CIA i Ukraina

0

Det er vel kjend at USA har hatt i gong undergravingsarbeid i Ukraina i lang tid, faktisk heilt frå før 2. verdskrig. Her er ei beretning om tida etter denne krigen og fram mot 2018. Det er den kjende CIA-forskaren, Douglas Valentine, som er intervjua. Valentine kom seg, som vi veit, heilt på innsida av CIA gjennom Colby, den tidlegare leiaren av organisasjonen. Han intervjua over hundre tilsette der og kom over mange dokument. Desse ligg i Kongressens bibliotek. Han samanfatta dette i nokre bøker. I 2017 kom boka The CIA as Organized Crime: How Illegal Operations Corrupt America and the World. Boka vart utgjeven av Clarity Press. Under her kjem ei omsetting av intervjuet som er kapittel 9 i ei av bøkene hans om CIA.

Terje Valen

Douglas Valentine

Douglas Valentine: CIA som organisert kriminalitet, kapittel 9: Ukraina

Ryan Dawson: Dette er Ryan Dawson frå ANC rapport. I dag her eg Doug Valentine med meg. I kveld skal eg spørje han om CIAs rolle i Ukraina og om deira infiltrasjon i media. Valentine, det er ei glede å ha deg tilbake i programmet.

Valentine: Takk, det er ei glede for meg og.

Dawson: Eg vil spørje deg om denne organisasjonen sitt arbeid med NGOar i Ukraina. Han heiter United Action Centre. Eg lese noko kort frå sida deira og vil høyre dine tankar om det. Der heiter det; «NGO-senteret UA har eit sterkt menneskeleg potensial. Gruppa har erfaring med å drive prosjekt i området for europeisk og euro-atlantisk integrasjon. I tillegg har UA-senteret ekspertar og aktivistar som har erfaring med journalisme, offentlege tenester, PR, offentleg aktivitet osb. UE-senteret har også ein stor database med kontaktar til internasjonale ekspertar, politikarar og journalistar. Nett no er UE-senteret koordinator for New Citizen’s Public Campaign som samlar rundt 40 NGOar[i].» (NGO = Non Governmental Ogranization, o.a.)

Ut frå Carl Bernstein-rapporten om media veit vi kor mykje CIA har infiltrert media. Kan du gi oss dine tankar om UA-senteret og kva dei gjer der med 40 NGOar, som det er antatt skal arbeide for å fremje demokrati og som får aktivistar og journalistar til å samarbeide?

Valentine: UA-senteret er ein organisasjon som Pierre Omidyar var med å starte for to år sidan. Det er ein paraplyorganisasjon som er knytt til forskjellige aktivist-prosjekt og NGOar, der ein av dei er Citizen-kampanjen som ifølgje Financial Times «spelte ei stor rolle med å få protestane opp og i aksjon»[ii].

Ifølgje Kyivpost mottok «UA-senteret meir enn 500 000 dollar i 2012 … der 54 % kom frå Pact Inc., eit prosjekt som er finansiert av USA sitt Agency for International Development. Nær 36 % kom from  Omidyar Nettwork, ein stiftelse danna av eBay-grunnleggar Pierre Omidyar og kona. Andre gjevarar  var International Renaissance Foundation, der den viktigaste grunnleggaren var milliardæren George Soros, og National Endowment for Democracy, der mesteparten av finansieringa kjem frå Kongressen i USA.[iii] Kvifor var Omidyar villig til å gå saman med slike velkjende regime-endrings-sponsorar som USAID og NED, for ikkje å snakke om Soros? Kor elles (sam)arbeidar han? Vi må aldri gløyme at dette er dei han held seg i selskap med. Kvifor?

Då Omidyar blei fødd i Paris og foreldra flytta til Maryland i USA då han var ung. Men det viser seg at han er av iransk slekt. Mora var ein farsi-lingvist og i 2016 var ho president for Roshan Cultural Heritage Centre[1] som driv kulturarbeid for Iran i USA og Iran sjølv. Så merkeleg som det kan sjå ut er det lite offentleg informasjon tilgjengeleg om faren hans, medrekna namnet. Det ser ut som han var urolog eller kirurg på John Hopkins, og då skulle namnet hans vere tilgjengeleg der. Det løyndomsfulle antydar ein form for etterretnings-tilknyting, kanskje av den typen overklasse-emigrantar som CIA kultiverer i USA. Det er eit faktum at CIA sitt kontor i Iran var ein av organisasjonens viktigaste basar for operasjonar mot Sovjet. CIA og MOSSAD skapte SAVAK, sjahens notoriske interne sikkerheits-teneste, og at sjahen i motyting gav CIA frie hender til å drive operasjonar mot Sovjet.

