Den amerikanske manipuleringa av offentleg meining og delar av partiet Rødt

0

Av Terje Valen.

Partiet Rødt er no i store problem. Det har falle for den amerikanske meiningsmanipuleringa som heile den offentleg meininga no blir manipulert til å tru på. Det er slik radikale parti ofte havarerer. Men mange menneske kjenner ikkje den godt dokumenterte historia om korleis USA og deira rike vener over alt i verda jobbar for å få deg til å godta deira verdsbilete og deira historier om det som skjer i verda. Særleg i høve krigar blir dette svært aktuelt. Eg skal derfor fortelje historia om korleis systemet som har lurt Rødt til å gå til angrep på dei beste antiimperialistane og dei som best talar det amerikanske propagandasystemet midt imot. For USA er det viktig slokke alle slike kjelder. Påstanden om at dei som kritiserer det amerikanske verdsbiletet driver med konspirasjonsteoriar blir lansert kvar gong nokon kjem på sporet av noko viktig og sant. Dersom du verkeleg klarar å finne viktige sakar ligg Assange-saka der som eit godt prov på kor langt dei går for få kritikarar til halde kjeft.

Management of consent

Det er viktig å omsette denne overskrifta rett. Etter å ha sjekka Oxford Dictionary er det meining 2 som her er aktuell: The use of contrivance, prudence, ingeniosity or (especially) deceit or trickery for effecting some purpose (Bruk av påfunn, klokskap, smartheit eller (spesielt) bedrag eller simple knep for å oppnå eit endemål).  Eg tenkjer derfor at ei grei norsk omsetting er Manipulasjon av samtykke eller semje. Her er det passande å sjå litt på den historiske utviklinga av USA sitt apparat for å manipulere den offentleg meininga.

Det er godt dokumentert korleis dei leiande avisene i USA fremma krigen mot Spania før 1900 med overdrivingar av kor gruelege fienden var, svartmalande historier tatt ut or samanhengen osb.  Men her skal eg sjå nøyare på utviklinga av den meir profesjonelle amerikanske propagandaen som no dominerer heile den «kvite», columbiske verda. I resten av verda, med dei alliansefrie landa som viktig referanse, har dei ikkje latt seg lure så mykje av det amerikanske spelet. Det kan her passe å starte med 1. verdskrig då USA gjekk med i krigen på England og Frankrike si side. Presidenten Woodrow Wilson hadde då eit problem. Størsteparten av amerikanarane var pasifistisk og nøytral innstilt. I tillegg hadde ein millionar av innvandra tyskarar som sympatiserte med Tyskland og deira allierte. Dessutan var det mange fagorganiserte som såg på krigen om ein kamp mellom dei rike og ikkje ville bli trekt inn i han.

Då oppretta Wilson ein Committee on Public Information (CPI). Dei opna ei heilt ny dør for nye propagandadimensjonar. Berre på nokre månader hadde dei klart virke slik inn på heile folket at dei var blitt begeistra for denne «krigen som skal få slutt på alle krigar», for å «gjere verda sikker for demokrati» i Wilsons berømte ord. Media blei mobilisert for å påverke den offentleg meininga på måtar ein aldri hadde sett før og knapt tenkt var mogleg. Avisene trykte pamflettar som blei spreidd over heile landet. Den nye filmindustrien blei ein kraftig makt i propagandaarbeidet. Radioen spelte enno ikkje så stor rolle, det endra seg først i 20-åra. Over heile landet blei avisene sensurert og fekk propagandamateriell frå CPI. CPI laga kvar veke sine eigen brosjyrar i opplag i hundretusentalet som kom ut i den minste avkrok. I grove tonar malte dei ut kva som trua Amerika om tyskarane skulle erobre landet. Eit av dei store tiltaka var ein pamflett som blei trykt i fem millionar med tittel «How the War Came to America». Noko som eigentleg var bortanfor all fornuft og moglegheit.

Plakatar og posterar hadde gjennomgåande som motiv skumle menn med pikkel-hjelm, væpna med bajonettar og grove eller blodige hender som angrep andre land eller uskyldige, redde kvinner og barn med eit øydelagd landskap som bakgrunn. Hollywood produserte kortfilmar med kjende skodespelarar, mellom dei Charlie Chaplin. Dei spreidde fiendebiletet skapt i England med hordar av «hunarar» som førestelde tyske soldatar. Svært verksam var dei såkalla «fire-minutt menn», lokale kjendisar som stod opp på kino- og teaterførestillingar og held korte appellar stort sett skriven av CIP. Veke etter veke vart det til saman organisert 175 000 slike førestillingar. CPI utvikla seg til eit veritabelt propagandaministerium til det blei lagd ned i 1919.

