Krigen i Ukraina – også vårt ansvar!

0
Illustrasjonsfoto: Ukrainske tropper / Southfront

Av Svein Lund.

Svein Lund.

Så godt som heile verda fordømmer den russiske invasjonen i Ukraina. Det er det all grunn til. Invasjonen er tragisk for folket i Ukraina og ei stor fare for spreiing til ein langt større krig. I dag er det Russland som er angriparen, men likevel er det nødvendig å seie at det ikkje bare er Russland som er ansvarlig for at denne situasjonen er oppstått, slik bl.a. Stoltenberg og Støre framstiller det. Angrepet er framprovosert gjennom mange år, på eine sida frå NATO, på andre sida frå regjeringa i Ukraina. Sjølv har Stoltenberg vore i spissen for provokasjonane og uttalte for bare ein månad sidan at «Vi skal hjelpe Ukraina på vegen til medlemskap i NATO».

Det er umogleg å sjå dagens invasjon utan å kjenne den historiske bakgrunnen og dei motsetningane som har prega Ukraina gjennom lange tider, og der kløyvinga under 2. verdskrigen kastar lange skuggar inn i det Ukraina som blei ein sjølvstendig stat i 1991. Sidan da har regjeringar som ønska eit godt forhold til Russland to gongar blitt kasta av kupp eller revolusjonar, utført av krefter som ville føre ein svært nasjonalistisk politikk i verste forstand, samtidig som dei ville opne Ukraina for vestlig kapital og søke tilknyting til EU og NATO.  I 2010 utnemnde daverande president til folkehelt leiaren for dei ukrainske nasjonalistane som under andre verdskrigen var ansvarlige for folkemord mot jødar og polakkar. I 2017 vedtok ein å fråta alle nasjonale minoritetar retten til utdanning på morsmålet og provinsar der det store fleirtalet har russisk som morsmål blir nekta å bruke språket i lokal forvaltning. Kommunistparti er forbode, mens væpna nazibandar får operere fritt og ein stiftar av eit naziparti har vore president for parlamentet. Dette har vore ein provokasjon, både mot dei rundt 40 % russisktalande i landet og mot nabolandet Russland. Det er ikkje utan grunn av befolkninga på Krim, i Luhansk og Donetsk ikkje har ønska å vere underlagt dette regimet.

Da «Jernteppet» falt rundt 1990 hadde vi ein sjanse til å ende kløyvinga av Europa ein gong for alle. Warszawa-pakta blei lagt ned, Sovjetunionen gikk i oppløysing. Grunnlaget for NATO som forsvarsallianse forsvann. I staden for å legge seg ned, blei NATO ein angrepsallianse, som engasjerte seg i krigar langt utafor eige område. NATO flytta seg austover, og tok opp alle landa som hadde vore i Warszawapakta utanom Sovjetunionen, samt 3 tidligare Sovjetrepublikkar. Desse landa blir brukt til innringinga av Russland. USA har 800 militærbasar i meir enn 150 land, derav fleire tidligare Sovjet-republikkar i Sentral-Asia. Det siste og avgjørande trekket i den totale innringinga av Russland skulle vere å få Ukraina som medlem av NATO.

Kor står Noreg i dette? Som USA sin lydigaste lydstat, som støttar opp om alle USAs og NATO sine angrepskrigar, med ein tidligare statsminister som NATO sin formelle leiar og USA si fremste nikkedokke. Som eit land der så godt som alt av politikarar ukritisk støtta opp om Majdan-kuppet i 2014. Så lenge Ukraina hadde eit styre som opna for vestlig kapital og var fiendtlig til Russland, kunne norske politikarar oversjå den ukrainske regjeringa si undertrykking av sitt eige folk.

Den krigen som dessverre har starta no, kunne ha vore unngått. No gjeld det å få han avslutta så raskt som råd, og finne eit kompromiss som kan gi grunnlag for sameksistens i framtida. Da er ikkje svaret verken å sende våpen til Ukraina eller amerikanske soldatar til Aust-Europa. NATO må faktisk gi eit tilbod om å avslutte innringinga av Russland, trekke tilbake alle utanlandske soldatar frå dei nye NATO-landa og gi ein garanti for at NATO ikkje skal ta opp verken Ukraina eller fleire av dei tidligare Sovjet-republikkane som medlemmar. Ukraina må forplikte seg til å gi større sjølvstyre til provinsane i aust, avskaffe den språklige undertrykkinga i heile landet og effektiv eliminering av dei nazistiske bandane.

Sjølv om Russland er svakare enn USA militært, er landet ei sterk militærmakt, men uhyrlige lager av atomvåpen. Eit forsøk på å knekke Russland militært vil ende i ei katastrofe for oss alle. No gjeld det å hindre ein tredje verdskrig, og det kan bare gjørast ved å komme til ei løysing som Russland kan leve med. Da må Noreg ta sin del av ansvaret.     

Svein Lund

Forrige artikkelArbeiderklassen og folket er ikke tjent med krig
Neste artikkelSkien kommunes vaksineinformasjon – del 2