Kanskje Pierre Omydiar er tilgjengeleg for USA sine utanrikspolitiske organisasjonar ut frå nokre tidlegare familiekontakter. Kanskje det forklarer for kvifor han spanderte nokre få hundre tusen dollar (ein liten sum for ein milliardær) for å få UA-senteret på plass i Ukraina, slik at CIA kunne drive operasjonar mot russarane, slik dei gjorde det frå Iran. Eg har aldri høyrt nokon forklaring frå den pågåande utspørjaren, Glenn Greenwald. Når det kjem til lureriet (monkey business) til den som betalar han (sugar daddy) er Greenwalds politikk rett og slett «ikkje sjå noko, ikkje høyre noko, ikkje sei noko som er vondt».» Kvifor? Er det gjengjeldinga for dei pengane han får?

Vi veit at milliardærar som Omidyar og George Soros og Rockefellarane – for ikkje å seie noko om USAIS og NED – ikkje finansierer politiske verksemd ut frå sitt gode hjarte. Dei gjer det for å fremje sine eigne interesser. Det er grunnen til at organisasjonar som UA-senteret blir skapt: for å tene interessene til dei finansfolka som støttar dei. For meg ser det ut som ein CIA-oppretta mekanisme for å skape ein krise i Ukraina og utnytte den. Dei 40 NGOane sine koordinatar er perfekt plassert for å skape skjulestad for hemmeleg CIA-aksjon.

Det UA-senteret gjer er i røynda å koordinere politikarar og journalistar med ekspertar på internasjonal politikk og reklamefolk. Det står på heimesida deira. Alle desse folka driv med å produsere informasjon: kanskje er dei lenka til ein privat servar slik som den Hillary Clinton brukte då ho var utanriksminister. Det kan jo ha gått opp for CIA sine politiske og psy-war ekspertar sin svære hær at dei lett kunne samle offentleg støtte for fargerevolusjonane deira ved å skape internett-sider som sameinar og rettleier folk; at dei kunne manipulere potensielle opprørar på same måte, med dei same metodane som Frank Cotton var ein pionar for i Vietnam, men no oppdatert.

UA-senteret sine PR-ekspertar vegleier nok pro-amerikanske kandidatar i Kiev på same måte som amerikanske PR-folk manipulerte Boris Jeltsin i Moskva. Det er vel kjend at Jeltsin gav vekk butikken etter at han var blitt president i den Russiske føderasjonen. På same måte som CIA promoterte Jeltsin sikrar nok journalistar frå UA-senteret at pro-amerikanske politikarar får god presse. Dei spinn fakta på ein slik måte at Omidyar, som har gjort operasjonen mogleg, blir glad.

UA-senteret sin uttalte hensikt var å få Ukraina ut av den russiske bana og levere landet til dei vestlege korporasjonane. Og det var det som hendte, saman med dei obligatoriske politiske fordelane. Og sanneleg, nokre få korte år etter at UA-senteret var etablert, gjekk visepresident Joe Biden sin son inn i direksjonen for Ukrainas største gassprodusent, Burisma Holdings. Hunter Biden leier Burismas juridiske avdeling og deira kontakt med internasjonale organisasjonar.

Boka Flashpoint in Ukraina[iv]gir meir enn nok prov for at Obama-regimet og deira privatiseringslyste forretningspartnarar kasta den prorussiske ukrainske regjeringa og sette inn ei regjering full av nynazistar og amerikanske elitar. Dei gjorde dette for å gjere seg sjølv rikare, og likevel blei det inga sak i media. Det er business som vanleg. Den gjennomsnittlege ukrainar tener ikkje noko på det: det gjer berre den «super-rovdyraktige amerikanske eliten som organiserte kuppet. Det er forunderleg å sjå.

Biden sin slå- og ta-operasjon fann stad i 2014. I 2015 tok eit anna superrovdyr, Natalie Jaresko, kontroll over Datagroup, eit kompani som kontrollerer Ukrainas telecom-marknad. Jaresko hadde ein gong jobb i USAs utanriksdepartement og koordinerte handel og handelsselskap som hadde med det tidlegare Sovjet-Unionen å gjere, medrekna Overseas Private Investment Corporation. Sjekk henne ut på Wikipedia. Ho er ein del av den globale eliten: Det internasjonale pengefondet/Verdsbanken/Den europeiske bank for rekonstruksjon og utvikling. I Clinton-administrasjonen tente ho som leiar for den Økonomisk seksjon ved USAs ambassade i Ukraina og hjelp til med å legge grunnlag for statskuppet som fann stad er 20 år seinare. Mange fleire er planlagd.

Jaresko fekk ukrainsk statsborgarskap same dag som ho blei utpeikt til finansminister i Ukraina i 2014. Deretter pressa ho konkurrenten sin, eigaren av Datagroup, ut i konkurs ved å bruke den typen svindel med lån i utanlandsk valuta som mafialeiarar og økonomiske leigemordarar føretrekk. Det er slik ein heilt fri kapitalisme verkar. Dei overlesser dei nasjonane og forretningsfolka, som dei har peikt ut som mål, med gjeld og så reinskar dei desse ut. Og igjen får vi ikkje eit ord i protest frå media. Der er «frihandel» i aksjon.