Dei som hadde organisert dette hadde ikkje føresett kor enorm verknad det hadde. Det gav uana moglegheiter til å endre folk si oppfatning om verda. Frå folk rundt CIP oppstod i 1921 Council on Foreign Relations (CFR) grunnlagd av bankierar, forretningsfolk og juristar med stor innflyting. Dette «rådet» har blitt til ein av dei «tenketankane» med mest innflyting i verda. USA sin vekst til verdsmakt blei følgd og tenkt ut i forkant, også ved hjelp av fagtidsskriftet deira, Foreign Relations.

Ein av grunnleggarane av CPI og CFR var Walter Lippman (1889-1874). Han var ein av dei amerikanske journalisten med mest innflyting i førre hundreår mellom 1930 til ut på 1960-talet. Då publiserte meir enn 200 USA-aviser hans innlegg samstundes og han hadde på toppen av karrieren meir enn ti millionar lesarar. Den personleg innflytinga hans var legendarisk. Han fekk opne dører omtrent over alt. Fleire gongar endra han kva som var viktig å skrive og snakke om i USA. Presidentar, politikarar og den politisk interessert offentlegheita høyrde på han. Han hadde innflyting på Wilsons 14 punkts plan i 1918 som var ei skisse av korleis etterkrigsordninga i Europa skulle vere og ein artikkel som kom etter at Tyskland gjekk til uinnskrenka ubåtkrig i februar 1917 lanserte han tanken om ein atlantisk fellesskap som seinare førte til NATO. Han kom frå ein storborgarleg familie, studerte ved Harvard og ferdast i dei høgste kretsane i samfunnet. Han såg opp til Sigmund Freud som han kjende personleg og drog denne sine teoriar om det undermedvetne inn i politikken.

Public Opinion

Den boka hans som fekk størst innflyting kom i 1922 og hadde tittelen Public Opinion. Hans oppfatning var at den verda vi lever i var blitt så kompleks at dei fleste menneske, ut frå sine livserfaringar, ikkje kan forstå han. Men menneska dannar seg, på grunnlag sine erfaringar, eit bilete av verda. Den verkelege omverda er for stor og for kompleks og for flyktig til at folk kan fatte han direkte. Menneska orienterer seg difor til ei halvverd av bilete som dei skapar seg sjølv. Ut frå dette blir det skapt ei offentleg meining. Så går han inn på korleis dei som styrer kan virke inn på denne offentleg meininga. Ut frå det han skriv argumenterer han for ei elitestyring der ideelt sett folk med moralsk integritet, kalla ekspertar, skal skape ei biletverd som den breie massen følgjer velvillig og utan motstand. Og media trengs for dette formålet.

Lippman meinte at makt og herredøme ikkje kan finne stad utan manipulasjon av «biletverda» ut frå synet til eliten. Samstundes erkjende han faren for at stat og samfunn, dersom dei gav seg ut på dette, kunne leie til ein demagogisk forføring. Han var også ein stor tilhengar av den frie marknaden. I august 1938 vart det halde eit såkalla Walter-Lippman-kollokvium i Paris organisert av leiande intellektuelle i Europa. Bland desse var Friedrich August von Hayek, den store frimarknads-profeten. Han uttrykte at Lippmann sine tankar og ei biletverd skapt av Lippmann sin «informasjonselite» var eit ideelt verktøy for innflyting og manipulasjon av den offentlege meining også når det gald økonomi, og det kunne medverke til ei langsiktig utvikling mot ei usynleg regjering og sann herskarmakt. Dette har også blitt brukt for å fremme ideologien bak de såkalla nyliberalismen der privatisering blei framstilt som noko naudsynt for å få ned kostnader og skape arbeidsplassar, sjølv om det førte til sosialt elende, meir usikre arbeidstilhøve med løner som ein ikkje kunne leve av osb. Alt for å auke konkurransekrafta. Walter-Lippmann-kollokviet var den første samlinga av tilhengarar av frimarknads-teorien som vann fram på 1970-talet og sigra i verdsøkonomien på 1980-talet.

Etter 2. verdskrig grunnla Hayek i 1947 Mont Pèlerin Society (MPS)[i] i Sveits, ei samanslutning av akademikarar, forretningsfolk og journalistar med det målet å overtyde kommande generasjonar om fordelane ved den «frie marknadsøkonomien». Ettersom tendensen til fallande profittrate etter 2. verdskrigen begynte å svi skikkeleg for kapitalen vart det behov for å kvitte seg med den sosialdemokratiske, keynesianske økonomiske politikken og då vann Hayek sine åndeleg-politiske frimarknadsidear fram som erstattar. Propagandistisk vart dette gjort etter Lippmann si oppskrift. Medlemmer av denne gruppa har klart å få tak i åtte nobelprisar i økonomi, eit slåande prov på deira verksame networking.

