Utviklinga på slagmarka

0
Illustrasjonsbilde

Av Hans Olav Brendberg.

Dei første månadene av krigen var uoversiktlege. Russiske styrkar rykte fram over alt – i sør, aust og nord. Dei erobra nokre forstader rundt Kiev og Kharkiv, men biletet skifta heile tida. «Erobringane» hang ofte i lange og utsette forsyningsliner som ikkje var sikra. Ukraina gjorde mange stader sterk motstand, og russarane hadde store tap. I sør vart storbyen Kherson erobra. I aust vart Mariupol omringa. I det området som har vore mest prega av krig sidan 2014 – Donbass – var det knapt rørsle i frontane. Her stod dei to hærene mot kvarandre i godt førebudde stillingar – med fleire parallelle forsvarsliner i djupna.

Midt i april skifta den russiske krigføringa mykje. I staden for stor mobilitet, byrja ein seig krig der artilleri spela hovudrolla. Russiske styrkar trekte seg tilbake frå Kiev. Dei ukrainske styrkane i Mariupol vart trengt tilbake til stålverket Azovstal. Og no byrja veldig mykje av kamphandlingane å skje i aust – i Donbass.

Den første viktige, russiske sigeren var erobringa av Popasna. Popasna ligg høgare enn området rundt – og etter erobringa av Popasna vann russiske styrkar raskt terreng nordover i retning hovudvegen forbi Soledar. Dermed kutta dei viktige forsyningsliner for styrkane lenger aust – i Lysitjansk og Severodonetsk.

Men den russiske erobringa av Popasna hadde også ein annan konsekvens. Fleire forsvarsliner i området nord for Svetlodarsk vart brotne. Svetlodarsk ligg aust for ein innsjø – og har difor ikkje gode kommunikasjonar vestover. Presset frå det russiske gjennombrotet ved Popasna førte difor – etter nokre veker – til at Ukraina gav opp Svetlodarsk og trekte styrkane sine tilbake frå byen.

I dei to byane ukrainske styrkar har halde aust for Popasna – Severodonetsk og Lisitjansk – held russiske styrkar no på med oppreinskingsaksjonar i Severodonetsk. Severodonetsk ligg aust for Donets-elva, og fell difor først. Lisitjansk ligg vest for elva, men står i fare for å bli heilt avskore frå forsyningar frå vest. Det gjeld også den mindre byen Zolote, der det framleis blir gjort motstand, men der dei ukrainske styrkane er omringa på tre sider.

I nord freista russarane for ein del veker sidan å kryssa Donetsk-elva, noko som enda med større tap. Sidan har russarane erobra byen Liman (som no igjen har skifta namn til Krasnaja Liman). Her driv russiske styrkar no og erobrar terrenget fram til Donets.

Lenger vest er det russiske framspringet ved Izyum på vest/sørsida av Donets. Mellom dei russiske styrkane her og det nye gjennombrotet ved Liman blir dei ukrainske styrkane ved Sviatogorsk liggjande isolert på «feil» side av Donets-elva. Dette blir truleg den neste byen som blir erobra (eller oppgitt) i dette området.

Dette tyder – med andre ord – at dei russiske styrkane nærmar seg Slavjansk frå nordsida.

Dette kartet er fra det pro-ukrainske nettstedet Institute for the Study of War.

Utanom denne «botnen» av Donbassgryta har det vore nokre mindre åtak mot dei ukrainske stillingane i Avdijivka, rett nord for storbyen Donetsk. Men ingenting tyder på at dette er eit veldig prioritert område nett no.

Sidan helga har ein i vestlege media og frå regjeringa i Kiev gjort eit nummer av ein ukrainsk offensiv i området nord for Kherson. Ingen oppdaterte kart (til dømes det Google oppdaterer) tyder på at denne offensiven so langt har oppnådd anna enn ein del ukrainske tap. Ein del av dei som deltek i denne offensiven har gått offentleg ut mot leiinga av krigen på Telegram.

Dei som vil følgja med på krigen, får ganske lite att for å følgja vestlege media. Det finst interessante ting på Facebook. Google legg ut OK kart. Russiskkontrollerte nettstader, som South Front, legg ut interessante ting – også om misnøye i styrkane på russiskvenleg side.

Dette kartet er fra det pro-russiske Southfront.

Dei viktigaste tala – på falne på kvar side – har vi framleis ikkje tilgang til. Zelensky har vedgått at Ukraina mistar hundre mann pr. dag berre i falne. Eg trur talet er høgare. I tillegg er det etter kvart nokre tusen krigsfangar – særleg etter kapitulasjonen i Mariupol.

Ukraina har no godt over ein halv million mann under våpen. Dei russiske styrkane er langt mindre, men held fram med å erobra godt forsvarte område – bit for bit. Juni kan bli ein tung månad for dei ukrainske styrkane.

Les også: Den russiske militærmaskinen maler og maler

Forrige artikkelFornebubanen: Ap på Stortinget og i regjeringa roper i talekor «Hater – hater — haater -Oslo-by!»
Neste artikkel–Vi måtte blottstille oss i media for å få hjelp til gutten vår Aksel (16)