CIA speler ei sentral rolle i desse spela, ved å gjere dei illegale sakene som dei kan nekte for på truverdige måtar, noko som krev høgteknologisk spionasje og undergrunnsfinansiering – ved å rekke inn i politi-filar eller bruke private etterforskarar for å finne skit på folk og så sette dei opp og drive utpressing mot dei. Denne typen undergravings-operasjonar kan ikkje bli gjord offentleg av folk som Biden og Jaresko og deira PR-folk. Operasjonar i utlandet må dei gjere i løynd ved hjelp av den kriminelle underverda.

Andre gongar spelar media ei sentral rolle. I USA, til dømes, vinn folk val gjennom negative kampanjar. Det demokratiske partiet hyrar etterforskarar for å få fram skit om republikanske kandidatar. Republikanarane gjer det same. Sannheita speler ikkje noka rolle fordi hendingane skjer i augneblinken. Så blir tomme påstandar til sanning før nokon kan svare. Det har blitt påstått at Senator Elizabeth Warren har hevda at ho delvis høyrde til den opphavlege folkesetnaden (indianar) då ho søkte seg inn på Harvard, og då ho begynte å drive kampanje for Hillary Clinton kalla Trump ho for «Pocahontas» kvar gong han fekk ein sjanse. Det finst alle slags måtar, innan den evig spektakulære dominansen, som brukast for å verke inn på hendingar gjennom oppdikta skandalar og feilframstillingar utan at det er ulovleg eller hemmeleg. Dei einaste som trengs er status som berømt, ein Twitter-konto og merksemd frå nettverka for informasjonskontroll.

Guy Debord sa det lenge før Internettet i boka Comments on The Society of the Spectacle. «Eit aspekt ved at all historisk kunnskap forsvinn kan vi sjå på måten individuelle omdøme kan endrast medvete av dei som kontrollerer all informasjon: informasjon som blir samla og også – noko som er ei heilt anna sak, informasjon som blir kringkasta. Moglegheita deira til å framstille saker feil er ikkje avgrensa av noko.

Alle kan bli tilgrisa, og ved sida av dei få ukjende og verna i CIA og Det nasjonale sikkerheits-etablissementet, finst det ikkje noko forsvar. I utlandet samlar CIA heile tida informasjon om motstandarar, som til dømes Vladimir Putin, og gir det vidare til dei vestlege media som er overlukkelege for å kunne spinne vidare på det på millionar av forskjellege måtar.

Det som er mindre kjend er at CIA også er engasjert i å endre balansen i heimlege så vel som utanlandske strider. Det er grunnen til at det er løynd og kvifor alle piratar med papir frå det offentlege hegnar om det. Dei deler den same forretningsideologien. CIA-offiserar, PR-folk, journalistar, politikarar og akademikarar som blir betalt for å gi «ekspert» kunnskap på Fox eller MSNBC manipulerer med vilje sosiale og politiske rørsler her i USA akkurat som dei gjer det for den ukrainske opposisjonen eller den venezuelanske opposisjonen.

CIA setter opp Twitter-kontoar og facebook-sider og sosiale nett-sider for å skyve folk inn i masseorganisasjonar for å nå dei sosiale måla sine. I mai 2016 kutta twitter «av USAs etterretnings-organisasjonar frå ei teneste som går gjennom alle twitter sine sosiale media-poster».[v] Den som var skuldig var CIAs Open Source Enterprise, som hadde kontrakt med ein privat kontraktor, Datminr, gjennom CIAs tydelege risikovennlege kapitalfond, In-Q.Tel, for å spionere på amerikanske borgarar. Slike super-hemmelege «etterretningstiltak» blir ofte brukt som dekke for svært illegale «offensive etterretnings» operasjonar.

Dawson: Vi så National Endowment for Democracy, som er heilt og fullt CIA, langt framme i Ukraina. Men kvifor treng CIA så mange mellommenn? Kva er føremålet med å ha 40 forskjellige ikkje-regjeringsstyrte organisasjonar?

Valentine: Eg vil gi deg eit eksempel. Då CIA gjekk inn i Vietnam som hadde ein kultur som USA ikkje var kjend med, var det først dei gjorde å kjøpe mykje eigedom. Dette var under Den første Indokina-krigen, og dei gjorde det i løynd, gjennom oppkjøparar, slik at dei kunne ha sikre hus som dei kunne bruke for å sette opp organisasjonar seinare. Det er alltid best for dei å kjøpe eigedommar i krisetider når prisane er låge. Som Trump alltid seier: «Kjøp lågt» Og når er prisane lågast? Som Baron Rotschild så vidgjete sa: «Når det er blod i gatene.»

CIA kjøpte store eigedomsområde i Saigon mellom 1952 og 1955, under Den første Indokina-krigen, då der var blod i gatene. Dei kjøpte førsteklasses eigedommar til 10 % av verdien. Det er det første steget – få ein fot å dørsprekken. Desse bygnadane var stader der CIA-offiserar kunne møte agentane sine og planlegge skitne handlingar. Dei let NGOar og sivile organisasjonar få nokre til sine operasjonar.