Manipulasjonen for å få «massane» til å godta og gå inn for nyliberalismen som fører til meir oppvarming av jorda og klimaproblem, børskrasj med følgjene av det, som fører til veksande sosiale forskjellar med nokre svært rike og auke av fattige, geopolitiske endringar, krigar og vald med migrasjonar og flyktningkrisar, blei framstilt på slike måtar at folk rett og slett blei lokka til å gå mot sine eigne grunnleggande interesser.

Som Michael Lüders seier i Dei scheinheilige Supermacht, som eg har brukt mykje som referanse her, er ikkje pressa, eller media i det heile, noko upartisk del av samfunnet. Media er framfor alt ein kampplass der talrike aktørar prøver å få innflyting på den offentlege meininga. Media er under innflyting av sterke pressgrupper og speglar dei eksisterande makttilhøva i verda. Jo færre svært rike personar som eig og kontrollerer media, desto klarare har dei også kontroll på å påverke den offentlege meininga. Dei mektigaste si innflyting skjer med subtilt verkande propaganda. Den store teoretikaren (og tidlege praktikaren) i denne verksemda var Edward Bernays.

Edward Bernays og management of consent         

Walter Lippman og boka hans Public Opinion som kom ut i 1922 fekk svært stor innflyting. Men den som utvikla dette arbeidet mest var Edward Bernays. Han har summert opp hovudtankane sine slik: «Den medvetne og intelligente manipulasjon av dei organiserte vanar og meiningar til massane er eit viktig element i det demokratiske samfunnet. Den som manipulerer denne usynlege samfunnsmekanismen dannar ei skjult regjering som er den sanne herskarmakta i landet vårt.»[ii]

Bernays mor var ei syster til Sigmund Freud og Bernays hadde og tatt til seg Freud si «oppdaging» av det undermedvitne. Han hadde Lippmann som eit førebilete, og var også tilhengar av hans økonomiske syn, men Bernays perspektiv var i utgangspunktet utvikling av reklame for å få folk til å kjøpe spesielle varer. Hans nye grep, som vi kjenner svært godt i dag, var å knytte varene til ein livsstil. Men det tok ikkje så lang tid før han gav seg inn på det politiske feltet. Der Lippmann snakka forsiktig om at elitedemokrati snakka Bernays i klartekst. «Ein presidentkandidat kan bli utvald på grunn av at han allment sett er godt likt. Men til sjuande og sist kan eit halvt dusin menn på eit hotellrom bestemme kva som skjer med ham.» «Små grupper er i stand til å treffe avgjerd om korleis resten av oss tenkjer, nett etter som det fell dei inn.» «Når man lukkast med å få innflyting på leiarar, kan man, med eller utan deira medvetne samarbeid, automatisk kontrollere gruppene som dei leier… For mennesket er eit samfunnsvesen, det kjenner seg vel i flokken …». «Det vi treng er ei leiing som er demokratisk leia av eit mindretal og som veit korleis dei skal bringe og føre massen på linje.»

For Bernays er forskjellen på demokrati og diktatur at berre nokre manipulerte sanningar er tillate i diktaturet, men at folk i demokratiet har høve til å velje mellom fleire manipulerte sanningar.

Bernays leia tidleg den største propagandakampanjen i fredstid mellom 1919 og 1934 då han hjelpte leiarane i Amerikas National Electric  Light Association sin kampanje for privatisering. Det lukkast dei med og det nye firmaet vart kalla General Electric (GE) som i dag er eit av dei største private konsern i verda.

Når vi ser på desse to viktigast idégivarane innan propaganda og offentlegheitsarbeid i førre hundreår var dei naturleg knytt saman med Big Business, marknadsfundamentalisme og meinings-manipulering.

Eit viktig triks var å knytte varer til livsstilar som folk sette pris på. Dette blei brukt Bernays store kampanje for firmaet Beech-Nut Packing Company, som selde kjøtvarer. Salet gjekk ikkje så godt. Då kom Bernays opp med tanken om at endre frukostvanane til amerikanarane frå toast, appelsinsaft og kaffi, til skinke og kjøt. Han satsa på å vekke nye behov som mediebrukarane villig følgde. I denne som i dei andre verveaksjonane satsa han framfor alt på to yrkesgrupper, legar og skodespelarar som offentlegheita var vande med eller såg som førebilete.

