Av Dave DeCamp. Anti-War.com.
Dei to landa har vore engasjert i samtalar sidan april.
Iran meddelte sundag at dei har gjenoppteke eksport til Saudi-Arabia som eit teikn på forbetra relasjonar mellom dei to landa.
Talsmannen for Irans tolladminstrasjon Roohollah Latifi sa at Saudi-Arabia har “igjen hamna på” lista over land som Iran eksporterer til. Latifi sa at eksport til Saudi-Arabia hadde “nådd null” i det siste iranske skatteåret, som slutta 20.mars 2021.
Sist veke uttrykte Iran at dei “var klare for” å eksportere til Saudi-Arabia dersom spenningane vart redusert. Dei to landa har halde samtalar på og av sidan april, då Bagdad byrja å mekle i forhandlingane.
På fredag sa Saudi-Arabia sin utanriksminister at Riyadh “meinte alvor” i å ha samtalar med Iran om å reparere relasjonane. Sidan 2016 har ikkje dei regionale rivalane hatt formelle diplomatiske relasjonar.
Amerikansk intervenering i regionen forverra rivaliseringa mellom Riyadh og Teheran. Til dømes, når iranske general Qassem Soleimani vart drepen av eit amerikansk droneåtak i Bagdad i januar 2020, skulle han etter planen møte Iraks tidlegare statsminister, som var i ferd med å leggje til rette for indirekte samtalar mellom Teheran og Riyadh.
Sjølv om USA framleis er djupt forankra i Midtausten og framleis støttar saudiane i Yemen, har Biden-administrasjonen teke steg for å redusere deira militære fotavtrykk i regionen, inkludert å fjerne Patriot-antimissilbatteri frå Saudi-Arabia.
Oversatt av HFANoreg for Derimot.no.