William Colby presenterte meg for ein av medarbeidarane sine, Clyde Bauer, den CIA-offiseren som dreiv Air America i Vietnam for lenge sida. Bauer fortalte meg at han sette opp South Vietnam’s Foreign Relations Council, Chamber of Commerce og Lions Club «for å skape ein sterk sivil base». Dette er det CIA gjer i Ukraina gjennom UA-senteret. Dei skaper ein pro-amerikansk sivil base som det kan komme politiske kandidatar frå.

CIA verkar inn på politikken i andre land på mange måtar. CIA-offiserar slusar heile tida pengar til alle politiske parti, høgre og venstre, og opprettar agentar som har stor rekkevidd for å oversjå og manipulere den politiske utviklinga. Dette er standard operasjons-prosedyre.

Det neste CIA gjer er å ta kontroll med nasjonens hemmelege tenester. Dei gjorde det i Vietnam og i Ukraina. Slik eg har forklart andre stader gir dei tilbod om trening og høgteknologisk utstyr til folka i dei hemmelege tenestene. Dei korrumperer dei og bruker dei for sine eigne formål, slik dei  brukte SAVAK i Iran. Det er i høgste grad illegalt å underlegge seg representantar for andre makter. Vi liker ikkje når nokon gjer det mot oss og det er ikkje noko ein person med stor påverknads-kraft er trena til å gjere (sjølv om den private sikkerheits-styrken hans sannsynlegvis består av tidlegare CIA-offiserar som veit korleis det skal gjerast).

CIA infiltrerer alle dei politiske partia og så snart ein politikar som dei eig er på plass, høgre eller venstre, kan dei løfte han/ho til forsvarsminister eller innanriksminister. Desse ministrane blir betalt av CIA og utpeiker representantar til det militære, sikkerheitstenestene, politileiarar som gjer det som CIA befaler. CIA prøver å plassere sine folk overalt i den nasjonen dei har fanga innan regjering og sivilsamfunn. I Sør-Amerika rekrutterer dei yngre offiserar gjennom School of Americas (som no har endra namn) og, når den rette tida er inne, får dei dei til å sette i gang kupp med støtte frå alle dei andre folka dei har kultivert i årevis, av og til i fleire tiår.[vi]

Dei store føretaka i USA (corporations) treng CIA for å få desse parallelle regjeringane på plass. CIA treng inn i militæret og i sikkerheitstenestene, og samstundes skapar dei ein sivil base gjennom organisasjonar som dei kan fornekte, slik UA-senteret. Dette er måten samfunn blir styrt på når der ikkje finst ein overveldande folkeleg støtte. Dei gjer deg gjennom å tileigne seg eigedom og ved å ha dei passande folka i regjeringar og i dei sivile institusjonane.

CIA rekrutterer folk på staden som Lech Walesa i Polen. Folk som leier fagorganisasjonar er ofte betalt av CIA, det same med folk som driv utdanningssystemet. CIA kan rekruttere desse folka fordi dei har så mykje pengar. Russarane kan ikkje konkurrere når milliardærar som George Soros overrislar ein million her og fem millionar der – pengar som går til å bygge sivile institusjonar som er ideologisk samstemd. Om folk gjer det for pengar eller tru på ei betre framtid, så manipulerer CIA dei samfunnsmessige og politiske prosessane. Offiserar frå CIA rekrutterer folk og set dei på plass, får dei til å signere kontraktar som klårt seier «Som ei motteneste for å fremme våre interesser her i Kiev vil du få 100 000 dollar på ein bankkonto i ein sveitsisk bank og livet ditt vil bli rosenraudt.»

Det er illegalt. Det er svikefullt. Du kan ikkje ta pengar frå ei utanlandsk spionorganisasjon og arbeide mot ditt eige land, men det er det CIA gjer i Ukraina nett no og rundt om i verda i ein massiv skala.

Dawson: Eg ville spørje deg om Human Intelligence. Kva er Intelligence Community Dirctive 304?

Valentine: Det kom ut i 2009. Viss nokon vil lese det er det berre fire-fem sider langt.[vii] Det fortel med brei pensel og enkle ord kva FBI, CIA og Forsvarsdepartementet gjer for National Director of Intelligence, når det gjeld HUMINT.

Stillinga Director of National Intelligence fanst ikkje før Bush blei president i 2001. Fram til då var det direktøren for CIA som leia alle etterretningsorganisasjonane. Men etter 9/11 leia ikkje CIA-direktøren alle dei andre organisasjonane. Den rolla gjekk til den nye Director of National Intelligence, som sidan 2001 har vore James Clapper. Bush skapte DNI-jobben for å gjere det mogleg å få betre kontroll med dei heimlege etterretningsoperasjonane.

I 2009 utforma Director of National Intelligence direktiv 304 for å definere jobbane til militæret, CIA og FBI. Den siste kopien som vi finn på nettet er redigert. Dei kutta ut delar om kva CIA gjer. Det er standard å klassifisere (som hemmeleg) namna til CIA-offiserane i Ukraina, kva dekkposisjonar dei har, kven dei har muta og fått under seg. Viss presidenten av Rotay-klubben er CIA-agent blir dei tinga klassifisert fordi dei er illegale. Men takk vere direktiv 304 får du ikkje ein gong vite kva som ikkje er hemmeleg når det gjeld CIA sine operasjonar. Så gale har det blitt.

