Reiner Fuellmich: “Vindene er i ferd med å snu!”

0

Eit av dei mest omfattande intervjua med dr. Reiner Fuellmich, Korona-granskingskomiteen

Av Peter KoenigReiner Fuellmich, og Maria Zeee.

Maria Zeee.

I dette siste, og kanskje hittil mest avslørande og omfattande, intervjuet til Maria Zeee på Rumble (MÅ SJÅ – 57 min. video under), forklarerDr. Fuellmich , medgrunnleggar av den tyske Korona-granskingskomiteen, i detalj om komiteens første søksmål. Dr. Fuellmich seier mange gjerne vil kalle det Nürnberg 2.0, men for han er det meir som ei folkerettssak enn eit tribunal av typen Nürnberg.

Blant dei første som skal stillast for retten er Bill Gates, Anthony Fauci, Dr. Tedros, generaldirektør for WHO, og hr. Christian Drosten, mannen som pusha og promoterte dei ubrukelege PCR-testane, og framleis gjer det, sjølv etter at WHO og CDC har sagt at testane ikkje er gyldige for detektering av virale sjukdommar, inkludert covid.

I dette videointervjuet snakkar dr. Fuellmich også om spiritualitet. Han trur – og eg deler trua hans fullt ut – at spiritualitet vil spele ei viktig rolle for menneskeslekta si utvikling og for å vinne denne saka; for å ikkje gi opp og for eit nytt samfunn i framtida, som Reiner trur vil bli basert på lokale og regionale samfunn, med lokale forsyningar og regional handel.

Maria Zeee intervjuer Reiner Fuellmich.

Eg trur også fullt og fast at vår – menneskeslekta sin – nye start vil bli basert på lokal produksjon for lokal konsumpsjon med lokale, suverene pengar og banksystem og regional handel basert på komparative fordelar.

Dr. Fuellmich uttrykker så mykje håp, og med hans forklaringar på kor langt arbeidet har kome for Korona-granskingskomiteen hans, antar han at kring 30% av befolkninga allereie er vakne og ikkje lenger lar seg lure, og 40% er i ferd med å vakne opp – demonstrering rundt om i Europa, som så langt for det meste har blitt halde skjult av mainstream media, men som ikkje lenger kan kneblast.

Dette ein time lange intervjuet er ein game changer, eit intervju som uttrykker håp – eit veldig håp, forsterka av spirituell kraft, om at vindane verkeleg er i ferd med å vende – irreversibel vending.

Omsett av Monica Sortland for Derimot.no.

Forrige artikkelSpania vil endre strategi, behandle covid på linje med influensa
Neste artikkelDen norske finanseliten og Siri Lill Mannes logrer for «Killary» Clinton