre. Det er desse maktene som skal klipa i armer og sparka i legger når mindre statar skal bankast på plass. Då har kvar stormakt ansvar for sine klientar.

Til gjengjeld har dei same stormaktene vetorett når sakene byrjar handla om primære tryggleiksinteresser.

I praksis er «interessesfære»-logikken innbygt i FN-pakta. Og so lenge stormaktene – godt skjerma frå pressa – kunne diskutera realitetar kunne dei også laga papirlappane som utgjorde demning mot ein ny verdskrig.

Forrige artikkelKlassekampens tåkefyrste
Neste artikkelStudie viser at covidvaksiner skader hjertemuskelceller, noe som fører til død