Igjen dreier det seg om kontroll over informasjon. Dei vil ikkje at du skal vite noko. Det er slik dei utøvar makt over deg. Herskarane dine er forgjord av kontroll med informasjon og å ikkje la deg få vite kva som går føre seg. Nett som Greenwald skjuler skattkammeret sitt med NSA-dokument som han har fått av Snowden, og berre let ut nokre dropar som han vil at du skal sjå. Fordi makta til ein person eller ein institusjon er direkte lik moglegheita dei har til å kontrollere den informasjonen som makta kvilar på.

Dawson: Og for å profittere på det.

Valentine: Det er heile poenget. Demokratiet er øydelagd når regjeringa di hindrar deg frå å vite kva CIA gjer. Den typen demokrati er motsatsen til demokrati. Viss offentlegheita ikkje veit kva som går føre seg da her ho ikkje kontroll med sin eigen lagnad. Amerikanarane har gjeve opp så mykje kontroll, så mykje fridom.

Dawson: Kvar gong dei avklassifiserer noko finn vi ut at det ikkje hadde noko og gjere med sensitive løyndomar. Det berre skjuler illegal aktivitet, det er alt!

Valentine: CIA utfører ikkje hemmelege, illegale aksjonar rundt om i verda for å skape harmoni mellom klassar, kjøn eller raser i Amerika, eller for å oppmuntre palestinarar og jødar til å ta kvarandre i hendene og synge Pepsi sine reklamesongar saman. CIA gjer det på oppdrag frå Clintonane og Bushane. Dei gjer det for Omidyar og Bill Gates og George Soros og folka som styrer over oss.

Dawson: Dei er den hemmelege militære armen til plutokratane.

Valentine: Ja. Phil Agee kalla CIA for «kapitalismens usynlege hær». CIA utfører ikkje hemmelege saker for å få minimumslønna opp, eller for å få bankierane til å bli meir forsiktige med å låne ut pengar til folk som ikkje har råd til det. Dei jobbar med bankierane. Dei vil at ukrainarane skal sette pengane sine i eit firma som sel aksjar for Morgan Stanley i Kiev. Dei vi suge livet av ukrainarane. Derfor er CIA der og dei er svært nøye på og forsiktige med kven dei rekrutterer for å nå målet sitt.

Dawson: Dei ønskjer ting som har ein verdi i seg som eigedom og jordbruk.

Valentine: Ja, det første dei vil ha er eigedom, og den beste måten å få prisen ned på er ved å få gong krig. Folk flyktar frå krigssoner i Irak, Libya og Syria. Så snart det skjer går prisane ned og føretaksrøvarar som Omidyar, Biden og Jarsko stupar inn.

Dawson: IMF held på med rovdyraktige utlån for å gjere folk til gjeldsslavar slik at dei må selje det dei har for å betale utlånaren. Når Ukraina begynte å gjere avtalar med Russland så kjem det plutseleg eit statskupp! Eg må berre le når NGOane som er samordna av UA-senteret snakkar om at dei spreier demokrati når det noverande regimet i Vest-Ukraina blei utpeikt.

Valentina: Javisst. Historia om CIA sine etterretnings-operasjonar i Ukraina er lærerik. OSS-offiserar i 2. verdskrig slapp Stephan Bandera ut av fengsel i 1944. Bandera var ein nazi-kollaboratør med ein væpna styrke som slakta polakkar, jødar og kommunistiske arbeidarar på austfronten. USA rekrutterte Bandera slik at han kunne kjempe mot den framrykkande Sovjetunionen. Ikkje noko har endra seg. For nett ti år sidan sette CIA i gang «oransjerevolusjonen» med same mål – å kjempe mot Russland. Det var ein av dei første fargerevolusjonane og dei same personane var med her som blei brukt i kuppet i 2014.

Dawson: En giftskandale som den med dioxin.

Valentine: Kona til den regjerande presidenten i Ukraina (i 2014) er ein amerikanar og ho er ein del av den ukrainske eksilfraksjonen. CIA har ein stall full av folk i eksil frå alle kantar. Ngo Dinh Diem budde i Amerika då Ed Lansdale sette han inn som president i Sør-Vietnam. Han vaska golv for eit Marykoll seminar i Lakewood, New Jersey. Dei har eit lager av folk i eksil og aktivere dei og agentnettverka deira når det trengs. Eit nyleg eksempel er Fethulla Gülen, ein amerikanskbasert, tyrkisk forretningsmagnat som prøvde å kaste statsminister Erdogan i juli i 2016.[viii] Ettersom Joshua Cook rapporterte i 2014 kom Gülen til USA i 1999 på grunn av det som ble oppgitt som helseproblem og fortsette å bu i USA etter å ha fått visumet sitt med hjelp frå tidlegare CIA-folk. Før det sette FBI seg mot at han fekk varig opphald. Ifølgje lekka meldingar trur delar av regjeringa i USA at «Gülen er ‘ein radikal islamist’ med ein moderat bodskap som dekkjer over ein mørkare og meir radikal dagsorden.»