Han lønna ei rekkje legar svært godt og dei sto fram i vekerevyane på kino og radioprogram og snakke om kor sundt der var med kjøt og skinke til frukost. Godt løna skodespelarar laga sketsjar der dei hadde frukost i ei venleg familiesetting og la vekt på kor mykje energi dei fekk av ein frukost med kjøt og skinke. Og slik gjekk det til, som Bernays biograf Barry Lye skreiv, at kjøt og skinke blei «for alle tider … eit fast innslag på det amerikanske frukostbordet.» For oppdragsgjevarane , som no heiter Beech-Nut Corporation, var det ei sann gullgruve.

Korleis få folk til å elske sigaretten Lucky Strike

Men den mest kjende av Bernays kampanjar var den han førte for American Tobacco Company for flaggskipet deira, Lucky Strike. Det tok til i 1928 og med fantastisk suksess. I tiår blei merket verdsleiande. Her brukte han igjen legar som forklarte for offentlegheita kor sundt det tross alt var å røyke, og skodespelarar fekk i oppdrag å formidle den nye Lucky Strike livsstilen til dei breie massane gjennom å opptre som førebilete. Røyking hindra overvekt og var eit teikn på frigjorte kvinner og ein laid-back livsstil. Kvinneleg skodespelarar blei brukt for dette. Samstundes sørga Bernays for at restaurantar førte sigarettar på dessertmenyen. Sigarettane blei kalla «fridomsfaklar». Kvinnene i familien blei oppfordra til å alltid ha eit forråd av Lucky Strike i huset, slik som dei også hadde andre livs- og vaskemiddel. Omsetninga eksploderte. Resten av denne historia er velkjend. Heile tida då dette pågjekk visste dei kor skadeleg røyking er.

Korleis få folk til å elske invasjonen av Guatemala

Han førebudde også USA sin militære intervensjon i 1954 i Guatemala. Metodisk gjer det ingen forskjell om ein seljer sigarettar som «fridomsfaklar» eller om ein seljer eit militærkupp som fridomskamp mot kommunismen. Og særleg ikkje når interessene til big business fell saman med hegemonikrava frå Washington. I dette tilfellet blir meiningsskapinga ved hjelp av media til ein vare som blir så populær at ho seljer seg sjølv. Tilfellet Guatemala har ei lang historie som det ikkje er mogleg å fortelje her. Men i korte trekk går det ut på at amerikanarane sidan 1980-talet hadde importert store mengder bananar frå Sentral-Amerika. Den største importøren var det amerikanske United Fruit Company (UFC) som med hjelp av ein aggressiv strategi i løpet av nokre få år tileigna seg store landområde frå Sør-Mexico til Columbia og i Karibia. Etter kvart forvandla dei sentralamerikanske statane seg til «bananrepublikkar» der grovt underbetalte lokalarar jobba på store plantasjar. Då dei gjorde opprør i Columbia i 1928 blei militæret sett inn og 2000 arbeidarar blei skotne og dei slaveliknande tilhøva for arbeidarane endra seg ikkje. Det brutale regimet til UFC i Columbia er godt avslørt av Gabriel Garciá Márquez i romanen Hundre års ensomhet. Etter dette oppretta dei amerikanskstøtta leiaren i fleire land dødsskvadronar som løpet av fleire titals år drap over 100 000 bondeleiarar, fagforeningsleiarar, fridomsprestar, og andre som var brysame for dei, United Fruit Company og USA.

På slutten av 1940-talet var UFC eit av dei største føretaka i USA. For å vekse vidare engasjerte dei Bernays som med sine vanlege ovannemnde metodar overtyda folk i USA om at bananar var sunt og at ikkje nokon hushalding burde vera utan. Så sendte han utvalde journalistar på reportasjeferd til Sentral-Amerika for å vise kor bra arbeidarane der hadde det. Han oppretta eit nært samarbeid med New York Times der Bernays kone var kusina til utgjevaren av avisa, Arthur Hays Sulzberger.

Avisa offentleggjorde ein rekke artiklar om Guatemala, der UFC sin måte å sjå sakene på, blei framlagt. Guatemala var, som naboane sine, halde godt i grepet til UFC som hadde bygga opp mest heile infrastrukturen i landet ut frå sin behov. Mest alle landarbeidarane arbeidde under elendige tilhøve på bananplantasjane. UFC eigde eller kontrollerte om lag 70 prosent av jorda i landet. Men i 1944 blei ein av generalane som samarbeida med UFC ikkje attvald som president. Den nye regjeringa begynte, under leiing av presidenten Jacobo Arbenz Guzman, å gå inn for sosiale reformer til beste for landarbeidarane og andre i landet. Etter nytt val i 1951 som Arbenz vann med 85 prosent av stemmene blei dette arbeidet forsterka. Han innførte ein moderat inntektsskatt og en sosialforsikrings-ordning. Arbeidarane fekk rett til å organisere seg og streike. Det blei bygga mange fleire skular og sjukehus. Vegar og hamner vart modernisert. Så konfiskerte regjeringa Arbenz fleire hundre kvadratkilometer med brakk plantasjeland og kompenserte eigarane, overklassen i landet, med statsmiddel. Jorda blei delt ut til eigedomslause daglønarar. Men då Arbenz i 1953 eksproprierte brakkjord som UFC eigde hadde han gått over ei raud linje. Sosiale ordningar som kosta noko for amerikanske storføretak, i USA sin bakgard – kva om dette blei et førebilete for andre.

