Oss femtekolonnistar imellom

0

Av Svein Lund.


Putin kallar no alle russarar som protesterer mot krigen mot Ukraina for femtekolonnistar og forrædarar. Dei blir bura inne og truga med 15 års fengsel, noko som vil seie store sjansar for ikkje å komme ut igjen i live. Brotsverket deira er å sette allmenne menneskelige moralske prinsipp og internasjonal folkerett over den rådande politikken i den staten dei er borgarar av.

Fordømminga er unison i «den frie verda» i vest, der slikt sjølvsagt ikkje kan skje. Eller? Har vi glømt Assange, Manning og Snowdon, som er forfølgt fordi dei har røpa USA sine krigsbrotsverk. Dei blei truga med enno høgare straff enn Putin vil gi motstandarane sine. Vi kan bruke akkurat same setninga på dei: Brotsverket deira er å sette allmenne menneskelige moralske prinsipp og internasjonal folkerett over den rådande politikken i den staten dei er borgarar av.

Krigen i Ukraina har i Noreg og andre «vestlige» land ført til eit hysteri av dimensjonar, som går gjennom dei fleste medier og politiske parti. No må vi bare snakke om det russiske åtaket, og russiske krigsbrotsverk. Så må vi gi eit best mogleg bilde av vår eiga side og av den parten som vi støttar med våpen. Da må vi teie stille om alt som kan telle negativt for «vår» sak, i dette tilfelle om negative sider ved styret i Ukraina, ved NATO og USA si rolle der og elles i verda. Å nemne USA si deltaking i kupp i Ukraina og opprustning av nazigrupper, det er  «whataboutism» eller avleiingspolitikk, eller det som verre er, det er å rekne som femtekolonneverksemd, altså å støtte fienden med å undergrave eigen stat eller eigen allianse frå innsida.

Omgrepet «femtekolonne» stammar visstnok frå den spanske borgarkrigen, der fascistane gikk til angrep på Madrid med fire kolonnar, mens dei hadde ei «femte kolonne» som motarbeida republikken sin hovudstad frå innsida. Seinare har uttrykket, med meir eller mindre rett, vore brukt om alle som motarbeider den staten eller gruppa dei hører til. I mange land blir all opposisjon stempla på dette viset, særlig om dei opponerer mot staten sin utanrikspolitikk, f.eks. med å nekte å delta i angrepskrig. Det blir rekna som desertering, og blir i krig ofte straffa med døden eller i alle fall mange år i fengsel.

Dei fleste religionar og ideologiske retningar (med unnatak av fascismen) bekjenner seg til visse moralske prinsipp. Vi kjenner alle frå kristendomen «du skal gjøre mot andre det du vil at dei skal gjøre mot deg». Andre religionar og ideologiar har liknande tankar.

FN si menneskerettserklæring seier bl.a.:
– Alle mennesker er født frie og med samme menneskeverd og menneskerettigheter. De er utstyrt med fornuft og samvittighet og bør handle mot hverandre i brorskapets ånd.
– Enhver har krav på alle de rettigheter som er nevnt i denne erklæring, uten forskjell av noen art, f. eks. på grunn av rase, farge, kjønn, språk, religion, politisk eller annen oppfatning, nasjonal eller sosial opprinnelse, eiendom, fødsel eller annet forhold.
– Alle er like for loven og har uten diskriminering rett til samme beskyttelse av loven. Alle har krav på samme beskyttelse mot diskriminering i strid med denne erklæring og mot enhver oppfordring til slik diskriminering.

Vi veit alle at denne erklæringa blir brote daglig. Det er vår plikt å reagere mot slike brot uansett kor dei skjer. Likevel er det langt lettare å reagere mot menneskerettsbrot begått av land og grupper som vi ikkje er ein del av eller allierte med. Etter 2. verdskrigen blei dei tyske nazistane og deira samarbeidspartnarar rettsforfølgde, mens dei ansvarlige for krigsbrotsverk begått av dei allierte slapp unna. I dag snakkast det i vesten om å straffeforfølge Putin internasjonalt, på same måte som dei serbiske leiarane i Balkankrigane på 1990-talet. Ingen har blitt holdt rettslig ansvarlige for USA og deira allierte sine brotsverk i Vietnam, Afghanistan, Irak, Libya eller Syria. 

Nürnbergprosessane slo fast det viktige prinsippet at vi alle har eit ansvar for gjerningane våre, vi kan ikkje skulde på at vi bare lydde ordre. Vi kan ikkje skulde på at det var vår eiga regjering som sa vi skulle gjøre det.