Cook rapporterte at «Gülen-inspirerte skular er det største privatskule-nettverket i USA og tar imot om lag 150 millionar dollar kvar år av skattebetalarane sine pengar. Det finst om lag 130 av desse privatskulane i 26 statar og mesteparten av lærarane er frå Tyrkia (og) mange av kontraktane for bygging og drift har gått til tyrkiske føretak. Dette heiste raudt flagg for regjeringa i USA.»

Folk som Diem og Gülen kjem ut frå under steinane sine og fyllar regjerings- og sivil-institusjonar som CIA skaper i nasjonar der dei får til regimeendringar. Dette er noko anna som går føre seg over alt i verda.

Dawson: Vi så det i Cuba til dømes der CIA faktisk hyra inn Meyer Lansky og mafiaen til å gjere det skitne arbeidet sitt. Og vi ser at den ukrainske regjeringa hyrer inn ein gjeng med nynazistar.

Valentine: Som vanleg har eg tatt lang tid for å komme til poenget mitt, men ja, CIA har operert med ukrainske folk i eksil sidan slutten av 2. verdskrig då dei hyrte Reinhard Gehlen. Gehlen hadde vore leiaren den tyske hæren si spionering mot Sovjet. USAs regjering si etterretningsavdeling hyra Gehlen i 1945, men så snart som CIA var organisert, snappa dei han og gav han ansvar for Aust-Europa. CIA brukte denne tidlegare nazisten for å aktivere att dei spionnettverka han hadde i Ukraina, Polen, Latvia og alle landa i Aust-Europa, og desse gamle nazi-spionane begynte å arbeide for CIA.

Dawson: Dei gjorde det same i Japan. Dei fekk Jakuza og tidlegare japanske spionar til å spionere på kinesarane. Dei trengte etterretningar, og dei hadde ikkje nok folk som snakka kinesisk eller folk som kunne infiltrere. Så dei held på dei same folka frå det japanske imperiet som hadde vore der sidan 2. verdskrig.

Valentine: Alt dette er illegalt, men det er dette CIA gjer rundt om i heile verda. Dei har gjort det i Ukraina i generasjonar. Dei har barnebarna til nazistar på løningslista og ein utruleg infrastruktur av nynazistiske hemmelege agentar som har kjempa mot Russland i sytti år.

Russarane kjenner namna deira, kor dei bur og kor CIA har sine sikre hus. Men amerikanarane har ikkje peil. Dei trur at krisa starta i dag fordi media presenterer det slik. Journalistane, redaktørane deira, industrieigarane, utgjevarane – som no inkludere Omidyar – vil ikkje vite om alle dei illegale aktivitetane som CIA er med på, på vegne av dei. Så dei som eig New York Times og Washington Post tilsett redaktørar som dirigerer journalistane slik at dei aldri rapporterer om kva CIA gjer.

Dawson: Nokre av dei er CIA.

Valentine: Journalismen i USA er eit tradisjonelt dekke for CIA-offiserar. Og når media-eigarane ikkje dekker for CIA sel dei avertissement-tid til dei multi-nasjonale korporasjonane som i sin tur sel deg varer som er laga i arbeidsplassar med dårleg løn og dårlege arbeidstilhøve i land der CIA har sørga for regimeendringar. Du kan mest seie at det ikkje finst noko slikt som rapportering av fakta. Dei er så verdifulle som mesteparten av dei overprisa varene som folk kjøper for å heve statusen sin. Alt er vridd og servert i ni sekundars lydperiodar, slik at du vil kjøpe noko, ikkje vite noko og gløyme noko.

Dawson: Viss nokon er forvirra, berre sjå på rapportane frå Ukraina, eller rapportane i dei ni åra då dei førebudde Irak-krigen. Legg merke til kor lik alle dei tre-bokstav media var. Rapportane blei avslørt undervegs. Likevel fekk du ein komplett einsidig historie på TV. Den er for krig, for statskupp.

Valentine: Eg meiner at problemet ikkje er at CIA infiltrerte journalismen, men heller at CIA fremmer journalismen som business – noko som verkeleg er kapitalismen sin reklamebransje. Dei jobbar saman. Dei journalistane som «kan stolast på» som skriv om CIA slik Seymour Hersh gjer det – seier aldri det som eg seier her. CIA og media er delar av den same kriminelle konspirasjonen. Du vil aldri lære noko viktig ved å lese det som mainstream journalistar diskar ut om CIA. Du kan ikkje ta eit kurs for journalistar i CIAs kriminelle konspirasjonar 101.

Dawson: Det er grunnen til at eg laga dokumentarfilmen kalla «Tiår med bedrag» som tok for seg ein bunke med hemmelege operasjonar – som har blitt heilt avslørt – som CIA var innblanda i er i kontrollerte heilt.[ix]

Men å få det ut i ljoset er ei dråpe i havet samanlikna med kva massemedia spreier og kor mykje feil vi blir servert på skulen og på TV.

