Pass på å vera uvitande!

0
Stefan Harabin. Foto: Branislav Wáclav

Av Hans Olav Brendberg.

Dei siste åra har halvdanna menneske insistert på ein form for «kjeldekritikk» som i si mest banale form går ut på at det som står i Aftenposten, the Guardian og Washington Post er sant, medan det du finn på alternative nyhendeplattformer er «fake news».

Dette blir kombinert med tilrop om «kjeldekritikk» kvar gong ein legg ut lenke til alternative nyhendekjelder.

Det er no gått eit døgn sidan arrestasjonen av Stefan Harabin. Det å arrestera ein tidlegare justisminister og høgsterettsdomar i eit EU-land for meiningar er faktisk nyhende. Viktige nyhende.

Men kven skriv om dette?

So langt er det nyhendekjelde som «newsbeezer», «europenewsok», «newsnow.tasr», «alwaysfreshnews» og liknande stader som skriv om saka.

Ingen mainstreamkjelder skriv om saka, so langt.

Det er akkurat same mønster som då innhaldet i Hunter Bidens laptop vart avslørt: Ingen – ingen – skreiv om det utanom New York Post, Glenn Greenwald og eit par andre. Og Twitter, Facebook og dei andre blokkerte aller forsøk på å dela nyhenda – medan MSM spreidde løgnhistorier om at dette var «russiskprodusert fake news».

Den banale ideen om at MSM er «nøytrale» og «gode» kjelder er ein ideologi for å gjera oss sjølve til angivarar og meiningspoliti. Ein ideologi for å redusera myndige borgarar til ein redd og kaklande hønseflokk – som sjølv passar på å halda seg uinformert om det dei ikkje skal vita.

Men problemet med nyhenda om arrestasjonen av Harabin er at dei er sanne. Det er andre grunnar til at MSM vel å ikkje skriva om dette.

Forrige artikkelHva mener egentlig Rødt om EØS og norsk sjølstyre?
Neste artikkelArvesølv under folkets kontroll