Eg vil seie det slik: Vi har eit særlig ansvar for å reagere mot menneskeretts- og folkerettsbrot frå vår eiga folkegruppe, vår eigen stat og alliansar som vår stat er med i. Det er først og fremst ved ein kritikk og motstand innafrå at vi kan få slutt på slike brotsverk. Derfor er den russiske motstanden mot Putin sin krig så viktig, det same med motstanden frå vanlige tyskarar mot nazismen, frå amerikanarar mot krigane i Vietnam, Irak, Afghanistan osv. Derfor var det viktig at nokon (dessverre alt for få) protesterte da Noreg under Stoltenberg bomba Libya. I over 30 år har USA og NATO jobba seg lenger og lenger inn i det som ein gong var Warszawapakta og Sovjetunionen. Ukraina var det største målet på vegen til også å erobre Russland. Alt for få har protestert mot den politikken vi no ser følgene av. I dag må vi gjøre det sjølv om det er Russlands angrep som synest best, sjølv om vi blir utsatt for dei verste skuldingar som Putin-agentar.

Eg bur i ein kommune der det store fleirtalet har eit morsmål som ikkje skulle brukast offentlig i Noreg i meir enn hundre år, og som staten sitt mål var å utrydde. I fornorskingsprosessen mot samar og kvenar såg vi at undertrykking avla motstand, både frå mange av dei undertrykte, og frå ein del av dei som hørte til det herskande folket, f.eks. norske lærarar som ikkje ville la seg bruke. Nokre protesterte høgt, andre forsøkte å undergrave dei diskriminerande reglane i praksis med å gi det forbodne språket ein større plass enn styresmaktene godtok. Dei saboterte den norske statens nasjonale fornorskingsstrev, dei var undergravarar og «femtekolonnistar» for det staten ville utrydde.

I dag har styresmaktene innrømt at den tidligare politikken var feil og at kritikarane hadde rett. Samiske språk har, i alle fall i teorien, fått ein status som offisielle språk i Noreg. I mange andre land har også nasjonale minoritetar fått forsterka dei språklige rettane sine. Men nokre land går i stikk motsett retning, og eit av dei er Ukraina. Det er eit land med mange og store minoritetar, som dominerer i visse område. Dei siste åra har lovene blitt endra så desse språka har fått langt trongare kår i skole, forvaltning og media. Liksom under den norske nasjonalismen si storheitstid frå midten av 1800-talet skal den ukrainske nasjonen byggast rundt eitt språk. Men dette skal vi helst ikkje snakke om i Noreg. Ukraina er på vår side, dei skal eller skulle i alle fall inntil nylig, bli med i dei gode selskapa EU og NATO. Zelenskyj er vår helt. Ukraina har omlag 44 millionar statsborgarar. Nesten halvparten av desse, rundt 20 millionar, er i ferd med å bli fråtatt retten til utdanning, forvaltning og media på eige språk. Mange millionar menneske i verda manglar desse rettane, men eg trur dette må vere det største tilfelle i vår tid av ei bevisst auke i språklig diskriminering etter statlig vedtak. Når det store fleirtalet i provinsar som Luhansk, Donetsk og Krim blir pålagt å bruke eit anna språk enn sitt eige, er det da så rart om dei ikkje ønsker å vere med i denne staten?  

I lag med over 99% av befolkninga i Noreg fordømmer eg den russiske invasjonen. Likevel har eg funne det påkrevd å seie noko om Noreg og NATO si rolle i å utløyse og forlenge krigen, og om dobbeltmoralen i Noreg si behandling av denne krigen i forhold til andre krigar og av flyktningar som flyktar frå våre fiender i forhold til dei som flyktar frå NATO sine bomber.

Dette har ført til at eg, i likskap med mange likesinna, har blitt utsett for ein hets som eg knapt hadde trudd var mogleg. Vi er – ja nettopp – femtekolonnistar, fordi vi set moralske prinsipp over «nasjonale» interesser, eller interessene til «våre allierte».

I Noreg blir vi ikkje sperra inne. I alle fall ikkje enno. Men sensuren i media er merkbar og vi kan vente eit auka press for å stenge oss ute frå organisasjonar og arbeidsplassar. Mye av haldninga minner om kommunistforfølgingane i Noreg frå slutten av 1940-talet og utover. No er det ikkje kommunismen som er fienden, det er fredsforkjemparane som ikkje vil slutte opp om krigen. Vi treng ei verdsomfattande rørsle for fred, nedrustning og samarbeid. Det blir ikkje lett, for denne vil bli stempla av alle dei krigførande partane som – femtekolonnistar. Men vi kan ikkje gi opp.  

Svein Lund

Forrige artikkelSosioøkonomiske endringer og psykososiale problemer i et kapitalistisk samfunn i endring
Neste artikkelInflasjonen i Tyrkia er ute av kontroll – matvareprisene har økt 70 prosent