Valentine: Dei siste 240 åra har det amerikanske samfunnet hatt som målet sitt å gjere ei lita gruppe med eigedomseigarar og deira påfølgande generasjonar rikare som tok over verda etter at dei hadde erobra kontinentet. Dei sivile institusjonane og regjeringsinstitusjonane i USA har i over 240 år blitt organisert for å fremme dette målet. Det faktum at CIA kom for 70 år sidan og har skyve prosessen frametter ved å gjere illegale saker på industrielt grunnlag har ikkje endra drivet til det amerikanske imperiet og deira leiande menn.

Dei folka som kontrollerer UA-senteret og styrer operasjonane i Ukraina gjer det same her. Det er dei same herskarane. Det er dei same journalistane, dei same politikarane, og dei gjer dei same sakene. Berre spor kva dei har skrive.

Dawson: Og dei kan forvri massive hendingar. Eg meiner at å få ei avis eller ein TV-reportar til å nemne at Palestina er under okkupasjon – det vil aldri skje. Aldri.

Valentine: Og likevel tenkjer folk at dei har fridom her. Eg gissar at alt er relativt, men viss du tar til å vite lite grann, skjønar du at du ikkje kjenner til mykje «sanning» i det heile.

Dawson: Internettet lagar ein liten bulk i det, men ikkje nok. Ikkje enno, men eg har eit håp for det likevel.

Eg er sekstiseks: då eg tok til med å skrive tilbake i dei tidlege 80-åra kunne det ta ein månad å få kontakt med nokon for å få kunnskap om ein sak. Det går fortare no. Men CIA er også hurtigare no. Dei skapte eit nytt Digitalt Direktorat for å kontrollerer internett-informasjonen på ein meir perfekt måte. Kontrollen av vitskapleg og teknologisk informasjon er like viktig som kontrollen av ord – den intellektuelle informasjonen som er skriven ned eller kringkasta. Kontroll med vitskapleg informasjon er eit middel til å kontrollere ideane våre og korleis vi vurderer saker. På same måte som CIA er i front når det gjeld propaganda på Internett er den vitskaplege og teknologiske avdelinga deira i front med å skape dei industriane som driver verda.

CIA er i front i drone-  og våpenteknologi – alle slags teknologiske framsteg som berre tener den herskande klassen og gjer han rikare. CIA er i front i den forskinga og utviklinga som har med Internettet å gjere også.

Tilbake midt på 1990-talet fekk eg undervisning i hypertekstspråk. Og til mi overrasking fekk vi vite at all informasjon var ruta gjennom superprosessorar i Langley. Putin sa nyleg at Internettet var eit av CIA sine spesialprosjekt, og han hadde rett. Eg hugsar då forsvarets framskridne forskingsprosjekt kom ut med ARPANET, som gjorde det mogleg for oss å til tilkomst til informasjon i college-bibliotek tidleg på 1990-talet. Alt blei gjort under Forsvarsdepartementet, som fronta for CIA.

Så dei moglegheitene Internettet gjer er ein ny fridom, men samstundes nyter vi den fridommen på løyve frå CIA. Viss dei ville kunne dei stenge det heile ned på ein augneblink. Dei kontrollerer det og overvakar alle sidene ved det. Viss vi verkeleg gjorde noko som truga dei så ville dei vite om det i eit nanosekund og aktivitetane våre ville bli stoppa. Men vi er berre mygg.

Dawson: FFC har allereie teke steg for å øydelegge nøytraliteten på nettet i USA. Eg ser at Internett-fridom er ein slags svart svane. Vi har alle desse kommersielle føremåla, heilt klart: folk som Omidyar som tener pengar ved å selje ting online, men eg er ikkje sikker på at dei var engstelege for at der ville vere folk som blei sjølvlærde journalistar og begynte å rapportere om alle dei fæle tinga dei gjer.

Valentina: Folk er avhengige av Internettet no og viss Bill Gates eller Omidyar ville, så kunne dei begynt å ta ein dollar dagen for å bruke det. Det er som eit narkotikum. Det første skotet er gratis. No er tida inne for dei å begynne å ta betalt. Ikkje noko som skjer på Internettet no fortel oss korleis det vil bli om fem år. Heile denne Internett-fantasien kan bli eit mareritt ganske snart.

Dawson: Vel det var ganske dystert, men du kan ha rett. I alle fall tar dei betalt og tenester og ei liker det ikkje. Men du kan kontrollere informasjon totalt viss du veit kven som er hurtig og kven som er sakte: det er alt som trengs.

Valentine: Viss du var ein Internett-entreprenør, kor mange måtar trur du at du kunne finne på for tene pengar på det? Folk er avhengige av iPhones og teksting. Dei som driv tenestene heng rundt skuleplassen og dei gir deg fri Skype. CIA også. Viss engelskmennene kunne sleppe unna at dei pusha opium i Kina i 1848, kva får deg til å tru at CIA ikkje vil gjere det her og no?

Dawson: Selje opium? Ha.

Valentine: Vel, lat oss komme tilbake om fem år og sjå om eg får rett.