Bernays, som fortsett jobba for UFC, var svært verksam. Han hadde i mars 1951 advart kompaniet for følgjene av ei eventuell statleg overtaking av oljeindustrien i Iran under Mossadeqh. Dei måtte hindre at dette fekk negative verknader for UFC i Latin-Amerika. Han rådde til at det blei tatt tiltak for å beskytte US-amerikanske forretningsinteresser i Latin-Amerika. Konkret rådde han til at ein høgtståande latin-amerikansk politikar skulle fordømme statleg overtaking i Iran. Så skulle ein kjend jurist gi juridiske grunnlag for at statleg overtaking av privat eigedom var illegal. Dernest skulle eit amerikansk eliteuniversitet organisere ein konferanse og der skulle dei diskutere korleis dei best kunne møte slike fiendtlege handlingar. Og til slutt kunne presidenten i USA og utanriksministeren gjere det klart at slike statlege overtakingar sør for Rio Grande var i motstrid med Monroe-doktrinen frå 1823, der Latin-Amerika var gjort til USA si økonomiske innflytings-sfære.

Leia av Bernays medie-kontaktar og drive av hendingane i Iran, offentleggjorde avisene i USA, særleg New York Times, stadig meir alarmerande artiklar om Guatemala, der «sovjetkommunismen» truga Amerika og den amerikanske way of live (levemåten). På kinoane viste vekenyheitene korleis United Fruit Company, saman med dei patriotiske kreftene i Guatemala, jobba i tenesta til menneska sin fridom, demokrati og velstand. Mens kommunistane i Arbenz-regjeringa var gissel og agerte meir og meir som ein femtekolonne for Moskva. Slike oppslag prega i fleire månader det biletet som blei gitt av Guatemala i media og dermed i den USA-amerikanske offentlegheita.

Bernays hadde sett saman ei gruppe på rundt 100 «linjetru» journalistar som reiste mange gonger til Guatemala og Sentral- Amerika, for det meste finansiert av United Fruit Company, og dei forfatta bidrag i storføretakets ånd. Bernays’ biograf Larry Tye undra seg «Det er overraskande at eit så stor tal med anerkjende reporterar anten ikkje visste eller ikkje ville vite, at Bernays handla på oppdrag frå eit firma, som det stod store økonomiske interesse på spel for.»

Dette har gjentatt seg seinare kvar gong USA er part i nokon krig eller vil oppnå noko for sine storkapitalistar.

Som venta fenga også framstøyt frå UFC i utanriksministeriet. Det var heller ikkje så vanskeleg fordi utanriksminister, John Foster Dulles, lenge hadde vore advokat tilsett hos United Fruit Company. Broren hans, CIA-sjef, Allen Dulles, visste også kva han måtte gjere, for forretningsinteressene til UFC og dei geopolitiske interessene til USA utfylte og kryssa kvarandre. I juni 1954 rykka ein spesialtropp på 500 mann, leiar av CIA, under nominell kommando av ein eksilguatemalar, Castillo Armas, inn i hovudstaden. Samstundes gjekk kamp-jetfly utan landskjenneteikn til åtak på strategisk viktige mål i Guatemala, mens USA sin tidlegare utsending i Guatemala City forlangte ovafor det lokale militæret at dei skulle felle Arbenz.

Dermed vart den demokratisk valde Arbenz tvinga til å gå i eksil i Mexico. Det første den nytilsette presidenten, Armas, gjorde var å gi det konfiskerte landområdet tilbake til UFC og å avslutte dei sosiale programma. Så følgde 40 år med borgarkrig med meir enn 200 000 daude. Dette likna på mønsteret frå kuppet i Teheran i 1953. Desse kuppa er mønster for heile den seinare utanrikspolitikken til USA etter 2. verdskrigen. Det same er dei propagandametodane som blir følgt for å manipulere folk til å bli samd med måla til nokre få mektige menn (og etter kvart  nokre kvinner) og særleg til dei overordna måla i den amerikanske geo-imperialismen.

