Av Svein Lund.
Russlands invasjon i Ukraina har skremt opp heile verda, og frykta er stor både for eit blodbad i Ukraina og for spreiing av krigen til andre land. Ein slik situasjon krev at vi har statsleiarar som held hovudet kaldt og gjør det som kan gjørast for å få krigshandlingane avslutta og partane til forhandlingsbordet. Dessverre ser det ikkje ut som vi har det i dag. Både i Noreg og andre NATO-land har vi i staden politikarar som sender våpen til Ukraina for at krigen skal kunne fortsette lenge og ende med eit blodbad. Dei later som historia starta på 24.02.2022 og alt som er gjort av Ukraina og NATO og som har bidratt til denne situasjonen er glømt.
Det er all grunn til å fordømme invasjonen og vi må støtte opp om alle ikkje-militære middel som kan brukast til å presse Russland til å trekke styrkene sine ut. I denne situasjonen er det på plass med sanksjonar og boikott av Russland, men bare som eit middel til å tvinge dei til våpenkvile og til forhandlingsbordet. Likevel har vi ikkje lov å gløyme at dette er eit resultat av ein langvarig konflikt, og den andre parten er langt frå uskuldig. Ukraina sine nasjonalistiske åtak på eigne nasjonale minoritetar, nazistiske bander som får herje fritt og vestlige land si innblanding i Ukraina og forsøk på å få Ukraina innlemma i NATO og EU har provosert både opposisjonen i Ukraina og naboland som Russland og Kviterussland.
Skal det bli fred må det derfor bli innrømmingar frå begge kantar, og som NATO-medlem er Noreg del av ein av partane som må bidra. Derfor må vi starte innafor Noreg med eit krav om å bytte våpna ut med forhandling. I forhandlingar kan ein ikkje bare krevje, ein må også gi tilbod. Slike forhandlingar vil krevje hjelp av nøytrale partar, i den grad dei enno finst. Så lenge Noreg er med i NATO er det dessverre begrensa kva vi kan bidra med, men vi bør likevel kunne foreslå som hovudgrunnlaget for ei fredsavtale noko slikt som dette:
A. Minskavtalen av 2015 leggast til grunn for vidare forhandlingar.
B. Befolkninga på Krim får gjennomføre ei ny folkerøysting under internasjonal kontroll om dei vil høre til Russland eller Ukraina. Begge landa må love å respektere resultatet.
C. Med mogleg unnatak av Krim skal resten av Ukraina vere ein sjølvstendig stat med kontroll over eigne grenser.
D. Ukraina gjeninnfører lovverk som sikrar dei språklige rettane til minoritetane i landet. Russisk skal vere likestilt med ukrainsk som administrasjonsspråk i dei provinsane som har stor andel av russisktalande befolkning (f.eks. over 25%)
E. All offentlig anerkjenning av fascistane / nasjonalistane som samarbeida med Nazi-Tyskland må trekkast tilbake.
F. Azov-bataljonen og andre nazi-grupper må avvæpnast og forbyast og brotsverka deira må etterforskast og straffast.
G. Russland må trekke styrkene tilbake og betale erstatning for krigsskader på ukrainsk jord.
H. NATO og EU må gi forpliktande løfte om å ikkje ta opp Ukraina som medlem.
Kvifor stiller ikkje den norske regjeringa slike krav? Kvifor gjør ikkje NATO det? Kan det vere at dei faktisk heller vil ha krig enn fred?
Svein Lund