Noreg i krig mot naturen

0
Shutterstock

«Vi fører ein krig mot naturen», sa generalsekretær i FN António Guterres ved opninga av FNs naturkonferanse i Montreal 07.12.2022. «– Vi behandlar naturen vår som eit toalett. Dette toppmøtet er vår sjanse til å stoppe desse øydeleggingane.»

Av Svein Lund.

«– Vi ønsker oss en Paris-avtale for naturen, sier klima- og miljøminister Espen Barth Eide til NRK. … Espen Barth Eide har og troen på at verden skal komme i mål, og få gode overordnede mål … Vi må også ha gode handlingsplaner og konkrete mekanismer for å se hvordan landene jobbe for å nå målene.»

Det var teorien når ministeren er langt heimafrå. Men kva er praksis på heimebane?
– Over eit år etter at høgsterett dømte vindkraftutbygginga på Fosen ulovlig, held overgrepet mot naturen og reindrifta fram og profitten fossar inn til aksjonærane, inkl. den norske staten.
– Ved Førdefjorden har Nordic Mining fått starte anleggsarbeidet for ei gruve som vil fjerne eit fjell og fylle ein fjord med avgang. Det har blitt gjort ved at norsk politi har fjerna dei som ville verne naturen og norsk rettsvesen har dømt dei naturvernarane til høge bøter. No har saka gått til retten.

– Den same staten har gitt løyve til å fylle mange millionar tonn gruveavfall i Repparfjorden og øydelegge reinbeiteområde. Staten vil også her måtte sette inn politi for å få gjennomført eit vedtak som er gjort i strid med ei rekke lover.
– Ei veke før naturtoppmøtet ga Miljødirektoratet løyve til ny dumping i Bøkfjorden i Sør-Varanger, på kostnad av all naturen på botn og i dei frie vassmassane. 
– Den same regjeringa vil bygge ut nye oljefelt, stadig lenger nord i Ishavet, mot åtvaringar frå både vitskap og internasjonale organ.
– Energiministeren har erklært krig mot reindrifta og mot naturen i reinbeiteområde med at denne skal omgjørast til vindindustriområde.
– Regjeringa har velsigna øydelegginga av fjordane til oppdrettsanlegg og ønsker desse fleirdobla. 
– Hogginga av dei siste naturskogane held fram og skogvernet er så lite at det bare er symbolsk. 
Dette er bare eit lite utdrag av statlige brotsverk mot norsk natur.
Dette er norsk naturforvaltning i praksis. Tilbakegangen i naturareal skal fortsette. Ville dyr skal ikkje ha noko areal å leve på, men fortrengast fordi dei rikaste i verdas allereie rikaste land treng enno meir profitt. Regjeringa si oppgåve er å presse gjennom dette, overhøre alle faglige motargument og sette inn politi og rettsvesen for å kunne fortsette naturraseringa. 
Noko større hykleri enn det vår såkalte Klima- og miljøminister no driv skal ein leite lenge etter.

Svein Lund
Medlem av Naturvernforbundet og Motvind

Forrige artikkelImperialistisk rivalisering om fotball-VM: EU og USA mot resten
Neste artikkelRegjeringa i Storbritannia forbereder seg på å bruke militære mot de kommende streikene