Livslaupet og virket til Walter Lippman og Eward Bernays, som begge var tidlege representantar for meinings-manipulering i den vestlege (elite)demokratia har vist noko viktig. Den offentlege meininga kan, med hjelp av massemedia og godt plasserte nettverk, utan vidare bli manipulert, anten det gjeld varekjøp eller politisk innstilling. Når det «onde» er klart vist til, syns sjølv krigar eller militære intervensjonar som legitimt forsvar for fridom og demokrati. Om fienden er «hunaren» eller «sovjetkommunismen» eller «mullahane» eller «Russland» er berre eit spørsmål om finjustering. Og om «fienden» er statar som prøver å bygge seg opp demokratisk, utanfor amerikansk kontroll, så er dei diktatorar. Om «vennen» er ein brutal despot som drep og fengslar dei som er i opposisjon så er det ein bra leiar som må støttast.

Men i dag drivs ikkje dette av enkeltpersonar som Bernays. No drivs meinings-manipulasjonane av «tenketankar», lobbygrupper, reklamebyrå og juridiske samanslutningar bak kulissane. Det er sant å seie ein svær industri.

Manufacturing Consent

Den store og grundige avsløringa og beskrivinga av den moderne meiningsmanipuleringa finn vi i boka Manufacturing Consent av Edward Herman og Noam Chomsky. Dei skriv altså om produksjon av semje. Bernays sitt system er blitt utvikla og utbreidd på ein slik måte at det no er ei heil industri som produserer semje om dei amerikanske herskarane sine mål, med manipulatoriske metodar. Dette er følgd opp i fleire studiar. Eg nemner her Antonio Demaggio si bok When Media Goes to War frå 2009 som i detalj tar for seg USA-leiinga sin enorme manipulering av fakta før og under Irak-krigen og politikken ovafor Iran for å få dei til å passe inn i sine geo-politiske mål og for å få oppslutnad om dette i USA og dei delane av verda som høyrer mest på USA sine leiarar. Så nemner et Stephen Gowans Washingtons Long War on Syria frå 2017. Her finn du eksempel på eksempel på USA si meiningsmanipulering under Syria-krigen. Med dette som bakteppe tar dei opp sjølve det amerikanske systemet for meiningsmanipulering. Den anerkjende amerikanske medie-analytikaren, Robert W. McChesney[iii] har følgd opp dette. Det som har ført til ei ekstremt stor einsretting av media i USA i dei siste tiåra er den store monopoliseringa av mediekonserna og avisene under eigarskapet til nokre få svært rike mediemogular som også er svært involvert i utviklinga av USA si makt i verda. Dette mønsteret går att i heile verda.

Filter som blir brukt for å produsere semje

Men la oss sjå på dei viktigaste filtera som Herman og Chomsky fann blir nytta i manipulering i «Vesten» for å skapet semje om dei rikaste og mektigaste personane og statane sitt verdsbilete og syn på saker som er viktige for dei.

Det første filteret er kostnaden for å opprette nye store mediekanalar. Det er så dyrt at berre dei med store økonomiske ressursar kan gjere det. Dermed er det slik at alle dei store media-monopola er eigd av den øvste overklassen i verda, dei superrike. Eit par eksempel er at Amazon-grunnleggaren Jeff Bezos som kjøpte Washingon Post i 2013, ei avis som ved sidan av New York Times er eit fyrtårn for det nyliberale verdsbiletet. Børs-guruen Warren Buffet eig holdingselskapet Berkshire Hathaway med 21 aviser. Det vidgjetne Koch-imperiet, grunnlagd av brørne Charles og David Koch, og som aktivt støtta Tea-Parti rørsla har kjøpt seg inn i Times. Det er rimeleg å tenke at det er for med tida å overta Time-Magazine. Men i staden kom software-milliardæren Marx Benidoff på banen og kjøpte Time Magazine i september 2018. Benidoff var det det som, på det økonomiske forumet i Davos  hevda at det ikkje var regjeringane, men føretaksleiarane i verda, som han, som heltane i kampen mot Coronaen. For føretaka kunne reagere raskt, ikkje for å skape seg meir profitt, men for å redde verda. Denne uttalen blei lett forstått slik at små mannskap av superrike i mellomtida følgde sin eigen transnasjonale agenda, uavhengig av statsleiingane.

Denne oppkjøpinga av media må og sjåast i samanheng med den finansielle støtta frå dei rike til tenketankar og filantropiske organisasjonar som har ein klar bodskap og direkte til aviser og andre media og tenketankar. Den mest aggressive fløyen, der vi finn brørne Koch, samla inn 1,5 milliardar dollar for å endre den amerikanske politikken ut frå den nyliberale ideologien til von Hayek.