Dawson: Nyt dei gode tidene, for desse små fridomsbitane som vi har no kan vere dei siste. «Du treng ikkje ein vêrmann for å vite kva veg vinden bles.» Det er som med direktiv 304, som du kunne finne online, men som no er klassifisert som hemmeleg. Borgarlege rettar blir stadig færre, dei blir ikkje fleire. Høgsterett sa nett at ingen kan utfordre Obama sin rett til å internere.

Dawson: Han drep utan rettargang og.

Valentine: Dei kan gjere kva som helst og det kjem ikkje til å bli betre ettersom resursane blir færre og inntektsforskjellane blir større, desse utviklingstrekka kjem berre til å forverrast.

Dawson: Ja, dei hadde den største overføringa av pengar til storføretaka nokon sinne, men så forsvann det. Og det var etter seksten milliardar dollar i redningspengar til desse finansinstitusjonane, pluss Federal Reserve som hoppa etter dei med enno meir pengar.

Valentine: Dette er eit perfekt eksempel på at vi ikkje lever i eit demokrati. På den tida gjorde dei nokre spørjeundersøkingar, og nitti prosent av det amerikanske folket ville ikkje at regjeringa skulle dekke bankane sin gjeld. Det som skjedde var bestemmingar tatt av dei løynde herskarane våre. Alle store bestemmingar i demokratiet vårt blir tatt av dei.

Dawson: Og massemedia er samd med dei: «For stor til å gå konkurs!»

Valentine: Ja, det er eit fengande slagord. Og der er færre herskarar heile tida og fleire av oss som slit oss fram på utsida, og som betalar rekningane deira.

Dawson: Vel, få fram høygaflane folkens!


[1] Denne organisasjonen er ein del av Omidyar sitt enorme nettverk av NGOar. Det ser ut som Omidyar støttar fleire motstridande politiske retningar og at motivasjonen derfor ser uklar ut. Ein interessant artikkel frå i fjor i ein propagandakanal for USA, Middle East Forum, seier noko om dette og fortel ein del meir om Omidyar og hans organisasjonar. Dei framstiller det som om han støttar styret i Iran. Men det som kjem klart fram er at han bygger og leier ei stor mengd NGOar over heile verda der han slepp til og at han har mange organisasjonar i Iran, slik han har hatt i Ukraina. I USA tar Omidyar opp arbeidarrettar og arbeidsforhold og ser sosialdemokratisk ut. Mykje av den andre politikken hans ser og ut til å gå i denne retninga no. Men han driv og arbeid mot såkalla desinformasjon og står i den heilskaplege politikken sin for USA sine interesser etter det eg kan sjå. Vi kan sjå overskrifta på det overordna programmet hans og dei organisasjonane som samarbeider med nettverket hans her. Det samsvarer nok mykje med Schwab sine tankar om å forme om kapitalismen gjennom ein «reset» og «stakeholdercapitalism».


[i] Tatt den 10. februar, 2016 frå http://centreua.org/en/team/445/, slik det er sitert i Chris dePloeg, Ukraina in the Crossfire, Clarity Press, Inc., 2017

[ii] R. Olearchyk, (14 desember, 2013). Ukraina: Inside the pro-EU protest camp. Tatt frå http://blogs.ft.com/beyond-brics/2013/12/14/ukraina-inside-the-pro-eu-protest-camp/?Authorised=false sitert i dePloeg, Ukraina in the Crossfire.

[iii] Sitert i dePloeg, Ukraina in the Crossfire.

[iv] Stephen Lendman ed., Flashpoint in Ukraine: How the US Drive for Hegemony Risks World War III, Atlanta, Clarity Press, 2014.

[v] Eamon Javers, «Kvifor Twitter valde å gå til kamp mot CIA», CNBC, 13. mai, 2016.

[vi] Se kapittel 4: Den systematiske innsamlinga av opplysningar (intelligence).

[vii] <http://fas.org/irp/dni/icd-304-2008.pdf>

[viii] Joshua Cook, «Exclusive: FBI Whistleblower and Teacher Expose Islamic Gülen Movement Infiltrating U.S. Through Charter Schools», Truth in Media, 28. juli 2014.

[ix] http://www.ancreport.com/documentary/decades-of-deception/

Sjå også:

Boyd-Barrett, O. (2016). Western Mainstream Media and the Ukraine Crisis: A Study in Conflict Propaganda. Routledge.

Chris Kaspar de Ploeg. Ukraine in the Crossfire. Clarity Press.

(Boka er samanfatt og kommentert av Terje Valen som og har oversett kapittel 9.)

Terje Valen, laurdag 29. oktober 2022

Et lengre sammendrag ligger på bloggen til Terje Valen.

Forrige artikkelFår vi en ny intifada og en mer uforsonlig ortodoks jødisk blokk?
Neste artikkelNakstad og keiserens nye klær 
Skribent er en betegnelse vi bruker i databasen på alle som ikke er registrert der som forfattere. I de aller fleste tilfelle vil du finne forfatterens navn i artikkelen.