Denne utviklinga finn vi og i England, Tyskland og andre land. Noko som Lüders går nøye inn på.[iv]

Det andre filteret er annonsemakta. Her er det dei rikaste føretaka som har dei største reklame-ressursane og desse kan dei gi til eller ta frå media ettersom dei er nøgd med deira redaksjonelle linje eller ikkje.

Det tredje filteret er kor media får nyheitene sin frå. På grunn av kostnader, men og fordi dei ofte delar verdsbilete oppstår det ein slags symbiose med mektige informasjonshaldarar. For USA nemner Chomsky særleg  pressekonferansar i det Kvite hus, Pentagon, Utanriksdepartementet. Desse produserer ei mengd med informasjon som er samle inn av etterretningsorganisasjonane deira, og dei opplysningane som passar med politikken deira, slepp dei vidare til media. Berre Pentagon har ein informasjonsteneste med fleire tusen tilsette med budsjett på fleire hundre millionar dollar i året. Opplysningar herifrå får media gratis. Sjølv inne i USA er det kritikk mot dette. I 2009 uttalte sjefen for telegrambyrået AP i USA at Pentagon hadde bygga seg ut til ei «propagandamaskin som agerte i heile verda». Han fekk under Irak-krigen beskjed frå militære leiarar at dei ville «øydelegge han og AP om han og byrået vidare heldt fast på journalistiske prinsipp».[v]

Det fjerde filteret kalla Herman og Chomsky for flak, dvs. vern mot flyåtak. Media vil produsere det som er mest mogleg nyttig for massane. Når dei gjer det så passar dei på å ikkje ta opp tema som kan føre til at dei kjem i søkelyset til samfunnsgrupper eller nokon del av makteliten som ikkje er samde med temavalet eller måten dei fortel det på. Viss media gjer det kan dei bli utsett for «sperreeld» til dømes skriv til Kongressen eller klagar på sjikane. Her er det viktig for media å samarbeide med makthavarane og regjeringsorgana for å halde reide på kor den raude linja går. Det blir då ei kjøpslåing. Politikken steller seg bak media og vernar dei mot «kverulantar». Media betalar tilbake ved at dei ikkje så fort kjem på ideen å uttale seg mot ein Iran-krig, for eksempel. I Tyskland har dei ordna dette meir institusjonelt ved å opprette eit råd som handsamar klager. Elles har vi seinare sett at media sjølv opprettar såkalla «fakta-sjekk» organ for å tvinge alle til å halde seg innan dei rammene som dei store media har frå makthavarar og politiske leiingar.

Det femte feltet er reint propagandistisk. Det er oppdelinga av verda i «gode» og «vonde». Det «gode» er alltid det som dei vestlege overklassane vil ha og det «vonde» er det som gjer motstand mot dette. Det er som å underkaste seg den «dominerande religionen». Dei som vågar i skrive noko som kan tolkast til skade for dei «gode» eller til nytte for dei «vonde» blir hengd ut, kalla for konspirasjonsteoretikarar og alt ille som dei som er innanfor den rådande offentleg «religionen» kan finne på. Og fordi dei er så innprenta med grunnlinjene i si tru blir dei ofte svært oppauste over at nokon kan hevde noko anna enn den offentlege medie-meininga. Med andre ord er det senka ned eit jarnteppe mot fienden som du ikkje skal få gløtte forbi.

Rødt på ville vegar

Rødt har falle for dei tre siste av desse filtera. Dei har blitt hissa av den offentlege meininga, skapt av USA og USA sine støttespelarar, til å starte ein kampanje mot ein av partiet sin mest kjende antiimperialistar og med ei enorm oppslutning på 34 % i valkretsen der partilaget hans jobbar. Det er ikkje rart at det no går eit ras av diskusjonar over alt i Rødt om tida no er inne til å melde seg ut. Ikkje minst i eit av partia sine kjernefylke. Mitt råd er at vi i alle fall ventar til landstyret har handsama den saka som er reist av personar som fleire meiner opptrer som USA-NATOs forlenga arm inn i partiet.

Men i alle fall har den måten denne saka blitt handsama på verka svært nedslåande særleg på nye medlemmer som trudde dei hadde med eit betre parti enn dette å gjere. Det er eit verkeleg tilbakeslag i ei tid der vi treng eit sterkare antiimperialistisk parti som ikkje fell til fote for USA sin produksjon av semje om NATO sin politikk i Ukraina og deira og vennene deira og dei store media si framstilling kva som verkeleg skjer det under dei pågåande krigshandlingane. Trur nokon at VG og Dagbladet vil Rødt vel? Men eitt stormkast derifrå var nok til å blåse delar av partileiinga i bakken og fått ho til følgje den politikken avisene hadde fått servert frå USA sin propagandasentral: å angripe dei mest USA-kritiske media over alt i verda. Så vidt eg kan sjå er det no berre nokre få nettstader som faktisk tør halde oppe ei USA-kritisk haldning «mot rådande vind» som den gamle radikalaren Solheim kalla ei sjølvbiografisk bok.

Rødt er på farlege vegar. Dei driv med rådande vind. Partileiinga kan no vere i ferd med å opne døra for eit partidiktatur over medlemmene sine ved å nekte dei å lese og følgje med på kva dei vil av media. Dei har funne ein «fiende» som ikkje følgjer den manipulerte offentlege meininga, men tar arbeidet med å produsere tekstar som går mot denne. Når dei store representantane for den offentleg manipulerte meininga som USA, norske sikkerheitsfolk og dei borgarlege avisene VG og Dagbladet, gjer jobben sin for det herskande systemet dei er ein del av, så klarer ikkje partileiinga i Rødt å stå imot. I staden for å mobilisere medlemmene sine til motstand mot aksjonen til desse borgarlege media og deira kampanje for å splitte partiet, så går dei sanneleg på det og blir desse borgarlege USA-vennlege avisene sine agentar i eige parti.

Dei signala som blir gitt er sjølvsagt eit klart brot med Grunnloven, men den ser det ikkje ut som dei bryr seg om, og dei som ikkje gjer det blir fort despotspirar som får ros av borgarlege aviser og politikarar og Biden sjølv.

Eva Joly skriv i Dag og Tid 22. april: «Korkje russarar eller amerikanarar skal bestemme kva vi får skrive. (Og eg føyer naturleg til – eller lese.) Derfor meiner eg at Assange ikkje kan utleverast. Det som skjer med han er ganske enkelt brot på en europeiske menneskerettskonvensjonens artikkel 6, 7, 8, 9 og 10 om retten til rettferdig rettergang, til ikkje å bli straffa uten lov og dom og til respekt for privat- og familieliv, tanke- og samvitsfridom og ytringsfridom

Rødt skal heller ikkje bestemme kva medlemmene vil lese og skrive, og kva media dei veljer å bruke og sitere frå, om det ikkje bryt klårt med prinsipprogrammet eller arbeidsprogrammet og dei retningslinjene som blir vedtatt lokalt for arbeidet i kommunestyra. Og sjølv då skal det vere takhøgd og ikkje slik at du treff taket med hovudet berre du reiser deg. Kven vil ha eit slikt parti? Eit parti som driv heksejakt skyt seg sjølv i foten om det vil fortsette å vere demokratisk radikalt, revolusjonært og antiimperialistisk.

Terje Valen, fredag 22. april 2022


[i] Ei kort og presis samanfatning av utviklinga av propagandaen for nyliberalismen finn du i Keith Dixon Les évangelistes du marche (Marknads-predikantane), 1998.

[ii] Edward Bernays Propanda, New York 2005, side 37. Sjå og Walter Ötsch og Silja Graupe Der vergessene Lippmann – Politik, Propaganda und Macht, der innleiinga er ei god innføring i Lippmanns liv og virke.

[iii] Sjå https://robertmcchesney.org/about/

[iv] Michael Lüders Die Scheiheilige Supermacht – Warum wir aus dem Schatten der USA heraustreten muss (Den skinnheilage supermakta – Kvifor vi må tre ut or skuggane til USA), 2021, sidene 81-82. Delar av framstillinga her bygger mellom anna på denne boka.

[v] Same bok. Sjå note 14 på side 280. Vgs. heise online, 8. februar 2009:

Ap-Chef beklagt den Druck des Militärs auf unabhängige Berichterstatter; https://www.heise.de/newsticker/meldung/USA-AP-Chef-beklagt-den-Druck-des-Militärs-auf-unabhägige-Berichterstatter-206637.html .

KampanjeStøtt oss

Du kan diskutere artikler fra steigan.no på: https://motdagforum.no

Bruksanvisning for å bli medlem er her:
https://steigan.no/2021/03/bruksanvisning-for-a-registrere-bruker-pa-mot-dag-forumet

Du kan abonnere på steigan.no her. Det koster ingenting.

Men hvis du vil være med på å opprettholde og styrke vår kritiske og uavhengige journalistikk, kan du også gjøre det:

Vipps: 116916.

Eller du kan betale inn på Mot Dags støttekonto: 9001 30 89050 – eller gå inn på vår betalingsordning.